Gå til innhald

det siste måltidet

januar 9, 2012

så var australienerane reist og me kunne snakke norsk igjen. og det brukte me resten av ferien på å gjere. franskmenna snakkar jo så dårleg engelsk likevel. i tillegg til det, gjekk me innover til antibes for å ete frukost. valget var vårt, men det vart ikkje noko bra av den grunn. me gjorde nemleg ein stor feil ved å settje oss på «le coq licot» og bestille pannekaker. uendeleg lang ventetid, uhøfleg servitørdame og dårlege pannekaker. me lengta allereie attende til frukost ved bassenget med australsk selskap. akk. høflege nordmenn som me er, åt me opp og gjekk vidare. spaserte litt rundt i antibes og såg på folk og butikkar.

på togstasjonen var togventetida akkurat passe lang til å skrive nokre postkort heim. på høg tid kanskje, men slik blir det når ein har det gildt.
framme i stjernenes by var det på høg tid å ha seg ein skikkeleg stor is i sola,

og så var det jo så mange og skrive kort til, så då passa det fint å settje seg ned. etter å ha skrive til krampa tok oss gjekk me bortover langs kaien og såg på båtane som duppa og folkelivet som myldra.

vidare rundt eit nes kom me til bystranda som såg forlakkande ut. sola skein men det var ikkje mange som våga seg uti middelhavet.

me gjekk innover og oppover i byen, gjennom små gater og nedover smale svingete vegar.

nokre plasser gjorde dei klare til kjendisfest, med lysekroner i trea og champagneglas i kø. etter ei stund kom me ned i restaurantområdet. små gaterestaurantar tett i tett i smale gater, som også gjorde seg klar til kjendisfest -for turistane.

me tok ein tur bort til den raude løparen, og kikka litt på storskjermen for å sjå etter kjende fjes.

flotte kjolar og høge hår, men ikkje dei heilt store stjernene denne dagen.

då det byrja å bli kveld og tid for middag, fann me oss sjølv trålande opp og ned restaurantgatene me hadde besøkt tidlegare. der hadde innkasterane starta skiftet sitt og alt blei litt mindre koseleg og sjarmerande. men der det er turistar vil det vel alltid vere slike. me endte opp i ein nokså anonym kjellar, der dei hadde levande musikk. eit jazzorkester stod inst i rommet og akkopagnerte vår trerettars middag.

ei veldig fin avslutning på ferien. me var forresten ikkje heilt ferdige. etter måltidet tok me ein spasertur utpå piren der alle dei flotte båtane låg, og det såg ut som det var her kjendisfestane var. nordisk film hadde til dømes ein eigen seglbåt med ein katt ombord, som tilsynelatande stakk av.

så tok me toget heim att til fine mimosas.
det er lenge sidan me kom heim frå denne turen, men her på bloggen er denne reisa slutt no. laurdag 14. mai om morgonen reiste me heim att til noreg etter ein utruleg fin tur som starta i london og enda opp i juan les pins. anbefalast på det varmaste.

2 kommentarar leave one →
  1. januar 29, 2012 1:31 pm

    Her minnet Cannes mye om Kreta faktisk 🙂

  2. januar 30, 2012 12:06 pm

    ja eg trur eg kan sjå kvifor, utan at eg har vore på kreta

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: