Gå til innhald

eplecheck

januar 14, 2012

dersom dette skal fortsettje kjem me til å få mykje ut av turen; eg vakna kvart på 7 etter ei god natts søvn og er klar for å starte dagen. einaste er at dei fleste butikkar ikkje opnar før 10, og nokre enno seinare fordi det er helg. me får heller ta ein lang frukost først. for å byrje frå byrjinga: me reiste heimefrå halv fem i går og tok fly til amsterdam. etter å ha svart på spørsmål om kvifor me ville inn i usa og kven som hadde pakka bagasjen vår, fekk me komme inn i «gate’en» vår. flyturen på 8 timar gjekk som ein draum. då me bestilte billettane kunne me velgje dersom me hadde særskilde matynskjer. det hadde jo eg. så ikkje berre fekk eg min asiatiske hindu vegetar mat før alle andre, men det var utruleg godt og fritt for luft –som ofte er ein viktig ingrediens i flymat mannen var litt misunneleg, men eg hadde foreslått at han kunne velgje low fat mat då me bestilte billettane. det var ikkje aktuelt. av alle ting fekk eg sove i nesten fire timar på flyet, noko som er sjeldan vare for meg. eg hadde tatt ferie!
første glimt av new york –suburbia suburb då me kom fram måtte me stå i kø for å svare på fleire spørsmål om kva hensikt me hadde med å reisa inn i det forgjetta landet. me hadde dei rette svara og fekk bagasjen rett etterpå, så det gjekk overraskande fort og greitt. tok toget inn til penn station og holdt på å gå på den same smellen som her, men dei amerikanske togbillettørane er mykje meir omgjengelege enn dei franske, så dette gjekk fint. litt hopping på metroen, og vips steig me opp frå undergrunnen og opp til synet av bryant park hotel på manhattan. det har ein utruleg flott fasade og ligg attmed den vesle, fine bryant park. no har dei sett opp ei skøytebane midt i parken, og folk svinsar rundt på skøyter. kanskje me og skal prøve det? etter å ha tatt ein forfriskande dusj og blitt imponert over det fine badet (og rommet for den del) var det allerede blitt kvelden og me måtte få oss litt mat. ute var det beinkaldt og me hadde ikkje lyst til å gå så langt. me enda opp på ein koseleg italiensk restaurant rett bortanfor times square og fekk oss god pasta utan særleg mykje ventetid. pasta#1pasta#2 så var det dette med tips då. i usa må ein alltid tipse, spesielt til servitørane. dette har me brent oss på før, då me ikkje var veldig imponert over verken service eller mat i san fransisco og servitøren kom springande etter oss med rekninga og sa me hadde gløymt å tipse. uansett er dette litt teit. nokre gonger plussar dei på dette sjølv på rekninga, andre gonger må du rekne ut dei 10%(og oppover) sjølv. eg trur det gjekk greitt i går for ingen kom etter oss denne gongen. me hutra oss ut i kulda igjen, klokka var berre 20. me gjekk innom o’brians og tok eit slag idiot før me gjekk heim og la oss.

ein viktig ting å hugse på dersom du skal til usa er å ha visum. les deg opp på visum usa før turen

5 kommentarar leave one →
  1. januar 15, 2012 12:42 pm

    Nå har eg lyst å sjå bilete, har jo aldri komt der sjölv, kanskje gjennom mobilen på facebooka?? God fornöyelse/opplevelse.

  2. februar 1, 2012 10:54 pm

    Sikker på det er 10 % tips? I california er det 18 % hvis man følger normene, men det kan jo være forskjellig fra stat til stat. Og tips, det er amerikanerne glade i. Til og med frisøren og sjampodama (!) skal ha tips (hver for seg), blir reint sosialt usikker av dette her 🙂

    • februar 2, 2012 7:20 am

      nei på ingen måte! me rekna ut ifrå 15% og gav stort sett litt meir. så skulle tru me var sånn omtrent innanfor då. ein kan bli stressa av mindre!

Trackbacks

  1. eg hjarta NY | tante reisande åse

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: