Gå til innhald

martin luther king day

januar 16, 2012

eg tar ein kaffi medan me susar forbi philadelphia i eit amtrak tog. klokka er halv ni om morgonen og me er på veg til washington dc. det er den tredje måndagen i januar, og martin luther king day kjem alltid på denne. offentlege kontorer stengjer i dag, så det er fridag for mange. i new york skulle det vere parade på times square i denne anledninga. kva som skjer i washington skal me finne ut no. det var her martin luther king holdt sin berømte «i have a dream». sidan eg også er interessert i kennedyane vil eg prøve å få med meg litt av deira historie. sjå gravplassen m.a.
philadelphia ser ut til å vere ein veldig fin by, slik me ser den her frå eit tog i fart iallefall.
washington ser utifrå kartet ut som ein oversikteleg og kartmessig ryddig by, me skal bu ikkje så langt ifrå det kvite hus, så eg håpar ikkje me bruker så lang tid på orientering. me har berre éin overnatting her, og reiser tilbake til new york i morgon.

sidan sist har me hatt to dagar på manhattan, på det fine hotellet ved bryant park. ingenting å utsettje på dette. ingen bråk eller støy, høfleg og veldig god service, og ein veldig rask heis (me budde i 16 etasje). laurdagen var me jo tidleg oppe, gjekk ut og fann oss ein kjekk kafe (moonstruck) på madison avenue med alt du kunne tenkje deg på menyen. god kaffi, og veldig god frukost som kom i ekspressfart. det var framleis nokså roleg, dei fleste butikkane gjorde seg berre klar til å opne og byen vakna i sakte tempo.
me spaserte ned madison og fann ein fin bokhandel med gamle reisebøker og kart.
mange interessante ting å sjå her. som ei bok med ulike «inn’s» i australia. der kunne me ma lese at den islandske kongen jørgen jørgensen hevda å ha oppdaga tasmania, noko dei ikkje sette så stor lit på. intressant. me gjekk vidare oppover i retning parken, og var innom noko vi først trudde var eit kunstgalleri, men som viste seg å vere eit auksjonshus. det var utstilt alle slags antikke møblar og bilder som ein kunne by på. i ein katalog stod ein omtrentleg pris, og det var ikkje billege ting. det hang t.d. eit amerikansk flagg frå slutten av 1800 talet, men 35 slitne stjerner (det er 50 stjerner på dagens flag). me fann eit marint måleri som fall i smak, med ein verdi som starta på 360 000. me hadde ikkje så mykje å by med, så me gjekk vidare oppover, innom litt butikkar og handla m.a. superundertøy. det har kome godt med!
me fann også vegen innom grand central terminal der dei hadde fått ein apple butikk i den eine enden sidan sist. terminalen var finare enn butikken –for all del! men eg fekk meg ein veske til min nye reisemac. 
 då me traff parken  snudde me og gjekk nedover fifth avenue.
her ligg merkebutikkane på rad og rekkje. me tok turen innom moma, som hadde ein utstilling av diego rivera. han var mannen til frida kahlo, ho med augnebryna. rivera målar fresker, det vil sei at han måla på mur. då han skulle ha utstilling på moma i 1931, hadde han ingen kunstverk å stille ut, for dei var alle på vegger som ikkje lot seg flytte. museumet laga då til murar som kunstnaren dekorerte i forkant av utstillinga. det var fire av desse åtte freskene som no var utstilt. moma har ei flott samling av kjende kunsterar, men me har vore der før, så me brukte ikkje tid på det denne gongen. me bevega oss mot rockefeller senter og tok sein lunch på brasserie ruhlman.
ein fin franskinspirert restaurant som gjerne har sett sine glansdagar for ei stund sidan. ein litt vimsete men hyggeleg servitør med fransk aksent gav oss croque monsieur og hamburger. utanfor var det fullt liv på skøytebana.
det er noko med new yorkerar og skøyter, det går i stim rundt og rundt, medan hundrevis av folk står og ser og peikar på dei. innimellom kjem det ein meir erfaren isdansar som tek ein piruett og utløyser wows. me tusla vidare ned avenyen og når me kom heim var det tid for eit avslappande bad.

(no er vi i baltimore, denne turen går verkeleg unna). om kvelden hadde vi reservert bord på the russian tea room. kvifor det ikkje var noko problem å få bord på så kort varsel fann me ut når me kom. det var toppen fem bord som var okkupert tilsaman heile kvelden. difor fekk me god oppvarting både frå sommelier, servitør, vannguten, kokken og han som kom inn med maten. for det skal dei ha her i dette landet, det er mange ansette og alle har kvar si oppgåve. god service og lita ventetid. til forrett hadde eg gleda meg til sild og pote, og det innfridde til forventingane. kapers, persille og rødbete gjorde retten komplett. mannen hadde salat med rødbetar til forrett og fisk til hovedrett. hovedretten min var litt annleis. laks innbakt i ein mørdeig, akkopagnert -også her av rødbetar, i tillegg til squash og sølvlauk. intressant, men deigen kunne hatt seg eit par minutt til i varmeapparatet. vi var ganske mette men drista oss likevel til å dele ein creme brulee. nydeleg. det finaste med denne restauranten var omgivelsane. ein kunne tru at ein var i eit russisk te rom (eg snakkar ikkje av erfaring). gullsamovarar stod rundtomkring, utsmykkingar i gull omkransa rommet som var i djup grøn og raud. ein fin atmosfære, som gjerne hadde trengt eit par fleire gjestar. me var ganske trøytte då me gjekk her i frå, men hotellet vårt hadde ein nattklubb i kjellaren «the cellar», som me tenkte stikke innom før me la oss. me gjekk forbi køen og trengte ikkje å betale, det var kanskje det beste med heile plassen. upersonleg, «hip» og kun reserverte border (som ingen sat på). og sånn var den laurdagen. 

fortsettjing følgjer.

3 kommentarar leave one →
  1. januar 18, 2012 11:37 pm

    Flott å höyra at rödbetane blir brukt der også!!

Trackbacks

  1. eg hjarta NY | tante reisande åse

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: