godt nytt reiseår!
januar 11, 2012
eit nytt år har starta, eit blankt ark –klart til å fargeleggjast med mange nye reiser og opplevingar! ein har jo ofte nye mål for nye år, og wordpress har allereie lagt fram sitt mål for meg. «16 innlegg i bloggen, berre 4 til så har du 20» oppmodar wp. vel det er vel berre ein ting å gjere då –leggje ut på nye reiser! så om mindre enn 48 timar, sit eg i new york. o store eple her kjem me!
No comments yet