kunstreisa
vår nest siste dag i det store eplet var komen, og me hadde huka av dei fleste «å gjere»-punkta på lista vår. no låg ein solfull og fin dag framfor oss, så me greip den og spaserte nedover mot soho, som låg rett sør og litt aust for hotellet vårt. der var det livleg, med mange små butikkar og ikkje minst kunstgalleri. me gjekk inn på ei handfull av desse, men skjøna etter ei stund at me ikkje kunne komme ifrå det med å «just looking». her var det kundar som kom innom for å kjøpe dyr kunst. så me endra strategi for å få innpass og snart var me velvillege potensielle kjøperar. og dei «shippa» til noreg -ingen problem! dei ville til og med invitere oss på utstillingsopningar. men me måtte sjølvsagt avslutningsvis gå vidare og tenkje litt over kjøpet. soho hadde ein eigen sjarm og ein venleg atmosfære og er absolutt verdt eit besøk.
då me var innom dkny og fekk tidenes beste kundebehandling, fekk me også gode tips til kor me kunne ete eit av dei siste måltida på turen vår. m.a. vart bouley på nedre manhattan foreslått.
då me etter ei stund hadde gått så langt nedover på manhattan at me både var svoltne, og var i nærleiken av bouley, var dette eit samantreff ein ikkje berre kunne gå forbi. me svinsa inn i eit rom dekka frå golv til tak med epler. det var ei lukt av sol, sommar og hardanger. det var ledig bord til oss, men resepsjonsdama spurte om det var greitt at mannen tok på seg ei penjakke som ho kom med. som sagt så gjort. med ei to nummer for stor dressjakke entra me restauranten som var nydeleg med store bilder på veggene med motiv frå provence og matchande lavendelfarga velourtapet. servitørane var merksame, hyggelege og avslutta kvar setning med «you’re welcome». me valde «tasting menu» frå den rikhaldige lunchmenyen. på rekkje og rad kom små rettar på fat som kunstverk framfor oss.
det var sopp
suppe
laks
sjokoladefondant
og ostar
me fekk velgje og vrake frå trillevogna med brød, der brødmannen hadde; pistasjbrød, olivenbrød, grovbrød, finbrød og sikkert ei heil røys med andre typar brød. me blei akkurat passe mette, men hadde reist gjennom eit heilt register av smakar og opplevingar. det var mest som eit sjokk å kome ut att til den kalde og bråkete fredags ettermiddagen. sola stod lågt på himmelen i dét me bevega oss oppover manhattan att, ved sida av hudson elva og med utsikt til new jersey. me stakk innom ein irsk pub for å få litt varme i oss frå peisen deira
før me såvidt snitta innom meatpacking district og var heime i vårt eige område att. om kvelden spaserte me litt for å sjå etter ein plass å ete, det var blitt helg, og mange plasser var fullstappa. men på grano trattoria fekk me bord og herleg italiensk mat! det var ein levande liten restaurant, der eigaren såg ut til å kjenne alle, og rommet fyltest av stemmer, matlukt, latter, telysskuggar og eit norsk par ved det vesle bordet ved inngangen. lasagne og pizza var ikkje feil på denne kalde, siste kvelden i new york. på hotellrommet venta både nye og brukte klær som skulle pakkast ned saman med masse opplevingar, og vende heim til noreg neste dag.
Trackbacks