Gå til innhald

lapskaus og sild

januar 30, 2012

me var heldigvis oss sjølv neste morgon og klar for å sjå litt meir av byen. allerede då me gjekk ut frå hotellet merka me at den hadde vakna meir til live enn det me hadde sett dagen før. både bilar og menneske hadde det travelt. me hadde til gode å sjå chinatown, så me gjekk innom den. ikkje så grusomt interessant, men ein kinesisk portal som seg høyr og bør, og mange kinesiske eteplasser. chinatown_dc det freista ikkje med kinesisk frukost, så me gjekk vidare til me fann le pain quotidien. lepainquotidien#1 masse godt på menyen! omelett til fruen og frukost med kokt egg til herren. lepainquotidien#2 god mat og hyggeleg servitør. gode og mette gjekk me vidare for å få med oss capitol hill. på vegen gjekk me forbi ein stor plass der ein heil gjeng hadde sett opp telt –midt i byen. det var demonstrantane frå occupy beveginga. occupy etter ei stund kom me til smithsonian-området som består av ei rekkje museum. me hadde ikkje så god tid si me skulle reise litt seinare på dagen, ellers skulle me besøkt fleire av desse. no gjekk me berre innom smithsonian castle –eit «slott» frå 1847 som no fungerte som informasjonssenter. smithsonian her i frå kunne me sjå bort til capitol hill og det var tydeligvis på bakken framføre den store kvite bygningen at alle demonstrantane var. capitolhill då me kom nærmare såg me store politistyrker som haldt eit godt auge med dei. me gjekk litt opp i bakken og traff eit par demonstrantar som opplyste om at det ville skje noko klokka 14 og spurte kor me kom frå. då me sa noreg blei dei heilt overvelda og syntest det var heilt utruleg at det kom folk heilt i frå noreg for å støytte dei. me lot dei tru det, men trakk oss sakte tilbake –dette var visst ikkje heilt staden å vere turist. dessutan byrja politiet og sperra gater og pøse på med motorsykkelpoliti, så me gjekk mot hotellet igjen. via den flotte togstasjonen kom me oss på toget og sette kursen mot new york. (og me passa på å sittje på motsatt side så me fekk med oss alt.) me var framme i 18-19 tida og tok metroen til greenwich village og hotellet vårt washington square hotel. eit noko meir slitt hotell, men fylt av sjarm og hyggelege og venlege ansette. me sjekka at rom og bad såg greitt ut, før me gjekk ut for middag. restauranten var knallbra, men eg hugsar ikkje namnet, så må gjere litt meir research her. me konkluderte med at forrettane var best. mannen fekk vaktelegg på ei seng av salat og eg fekk posjert egg med salat. til hovudrett var det pasta og svinekjøt til mannen og raude gnocchi, granateplekjernar og rødbetar (her også!) til frua. god vin og hyggeleg service fekk me også. me gjekk på ein veldig fin bar etterpå og tok eit glas.

ute og gjekk med friskt mot neste dag. frukosten var inkludert på hotellet, noko som ikkje er veldig vanleg her. bagels, croissantar, muffins og kjeks, i tillegg til alle typar frukostblanding og yougurt, frisk frukt, kaffi, juice og te gjore ein god start på dagen. me var litt i tvil om det skulle bli brooklyn eller ellis island, men sidan det skulle vere opplett, sol og litt vind valgte me å gå over den brua som er landfast. downtown å spasere over brua er jo noko ein må gjere, det er ein flott tur –spesielt i solskin. det hadde vore fint med vindstille vêr også, men pytt pytt. brooklynbridge#1 brooklynbridge brooklynbridge_steve vel over brua gjekk me mot downtown og fann metroen. me dukka opp att på bergen street og følte oss nokonlunde heime. bergenstreet me såg etter fleire likesinna og hadde lest om lapskaus boulevard, som skulle ligge på 8th avenue i nettop brooklyn. eg siterer frå wikipedia: «Lapskaus Boulevard var det folkelige kallenavnet på den tidligere norske ghettoen i Brooklyn i New York i USA. Betegnelsen oppstod på 1920-tallet og omfattet særlig området langs 8th Avenue. Brooklyn hadde sin store glanstid som maritim, norsk koloni i årene mellom 1950 og 1970. På det meste bodde det da over 100 000 nordmenn, mange fra Sørlandet, i området. I dag er imidlertid nordmennene en minoritet blant kinesere, arabere og amerikanere, og Lapskaus Boulevard er nå omdøpt til «Little Hong Kong». Nordic Delicacies er den siste gjenværende norske innvandrerbutikken i området.» me gjekk gjennom den 3 km lange avenyen utan å sjå verken lapskaus, norske handelsmenn eller snev av hong kong. men det var eit veldig fint nabolag, og sola skein. lapskausboulevard me nådde gravplassen green-wood cemetery i andre enden av 8th avenue. denne store gravplassen, inspirert til å likne ein engelsk park, var i si tid new york sin største turistattraksjon. her ligg mange kjende bysborn, gravlagt frå 1838 og fram til i dag. greenwoodcemetery hadde me ikkje brukt så lang tid på inga verdens ting i lapskausgata skulle me tatt turen, men me hadde eit stramt program. neste stopp: williamsburg. den hippaste bydelen i brooklyn. her bur vårt eige bysbarn sondre lerche, og ei røys med kreative kule kunstnerar. me tok metroen opp til greenpoint som er ein polsk «ghetto». det var som å komme til eit anna land (polen?), her snakka folk rundt oss polsk, skilta var på polsk og kva var det på menyane? jo polsk mat sjølvsagt. eksotisk. me sat oss inn på ein restauracja og fekk brød med feitt som velkomst, som seg høyr og bør. mannen kjøpte raud borscht (suppe), kjøtpølse, poteter, kål i alle variantar og eg piroger med ost og potetfyll. williamsburg#1 det var eit framifrå måltid, og me mimra oss attende til krakow. etter å ha komme tilbake til røynda var me ute på gata (bedford ave) i williamsburg. og det var mykje stilig å sjå. me kunne ha gått innom mest kvar einaste butikk der, men det var litt for seint på dagen til at me rokk det. me kjøpte oss to fine posterar i ein alt-mogeleg-butikk, t-skjorte til ein nevø, sikla på fine vesker og oppdaga butikken brooklyn industries. for det første ein veldig fin butikk, med klær, vesker/bagar og tilbehør til menn og kvinner. mannen gjorde ein del gode kjøp her, som til dømes ei skinnlue som kom veldig godt med i den bitande new york-kulda. williamsburg#2 i enden av bedford ave kom me til metroen, det byrja å bli mørkt og på tide å dra heim. manhattan#1 om kvelden vandra me litt i nabolaget og snakka om kor carrie hadde sin residens, og plutseleg låg gata der! perry street. perrystreet me måtte gå forbi og lata som om me ikkje tok bilder. utan å eigentleg ha noko mål med turen, hadde me brått enda opp ved restauranten pastis, dei hadde til og med ledige bord, så då sette me oss like godt inn. me måtte ta til takke med bordet rett under ei kald vifte, så det var eit lite minus, men me varma oss på god mat og vin. det merkelege var at me sat på nett same plassen forrige gong me var der, for fire år sidan. sjp var ikkje å sjå, men eit par andre merkelege skruar. eg fekk sild og poter, ravioli med valnøtter og avslutta med ost og sherry. mannen fekk posjert egg på salat og kalv med kapers og sitron. så bar det ut i kulda igjen og eit par slag med idiot før me kraup til køys.

3 kommentarar leave one →
  1. januar 31, 2012 11:02 pm

    sild og poteter hehe er ikke det fengselsmat?

Trackbacks

  1. eg hjarta NY | tante reisande åse

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: