det ventar alltid ei reise rundt neste sving
det kjem bilete frå turen vår til new york litt etter litt, berre bla deg nedover og følg med for oppdateringar!
det er ikkje mange månader til sommaren, og på høg tid å planleggje ein ny tur. i vår har både eg og mannen byrja på franskkurs. det har vore spanande og interessant, sjølv om det ikkje er superstor progresjon. ei fin fritidssysle, og kjekt å gjere noko saman. men for å oppretthalde (eller forbetre?) dei nye språkkunnskapane våre må dei sjølvsagt haldast ved like, og kva er då betre enn å reise på ei god gammaldags språkreise!? difor set me i juni/juli kursen mot frankrike nok ein gong. i fjor vittja me hovudstaden og sørkysten, så i år tenkte me å ta føre oss vestkysten. eg har lese meg nedover kysten i lonely planet, og kome fram til at området rundt la rochelle ser fint ut. der ligg øya île de re som verkar å vere ei perle. den har koselege landsbyar, fine strender og lange vegar for turar med sykkel eller føter. byane bordeaux og rochefort ligg heller ikkje så langt unna, så dette kan sjå ut som ei kulinarisk reise om me vil det. byen la rochelle har også fått fin omtale, med sine kvite bygningar og små, koselege gater som fører til havna omkransa av to tårn. kan hende me tek turen via paris også.
planleggjing er ein stor del av begeistringa for reising, og kor me endar hen vil tida vise. følg med!
Husker guttene i Seinfeld var lettere opptatt av filmen rochelle, rochelle ;P
det tar eg med som eit godt teikn! 😉