Gå til innhald

tur til blåfjell

februar 28, 2015

måndag morgon tøffa me oss oppover till dei blåe fjella med eit tidleg tog. det tok omlag to timar frå togstasjonen til katoomba, som var eitt av to aktuelle stopp i the blue mountains. me kjøpte billettar till ein hopp-av-hopp-på buss som skulle ta oss rundt i området, og betalte litt ekstra for å få tilgang til to taubanar og ein «fløybane». første stoppet vårt var utsiktspunktet echo point der me skulle sjå dei tre søstrene. tre små fjelltoppar som ligg attmed kvarandre på ei rekkje. det einaste me såg var ei tjukk grå skodde, og ei røys med asiatar som peika og tok bilder. echopoint ikkje mykje spanande å sjå her altså, så me gjekk heller i retning honeymoon bridge bluemountains#1 og begav oss ut på ein tur nedover fjellsida. den første delen var utruleg bratt, men hadde heldigvis trappetrinn og gelender –derav namnet giant stairway. bluemountains#2 det var heilt greitt at sola ikkje steika, det gjorde godt med litt sval temperatur medan me gjekk. bluemountains#3 ikkje mange tok denne turen, me traff veldig få folk på den flotte turstien. me gjekk forbi enorme trer og planter, skrikande fuglar og pipande sirissar, bekkar og fossefall. bluemountains#4bluemountains#5bluemountains#6bluemountains#7 etter litt under to timar var me framme ved kolgruvene som var i bruk på slutten av 1800 talet. her fann me framkomstmiddelet som likna på fløybanen (berre mykje brattare og berg-og-dalbane-aktig) bluemountains#8 og taubanen som minna om ulriken. me tok sistnemnde opp og ned, for så å ta fløybanen opp att. full utnytting av billettane der altså. etter å ha tatt den siste taubanen over eit fossefall, tok me den eldgamle og skranglete bussen attende til katoomba for å eta lunsj. bluemountainsbus det hadde ikkje vore feil å tilbragt ein ekstra dag i denne vesle byen, for den hadde mange koselege kafear og butikkar. me nøydde oss med å sittja på savoy med gamal, klassisk bakgrunnsmusikk og god mat på tallerkane. halv fem sat me på toget attende til byen og alle var einige om at det hadde vore ein fin tur. middagen tok me på longrain –ein hipp og fin restaurant med thai-inspirerte rettar på menyen. me valgte raud og grøn karri, med henhaldsvis tofu og fisk, og vart servert på langbord. sidan det var ganske seint, var det få gjester att, så me hadde heile bordet for oss sjølv. venlege og oppmerksame servitørar, god vin frå new zealand og ein silkemjuk dessert med sticky rice gjorde det til ei veldig bra matoppleving. då me spaserte heimover langs oxfordstreet kom det brått ei kortesje med blålysblinkande motorsyklar som stansa trafikken og fine kvite bilar med det eg kunne skimta var eit par som sat bak.
eg er sikker på at det var kong harald og dronning sonja som kom køyrande på veg til sitt statsbesøk i sydney.

No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: