Gå til innhald

livsteikn

februar 21, 2015

her kjem eit livsteikn frå downunder. alt har gått veldig fint til no, både reisa her til og omstillinga av døgnrytmen. me reiste altså frå flesland torsdag morgon med sas til københavn. derifrå gjekk turen til singapore, som tok rundt 11 timar. her var planen å sova mest muleg for å komma i rett døgnrytme, og det gjekk som planlagt. singapore airlines var like proffesjonelle og smilande som me hugsa dei frå 11 år tilbake, og maten var upåklageleg. eg fekk indisk vegetarmat og mannen fekk sjømat. ventetida i singapore var akkurat nok til at me fekk slappa av og strekkja på beina, og gå inn i sommarfuglhagen på flyplassen. der fauk det sommarfuglar rundt oss på alle kantar, og me kunne mest ta på dei. eit veldig zen innslag på ein ellers så travel plass. siste etappe gjekk også veldig fint, me såg filmar og sov litt og åt endo meir. litt lite substans i maten må eg sei, muleg eg endrar matvalet til me skal heim. alt gjekk fint og radig gjennom passkontroll og bagasjelevering, og me sat snart på toget inn til sydney. det var blitt fredagskveld, og då me steig av toget på circular quay møtte fredagsstemninga oss midt i fleisen. høge helar og korte skjørt matcha ikkje heilt trøtte reisetryner og tunge sekkar. me fann fram til bond street nummer to der «rob» hadde lagt nøklane våre i resepsjonen i mantra building. me tok heisen opp i 13. etasje og fann eit fint rom med stor seng, kjøken, sittjegruppe med tv, fint bad med vaskemaskin og tørketrommel og balkong ut mot fredagskvelden. klokka var halv elleve og me var ganske leggjeklare. det gjorde heldigvis ingenting at heile byen var i feststemning utanfor, me sov nemnleg heilt til neste dag.
då vakna me liksågodt klokka 7, og gjorde oss klar til å gå ut. me gjekk mot «the rocks» som er sydney sin eldste og på mange måtar mest koselege bydel. med små, gamle hus og byens eldste pub «fortune of war». fortuneofwar me gjekk inn på the rocks cafe, der me åt ein god frukost nærmast heilt åleine. therockscafe sakte men sikkert vakna resten av byens befolkning, og butikkane opna. det gjorde også marknaden i the rocks, slik som den gjorde kvar laurdag føremiddag. her solgte dei alt muleg, med hovudvekt på handlaga ting. kangaroonativity i the rocks ligg også turistinfoen, så me gjekk inn for å få nokre brosjyrar og ta ein prat med damene i skranken. me fekk litt info om blue mountains, korleis ein kunne koma seg der på eiga hand. så får me sjå om me tek turen. frå the rocks gjekk turen vidare ut mot kaien, mot eit stort cruiseskip som hadde lagt til kai. sjølv om det stal det meste av utsikt, kunne me sjå operahuset på andre sida av bukta. ei utsikt eg har drøymt om å sjå igjen lengje. sydneyoperahouse#1 me gjekk imot det, via circular quay og rada av suvenirbuikkar og kafear. det byrja så smått å regne, så me søkte ly i ein av dei største suvenirbutikkane. her hadde dei ugg-boots i alle tenkjelege utgåver, og skinnhattar, skinnjakker og skinnvesker, i tillegg til andre typiske suvenirnipseting. snart hadde heldigvis regnet gitt seg og me gjekk til operahuset under tak. på vegen bort såg me reklame for ein roxettekonsert som skulle haldast her, og me var einige om at det hadde vore morosamt å sjekka ut. inne i det praktfulle bygget stilte me oss i billettkø og fekk info om konserten. me kjøpte liksågodt billettar til konserten, som skal vera på onsdag utanfor operahuset. me vurderte også å sjå ein «skikkeleg» opera, men fann ingen som freista skikkeleg nok. dessutan var forestillingane veldig dyre. me spaserte vidare forbi operaen og inn i parken som ligg bak: royal botanic gardens. sydneyoperahouse#2 ei utruleg flott og roleg grøn lunge midt i byn. me såg fine planter og blomar, ein andefamilie ute på tur med ungane sine, andefamilien og litt for store edderkoppar. edderkopp sjølv om sola gøymde seg bak skyer, var det varmt og fin temperatur. (ingen av bileta nedanfor er redigert)
royalbotanicalgarden#1royalbotanicalgarden#2royalbotanicalgarden#3royalbotanicalgarden#4royalbotanicalgarden#5 me såg til og med at me hadde blitt solbrende då me kom heim. i andre enden av parken låg woolloomoolo. ei noko meir industriell havn der dei hadde lagt alle militærbåtane sine for anledningen. me gjekk inn i woolloomoolo wharf, ein lang bygning på ein pir som sidan sist me såg den, hadde fått ei fin ansiktsløfting. woolloomoolo det var leiligheter inne og fine restaurantar på rekkje og rad ute. og rett ved sida av, den legendariske harrys cafe de wheels. harryscafedeweels ei lita sjappe som har stått på same plass sidan 1945, og som sel hot dog, pai og andre smårettar. me smaka på godsakene her for 11 år sidan, så me stod over denne gongen og gjekk heller innover i området potts point.

no er klokka snart ni om morgonen og me må ut og lufta oss litt. kan hende ferda går mot bondi beach idag, men fortsettjinga får du iallefall seinare.

No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: