Gå til innhald

empire state of mine

februar 27, 2012

det var på tide å forlate byen som aldri søv, men ikkje før seint på kvelden, så me åt frukost og pakka ferdig. utsjekkinga frå washington square hotel gjekk knirkefritt og me fekk legge bagasjen vår der medan me var ute. me hadde på veg til frukostrommet oppdaga at det hadde snøa ein heil del i løpet av natta.
dette var ikkje heilt etter planen, og me såg ikkje fram til å traske rundt i snø den siste dagen vår. upraktisk med tanke på våte sko og klede. kva gjer ein så på den siste dagen av ferien sin? reiser opp i høgda sjølvsagt. nærare bestemt the empire state building.
utanfor inngangen prøvde selgjerar å innbille oss at me trengte billettar for å kome forbi køen og ta den raskaste heisen. i dette tilfellet hadde det vore det dummaste me kunne sagt ja til, for køen eksisterte ikkje. (og det var kan hende ein attraksjon i seg sjølv.) grunnen til det var nok ein kombinasjon av lågsesong og ein utsiktsmessig litt dårleg dag. og når det er kaldt nede i det store eplet, er det iskaldt oppe i empiren. men me brukte lang tid før me kom opp i toppen likevel. me høyrte på audioguiden vår tony som fortalte om historia til bygningen og såg på bilder og illustrasjonar frå byggjinga.
og etterkvart bevega me oss også opp i høgda. det var eit fantastisk syn som møtte oss i 86. etasje. i starten var det litt overskya, men det klarna opp etter kvart. det er vanskeleg å sjå føre seg kor stor manhattan er, når ein berre går, og tek metro. no såg me heilt frå nedre manhattan til harlem. me såg stader me hadde vore, som hotellet i bryant park
den vesle roosevelt island  over til brooklyn
og frihetsgudinna i det fjerne
det var litt greitt å ha audioguiden på øyra, (sjølv om tony kunne bli litt irriterande i lengda) for han tok for seg kvar bydel og historiane deira. sjølv om det var kaldare enn kaldast der oppe, var me der lenge og fekk heile tida auge på nye ting. me kunne gå inn og varme oss når me mista følelsen i ansiktet. etter å ha shoppa litt i suvenirbutikken tok me heisen ned att og oppdaga at new york hadde same problem som bergen; slaps. og det var mykje av det. det var på sin plass å reise til little india. så me bevega oss nedover i retning flatiron og tok til venstre i 27. gate. dei gjore rett i å kalle det little india for det var ikkje så mykje der. stort sett indiske/asiatiske restaurantar og kolonialar. på den eine restauranten som var anbefalt i lonely planet, var det ikkje ei sjel, så me gjekk heller vidare. me hadde tydeleg fallt mellom lunch og middagstider, så gjestene stod ikkje akkurat i kø nokre stader, men me gjekk inn på ein koseleg indisk vegetarrestaurant. eg var gjennomvåt på beina, så det var fint å få settje seg ned i varmen. og maten som kom –perfekt!
me fekk heldigvis god hjelp av servitøren til å velgje, for menyen tok aldri slutt, det var side opp og side ned med vegetarrettar av alle slag. sausar, brød, ris, gryter og til og med crépes fekk me! me sat der lenge og nytte det siste måltidet. det skulle også vare lenge, for det kunne bli lenge til neste. servitørane var morosame og den eine kunne m.a. fortelje om frimerkesamlinga si med stor entusiasme då han høyrte at me kom frå norge –eller noreg som han påpeikte å ha sett. ein annan var svært fascinert av lonely planet guideboka vår, som han byrja å bla i for å sjå om restauranten deira var inni. det var den desverre ikkje, men hadde heilt klart fortent det! me måtte desverre returnere til slaps og kulde, og etter ei stund –til hotellet vårt for å hente bagasje.
metrokortet vårt var gått ut, dei gule drosjane tok ofte meir pengar for å køyre til flyplassen (i slikt vêr) så me fekk hotellet til å bestille ein bil til oss. me takka for oss og såg manhattan forsvinne bak oss og inn i laurdagskvelden. me konkluderte med at me var heldige som ikkje fekk meir snø enn berre den siste dagen. skinnstøvlettane mine såg ut som om dei hadde fått psoriasis. på jfk var me usikre på kva terminal me skulle på, men det løyste seg lett etter at me hadde sjekka inn. det var stort sett berre oss og nokre jødar som skulle ut å fly denne seine laurdagen, eller kanskje me hadde komt til hebrew terminal. ikkje veit eg, men me fekk uansett berre beskjed om å gå til gate 11. der var det ein kar som i det sekundet han fekk auge på oss, spurte om me skulle til amsterdam. ikkje vanskeleg å sjå kanskje, men me blei geleida ut av terminalen og i ein buss (åleine) og køyrt til den rette terminalen. snakk om service! og ingen sure miner. me skreiv kort medan me venta på innsjekking og fekk dama i kiosken til å poste dei på heimvegen sin (og ho nekta å ta imot tips!) etter ei stund sat me på flyet heim att. med asiatisk hindu vegetarmat og gode minner. takk for no new york, me kjem gjerne tilbake!

3 kommentarar leave one →
  1. mars 7, 2012 11:10 pm

    hehe koselig innlegg 🙂 jeg hører forøvrig mye om kort men ikke mye kort som fant veien til haugesund .. menmen man høster som man sår og min storhetstid som postkortsender var nok i Legoland omkring 1987..

    • mars 8, 2012 5:42 pm

      det er berre til å beklage dette, men det har seg slik at det var berre tid (og kort) til den næraste familie. neste gong min ven -neste gong!

Trackbacks

  1. eg hjarta NY | tante reisande åse

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: