Gå til innhald

bryllaup

april 8, 2015

frå torsdag til søndag var det fokus på familie og bryllaupsførebuingar i hobart. torsdag føremiddag reiste marit, cameron, eg og mannen inn til byen, der familien phillips skulle delta på «wedding rehearsal», så me fekk god tid til å gå rundt i byen på eiga hand. salamanca bada i sol, så me sette oss ned for kaffi og kake på machine, salamanca square. dette var ein av dei første kafeane me var på då me besøkte hobart i 2004. ein kafé der du ikkje berre kan få sjukt god sticky date kake, men også vaska kleda dine i vaskeautomatar. hobart#1hobart#4 me gjekk og såg i fine små butikkar, gjorde unna litt shopping, stakk innom the hope and anchor, kor me hadde gode minner frå, før me alle saman treftest for lunsj. salamanca#1 då kvelden nærma seg, stilte me oss i kør for å koma inn i «the spiegeltent», eit omreisande telt kor dei har konsertar og opptredenar, og denne veka var det altså kome til tasmania. på opningskvelden var det gratis å koma inn, så det stod mange i kø for å få plass inne i teltet. vel inne fekk me gode plasser i ein av båsane rundt veggjene, og vart møtt med akrobatiske danserar og mykje bra musikk. spiegeltent#1spiegeltent#2

fredagen låna me marit sin bil og køyrde opp til mount wellington. det høge, mektige fjellet som kan sjåast frå omtrent heile hobart. det var eit forrykande vêr på toppen med vind og haggel, og me holdt på å både blåsa vekk og frysa oss ihjel. frå utkikkstårnet kunne me ikkje sjå ein meter framfor oss, men etter ei stund klarna det opp litt og litt. då me endeleg fekk utsikt gjennom skyene, kunne me sjå uendeleg langt. hobart#2
tilbake i byen gjekk me for å finna ein barberar, for mannen måtte jo vera nyfrisert til bryllupet neste dag. me svinga inn til paul som skulle visa seg å vera ein veldig interessant og hyggeleg eldre mann, som attpåtil hadde fødselsdag! barberpaul på veggane hadde han mange flotte måleri som han sjølv var kunstnaren bak, og han var svært interessert i å høyra kor me kom frå og korleis me var knytt til tasmania. med nybarbert og fin mann gjekk eg ut av salongen og tenkte på kor mange samantreff livet har å by på. kor mange fine menneske ein kan treffa på slike tilfeldige vis. sola skein og me hadde heile dagen for oss sjølv. hobart#3 det var blitt lunsjtid, så me gjekk inn på ein plass som me hadde fått anbefalt av jentene på restauranten quay i sydney, nemleg frank. det var nesten umuleg å sjå denne fine eteplassen frå utsida dersom du ikkje visste om den. me måtte til slutt spørja nokre jenter om hjelp, som peika oss i rett retning. her bestilte me fleire smårettar, og alle var så utruleg smakfulle og karakteristiske. etter å ha brukt god tid på frank, gjekk me ut på kaien og over til ei fotoutstilling der folk frå den lokale fotoklubben hadde ei utstilling. her var bilete frå fjern og nær, mykje lokalt, men også eit par frå island. hobart#5
om kvelden hadde cameron fått sin familie på plass, kona preeti og sonen prithu, og me åt middag alle saman på salamanca.

laurdag var den store dagen. shanti og mark skulle gifta seg i lenna of hobart. lennaofhobart#1lennaofhobart#2 lennaofhobart#3viinga var noko annleis enn kva me er van med i noreg, men veldig høgtideleg og fin. seremonihaldaren var ei dame som tala både formellt og personleg, før brudeparet gav kvarandre løfter, og knyta symbolske band om kvarandre sine hender (med god hjelp av forlovaren). etterpå var det bildetaking i hagen utanfor, etterfulgt av hou’derves og champagne. eg traff att mange av jentene frå teselskapet, og det var kjekt å ha mange kjente fjes rundt seg sjølv om ein var på andre sida av verda. talane kom på rekkje og rad utover kvelden, då alle hadde sett seg ned i eit av dei mange flotte romma. me heldt på til det var på tide å gå heim, og brudeparet var imponerande nok av dei som heldt ut lengst. til slutt var alle einige om at det hadde vore ein fantastisk dag.

neste dag vakna me til nok ein strålande dag på tasmania, den siste heile sådan for denne gong. det var marknadsdag om søndagen også, dette hadde fokus på mat, grønsaker og frukt, så me tok turen til byen for å få med oss dette. hobart#6 alt såg fristande ut, og eg kunne ikkje gå forbi bakeribua utan å kjøpa med meg eit olivenbrød. etterpå sette me kursen for byen sitt bryggeri, cascade brewery. dette er det eldste bryggeriet i australia som framleis er i bruk, og dei bryggjer øl, sider, brus og anna. hobart#7hobart#8 me var ikkje inne på sjølve bryggeriet, –ein flott 8etasjars(minst) murbygning frå 1832, men nøydde oss med å nyta dagen i den flotte hagen ved sida av. hobart#9 etterkvart tok me turen til kafeen ginger brown for lunsj. me måtte dersverre sei hadet til preeti, cameron og prithu då me hadde ete, og reiste tilbake til marit for å pakka og gjera oss klar til heimreisa neste dag. det var heldigvis framleis sol i den fine hagen i mercer street, så me fekk nyta ein herleg ettermiddag før me åt middag, smakte på rester av bryllupskaka og såg downton abbey. hobart#10

det var på tide å reisa frå tasmania for denne gong, og marit køyrde oss tidleg til flyplassen.
me hadde ein litt kort, men så utruleg innhaldsrik tur til australia denne gongen, og det blir sikkert ikkje lengje til neste gong kjenner eg oss rett. takk for no!

No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: