eg hjarta NY
Dei siste åra har det blitt populært og enkelt å reisa til New York. Det er ikkje lenger ei heil “amerikareis” å kryssa Atlanteren for å koma til det store eplet, det tar maksimalt åtte timar og du treng ikkje betala ei heil formue for billettane. Vær ute i god tid og få rimelege flyseter og overnatting.
“Kor er den beste plassen å bu i New York?” er ofte det store spørsmålet, og mange vil svara: “Midt i smørauga! Bu så nærme Times Square som du kjem”, men eg er ikkje heilt einig med dei. Styr unna turistmagneten og peil deg heller inn på nabolag med sjel. Eg har budd i fire ulike bydelar på Manhattan, og Greenwich Village er min favoritt. Her bur det folk, og der det bur folk, skapast eit samfunn, i motsetning til ein by full av hotell. Vil du koma enno nærare lokalbefolkinga, går du inn på airbnb.com og leiger eit rom – heime hjå nokon. Greenwich Village ligg strategisk plassert rett ovanfor Soho som er fin å shoppa i, og Meatpacking District som er stilig å gå ut i. Dessutan finn du drøssevis av gode restaurantar og koselege barar rett rundt dei fleste hjørner. Er du heldig treff du på Sarah Jessica Parker som følgjer ungane sine til skulen.
Du treng ikkje å bekymra deg for at “The Village” som den kallast ikkje ligg midt på øya, næraste metrostopp er aldri langt unna og det går som kjend alltid eit tog. Sett deg litt inn i metrokartet, kva linjer som går hit og dit, så går det ikkje lengje før du er ein proff.
Eg vil påstå at heile det store eplet ikkje kan sjåast på nokre dagar. Du kjem ikkje til å få med deg alt. Men du vil heller aldri få med deg alt. Ikkje stress med å reisa frå attraksjon til attraksjon. Ta deg heller tid til å berre vera her. Spaser gatelangs og finn deg sjølv ståande framfor trappa til Carrie Bradshaw. Kjøp ein kopp kaffi og drikk den medan du ser på alle folka i Central Park, anten dei joggar eller spelar, duene som fyk over deg som om du var med i “Alene hjemme 2”,
og forflytt deg oppover til du kjem til Jaqueline Kennedy Onassis Reservoir. Eit nokså stort vatn som ligg i øvre halvdel av parken.
Sving inn til gatene att og finn Guggenheimmuseet, noko sjølv den minst arkitekturinteresserte må ha ei meining om.
Er du interessert i kunst, går du inn. Er du ikkje, kan du gå vidare. Til dømes til andre sida av parken der Dakota-bygningen ligg. Den høge og flotte bygninga der dei fatale skudda traff John Lennon og drap han. New York altså: full av historie. På framsida av Lonely Planet si New York handbok er det (iallefall på mi) bilete av Brooklyn Bridge, og her er eg heilt einig med LP: Gå over Brooklynbrua.
Og ikkje stopp når du kjem over, nei, du må oppdaga Brooklyn. Til dømes det polske kvartalet der alt går i polsk: språket, skilta, aviser og blar, ja, til og med maten.
Eller til den hippe Williamsburg der eg hadde lyst til å gå inn i alle dei små, kule butikkane langs Bedford Avenue.
Eg kunne og foreslått Lapskaus Boulevard som ligg i 8th avenue og som det står så fint om på Wikipedia at skal vera eit lite stykke Noreg. Bortsett frå at me fann verken nordmenn eller den angivelege norske innvandrarbutikken Nordic Delicacies då me var der. Enten hadde dei flytta, eller så var me skikkeleg dårlege til å leita. Men fint var det der. Eg skjønar godt at nordmenna busette seg der for omlag 60 år sidan. Vil du sjå korleis det verkeleg var å koma til New York som norsk innvandrar, tek du ferja over til Ellis Island, kor alle immigrantane måtte innom for sjekk og eventuell karantene før dei kunne begi seg inn i det forjetta landet.
Det må ha vore eit utruleg, og kanskje skremmande, syn som møtte dei.
På turen ut til øya kan du også ta ein stopp på Fridomsgudinna.
Å finna spanande ting å gjera i New York er heller ikkje vanskeleg, du finn dei i kva som helst reisebok. Eg likar ofte å reisa litt utanfor reisehandbøkene. Då eg kom over ein artikkel om den vesle øya Roosevelt Island, som nesten ingen verken veit om eller legg merke til, las eg difor med stor interesse. Neste gong eg og mannen skulle til New York stod denne på “å gjere”-lista vår. Øya ligg som ein lang tarm mellom Manhattan og Queens og du kjem her enten med metro, buss, bil eller taubane. Me syntest sjølvsagt det siste høyrdest mest spanande ut – me kunne attpåtil bruka metrokortet vårt her. Taubanestajonen ligg på 59th Street og 2nd Avenue og turen over til øya tek berre nokre minuttar.
Den er også ein fin mulighet til å sjå Manhattan (litt) på avstand.
Vel framme på den vesle øya kan du gå innom besøkssenteret for å få eit kart og prata litt om kva du kan gjera der.
Det tek ikkje lang tid å gå rundt heile øya og dette er ein fin tur.
Då me var der var det så kaldt at me sette oss inn på den næraste diner’en me fann. Der vart det pils og amerikansk fotballkamp med “the locals”.
Det fine med New York er at det alltid skjer noko her, og det finst visst ingenting som heiter low season. Ein ting eg synest må komma med på ei “å gjere”-liste er å sjå ein musikal på Broadway. Kan hende eg bannar i kyrkja no, men eg synest ikkje det spelar noko rolle kva for eit show du går på, det er opplevinga som tel. Mamma Mia fekk æra av å vera den første musikalen eg såg, og den såg eg nettopp på Broadway. Den andre eg såg her var Memphis. Sjølv om sistnemnde var ein mykje sterkare historie, var begge to altoppslukande. Det store publikumet, applausen som rungar i mørkret, innlevinga, songane og dansinga framført av superproffe skodespelerar – eg får gåsehud berre av å tenkja på det. Du kan enklast finna billettar på nettet og bestilla på førehand, eller kjøp i små boksar som befinn seg ulike stader på Broadway.
Er du ein matelskar som meg, har du kome til rett plass. Du finn noko for absolutt kvar ein smak. Alt ifrå dei flottaste Michelinrestaurantar, til dei enkle men åh så fine diner’ane som iallefall eg assosierer med romantiske komediar. Av mine restaurant-favorittar kan eg nemna Bouley (163 Duane Street), som sjølv om den er litt fisefin er eit meisterverk av ein eteplass på alle måtar. Eg hugsar framleis lukta av epler, der dei låg tett i tett i hyller frå golv til tak då me kom inn.
Har du vore lengje vekke frå heimlandet og lengtar litt heim, kan du trygt gå på Smørgås (Scandinavia House, 58 Park Avenue), kor du finn skandinaviske rettar på menyen. Her åt me sild, rugbrød og drakk sjølvsagt Voss vatn. Og sist men ikkje minst den mystiske og elegante The Russian Tea Room (150 W 57th Street), kor Aleksandr Petrovsky tok med seg Carrie på første date.
New York er så stort at det er vanskeleg å begripe. Men for å gjera eit forsøk kan du få deg eit overblikk frå høgda. Dette kan du få mellom anna i Empire State Building og i Rockefeller Center. I den siste har eg ikkje vore, men det kan hende det er litt mindre turistar der enn i Empire’n. Det var dog ikkje noko tema då me besøkte den midt på vinteren 2012. For når det er kaldt nede i det store eplet, er det iskaldt oppe i Empire’n. I tillegg la skyer bokstaveleg talt ein liten dempar på utsikta. Men me såg det viktigaste: Frihetsgudinna i det fjerne, den vesle Roosevelt Island, Brooklynbrua,
Central Park med Harlem i bakgrunnen og dei pitte pittesmå gule bilane i gatene nedanfor. Dessutan har du mange takbarar og -restaurantar å velgja mellom, og kva kan vel vera meir perfekt enn å nyta solnedgongen over Manhattan med eit glas bobler?
Det gjenstår berre for meg å ynskja deg ein god tur til New York, ein by eg er sikker på du aldri vil få nok av, men ein liten ting til. Du har sikkert til no skjønt at eg er ein tilhengjar av TV-serien Sex og Singelliv, og ja, det finst ein guida tur du kan ta rundt i Carrie Bradshaw sitt New York, og ja, eg kan anbefala den!
her er andre innlegg eg har skrive om new york:
eplecheck
martin luther king day
washington post
lapskaus og sild
frå ellis island til memphis på ein dag
kunstreisa
empire state of mine
Så mange gode NY-tips! Det er tydelig at du kjenner byen godt 😀
hei renate og tusen takk for kjempefin tilbakemelding! new york er ein by eg aldri blir lei 😉