frå ellis island til memphis på ein dag
i new york var det allereie blitt torsdag, og ein ny, fin dag skulle utforskast. me hadde heile tida hatt planar om å reise til ellis island, så me sette kursen mot lower manhattan. gjekk gjennom parken vår, og mot den næraste metroen. me dukka opp att på wall street, og passerte dresskledde, travle folk. det var ein kald og solfylt dag -perfekt for ein båttur! på lower manhattan ligg nasjonalmuséet for innfødde amerikanerar (indianerar). me besøkte dette forrige gong me var her, så me tok ikkje turen inn no. det er ei fin utstilling, der ein mellom anna kan sjå plagg dei brukte, utstyr og redskap, og lese om historia deira. i battery park gjekk me forbi skulpturen «the sphere» av fritz koenig.
denne stod på plassen mellom dei to tvillingtårna, som eit symbol på fred frå 1971 til 2001. då flya styrta inn i tvillingtårna vart skulpturen skadd –men ikkje øydelagt. den blei midlertidig plassert her, men skal tilbake til «ground zero» når dei nye tårna er reist. etter å ha gått gjennom sikkerhetskøen til ferja me skulle ta, kunne me gå ombord. det var ein fin båttur, om enn litt kaldt. flott å sjå manhattan frå avstand.
me nærma oss frihetsgudinna og vurderte om me skulle gå i land der. me hadde fått opplyst at dei dreiv med vedlikehald av gudinna, så det var ingen adgang til statua. då kunne me like gjerne berre sjå ho frå båten.
me vurderte å evt ta det på tilbakevegen –men obs! dei køyrer ikkje innom på returen. i land på ellis island, som så mange andre før oss; dette var staden der immigrantar frå heile verda kom til etter månader i båtar på sjøen.
dei vart sjekka for allskens sjukdommar og alt muleg anna dei kunne sjekkast for. dersom dei var sjuke vart dei sett i karantene og måtte opphalde seg på denne vesle øya medan dei berre kunne sjå over til og drøyme om kva manhattan hadde å by på. og det må ha vore eit fantastisk men også skremande syn for mange som kom frå rurale og fattige kår. me fekk ein lydguide, som var veldig grei å høyre på medan me bevega oss rundt i det enorme lokalet. me fekk høyre immigrantar fortelje om deira opplevingar og møtet med ellis island, og såg bilder og utstillingar. etter nesten tre timar fekk me akkurat tid til å kjøpe ein kaffi før me hoppa på ferga att. me kunne ikkje dille så mykje, for me hadde billettar til ein musical på broadway denne kvelden. den byrja klokka 19.00 så me tok oss ein matbit på den lokale diner’en vår washington square diner først.
etter å ha forfina oss litt heime på hotellet, tok me ein gul drosje opp til broadway og til shubert theatre. broadway er jo som kjent full av teater, men dette vesle (i sin målestokk) teateret frå 1913 var sjarmerande og nydeleg! me hadde seter nokså høgt oppe, og det var ganske skummelt og gå i dei bratte trappene. stykket «memphis» var eit utruleg bra val. historia var henta frå memphis (!) på 50 talet, der den dj’en dewey phillips var den første kvite som spela musikk av og med afroamerikanerar. hovudpersonen har fått namnet huey calhoun, får jobb i ein radiostasjon, gjer afroamerikansk musikk populær blant kvite, innleiiar eit forhold til ei afroamerikansk kvinne og møter mykje motstand. stykket vann prisen for beste musical, i tillegg til tre andre prisar under tony-utdelinga i 2010. me lika det svært godt, det baud på flott sang og dans, framifrå skodespelerar og til tider nokså emosjonell handling. anbefalast! etter ståande applaus trippa me ut i minusgradane att, og fann ut at me kunne gjenta suksessen frå sist gong og ete på bryant park grill. den gongen hadde me også ein broadway kveld –med mamma mia, men det var sommar og me sat i uterestauranten. no fekk me koma inn i varmen, og det gjore ikkje noko. om det var fordi me kom litt seint på kvelden, eller om fjortisane på bordet midt i rommet stal all merksemd veit eg ikkje, men me var ikkje overbegeistra for servicen her. kelneren var uoppmersam og lite engasjert. på ein slik restaurant skal ein sleppe å sittje med tomme glas. maten var også berre ok, men det er jo ofte heilheta som gjer eit måltid. me fekk oss ein gul bil og ba han køyre oss heim. nokre gater bortanfor hotellet var det konsert, så me fann ein sofa i det fullpakka lokalet og følte oss som eindel av gjengen, for det verka som mange kjende kvarandre der. då musikantane tok ein pause, gjekk me til ein annan stad som skulle ha syng-med, i følge lonely planet. det var synging, men mest frå dei på scena. artig, men veldig trangt og klamt. og slik var den torsdagen.
Trackbacks