vinsjan på quay’a
den siste heile dagen i sydney var komen, og me hadde planlagt å gå på museum of contemporary art australia. der hadde sjølvaste kongeparet (som i sonja og harald) vore kvelden før. medan me sat på operatrappene og venta på roxette, såg me dei ankome galleriet på andre sida av hamna. eg prøvde å få igong ein samtale med galleridama på museumet om det storfine besøket dei hadde hatt førre kvelden, noko ho ikkje hadde nokon som helst aning om. vel vel. utstillinga stod kunstnaren chuck close for, og me er veldig glade for at me fekk med oss denne. han arbeider primært med portrett, og fokuserer på biletoppløysing, fargesamansettjingar og er litt av ein teknikar. materiala han formidla portretta sine med var mellom anna vevde tepper, trykk, måling og 3d collage. tippar sonja vart imponert. det vart iallefall me. etter gallerirunda tok me bussen opp til surry hills, ein bydel me ikkje var kjend med frå før. den skulle visa seg å vera ein utruleg fin og livleg del av sydney. me syntest at me stadig fekk nye grunnar til å reisa attende til denne flotte byen. her var det mange flotte og koselege eteplasser, blanda med små, fine og personlege butikkar.
ein av dei var muchu, der me fann eit fint kart over australia og ei sløyfe til mannen. jenta som stod bak disken viste seg å vera fransk og me prata om å reise rundt i australia. ho skulle arbeida ei stund i butikken, for så å reisa til vestkysten for å sjå seg om saman med vener. det skulle seinare visa seg at vår slektning marit på tasmania hadde kjøpt akkurat det same kartet, på akkurat den same butikken, av akkurat den same franske jenta litt tidlegare. me åt ein sein lunsj på kafeen cossie’s som serverte god enkelt og god mat. denne siste kvelden vår i sydney hadde me bestilt bord på quay. byen sin einaste restaurant med ein plass på san pellegrino si liste. me var overraska over i det heile tatt å få bord, sidan me ikkje var spesielt tidleg ute med bestillinga. berre nokre dagar i førevegen hadde me sendt dei ein førespurnad. og meir overraska vart me då me gjekk lenger og lenger innover i restauranten og vart vist til bordet med den beste plasseringa. med panoramautsikt utover hamna, harbour bridge og operahuset sat me der og kjende oss veldig heldige! me gjekk for deira «tasting menu», og det varte ikkje lengje før rettane kom dansande inn ein etter ein. eg fekk velgja vekk dei rettane som inneheldt kjøt, i bytte mot sjømat. alt smaka heilt utruleg godt, og då det brått braut ut fyrverkeri bak operahuset, var kvelden fullkomen. det vart ein sein middag, og me var dei siste gjestane som forlot lokalet, noko som gav oss mulighet til å slå av ein prat med resepsjonsdama. me fortalde at me skulle til tasmania neste dag, noko som fekk henne i fyr og flamme. eg trudde kanskje at ho var frå den vesle øya, men neida, ho lika den berre så godt sa ho. og det har ho jo all grunn til. ho insisterte på å gje oss ei liste med restaurantar og stader som ho gjekk god for i hobart. me takka for oss og gjekk ut i den siste sydneynatta for denne gong.
Oh joy, eg trodde denna bloggen ikkje lenger levde! Huske eg va innom ein gång kor det ikkje hadde skjedd noe på lenge, så antok den ikke va i bruk. Nå har eg masse kjekt å lesa meg opp på 🙂
jej! 😀 det var jo trist å høyra at du var innom og trudde den ikkje var i bruk lenger 😦 men då må eg berre vera flinkare å halda den i live! no kan du også lesa om livet i aberdeen: https://norskiaberdeen.wordpress.com/
god lesing då 😉 og takk for at du kjem innom!