Gå til innhald

norwegians & glaswegians

mai 11, 2015

for nokre veker sidan var me ein tur i glasgow, for mannen hadde eit jobbærend der. medan han tok toget til utkanten av byen, budde eg på hotell og tok føre meg av glasgow sitt kulturliv. me hadde sjølvsagt kveldane saman, og den første kvelden gjekk me tilfeldigvis inn på guy’s restaurant & bar, ein litt annleis restaurant som lett kunne ha befunne seg i montmartre, paris. nips og antikvitetar på veggane, og store speglar og lysestakar sette stemningen. den gode maten gjorde alt komplett, og me var glad for å ha funne denne vesle perla den første kvelden vår i glasgow.
neste morgon åt eg frukost åleine på hotellet. ei ny oppleving for meg, men heilt sikkert på høg tid. etter å ha drukke altfor mange koppar kaffi, sett på folk og ete meir enn eg burde, gjekk eg ut for å sjå litt nærare på byen. me har vore i glasgow ein gong før, for omlag 14 år sidan, då me var på interrail i storbrittania og irland. då som no var eg intressert i byen sin mest kjende arkitekt, designar og kunstnar charles rennie mackintosh. og sjølv om me besøkte hans mest kjende verk «glasgow school of art» sist gong, ville eg få det med meg denne gongen også. det var eit desto større sjokk som møtte meg då eg ankom skulen og fekk høyra at den hadde brunne i mai 2014. ein kunne ikkje sjå noko teikn til det på utsida (utanom stillas og gjerder), men desverre var noko av interiøret øydelagt. glasgowschoolofartglasgowschoolofart#2 det var utruleg trist å høyra at eit av dei flottaste romma i bygningen: biblioteket, ikkje var meir. ei mager trøyst er det jo at eg heldigvis har sett det med eigne auger. rett før brannen braut ut, hadde dei bygt eit nytt bygg attmed den gamle skulen, så no var nokre elevar flytta over der, og resten var fordelt rundt omkring i byen. glasgowschoolofart#3 eg kjøpte billettar til ei omvisning, og ein student tok oss med rundt og fortalde. det hadde sjølvsagt vore kjekkast om me fekk gå inn i den gamle skulen, men me nøydde oss med å sjå den utanfrå. me fekk også sjå originale møblar designa av mackintosh og kona margareth macdonald. charlesrenniemackintosh#1 charlesrenniemackintosh#2 charlesrenniemackintosh#3 etter omvisinga spaserte eg litt rundt i gatene, såg på livet, og eit anna av macintosh sine meisterverk: the willow tea room i sauchiehall street. willowtearooms#1 ein kan mest ikkje sjå på denne bygningen utan å drøyma seg attende til byrjinga av 1900 talet. art nouveau var ein ny og høgmoderne stil då kjolekledde damer frå fiffen samlast i salongen for afternoon tea. du kan framleis få te i salongen, men eg nøydde med ein sandwich frå ein kiosk. eg lot meg fascinera av det utruleg flotte kjøpesenteret princes square shopping centre midt i gågata buchanan street som, bygd i 1986 var mykje yngre enn det gav seg ut for å vera. princessquareshoppingcentre#1princessquareshoppingcentre# utpå ettermiddagen kom mannen attende, og me gjekk og forsynte oss av ost & vin-bufféen i hotellfoajéen. dette var noko dei tilbydde alle gjestane sine kvar kveld på z hotell. ein fin gimikk, og dersom du ikkje skjemst kan du eta så mykje ost og kjeks som du berre orkar. me var ikkje så grådige, for me skulle eta middag ute, og gjekk i same retning som kvelden før. der låg det mange gode eteplasser meir eller mindre samla ifølgje lonely planet. me stoppa utanfor den russiske restauranten café cossachock fordi den såg eksotisk og spanande ut. og sjølv om ikkje maten var frå det mest utsøkte gourmetkjøkenet, var det ei annleis og fin oppleving. blomstrete sjal pynta taket, og på ein storskjerm snurra ein russisk film. flinke servitørar såg til at me hadde alt me trong heile tida. me var dei aller sista gjestane som gjekk, sjølv om servitøren framleis var preikesjuk, og syntest visst at me kunne ha tatt eit glas vodka. men me takka fint for oss og gjekk heim.
mannen måtte jobba litt meir før me kunne forlata glasgow, så medan han tok toget ut av byen, sjekka eg ut av hotellet og fortsette kunstreisa mi. første stopp var gallery of modern art (goma) som hadde 3 etasjar med utstillingar, heilt gratis. goma der fann eg utruleg mange ulike verk, alt frå aboriginarkunst frå australia, til eitt papir med norsk tekst på. denandrevegenvarutover etterpå kunne ein gå ned i biblioteket eller slappa av i kaféen. eg gjekk innom ein annan kafe, nemleg willow tearoom sin «filial» i buchanan street, men berre for å sjå. det var kø for å få bord på denne mackintosh-kopien, som sikkert er svært populær blant turistane. neste stopp på det som byrja å likna ein mackintosh-turné var the lighthouse. ein bygning han har teikna, som i tillegg til å husa ei utstilling om han, viste fotografier tekne av born, og moderne tre-arkitektur (som ikkje er særleg vanleg i skottland). utstillinga om mackintosh inneheldt videoklipp, bilete, modellar og tekstar frå hans liv og virke. både underhaldande og lærerikt. etterpå gjekk eg opp dei 134 trappetrinna i tårnet for å få utsikt over heile byen. thelighthouse#1 glasgow#1 det var verkeleg verdt det! snart var klokka fem, the lighthouse stengde, og eg gjekk ut i glasgow sine travle gater. mannen kom etterkvart attende frå arbeid og me tok toget til aberdeen.
eg tenkjer at glasgow er ein by ein må gje litt tid. den kan verka bråkete, masete og skitten ved første augekast, men har definitivt meir å by på dersom du går den litt meir i dybda. og innbyggjerane her, glaswegians, må ein iallefall gje litt tid. tid til å forstå kva dei seier.

No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: