the naked driver
tysdag pakka me tinga våre inn i bilen til marit og sette kursen for launceston, via austkysten. launceston er den nest største byen på tasmania, og kan ta 2 timar og femten minuttar å køyre til (frå hobart) dersom du tar snarvegen tvers gjennom øya. det gjorde ikkje me. me gjekk for den utsiktsmessig finaste ruta, og såg fort at «dette kan ta tid». det var så mange fine plasser, og me måtte stadig vekk stoppa for å ta bilete. i bicheno stoppa me for å eta lunsj, og såg at me mest ikkje kunne ha funne ein finare stad å stoppa. fiskerestaurant med utsikt over stranda, bølgene som rulla inn og sola som varma –var det slik det såg ut i paradis?
i scamander stoppa me for å sjå på den milelange stranda, og mannen kasta like godt kleda og hoppa uti.
det såg veldig kaldt ut. me hadde ikkje handklede med oss, så han måtte sittja i berre undikken i bilen for å tørka. det var sjølvsagt akkurat då me skulle bli stoppa av ein politibil som kom bak oss. han kommenterte heldigvis ikkje på bekledninga, men ba berre om ein promilletest. mannen blåste sjølvsagt grønt, og litt sjeiki køyrde me vidare.
rundt halv seks om kvelden kom me fram til launceston, parkerte i sentrum og spurta bort til turistkontoret. dei hadde desverre stengd, men me benytta tjangsen til å surfa på internettet deira. me gjekk på booking.com og fann the aulderton hotel, sette oss i bilen att, og køyrde opp til det. der kunne resepsjonisten james (som viste seg å vera hotellsjefen) fortelja at dei berre hadde eitt einaste rom ledig. utruleg flaks der altså… me slo til, og angra ikkje eit sekund på det då me fekk sjå rommet. det var faktisk to rom. eitt stort soverom, og eitt «konferanserom», i tillegg til stort og fint bad med både dusj og badekar. james var utruleg hjelpsam og spurte om me hadde planlagt middag for kvelden. det hadde me ikkje, så han ringde rundt for å sjekka på ulike plasser han kunne anbefala. sjølv om han ikkje fekk så mange positive svar som me hadde håpa på, gav han oss eit kart og kryssa ut kor me burde gå. som sagt så gjort. det var blitt mørkt då me omsider kom oss ut, men byen viste seg å vera både fin og sjarmerande. me spurde om ledig bord på eit par plasser utan hell, før me kom til black cow. eg var litt skeptisk sidan dei var eit «steakhouse» og eg ikkje et kjøt, men dei hadde iallefall éin fiskerett på menyen, så det holdt for meg. og den var verkeleg verdt besøket! aure med grøn karri (min asiatiske favoritt) og grønsaker var berre heilt herleg, og mannen var også særs nøgd med biffen sin. til dessert fekk me tasmanske ostar. alt i alt eit veldig flott og anbefaleleg måltid. me spurde om servitøren visste om ein kjekk plass å settja seg ned etterpå, og han foreslo saint john. der holdt dei på å stengja, men då dei høyrde at me var langvegsfrå sa dei la gå, og lot oss få bestilla eit glas og sittja der ei stund. me prata med bartenderane emma og wombat(!), som fortalde om launceston og gorge’n cataract som var verd å ta ein tur til. det hadde me planlagt å gjera neste dag, og som sagt så gjort.
hotellet vårt, aulderton låg ikkje så langt ifrå gorge’n men det var likevel ein halvtime drøy å gå. då me kom fram var me ganske klare for eit måltid og heldigvis hadde dei ein fin kafé med flott utsikt over vatnet som låg ved foten av gorge’n, ein lang taubane, hengjebruer og alle folka som var ute på tur. me bestemte oss for å gå turen «duck reach trail» som skulle ta omlag 90 minuttar tur/retur. det var ein veldig fin tur kor me gjekk langs elva, og til slutt over den via ei hengjebru. på andre sida av brua låg det eit gammalt kraftverk og ein sti oppover fjellsida. me gjekk opp stien og kom etterkvart inn i ein skog med sommarfuglar flygande rundt oss, fuglar som sang og firfisler som pila avgarde mellom beina våre.
ein veldig flott tur med andre ord, som enda ved vatnet og kafeen. på vatnet symde det ei svart svane. eg hadde aldri sett ei svart svane på nært hald før, og seinare kunne marit fortelja at det finst berre svart svaner på den sørlege halvkula.
me takka launceston for no (rett etter at å ha ledd så me nesten tissa i buksa av denne hunden)
og sette oss i bilen med den vesle byen evandale i sikte.
då me kom der, såg me raskt at det ikkje var all verda å sjå der, men me stoppa opp for å eta lunch på den koselege ingleside bakery. på hotellet i launceston hadde james tipsa oss om den flotte villaen clarendon, ikkje langt frå evandale, så me køyrde bort for å sjå kva det var. desverre hadde dei stengd då me kom, men den flotte villaen frå 1838 var utruleg fin å sjå -også frå utsida, med ein flott hage kring seg.
vel vel, me får koma att å besøkja dette herskapshuset. no bar det strake vegen heim att, ein tur som tok om lag to timar.
me ville koma oss heim før det vart mørkt, og dessutan skulle marit sin son cameron, min tremenning koma denne kvelden. turen heim gjekk fint, og det var eit gledeleg gjensyn med cameron.
Festlig historie om å bli stoppet av politiet. Perfekt timing! 😀
ja, heilt perfekt.. :-p