Gå til innhald

joyride!

mars 1, 2015

tysdag gjekk me til museum of sydney, som ikkje berre har eit historisk innhald, men også ei svært historisk plassering. det er nemleg bygd oppå ruinane til arthur phillip sitt hus. arthurphillip herr phillip var staten new south wales sin første guvernør, og han ankom landet i 1788 med ein konvoi beståande av 12 båtar. dei inneheldt straffangar og viktige menn, mat og drikke, lovar og reglar. dette var ei svært lærerik og informativ utstilling, med gamle og nye bilete av både guvernørbustaden og sydney, og historiar om dei nyinnflytta og møtene med lokalbefolkinga. sydney#4 arthur phillip verka å vera ein av dei meir sympatiske og forståelsesfulle maktmenna landet har hatt, og han fekk (stal) fleire vener blant aboriginerane. etter nesten to timar på museumet, gjekk me gjennom royal botanical garden att, denne gongen i retning art gallery of new south wales. artgalleryofnewsouthwales før me begav oss ut på nok ein museumsrunde, åt me lunsj i restauranten deira. der fekk me både god mat og ei flott utsikt over woolloomoolo, som gjorde oss ekstra klare for utstillinga «pop to popism». det var ikkje lov å ta bilder her, forståeleg nok. med kjende kunstverk frå andy warhole, lichtenstein og erró. veldig kjekt å sjå så kjende verk saman med mindre kjende australske innslag.
om kvelden gjekk me til rockpool, utan å ha nokon reservasjon, og spurde om bord. rockpool me vart mest overraska at dei hadde det, ein gledeleg overraskelse. eg hadde lese om restauranten på førehand, og me oppdaga litt tilfeldig at den låg i nærheten av hotellet vårt tidlegare på dagen. rockpool ligg i eit art deco bygg, som må seiast å vera ein attraksjon i seg sjølv. høgt og geometrisk under taket, med interiør i vakker stein. servitørane var utruleg proffe (og hyggjelege) og maten var knall! veldig godt og enkelt, ikkje så mykkje tull og jål. reker i byggrynsrisotto til forrett, og fisk med ein enkel salat til hovudrett. eit bevis på at dersom råvarene er skikkelege og gode, er det ikkje så mykje dilldall som skal til. etterpå spaserte me ein tur til the rocks, og tok eit slag idiot før kvelden var omme.

me hadde store planar for onsdagskvelden, så me kunne ikkje fylla dagen med så mykje. men så var det heller ikkje så mykje ein kunne gjera på ein så regnfull dag som denne –bortsett frå å shoppa. me starta i pitt street og gjekk først inn på det flotte, gamle «kjøpesenteret» the strand arcade. ein gammal victoriansk bygning frå 1892 med små, fine butikkar i tre etasjar. thestrand det er den einaste arkaden som står att slik den originalt såg ut. arkaden fekk namnet sitt frå den kjende shopping, hotell og teater -gata i london med same namn, kor me budde for nokre år sidan. det var fint å sjå arkitekturen her, sjølv om me ikkje handla noko. me prøvde hardt på fred perry-butikken, utan å finna noko i dei rette størrelsane. billabong, zara, myer og andre butikkar og senter vart også besøkte, med ein liten kaffipause imellom. det vart mannen som handla mest, den heldiggrisen. etterkvart var det på tide å trekkja heimover, for å gjera seg klar for roxette-konsert! det var desverre ikkje lov å ta med kamera på konserten, så me har ingen bilete. det hadde klarna opp ein del sidan dei verste regnbyene på førmiddagen, men det var framleis litt utrygt då me bevega oss mot operahuset der utekonserten skulle vera. sidan me var ganske tidleg ute, og litt usikre på kor tidleg ute ein måtte vera, hadde me tid til ein matbit på ein av dei travle barane nedanfor operahuset. me var likevel blandt dei første til å koma oss inn på området og velgja plasser i trappene, og oppdaga at me fint kunne ha ete maten vår inne på området. dei hadde plenti av ulike (og unike) matboder, der ein kunne velgja alt frå nepalesisk mat til hamburgerar. oppvarmingsbandet boom crash opera kom frå melbourne og var rimeleg flinke. til slutt, rundt klokka 21 kom hovudattraksjonane: marie fredriksson og per gessle på sin verdsturné. marie sat på ein stol medan ho song, og me kunne sjå (og høyra) at ho desverre ikkje var heilt sitt gamle eg lenger. i 2002 fekk ho påvist svulst i hjernen, og fekk behandling for dette, men det har nok redusert henne mykje. det la ikkje nokon dempar på konserten, som lot oss mimra attende til 80- og 90-talet og syngja med for full hals. mange svenskar og sikkert skandinavar hadde teke turen denne kvelden. etter joyride, she’s got the look, it must have been love og mange, mange andre svisker var det på tide å ta farvel med svenskane. det hadde gått lang tid sidan me åt eit lett måltid, så me tok liksågodt kvar vår saftige pizza i baren til four seasons. den var utruleg god, og servitøren jason var veldig hyggjeleg. nok ein fin dag i sydney var omme.

2 kommentarar leave one →
  1. Alexander permalink
    mars 1, 2015 9:15 am

    Almost Unreal!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: