piker, vin og …sang?
laurdag hadde marit lagt ein solid plan for dagen, så me åt frukost tidleg før me gjekk ut. første stopp var salamanca market, ein marknad som går føre seg kvar laurdag på området framfor dei små, gamle steinbygningane på hamna. det strekk seg langt ovanfor hamna, og her kan du kjøpe alle tenkjelege varer. songerar og gitarspelerar, handlaga brukskunst, grønsaker, syltetøy, vin, hot dog, pannekaker var alle representert. det unike er at det meste er lokalprodusert på tasmania. då det byrja å regna gjekk me inn i eitt av dei små steinhusa og kjøpte oss kaffi. det såg ikkje ut til at litt surt vêr gjorde noko, for det var stappfullt av folk overalt. etter å ha sett alle bodene minst éin gong, sette me oss i bilen att og bestilte to pizza’ar. desse tok me med oss til shanti (mi tremenning) og mark. shanti og mark var «grunnen til» at me var i australia denne gongen, me var nemleg invitert i bryllaupet deira. etter å ha nytt utsikten frå leiligheten deira, snakka om bryllupet og ete pizza, køyrde me avgarde med marit. me sette kursen for vinmarkene utanfor byen, me skulle på vinsmaking. det var nemleg open dag hjå alle vingardane denne helga, og første stopp var frogmore. den hadde ein utruleg flott utsikt frå lokalet, som folk kunne leige til bryllaup og andre tilstellingar.
god vin her, men veldig travelt og litt upersonleg. neste stopp var puddleduck, som skulle visa seg å vera vår favoritt. her var barnefamiliar, utdrikkingslag og ender i ei skjønn foreining ute i ein stor hage.
me bestilte ostetallerken som me delte og fekk god informasjon om kvar av vinane. eg la merke til ein familie som eg drog kjensel på, og kom på at eg hadde sett dei på eit tv-program på nrk3 der dei fekk hjelp til å halda slottet sitt i storbrittania ved like. det byrja å nærma seg stengjetid, for dei hadde berre ope til 17, så me farta vidare til richmond, ein liten landsby med gamle sjamerande hus og butikkar. me smakte eit par vinar her også, på clemes hill, gjekk ein fin tur over den gamle brua (den eldste i australia faktisk!), og kjøpte kvar vår is.
me var godt nøgde med dagens innsats då kvelden kom.
neste dag hadde eg og marit eit viktig ærend, me skulle nemleg delta i shanti sitt utdrikkingslag. ikkje heilt same stil som på dei norske utdrikkingslaga dette, skulle eg erfare. me dressa oss opp i fine kjolar og sette kursen for villa howden. eit flott selskapslokale som såg ut som det kunne vore i italia. været viste seg også å vera ganske italiensk. på ein italiensk solskindag iallefall. på villa howden var det high tea (teselskap) for 15 festfine jenter. me fekk pittesmå kvite sandwichar, små scones, muffins, pikekyss, creme brulée og enno litt til. me kunne få sprudlande i glaset, kaffi eller te, etter eige ynskje. det var kjekt å helsa på venene til shanti, som eg har kjent sidan eg var omlag ti år. heilt sidan då har me vore brevvener. medan me sat og fina oss i villaen, var mannen min og den komande brudgomen ute og fiska på seven mile beach, 45 minuttar unna hobart. new zealandske mark er ein ihuga fiskar, og benyttar gode periodar til å fiska. han har nemleg, i likhet med shanti, sjukdomen me. bryllaupsførebuingane har difor vore ekstra utfordrande for dette paret, og dei såg sjølvsagt veldig fram til den store dagen, men også forståeleg nok til dei rolege dagane som kom etter. på villa howden takka me for oss, og sa på gjensyn.
måndag hadde me sett av heile dagen til å gå på kunstgalleri. hobart er nemleg svært kjend for å husa det populære mona kunstgalleri. ein rik gamblar har bygd mona, og putta mange av skattane han har samla her. dei omfattar utruleg mykje forskjellig, mykje egyptisk kunst frå faraoanes tid, men også veldig mykje ny, og for mange –utfordrande kunst. sjølve huset stod der frå før, men tre nye etasjar har blitt tilføydd nedover i bakken. me brukte fem timar på gallerirunda, inkludert ein lunsjpause for å samla krefter og sjå på påfuglane som spankulerte rundt.
om kvelden kom shanti på besøk, og eg laga pasta og røykelaks til middag. den tasmanske laksen er kjend for å vera god, og sjølv om me er veldig kresne på laks (fordi me meinar at du finn den beste laksen på sotra) kunne me absolutt gå god for denne!