Gå til innhald

bergen – a travel guide

februar 5, 2016

since the target audience to this blog post probably is a tourist coming from abroad to bergen, i choose to write it in english.
and if you are norwegian, well, you’ve learned english in school!

a lady in one of my courses at rgu told me she was going to norway. she then wanted to know if there was anything in bergen i could recommend her to see, since she knew that bergen is what i consider my hometown. and oh yes, there is! since moving to scotland, i find myself missing many of our favorite restaurants, cafés and pubs back home. so i decided not only to give her a list, but to share it with all of you too. so here is your very own tante reisande åse’s travel guide to bergen. enjoy!

tante reisande åse’s guide to bergen

oh, and feel free to comment!

 

eg hjarta NY

januar 21, 2016

Dei siste åra har det blitt populært og enkelt å reisa til New York. Det er ikkje lenger ei heil “amerikareis” å kryssa Atlanteren for å koma til det store eplet, det tar maksimalt åtte timar og du treng ikkje betala ei heil formue for billettane. Vær ute i god tid og få rimelege flyseter og overnatting.
DSC_0048gst#1gst#4manhattan#4pasta#2slowmorningemeraldpubtaubane#3trerwashingtonsqpark#1

“Kor er den beste plassen å bu i New York?” er ofte det store spørsmålet, og mange vil svara: “Midt i smørauga! Bu så nærme Times Square som du kjem”, men eg er ikkje heilt einig med dei. Styr unna turistmagneten og peil deg heller inn på nabolag med sjel. Eg har budd i fire ulike bydelar på Manhattan, og Greenwich Village er min favoritt. Her bur det folk, og der det bur folk, skapast eit samfunn, i motsetning til ein by full av hotell. Vil du koma enno nærare lokalbefolkinga, går du inn på airbnb.com og leiger eit rom – heime hjå nokon. Greenwich Village ligg strategisk plassert rett ovanfor Soho som er fin å shoppa i, dkny og Meatpacking District som er stilig å gå ut i. Dessutan finn du drøssevis av gode restaurantar og koselege barar rett rundt dei fleste hjørner. Er du heldig treff du på Sarah Jessica Parker som følgjer ungane sine til skulen.

Du treng ikkje å bekymra deg for at “The Village” som den kallast ikkje ligg midt på øya, næraste metrostopp er aldri langt unna og det går som kjend alltid eit tog. Sett deg litt inn i metrokartet, kva linjer som går hit og dit, så går det ikkje lengje før du er ein proff.

Eg vil påstå at heile det store eplet ikkje kan sjåast på nokre dagar. Du kjem ikkje til å få med deg alt. Men du vil heller aldri få med deg alt. Ikkje stress med å reisa frå attraksjon til attraksjon. Ta deg heller tid til å berre vera her. Spaser gatelangs og finn deg sjølv ståande framfor trappa til Carrie Bradshaw. Kjøp ein kopp kaffi og drikk den medan du ser på alle folka i Central Park, anten dei joggar eller spelar, sentralpark__jog duene som fyk over deg som om du var med i “Alene hjemme 2”, duer og forflytt deg oppover til du kjem til Jaqueline Kennedy Onassis Reservoir.  Eit nokså stort vatn som ligg i øvre halvdel av parken.
sentral_p#2jacquelineKOreservoir Sving inn til gatene att og finn Guggenheimmuseet, noko sjølv den minst arkitekturinteresserte må ha ei meining om. guggenh_5 Er du interessert i kunst, går du inn. Er du ikkje, kan du gå vidare. Til dømes til andre sida av parken der Dakota-bygningen ligg. Den høge og flotte bygninga der dei fatale skudda traff John Lennon og drap han. New York altså: full av historie. På framsida av Lonely Planet si New York handbok er det (iallefall på mi) bilete av Brooklyn Bridge, og her er eg heilt einig med LP: Gå over Brooklynbrua. brooklynbridge_5 Og ikkje stopp når du kjem over, nei, du må oppdaga Brooklyn. Til dømes det polske kvartalet der alt går i polsk: språket, skilta, aviser og blar, ja, til og med maten. williamsburg#1 Eller til den hippe Williamsburg der eg hadde lyst til å gå inn i alle dei små, kule butikkane langs Bedford Avenue. bedfordavenue Eg kunne og foreslått Lapskaus Boulevard som ligg i 8th avenue og som det står så fint om på Wikipedia at skal vera eit lite stykke Noreg. Bortsett frå at me fann verken nordmenn eller den angivelege norske innvandrarbutikken Nordic Delicacies då me var der. Enten hadde dei flytta, eller så var me skikkeleg dårlege til å leita. Men fint var det der. Eg skjønar godt at nordmenna busette seg der for omlag 60 år sidan. Vil du sjå korleis det verkeleg var å koma til New York som norsk innvandrar, tek du ferja over til Ellis Island, kor alle immigrantane måtte innom for sjekk og eventuell karantene før dei kunne begi seg inn i det forjetta landet. ellisisland#1ellisisland#2 Det må ha vore eit utruleg, og kanskje skremmande, syn som møtte dei. manhattan#5 På turen ut til øya kan du også ta ein stopp på Fridomsgudinna.frihetsgudinnaÅ finna spanande ting å gjera i New York er heller ikkje vanskeleg, du finn dei i kva som helst reisebok. Eg likar ofte å reisa litt utanfor reisehandbøkene. Då eg kom over ein artikkel om den vesle øya Roosevelt Island, som nesten ingen verken veit om eller legg merke til, las eg difor med stor interesse. Neste gong eg og mannen skulle til New York stod denne på “å gjere”-lista vår. Øya ligg som ein lang tarm mellom Manhattan og Queens og du kjem her enten med metro, buss, bil eller taubane. Me syntest sjølvsagt det siste høyrdest mest spanande ut – me kunne attpåtil bruka metrokortet vårt her. Taubanestajonen ligg på 59th Street og 2nd Avenue og turen over til øya tek berre nokre minuttar. taubane#5_5 Den er også ein fin mulighet til å sjå Manhattan (litt) på avstand. taubane#6 Vel framme på den vesle øya kan du gå innom besøkssenteret for å få eit kart og prata litt om kva du kan gjera der. roosev_isl#2 Det tek ikkje lang tid å gå rundt heile øya og dette er ein fin tur. roosev_isl#1 Då me var der var det så kaldt at me sette oss inn på den næraste diner’en me fann. Der vart det pils og amerikansk fotballkamp med “the locals”. roosev_isl#5roosev_isl#6roosev_isl#8_5

Det fine med New York er at det alltid skjer noko her, og det finst visst ingenting som heiter low season. Ein ting eg synest må komma med på ei “å gjere”-liste er å sjå ein musikal på Broadway. Kan hende eg bannar i kyrkja no, men eg synest ikkje det spelar noko rolle kva for eit show du går på, det er opplevinga som tel. Mamma Mia fekk æra av å vera den første musikalen eg såg, og den såg eg nettopp på Broadway. Den andre eg såg her var Memphis. Sjølv om sistnemnde var ein mykje sterkare historie, var begge to altoppslukande. Det store publikumet, applausen som rungar i mørkret, innlevinga, songane og dansinga framført av superproffe skodespelerar – eg får gåsehud berre av å tenkja på det. Du kan enklast finna billettar på nettet og bestilla på førehand, eller kjøp i små boksar som befinn seg ulike stader på Broadway.

Er du ein matelskar som meg, har du kome til rett plass. Du finn noko for absolutt kvar ein smak. Alt ifrå dei flottaste Michelinrestaurantar, til dei enkle men åh så fine diner’ane som iallefall eg assosierer med romantiske komediar. diner Av mine restaurant-favorittar kan eg nemna Bouley (163 Duane Street), som sjølv om den er litt fisefin er eit meisterverk av ein eteplass på alle måtar. Eg hugsar framleis lukta av epler, der dei låg tett i tett i hyller frå golv til tak då me kom inn. bouley#1bouley#2 Har du vore lengje vekke frå heimlandet og lengtar litt heim, kan du trygt gå på Smørgås (Scandinavia House, 58 Park Avenue), kor du finn skandinaviske rettar på menyen. Her åt me sild, rugbrød og drakk sjølvsagt Voss vatn. Og sist men ikkje minst den mystiske og elegante The Russian Tea Room (150 W 57th Street), kor Aleksandr Petrovsky tok med seg Carrie på første date.

New York er så stort at det er vanskeleg å begripe. Men for å gjera eit forsøk kan du få deg eit overblikk frå høgda. Dette kan du få mellom anna i Empire State Building og i Rockefeller Center.rock I den siste har eg ikkje vore, men det kan hende det er litt mindre turistar der enn i Empire’n. Det var dog ikkje noko tema då me besøkte den midt på vinteren 2012. For når det er kaldt nede i det store eplet, er det iskaldt oppe i Empire’n. I tillegg la skyer bokstaveleg talt ein liten dempar på utsikta. Men me såg det viktigaste: Frihetsgudinna i det fjerne, den vesle Roosevelt Island, Brooklynbrua, roosevelt_island  man_brook Central Park med Harlem i bakgrunnen og dei pitte pittesmå gule bilane i gatene nedanfor. Dessutan har du mange takbarar og -restaurantar å velgja mellom, og kva kan vel vera meir perfekt enn å nyta solnedgongen over Manhattan med eit glas bobler?

Det gjenstår berre for meg å ynskja deg ein god tur til New York, ein by eg er sikker på du aldri vil få nok av, men ein liten ting til. Du har sikkert til no skjønt at eg er ein tilhengjar av TV-serien Sex og Singelliv, og ja, det finst ein guida tur du kan ta rundt i Carrie Bradshaw sitt New York, og ja, eg kan anbefala den!

her er andre innlegg eg har skrive om new york:
eplecheck
martin luther king day
washington post
lapskaus og sild
frå ellis island til memphis på ein dag
kunstreisa
empire state of mine

godt nytt reiseår!

januar 21, 2016

det har vore litt stilt her i det siste, så målet for denne bloggen må vera å bli litt meir masete i det nye året. me har vore på reiser som eg ikkje har skrive om, så det ligg mange historiar på vent.

i det nye året kjem me nok til å fortsettja å utforska både skottland og resten av storbritannia, me har hatt nokre flotte turar her så langt, som eg gler meg til å fortelja om.
i mellomtida kan du lesa om new york, i ein artikkel eg skreiv til ein konkurranse i magasinet reiselyst.

edinburgh 13.-15. november

november 9, 2015

denne helga reiser me til edinburgh. der skal det føregå både kunstmarknad, julematmarknad og mykje anna kjekt. eg laga i den anledning ei liste til eige bruk med nyttige lenkjer til ulike ting som skjer denne helga, utstillingar, eteplasser og andre ting. dersom du skal til edinburgh kan den kanskje koma til nytte for deg også?

her kan du sjå lista/here’s the listedinburgh13-15nov (du må kanskje høgreklikke for å lasta ned pdf’en/you might need to right click to download the pdf)

translation: we’re off to edinburgh this weekend. on that occasion, i made a list of useful links of things to do, to see and where to eat. maybe it can come useful to you too?

matpause

september 15, 2015

første helga i august var me på ein meir eller mindre impulsiv tur til edinburgh. me tok toget laurdag morgon, og var framme på waverly station i edinburgh halv tolv. her hadde me bestilt overnatting i ein leilighet, og fekk heldigvis «sjekka inn» med ein gong me kom til byen. me hadde fått kode til låsen via mail, og hadde ikkje kontakt med utleigerane ein einaste gong i løpet av heile opphaldet. leiligheten lord lyons chambers var fin, moderne, og låg veldig sentralt til like ved the royal mile. lordlyonschambers#1lordlyonschambers#2
the royal mile kan vel seiast å vera den mest «turistifiserte» gata i byen. den er eigentleg ei samansettjing av, eller kallenamn på fleire gater, som danner ei lang rekkje i gamlebyen av edinburgh. den er som namnet tilseier, omlag éi skotsk mil (som forøvrig er noko lengre enn den meir brukte engelske mila). du skal ikkje leita lengje før du finn suvenirar, kiltar og whiskey her, men også pubar og eteplasser.
ein av grunnane til at me reiste til nettop edinburgh, var at eg hadde sett bilete frå ein matfestival på instagram: edinburgh food festival. me fann vegen til george square gardens, ein del av byen me ikkje hadde sett før, men som me vart positivt overraska over. som seg hør og bør på ein matfestival, smakte me på maten. dei hadde iskrem, kaker og søtsaker, herlege pizza’ar som vart laga medan du venta, asiatisk mat, skotsk mat og litt til. edfoodfest#1 det var ikkje ein særleg stor festival, meir ein koseleg nabolagsfestival, med ulike matboder, grasmatte på bakken, benkjer rundtomkring, og eit stort spiegeltent. edfoodfest#2 hadde me ikkje vore på tasmania tidlegare i år hadde me ikkje hatt peiling på kva eit spiegeltent er, men det er noko så fascinerande som eit omreisande telt, laga av harde materialer og dekorert med speglar innvendig. i spiegeltentet arrangerte dei foredrag og intervju, men ikkje noko som verka altfor interessant for vår del.
etterpå gjekk me opp til, edinburgh#1 og gjennom heile royal mile. det vrimla av turistar der, og eg kan ikkje hugse at det var så enormt mange av dei sist me var der, for 13 år sidan. det var nok fellesferien som var grunnen. the royal mile, eller den kongelege mila om me skal tolka det i den retninga, går frå eit slott til eit anna. frå edinburgh castle i vest (som du sikkert kjenner igjen frå military tatoo) edinburghcastle til holyrood house i aust. sistnemnde hadde heldigvis ope ei stund utover ettermiddagen, så me kjøpte inngongsbillettar og audioguide. dette slottet, eller palasset om du vil, er bustaden til dronning elizabeth når ho er i byen. det har vore bustaden til mange skotske kongar og dronningar heilt sidan 1500talet. holyroodhouse#1 inne fekk me sjå eldgamle rom og gjenstandar, og lærte både eitt og hitt om både mary queen of scots, og bonny prince charlie. eit veldig fint og lærerikt besøk. etter endt rundtur, gjekk me ut i ruinane av eit kloster. holyroodabbey#1 holyrood kloster stod der frå 1128 og heilt til revolusjonen i 1688 og ein storm i 1768 tok knekken på det.holyroodabbey#2holyroodabbey#3holyroodhouse#2
edinburgh har dei seinare åra blitt ein framifrå matby, med ikkje mindre enn fem restaurantar med michelinstjerne, så me såg oss mest nøydd til å besøkja ein av desse. sidan dette var ein nokså impulsiv tur, kunne me ikkje velgje og vrake blant ledige bord, men hjå paul kitching sin 21212 var det plass til oss på nokonlunde kort varsel. me gjekk for smakemenyen, som inneheldt (minst) seks små, smakfulle rettar. av alle smakane me vart servert (og det var mange), var det ei melk som gjorde sterkast inntrykk på meg. den kom frå ei mugge utforma som ei ku, og skulle drikkast i små beger. den sende meg rett tilbake til barndommens jul, og det er vel inga kjensle i heile verda som kan måla seg med det. etter endt måltid fekk me faktisk oppskrifta på denne spesielle melka. spørst om det ikkje blir eit juletilbehør hjå oss. alt i alt ein restaurant eg varmt kan anbefala. det at ein kan sjå rett inn på det opne kjøkenet har både sine fordelar og ulemper. det er spanande og fascinerande å sjå korleis kokkane jobbar saman i eit team. men at du ser dei, betyr også at dei ser deg. det var fleire gonger dei kikka ut på gjestane og kommenterte seg i mellom, gjerne med eit lite fnis. neste gong kunne me koma å overnatta hjå dei, kunne servitørane opplysa om då me takka for oss. den einaste michelinrestauranten med overnatting der altså.

sidan leiligheten låg så sentralt til som den gjorde, måtte me tåla litt skrik og skrål frå gata den laurdagsnatta. men me kunne heldigvis sova litt frampå før me pakka sakene søndags morgon og «sjekka ut». edinburgh#2 brunsjen åt me på den fine kaféen element i rose street, som eg absolutt vil koma attende til ein annan gong. dei hadde rikhaldig meny og veldig avslappa stemning. etter maten spaserte me vidare til scottish national gallery of modern art one, og two. scottishnationalgalleryofmodernarttwo einaren var utan tvil best, med klassikarar som picasso, vår eigen munch, andy warhol og ei stor utstilling av roy lichtenstein. edvardmunchpicassoandywarholscottishnationalgalleryofmodernartone
før me tok toget heimatt den kvelden, fekk me med oss ein lokal marknad i ein fin bydel (som eg desverre ikkje hugsar kva heitte). der hadde dei allslags mat, det meste heimelaga og småskalaprodusert såg det ut til. eit afrikansk brød med dadler fekk vera med oss heim. me fekk også tid til å settja oss ned med nokre tapas-tallerkar på all bar one. ei fin avslutting på ei aldri så lita kulinarisk reise til edinburgh.

til lands, til vanns, og i lufta med!

august 18, 2015

frå 22. til 27. juli var syster mi på besøk her i skottland, og me fekk ei innhaldsrik og kjekk langhelg saman. torsdagen åt me frukost, før me susa avgarde i ein co-weels (aberdeen sitt svar på bildeleringen) bil med retning sands of forvie. dette er eit naturområde like nord for byen, med ei milelang strand og fine grasvollar å gå mellom. sandsofforvie sandsofforvie#3 me har vore der før, i april, då me liksågodt tok ein telttur i området. men denne gongen gjekk me ein rundtur sidan me hadde bil. veldig fint område å gå tur i, og sjølv om det bles ganske mykje, varma sola også ganske mykje. me stoppa for å ete då me kom til stranda sandsofforvie#4 og mannen tok seg like greitt eit bad i dei iskalde bølgene. sandsofforvie#2 me forsette vidare forbi ei kyrkjeruin, eit togvrak trainwreck over ei korneng tractorpath og prøvde å helsa på nokre kyr sandsofforvie#5 før me enda opp att ved parkeringsplassen. etterpå køyrde me enno litt lengre nord, til me kom til cruden bay. der sette me bilen, og gjekk med kursen mot slains castle. track desse store ruinane av eit slott vart eingong inspirasjonen til bram stoker sin dracula. ikkje vanskeleg å forestille seg det. slainscastle#1 slottet vart bygd på tampen av 1500talet av den niande jarlen av erroll, men det er ikkje lengje sidan dette slottet var i bruk. for berre 90 år sidan tok dei ned taket, slik at dei skulle sleppe å betala skatt. og slik lagar du ei ruin. slainscastle#2 slainscastle#3 turen fortsette vidare mot bullers of buchan der fuglane skreik og skrålte like mykje som sist me var der. bullersofbuchan#1 her er det stupbratte klipper med små stiar ovanfor, som til tider kan vera livsfarlege dersom du trakkar skeivt. bullersofbuchan#2 eit yrande fugleliv har farga klippene kvite enkelte stader, og dei fyk kvilelaust att og fram mellom klippene. bullersofbuchan#3 etter endt etappe jogga mannen attende for å henta bilen, oss, og me køyrde heimatt.
frå fredag til søndag tok me ein lengre tur. me pakka med oss turtøyet og trykte inn aviemor på gps’en. turen dertil var veldig fin. me såg hårete kyr (skotsk høylandsfe), highlandcattle#1 highlandcattle#2 lyngkledde bølgande fjell, scotland#2 grøne marker, scotland#1 eit par ruiner og mange whisky destillerier. vel framme i aviemor fekk me oss heldigvis rom på the cairngorm hotell. no var me i hjarta av caringorm nasjonalpark. ved hjelp av dei kjekke, små turbøkene me har kjøpt her borte, fann me mange fine turar i området. den første me tok fatt på, var rundt vatnet loch morlich. lochmorlich#1 eit utruleg flott vatn og rekreasjonsstad. her var det familiar som hadde piknik eller sola seg, ungar som bada og mange som padla rundt i kajakkar. turen rundt lochen tok omtrent ein time, og me fekk tid til ein liten rastepause etter endt løp. lochmorlich#2 me var ikkje einsame. redtailsquirrel lochmorlich#3 om kvelden åt me middag på hotellet. me fekk haggis, sjøkreps og angussteik jevnt fordelt mellom oss, det smaka fortreffeleg! spesielt etter at me venta så avlorleg lengje på å få bord.
neste morgon var det frukost på det ærverdige hotellet. alt ein kunne ynskja seg av mat eigentleg, både kaldt og varmt. det la eit godt grunnlag for fjellturen me hadde planlagt. rett ved aviemor ragar nemleg sjølvaste cairn gorm 1245 moh. fjellet som har gitt namn til den store nasjonalparken som ligg midt i the highlands. me kunne ikkje ta taubanen opp, for då hadde me ikkje fått lov til å gå utanfor taubanelokalet sitt området (idiotisk!), men det la ikkje nokon dempar på oss, som tok fatt på den lange og bratte turen opp fjellsida. halvvegs stoppa me for å pusta på ei stund og eta litt niste, og idét me hadde funne ein stor stein til å søkja ly under, fauk det opp eit fly frå dalen og over hovuda våre. cairngorm#1 det tok nokre rundar rundt cairn gorm, og var mest litt skummelt nærme. etter energiinntaket besteig me toppen av cairn gorm, og naut den fantastiske 360-graders utsikta. cairngorm#2 cairngorm#4 me kunne ha tatt ein enno lengre tur før me byrja på nedstiginga, men akkurat då me skulle ta fatt på den, kom det eit forrykande vêr med vind, skodde og regn, så me ombestemte oss. cairngorm#3 vêret var veldig skiftande her oppe, og eg anbefalar å ta med hue, skjerf og hanskar, sjølv midt på sommaren. etter endt nedstiging suste me avgarde til neste mål, utan å veta heilt sikkert kor det var… men i kingussie var me så heldige å få overnatting hjå den pratsomme silvia frå austerrike på avondale house. avondalehouse ho dreiv ein bed & breakfast, og levde sin livs draum kunne ho fortelja. ho kunne fortelja mykje mykje anna også, me kom knapt til orde. men gode sengjer, stille rom, god frukost og mykje hjarterom hadde ho å tilby. me åt middagen på columba house hotel, som me hadde vore innom tidlegare for å spørja etter rom (utan hell), og fått svært god mottaking. det fekk me også no, i tillegg til herleg mat og drikke! ein tur inn på den lokale puben vart det jammen også, før me tok kvelden.
etter ein lang frukost var kanskje nokon av oss litt tung i hamsen, men me fortsette med like stort tur-mot som sist. i turboka vår las me om ein tur i nærområdet, som skulle ta oss opp på eit fjell og gjennom ein skog. som sagt(eller lest), så gjort. turen tok omlag 2,5 time og gav oss vakre blomar, kingussieflower fin utsikt kingussie#2 og fine naturopplevingar. kingussie#1 det einaste me sakna var nokre ekorn. me måtte heim til  katten vår rips, så me køyrde «beine» vegen heim til aberdeen. ein heimtur som tok litt over 2,5 time.

norwegians & glaswegians

mai 11, 2015

for nokre veker sidan var me ein tur i glasgow, for mannen hadde eit jobbærend der. medan han tok toget til utkanten av byen, budde eg på hotell og tok føre meg av glasgow sitt kulturliv. me hadde sjølvsagt kveldane saman, og den første kvelden gjekk me tilfeldigvis inn på guy’s restaurant & bar, ein litt annleis restaurant som lett kunne ha befunne seg i montmartre, paris. nips og antikvitetar på veggane, og store speglar og lysestakar sette stemningen. den gode maten gjorde alt komplett, og me var glad for å ha funne denne vesle perla den første kvelden vår i glasgow.
neste morgon åt eg frukost åleine på hotellet. ei ny oppleving for meg, men heilt sikkert på høg tid. etter å ha drukke altfor mange koppar kaffi, sett på folk og ete meir enn eg burde, gjekk eg ut for å sjå litt nærare på byen. me har vore i glasgow ein gong før, for omlag 14 år sidan, då me var på interrail i storbrittania og irland. då som no var eg intressert i byen sin mest kjende arkitekt, designar og kunstnar charles rennie mackintosh. og sjølv om me besøkte hans mest kjende verk «glasgow school of art» sist gong, ville eg få det med meg denne gongen også. det var eit desto større sjokk som møtte meg då eg ankom skulen og fekk høyra at den hadde brunne i mai 2014. ein kunne ikkje sjå noko teikn til det på utsida (utanom stillas og gjerder), men desverre var noko av interiøret øydelagt. glasgowschoolofartglasgowschoolofart#2 det var utruleg trist å høyra at eit av dei flottaste romma i bygningen: biblioteket, ikkje var meir. ei mager trøyst er det jo at eg heldigvis har sett det med eigne auger. rett før brannen braut ut, hadde dei bygt eit nytt bygg attmed den gamle skulen, så no var nokre elevar flytta over der, og resten var fordelt rundt omkring i byen. glasgowschoolofart#3 eg kjøpte billettar til ei omvisning, og ein student tok oss med rundt og fortalde. det hadde sjølvsagt vore kjekkast om me fekk gå inn i den gamle skulen, men me nøydde oss med å sjå den utanfrå. me fekk også sjå originale møblar designa av mackintosh og kona margareth macdonald. charlesrenniemackintosh#1 charlesrenniemackintosh#2 charlesrenniemackintosh#3 etter omvisinga spaserte eg litt rundt i gatene, såg på livet, og eit anna av macintosh sine meisterverk: the willow tea room i sauchiehall street. willowtearooms#1 ein kan mest ikkje sjå på denne bygningen utan å drøyma seg attende til byrjinga av 1900 talet. art nouveau var ein ny og høgmoderne stil då kjolekledde damer frå fiffen samlast i salongen for afternoon tea. du kan framleis få te i salongen, men eg nøydde med ein sandwich frå ein kiosk. eg lot meg fascinera av det utruleg flotte kjøpesenteret princes square shopping centre midt i gågata buchanan street som, bygd i 1986 var mykje yngre enn det gav seg ut for å vera. princessquareshoppingcentre#1princessquareshoppingcentre# utpå ettermiddagen kom mannen attende, og me gjekk og forsynte oss av ost & vin-bufféen i hotellfoajéen. dette var noko dei tilbydde alle gjestane sine kvar kveld på z hotell. ein fin gimikk, og dersom du ikkje skjemst kan du eta så mykje ost og kjeks som du berre orkar. me var ikkje så grådige, for me skulle eta middag ute, og gjekk i same retning som kvelden før. der låg det mange gode eteplasser meir eller mindre samla ifølgje lonely planet. me stoppa utanfor den russiske restauranten café cossachock fordi den såg eksotisk og spanande ut. og sjølv om ikkje maten var frå det mest utsøkte gourmetkjøkenet, var det ei annleis og fin oppleving. blomstrete sjal pynta taket, og på ein storskjerm snurra ein russisk film. flinke servitørar såg til at me hadde alt me trong heile tida. me var dei aller sista gjestane som gjekk, sjølv om servitøren framleis var preikesjuk, og syntest visst at me kunne ha tatt eit glas vodka. men me takka fint for oss og gjekk heim.
mannen måtte jobba litt meir før me kunne forlata glasgow, så medan han tok toget ut av byen, sjekka eg ut av hotellet og fortsette kunstreisa mi. første stopp var gallery of modern art (goma) som hadde 3 etasjar med utstillingar, heilt gratis. goma der fann eg utruleg mange ulike verk, alt frå aboriginarkunst frå australia, til eitt papir med norsk tekst på. denandrevegenvarutover etterpå kunne ein gå ned i biblioteket eller slappa av i kaféen. eg gjekk innom ein annan kafe, nemleg willow tearoom sin «filial» i buchanan street, men berre for å sjå. det var kø for å få bord på denne mackintosh-kopien, som sikkert er svært populær blant turistane. neste stopp på det som byrja å likna ein mackintosh-turné var the lighthouse. ein bygning han har teikna, som i tillegg til å husa ei utstilling om han, viste fotografier tekne av born, og moderne tre-arkitektur (som ikkje er særleg vanleg i skottland). utstillinga om mackintosh inneheldt videoklipp, bilete, modellar og tekstar frå hans liv og virke. både underhaldande og lærerikt. etterpå gjekk eg opp dei 134 trappetrinna i tårnet for å få utsikt over heile byen. thelighthouse#1 glasgow#1 det var verkeleg verdt det! snart var klokka fem, the lighthouse stengde, og eg gjekk ut i glasgow sine travle gater. mannen kom etterkvart attende frå arbeid og me tok toget til aberdeen.
eg tenkjer at glasgow er ein by ein må gje litt tid. den kan verka bråkete, masete og skitten ved første augekast, men har definitivt meir å by på dersom du går den litt meir i dybda. og innbyggjerane her, glaswegians, må ein iallefall gje litt tid. tid til å forstå kva dei seier.

bryllaup

april 8, 2015

frå torsdag til søndag var det fokus på familie og bryllaupsførebuingar i hobart. torsdag føremiddag reiste marit, cameron, eg og mannen inn til byen, der familien phillips skulle delta på «wedding rehearsal», så me fekk god tid til å gå rundt i byen på eiga hand. salamanca bada i sol, så me sette oss ned for kaffi og kake på machine, salamanca square. dette var ein av dei første kafeane me var på då me besøkte hobart i 2004. ein kafé der du ikkje berre kan få sjukt god sticky date kake, men også vaska kleda dine i vaskeautomatar. hobart#1hobart#4 me gjekk og såg i fine små butikkar, gjorde unna litt shopping, stakk innom the hope and anchor, kor me hadde gode minner frå, før me alle saman treftest for lunsj. salamanca#1 då kvelden nærma seg, stilte me oss i kør for å koma inn i «the spiegeltent», eit omreisande telt kor dei har konsertar og opptredenar, og denne veka var det altså kome til tasmania. på opningskvelden var det gratis å koma inn, så det stod mange i kø for å få plass inne i teltet. vel inne fekk me gode plasser i ein av båsane rundt veggjene, og vart møtt med akrobatiske danserar og mykje bra musikk. spiegeltent#1spiegeltent#2

fredagen låna me marit sin bil og køyrde opp til mount wellington. det høge, mektige fjellet som kan sjåast frå omtrent heile hobart. det var eit forrykande vêr på toppen med vind og haggel, og me holdt på å både blåsa vekk og frysa oss ihjel. frå utkikkstårnet kunne me ikkje sjå ein meter framfor oss, men etter ei stund klarna det opp litt og litt. då me endeleg fekk utsikt gjennom skyene, kunne me sjå uendeleg langt. hobart#2
tilbake i byen gjekk me for å finna ein barberar, for mannen måtte jo vera nyfrisert til bryllupet neste dag. me svinga inn til paul som skulle visa seg å vera ein veldig interessant og hyggeleg eldre mann, som attpåtil hadde fødselsdag! barberpaul på veggane hadde han mange flotte måleri som han sjølv var kunstnaren bak, og han var svært interessert i å høyra kor me kom frå og korleis me var knytt til tasmania. med nybarbert og fin mann gjekk eg ut av salongen og tenkte på kor mange samantreff livet har å by på. kor mange fine menneske ein kan treffa på slike tilfeldige vis. sola skein og me hadde heile dagen for oss sjølv. hobart#3 det var blitt lunsjtid, så me gjekk inn på ein plass som me hadde fått anbefalt av jentene på restauranten quay i sydney, nemleg frank. det var nesten umuleg å sjå denne fine eteplassen frå utsida dersom du ikkje visste om den. me måtte til slutt spørja nokre jenter om hjelp, som peika oss i rett retning. her bestilte me fleire smårettar, og alle var så utruleg smakfulle og karakteristiske. etter å ha brukt god tid på frank, gjekk me ut på kaien og over til ei fotoutstilling der folk frå den lokale fotoklubben hadde ei utstilling. her var bilete frå fjern og nær, mykje lokalt, men også eit par frå island. hobart#5
om kvelden hadde cameron fått sin familie på plass, kona preeti og sonen prithu, og me åt middag alle saman på salamanca.

laurdag var den store dagen. shanti og mark skulle gifta seg i lenna of hobart. lennaofhobart#1lennaofhobart#2 lennaofhobart#3viinga var noko annleis enn kva me er van med i noreg, men veldig høgtideleg og fin. seremonihaldaren var ei dame som tala både formellt og personleg, før brudeparet gav kvarandre løfter, og knyta symbolske band om kvarandre sine hender (med god hjelp av forlovaren). etterpå var det bildetaking i hagen utanfor, etterfulgt av hou’derves og champagne. eg traff att mange av jentene frå teselskapet, og det var kjekt å ha mange kjente fjes rundt seg sjølv om ein var på andre sida av verda. talane kom på rekkje og rad utover kvelden, då alle hadde sett seg ned i eit av dei mange flotte romma. me heldt på til det var på tide å gå heim, og brudeparet var imponerande nok av dei som heldt ut lengst. til slutt var alle einige om at det hadde vore ein fantastisk dag.

neste dag vakna me til nok ein strålande dag på tasmania, den siste heile sådan for denne gong. det var marknadsdag om søndagen også, dette hadde fokus på mat, grønsaker og frukt, så me tok turen til byen for å få med oss dette. hobart#6 alt såg fristande ut, og eg kunne ikkje gå forbi bakeribua utan å kjøpa med meg eit olivenbrød. etterpå sette me kursen for byen sitt bryggeri, cascade brewery. dette er det eldste bryggeriet i australia som framleis er i bruk, og dei bryggjer øl, sider, brus og anna. hobart#7hobart#8 me var ikkje inne på sjølve bryggeriet, –ein flott 8etasjars(minst) murbygning frå 1832, men nøydde oss med å nyta dagen i den flotte hagen ved sida av. hobart#9 etterkvart tok me turen til kafeen ginger brown for lunsj. me måtte dersverre sei hadet til preeti, cameron og prithu då me hadde ete, og reiste tilbake til marit for å pakka og gjera oss klar til heimreisa neste dag. det var heldigvis framleis sol i den fine hagen i mercer street, så me fekk nyta ein herleg ettermiddag før me åt middag, smakte på rester av bryllupskaka og såg downton abbey. hobart#10

det var på tide å reisa frå tasmania for denne gong, og marit køyrde oss tidleg til flyplassen.
me hadde ein litt kort, men så utruleg innhaldsrik tur til australia denne gongen, og det blir sikkert ikkje lengje til neste gong kjenner eg oss rett. takk for no!

the naked driver

mars 31, 2015

tysdag pakka me tinga våre inn i bilen til marit og sette kursen for launceston, via austkysten. launceston er den nest største byen på tasmania, og kan ta 2 timar og femten minuttar å køyre til (frå hobart) dersom du tar snarvegen tvers gjennom øya. det gjorde ikkje me. me gjekk for den utsiktsmessig finaste ruta, og såg fort at «dette kan ta tid». det var så mange fine plasser, og me måtte stadig vekk stoppa for å ta bilete. tasmania#1tasmania#2 i bicheno stoppa me for å eta lunsj, og såg at me mest ikkje kunne ha funne ein finare stad å stoppa. fiskerestaurant med utsikt over stranda, bølgene som rulla inn og sola som varma –var det slik det såg ut i paradis? bicheno#1 i scamander stoppa me for å sjå på den milelange stranda, og mannen kasta like godt kleda og hoppa uti. tasmania#3 det såg veldig kaldt ut. me hadde ikkje handklede med oss, så han måtte sittja i berre undikken i bilen for å tørka. det var sjølvsagt akkurat då me skulle bli stoppa av ein politibil som kom bak oss. han kommenterte heldigvis ikkje på bekledninga, men ba berre om ein promilletest. mannen blåste sjølvsagt grønt, og litt sjeiki køyrde me vidare. tasmania#4tasmania#5 rundt halv seks om kvelden kom me fram til launceston, parkerte i sentrum og spurta bort til turistkontoret. dei hadde desverre stengd, men me benytta tjangsen til å surfa på internettet deira. me gjekk på booking.com og fann the aulderton hotel, sette oss i bilen att, og køyrde opp til det. der kunne resepsjonisten james (som viste seg å vera hotellsjefen) fortelja at dei berre hadde eitt einaste rom ledig. utruleg flaks der altså… me slo til, og angra ikkje eit sekund på det då me fekk sjå rommet. det var faktisk to rom. eitt stort soverom, og eitt «konferanserom», i tillegg til stort og fint bad med både dusj og badekar. james var utruleg hjelpsam og spurte om me hadde planlagt middag for kvelden. det hadde me ikkje, så han ringde rundt for å sjekka på ulike plasser han kunne anbefala. sjølv om han ikkje fekk så mange positive svar som me hadde håpa på, gav han oss eit kart og kryssa ut kor me burde gå. som sagt så gjort. det var blitt mørkt då me omsider kom oss ut, men byen viste seg å vera både fin og sjarmerande. me spurde om ledig bord på eit par plasser utan hell, før me kom til black cow. eg var litt skeptisk sidan dei var eit «steakhouse» og eg ikkje et kjøt, men dei hadde iallefall éin fiskerett på menyen, så det holdt for meg. og den var verkeleg verdt besøket! aure med grøn karri (min asiatiske favoritt) og grønsaker var berre heilt herleg, og mannen var også særs nøgd med biffen sin. til dessert fekk me tasmanske ostar. alt i alt eit veldig flott og anbefaleleg måltid. me spurde om servitøren visste om ein kjekk plass å settja seg ned etterpå, og han foreslo saint john. der holdt dei på å stengja, men då dei høyrde at me var langvegsfrå sa dei la gå, og lot oss få bestilla eit glas og sittja der ei stund. me prata med bartenderane emma og wombat(!), som fortalde om launceston og gorge’n cataract som var verd å ta ein tur til. det hadde me planlagt å gjera neste dag, og som sagt så gjort.

hotellet vårt, aulderton låg ikkje så langt ifrå gorge’n men det var likevel ein halvtime drøy å gå. då me kom fram var me ganske klare for eit måltid og heldigvis hadde dei ein fin kafé med flott utsikt over vatnet som låg ved foten av gorge’n, ein lang taubane, hengjebruer og alle folka som var ute på tur. me bestemte oss for å gå turen «duck reach trail» som skulle ta omlag 90 minuttar tur/retur. det var ein veldig fin tur kor me gjekk langs elva, og til slutt over den via ei hengjebru. tasmania#6tasmania#7 på andre sida av brua låg det eit gammalt kraftverk og ein sti oppover fjellsida. me gjekk opp stien og kom etterkvart inn i ein skog med sommarfuglar flygande rundt oss, fuglar som sang og firfisler som pila avgarde mellom beina våre. tasmania#8tasmania#9 ein veldig flott tur med andre ord, som enda ved vatnet og kafeen. på vatnet symde det ei svart svane. eg hadde aldri sett ei svart svane på nært hald før, og seinare kunne marit fortelja at det finst berre svart svaner på den sørlege halvkula. blackswan me takka launceston for no (rett etter at å ha ledd så me nesten tissa i buksa av denne hunden)dogdriver og sette oss i bilen med den vesle byen evandale i sikte. tasmania#10 då me kom der, såg me raskt at det ikkje var all verda å sjå der, men me stoppa opp for å eta lunch på den koselege ingleside bakery. på hotellet i launceston hadde james tipsa oss om den flotte villaen clarendon, ikkje langt frå evandale, så me køyrde bort for å sjå kva det var. desverre hadde dei stengd då me kom, men den flotte villaen frå 1838 var utruleg fin å sjå -også frå utsida, med ein flott hage kring seg. clarendon vel vel, me får koma att å besøkja dette herskapshuset. no bar det strake vegen heim att, ein tur som tok om lag to timar. tasmania#11 me ville koma oss heim før det vart mørkt, og dessutan skulle marit sin son cameron, min tremenning koma denne kvelden. turen heim gjekk fint, og det var eit gledeleg gjensyn med cameron.

