Gå til innhald

washington post (#20)

januar 18, 2012

søndag sov me litt frampå før me tok metroen til central park (via harlem –hugs å ikkje gå på eit ekspresstog).
det var ein klar og iskald dag. me gjekk igjennom parken attmed jacqueline kennedy onassis reservoir, det store vatnet omlag midt i parken.
over alt kor me såg var det joggerar i alle former og variantar.
me var innom ein kjekk liten kafe for bagels og kaffi
før me kom til målet for turen; guggenheim museum.
hovedutstillinga var av maurizio cattelan. han stilte ut kunstverka sine, hengjande i frå taket midt inne i det runde museumet.
sidan me går oppover i ein spiral i museet, var det ein smart måte å stille ut på. me oppdaga nye hengjande ting etter kvart som me bevega oss opp i høgda. me såg også nokre permanente utstillingar med mange kjende kunstnerar som van gogh, monet, manet, kandisky mellom andre. etter dette bar det ut i kulda igjen. eg hadde for mange år sidan lest ein artikkel om roosevelt island som er ei smal, lita øy mellom manhattan og long island. du kan komme der via bil eller metro i undervannstunnell eller med taubane. det siste høyrdest sjølvsagt mest spanande ut. men på veg bort til taubane»stasjonen» låg bloomingdales  og der var det salg. med eit par nye posar i handa entra me banen med metrokortet vårt. oppe i høgda fekk me ein fantastisk utsikt nedover manhattan og ned på elva. då me hadde gått av banen på øysida låg det eit informasjonshus nokre strategiske meter bortanfor. det var for kaldt til å ta ein lang spasertur og me var ganske svoltne, så det hjelpte at dama i infoen peikte ut veien til næraste diner. inne i varmen fekk me oss mat og drikke og godt selskap av alle dei lokale supporterane som hadde tatt turen for å heie på new york rangers. dei spela mot green bay packers og kampen gjekk direkte på store skjermar. plassen, folka og heile atmosfæren var så amerikansk og autentisk (!) at me måtte berre bli der og sjå på kampen og alle karakterane som hadde samla seg der. det var også veldig spesielt å høyre empire state of mind når den faktisk låg der majestetisk like ved. roosevelt island var ein sjarmerande liten by i byen, men er sikkert dobbelt så fin om sommaren når ein kan gå tur utover mot smallpox hospitalet og fyrtårnet i andre enden. ein har fin utsikt over til manhattan. det gjekk bussar dertil óg.

me tok banen attende og det var blitt mørkt og me kunne ikkje bli så seine den kvelden. me tok kveldsmaten på den bråkete restauranten tony’s i ei sidegate til broadway. der var alle rettane 2 for 1. heilt idiotisk konsept, for det vart berre alt for mykje mat. eg bestilte ravioli og mannen kylling (doble porsjonar begge to), slik at det var to rettar som passa ilag. me greidde berre halvparten.
neste dag var me oppe klokka seks for å ta toget til washington klokka sju. me rokk det akkurat! togturen var svært behageleg, god plass til deg og ditt, ikkje mange folk, gratis internett og straum tilgjengeleg.
me var på hotellet vårt the henley park rundt klokka 11 og gjekk rett ut for å ta del i martin luther king dagen. mykje var stengt og det var tydeleg at folk hadde fri og ikkje var så mykje ute og gjekk eller køyrde.
den første store sjåverdigheita me kom til var det kvite hus. men det var ikkje så stort. på bilder ser det mykje større ut, men washington er fullpakka av enorme steinbygningar i romerskinspirert stil, så samanlikna med desse var det kvite hus nokså anonymt. men veldig kvitt. detkvitehus det var gjerder rundt på ganske god avstand, så me måtte hatt kikkert dersom me skulle ha sett obama bak gardina. me gjekk vidare over den store plenen og bort til washingtonmonumentet, -den høge, kvite pinnen som ragar over alt i byen. washingtonmonument det er ingen skyskraperar eller høghus på denne kanten av byn (og generelt veldig lite av dei i heile washington), så det gjer at den ser vanvittig høg ut. på manhatten hadde den sikkert drukna i alle dei andre bygningane. den var stengt for publikum, for under eit jordskjelv nyleg hadde den fått store skader og måtte fiksast.
sidan det var martin luther king dagen sa det seg sjølv at me måtte bort til monumentet hans. ei stor statue av han hogd ut i stein, omkransa av mange av sitata hans gjorde det til eit flott monument som svært mange hadde tatt turen til denne dagen. martinlutherkingjr det vrimla av vaksne og born. martinlutherking
det vrimla også av minnesmerker og historiske bygningar i denne byen og den neste me støytte på på vår rundtur var korean war veterans memorial. Koreanwarveteransmemorial her kan du m.a sjå 19 amerikanske soldatar i stål. nesten skremmande realistisk.
det var lenge sidan frukost så me tok oss ein matbit og ein varm kakao i sola med fuglane før me gjekk mot lincoln memorial som var eit stort tempelliknande hus med den store statua av abraham lincoln sittjande inni. lincolnmemoriallincoln flott utsikt frå denne høgda. den same utsikta som forrest gump ein gong hadde. forrestgumpscene
no var arlington gravplass ikkje så langt unna, så vi kryssa brua arlington memorial bridge arlingtonmemorialbridge og var snart omringa av kvite steinar med namn på falne amerikanerar. arlington#1 dei fleste hadde kjempa i krigar. og etter ei stund kom også grava til john f. kennedy og jackie o. dei låg side om side sjølv om ho gifta seg på nytt etter hans død, og på kvar si side av foreldra låg plakettane til to små born. den eine; patrick, vart berre to dagar gammal, og den; andre ei dotter, hadde ikkje rokke å få namn før ho døydde. ved gravene brann ei flamme. arlington#2 kvifor ikkje sonen john som døydde i 1999 låg der, veit eg ikkje. men nokre meter bortanfor låg gravene til bobby og ted. på toppen av gravplassen, med utsikt over store delar av byen, låg general lee sitt hus, der også george washington budde i si tid. mykje av inventaret var bevart, men det var under oppussing, så me fekk ikkje sett så mykje. det var blitt ettermiddag, så me hoppa på metroen og kom oss inn til byen att. der dukka det opp ein «macy’s» med ei svært innhaldsrik herreavdeling som me brukte litt tid i. me rusla tilbake til hotellet og tok ein kaffi i baren og såg på nyheter om eit cruiseskip som hadde kantra i italia saman med ei gruppe folk på firmatur. etterpå tok me taxi til bydelen adams morgan kor små, sjarmerande restaurantar og barar låg på rekkje og rad. dei fleste hadde eksotiske tema og valget fall på latinamerikanske rumba. det hadde også litt å sei at me kjende regndråpar då me passerte utanfor denne. men valget var absolutt ikkje dårleg! menyen var så eksotisk at me ikkje visste heilt kva me bestilte, men gjekk for fem ulike smårettar. eg kan ikkje heilt gjengi kva dei var, men dei innebar yucaplanter, ost frå venezuela, ulike dippar, scampi og kamskjel i tomatsaus og ein plante som minna om banan men ikkje var så søt på smak. ein fest av nye og spanande smakar. rumba#1rumba#2 me var til og med så dristige at me delte ein flan til dessert –eit perfekt måltid! etterpå heiv me oss inn på ein sportsbar (syracuse) for å unngå regnet. der såg dei på ein kamp mellom laget sitt og pittsburgh, så me sette oss i baren og var med og heia. laget «vårt» vann med 16 poeng. etter ei stund fekk me skyss av ein iransk taxiskjåfør som høyrde at me var frå nordskandinavia. kona hans var norsk-fransk-engelsk så han visste at dei norske damene var fine og snakka sånn som oss. mannen (min) lirte av seg eit par iranske gloser og så var me framme på hotellet. medan me hadde vore å ete hadde firmaturistane oppholdt seg i hotellbaren, og tilstanden deira var deretter. me sette oss i eit hjørne av hotellbaren og spelte idiot og var glad for at me ikkje var dei neste morgon.

10 kommentarar leave one →
  1. Margrethe Vikse permalink
    januar 18, 2012 10:03 pm

    Kjekt å lesa om alt de får oppleva…

  2. Marianne permalink
    januar 19, 2012 1:07 am

    Veldig kjekt å reisa inni Amerika igjen via bloggen din 🙂

  3. Margrethe Vikse permalink
    januar 20, 2012 9:16 pm

    Venta på fortsettelsen…God tur heim t Norge…

  4. februar 1, 2012 11:07 pm

    Morsomt å lese om andre sida av landet, tviler dessverre på at vi rekker å se den i denne omgang. Men nå får jeg jo gratis input her 🙂
    familien til Julius (minus Julius) bodde forresten på Roosevelt Island et år, de flyttet dit i august 2001, så de kom akkurat i tide til å se tvillingtårnene gå ned…. Vi var på besøk hos dem i 2002. Fantastisk by, den står på lista over framtidige reisemål!

    • februar 2, 2012 7:25 am

      då har de ei god unnskylding til å reise tilbake! 😀
      stileg, det er jo ikkje så mange som i det heile tatt har høyrt om roosevelt island. enda den var ei lita perle. kunne godt ha tenkt meg å budd der sjølv!

Trackbacks

  1. happy martin luther king jr. day! « tante reisande åse
  2. eg hjarta NY | tante reisande åse

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: