godt (kinesisk) nyttår!
fortsettjinga: på tilbury i potts point sette me oss ned og tok ein kopp kaffi og andre forfriskingar, las i reisebøkene og kjende at det var fint å vera her att. potts point hugsa me som eit litt mindre fint strøk frå sist me var her. då budde me i kings cross, så me gjekk gjennom området på veg til woollomoolo. no verka strøket noko betre, sjølv om det verka vera dei fattegaste som budde her. dei fattegaste er desverre ofte dei innfødde: aboriginarane. på høgda ovanfor potts point ligg kings cross. her florerar det av hostell og backpackarar, og det er her me har budd før når me har vittja byen. bydelen er også ein av våre favorittar, men ei herleg blanding av alle typar menneske. hovudvekta av folka er frå den nedre rangstigen, noko som gjer det til ein fargerik og levande bydel, men også ein plass der ein må vera litt på vakt. me måtte gå litt rundt og mimra, og helsa på gamle minner som dukka opp. som karaoke på empire, der 90 år gamle frank song «oh, my love, my darling, i’ve hungered for your touch..» så ingen auger var torre, og ein sein middag, ein kald haustkveld på the springfield, kor dei lot oss få sittja kor lengje me ville medan alle andre hadde gått.
etter mimringa sette me oss ned på ein kjekk gatekafe i ei gate me har ete frukosten vår i fleire gonger før. det var haust første gong me var her, så me kunne mest kjenna haustvinden og lauvet som jaga gjennom den smale gata. mange hadde tatt laurdagslunsjen ute denne fine dagen, og det var livleg rundtomkring på borda. me åt salat og haloumiburger medan me såg på alle folka. etterkvart bevega me oss vidare, i retning sentrum via liverpool street, og gjennom den fine hyde park.
då me kom til martin place eksploderte det med brurepar som skulle ta bilete av seg sjølv og alle brurepikene, som alle hadde like kjolar. det spesielle med brurepara var at dei såg heilt like ut alle saman. eller kanskje det var dei same me såg på kvart gatehjørne?
for oss var det tid for litt kvile og klesskift, etter ein tur innom butikken og handla litt innhald til kjøleskapet. me hadde ikkje noko særleg mål eller meining med kvelden, så me gjekk ut i kvelden i retning darling harbour. me har vore fleire gonger og ete her, men eg kan ikkje hugsa at det var så bråkete som det var no. kanskje fordi det var laurdag, men det verka å vera full fest på absolutt alle restuarantane og utestadene her. etter ei stund måtte me leggja av oss «kresenheita» og ta den første og beste som hadde ledig bord, som vart adria, eit typisk «steakhouse». dei hadde heldigvis nokre rettar for vegetarianaren også. me delte brød og dip til forrett, og fekk fisk og lammeribbe til hovudrett. heilt greitt, men ingen kulinarisk sensasjon. klokka ti sende dei opp rakettar i hamna, til ære for det nye året, nærare bestemt sauen sitt år. kineserane feirar nemleg nyttår denne perioden, så rundtomkring i byen heng det bannerar med bilete av ein sau. etter middagen gjekk me heim og såg siste episode av «anno» på nett-tv. helsing pensjonistane.
søndag kom med solskin frå blå himmel, så me hoppa på ein buss ut mot havet. bussen tok oss til coogee beach, lillebroren(eller systera) til bondi. klokka var ikkje blitt elleve ein gong, men folk hadde allerede funne vegen til stranda for lengst. me hadde bestemt oss for å ta turen frå coogee via bronte til bondi, og la avgarde. det var ein varm og fin tur, så me gjorde lurt i å ha mykje vatn og solkrem med oss. me låna til og med vekk litt solkrem til ein type som gjekk ilag med ei jente. ho viste seg å vera norsk, frå nannestad, og hadde jobba i australia i fem år. i bronte tok me søndagslunsjen, på ein av dei koselege kafeane i bronte road. me var svært nøgd med å vera på dagens andre måltid medan folk kom bort og spurde om det framleis vart servert frukost. mette, friske og raske la me ut på siste etappe. rett før ein kjem til bronte, ligg det ein enorm gravplass, som me no såg i dagslys for første gong.
første gong me vittja sydney skulle me nemleg ta den same ruta, berre andre vegen. det byrja nok å bli litt seint på dagen, for innan me var komen til gravplassen hadde det blitt stupmørkt. å stå midt ute i stummande mørke med gravsteinar rundt deg på alle kantar utan å veta heilt kor du skal gå, er ikkje noko eg kan anbefala. me kom oss heldigvis trygt ut og heim den gongen også. men no var me altså komen til bondi,
og eg høyrde stemmen frå tv-serien på nrk3 i hovudet midt i dét me såg den kvite stranda: «the beach is packed. it’s another day for bondi rescue!» endeleg litt avslapping etter ein lang tur.
det var herleg å kjenna sola og vinden på kroppen (sjølv om me til no hadde blitt litt for solbrende). etter ei stund tok me bussen attende til sentrum, via paddington og darlinghurst. om kvelden skulle det kinesiske nyttåret feirast skikkeleg, så me stilte oss opp i george street for å sjå på nyttårsparaden. det tok ei evighet før det starta, men det var likevel verd ventetida. eit enormt oppbud av danserar, «krigerar», dragar, trommeorkester og ikkje minst sauer marsjerte forbi oss. då klokka nærma seg ni, gjekk me ut av folkemengda og mot ein restaurant me hadde sett tidlegare på dagen, nemleg jamie’s italian. eg har vore ein stor fan av jamie oliver «the naked chef» så lengje han har vore kjend, og det var han eg lærte å laga pasta av, så ein tur på hans eigen restaurant var rett og slett obligatorisk. alt i alt var matopplevinga veldig fin og anbefaleleg, men servicen stod ikkje i stil. mangel på venlegheit og merksemd prega desverre for mange av dei som jobba der, og hadde det ikkje vore for at tagliatellen med trøffel er noko av det beste eg har smakt, så hadde eg hatt eit dårleg inntrykk av staden. synd for jamie. me gjekk heim og sette klokka på 07.15
rise and shine! eller noko slikt.. me stod opp, slurpa i oss litt frukostblanding og kaffi, før me hasta ut i morgonen saman med alle dei dresskledde arbeidsfolka. me rokk toget til blue mountains -såvidt, så her sit me no. den geniale planen min var at sidan det skulle vera så fint ver idag passa det bra med ein tur opp i fjella for å sjå på utsikten. no har det vore grått og regn den siste timen, så me får berre kryssa fingrane for oppklarning.