piker, vin og …sang?

mars 30, 2015

laurdag hadde marit lagt ein solid plan for dagen, så me åt frukost tidleg før me gjekk ut. første stopp var salamanca market, ein marknad som går føre seg kvar laurdag på området framfor dei små, gamle steinbygningane på hamna. det strekk seg langt ovanfor hamna, og her kan du kjøpe alle tenkjelege varer. songerar og gitarspelerar, handlaga brukskunst, grønsaker, syltetøy, vin, hot dog, pannekaker var alle representert. det unike er at det meste er lokalprodusert på tasmania. hobart#11 då det byrja å regna gjekk me inn i eitt av dei små steinhusa og kjøpte oss kaffi. det såg ikkje ut til at litt surt vêr gjorde noko, for det var stappfullt av folk overalt. etter å ha sett alle bodene minst éin gong, sette me oss i bilen att og bestilte to pizza’ar. desse tok me med oss til shanti (mi tremenning) og mark. shanti og mark var «grunnen til» at me var i australia denne gongen, me var nemleg invitert i bryllaupet deira. etter å ha nytt utsikten frå leiligheten deira, snakka om bryllupet og ete pizza, køyrde me avgarde med marit. me sette kursen for vinmarkene utanfor byen, me skulle på vinsmaking. det var nemleg open dag hjå alle vingardane denne helga, og første stopp var frogmore. den hadde ein utruleg flott utsikt frå lokalet, som folk kunne leige til bryllaup og andre tilstellingar. hobart#12 god vin her, men veldig travelt og litt upersonleg. neste stopp var puddleduck, som skulle visa seg å vera vår favoritt. her var barnefamiliar, utdrikkingslag og ender i ei skjønn foreining ute i ein stor hage. puddleduck me bestilte ostetallerken som me delte og fekk god informasjon om kvar av vinane. eg la merke til ein familie som eg drog kjensel på, og kom på at eg hadde sett dei på eit tv-program på nrk3 der dei fekk hjelp til å halda slottet sitt i storbrittania ved like. det byrja å nærma seg stengjetid, for dei hadde berre ope til 17, så me farta vidare til richmond, ein liten landsby med gamle sjamerande hus og butikkar. me smakte eit par vinar her også, på clemes hill, gjekk ein fin tur over den gamle brua (den eldste i australia faktisk!), og kjøpte kvar vår is. richmond#1richmond#2richmond#3 me var godt nøgde med dagens innsats då kvelden kom.

neste dag hadde eg og marit eit viktig ærend, me skulle nemleg delta i shanti sitt utdrikkingslag. ikkje heilt same stil som på dei norske utdrikkingslaga dette, skulle eg erfare. me dressa oss opp i fine kjolar og sette kursen for villa howden. eit flott selskapslokale som såg ut som det kunne vore i italia. været viste seg også å vera ganske italiensk. på ein italiensk solskindag iallefall. på villa howden var det high tea (teselskap) for 15 festfine jenter. me fekk pittesmå kvite sandwichar, små scones, muffins, pikekyss, creme brulée og enno litt til. me kunne få sprudlande i glaset, kaffi eller te, etter eige ynskje. det var kjekt å helsa på venene til shanti, som eg har kjent sidan eg var omlag ti år. heilt sidan då har me vore brevvener. medan me sat og fina oss i villaen, var mannen min og den komande brudgomen ute og fiska på seven mile beach, 45 minuttar unna hobart. hobart#13hobart#14 new zealandske mark er ein ihuga fiskar, og benyttar gode periodar til å fiska. han har nemleg, i likhet med shanti, sjukdomen me. bryllaupsførebuingane har difor vore ekstra utfordrande for dette paret, og dei såg sjølvsagt veldig fram til den store dagen, men også forståeleg nok til dei rolege dagane som kom etter. på villa howden takka me for oss, og sa på gjensyn.

måndag hadde me sett av heile dagen til å gå på kunstgalleri. hobart er nemleg svært kjend for å husa det populære mona kunstgalleri. ein rik gamblar har bygd mona, og putta mange av skattane han har samla her. dei omfattar utruleg mykje forskjellig, mykje egyptisk kunst frå faraoanes tid, men også veldig mykje ny, og for mange –utfordrande kunst. mona#1 sjølve huset stod der frå før, men tre nye etasjar har blitt tilføydd nedover i bakken. me brukte fem timar på gallerirunda, inkludert ein lunsjpause for å samla krefter og sjå på påfuglane som spankulerte rundt. peacock om kvelden kom shanti på besøk, og eg laga pasta og røykelaks til middag. den tasmanske laksen er kjend for å vera god, og sjølv om me er veldig kresne på laks (fordi me meinar at du finn den beste laksen på sotra) kunne me absolutt gå god for denne!