Skip to content

rendezvous @ rendezvous

august 24, 2016

framover vil eg posta sporadiske innlegg med såkalla matanmeldingar frå etestader me har vore på. desse kjem først og fremst til å vera på engelsk, men eg kan sjølvsagt omsetja dei til norsk også dersom det er interesse for det. kom gjerne med tilbakemeldingar.

i’ve decided to start posting occasional food reviews from places we’ve been to eat. it’ll be from aberdeen and around (no limits here really). to the delight of non-norwegian-readers, you will also be able to understand them!
don’t be afraid to give me feedback.

first one out is the wonderful rendezvous @ nargile, that sits just around the corner from our home in the west end of aberdeen. that comes in handy when we have to walk home like stuffed sausages. it serves contemporary turkish cuisine and is awarded a michelin recommendation.

this monday we had a friend visiting from norway, and we wanted to have a “taste of our neighborhood” so to say. i made sure to book ahead at the rendezvous @nargile restaurant, because we’ve popped in maybe five times without a reservation, and always been (very politely!) rejected. we’ve managed to book a table one other time in the past, when we (more or less) successfully brought our friends with two kids, so we knew that the meze for starters is an absolute must. and it was a winner this time too. soft hummus (i could easily eat just the hummus the whole evening), artichokes, tomatoes, coriander, champignong, aubergine -everything very well compositioned and placed on small plates for us to share. it could over all perhaps been a bit more spicy, but who am i to criticize turkish food…
the two ladies serving us (and the whole restaurant) was extremely attentive, friendly and polite. they were almost unreal for this city. when we ordered from one, she picked up that i’m a vegetarian, and would make sure that i got an extra plate of veggie meze’s. just a little thing that makes your whole dining experience perfect. we ordered the sauvignon blanc from marlborough (as one does) and it was as perfect as just a marlborough sauvignon blanc can be. a bit too full already after the meze, but we welcomed the main courses heartfully. looking at the menu, i can’t tell you that i didn’t wanted exactly the same meal as i had on the first visit: patlican iskender -a perfect symphony of one of the best (halep) sauces in history, aubergine and halloumi on a bed of pita bread that soaked up all the delicious flavors. but i had to try something different this time. i wasn’t disappointed, but i wasn’t gobsmacked either. the dish consisted of risotto-filled yellow peppers with parmesan on top, roasted potatoes and a green salad. i loved the flavors, although it was a bit dry and not as spicy as i hoped for. i got one jalapeño on top of the salad, but i could easily have eaten four. however i do understand that you all may not be as happy with hot stuff (!) as i am. my to fellow companions had respectively lamb and venison and were both very satisfied. both dishes were tender and smooth, with the venison having a really good sauce that might have been a bit overpowering. it made the venison disappear a bit in the richness of the sauce. especially did we all love the taste of my husband’s tomato/aubergine saus (if that’s allowed to say out loud). for desserts i had to pass, as my waist could’t cope much longer, but the guys enjoyed marshmallows on meringue and the classic sticky toffee pudding together with port and whisky. both perfect in taste and very delicately presented.

another delightful meal at the rendezvous was over, they do deserve their michelin recommendation very much. and my waistline is sad to hear that: we will return.
rendezvous

medan me ventar på…

august 3, 2016

…fleire innlegg frå denne kanten, kan du lesa om den gongen me var i biarritz. du veit, der kor cambridge’ane (prins william, kate, george & charlotte) nett har feriert. eg skjønar godt at dei ville tilbringe tid nett der for det må vera ein av dei vakraste byane i frankrike.
her kan du lesa om opphaldet vårt i biarritz
biarritz#8

så lovar eg at det kjem til å dukka opp ferske innlegg her på bloggen snart! takk for at du følgjer med.

 

vi var med shetlandsbåten

juni 21, 2016

følgjer du tante reisande åse på facebook? då veit du at me nett er komne heim frå frankrike, og kanskje du ventar på eit innlegg derifrå. det skal du sjølvsagt få, men først: den siste dagen vår på shetland.

det var blitt søndag på shetland, og det betydde utsjekking frå koselege knysna house, og heimreise seinare på kvelden. me forsikra jim om at me ville anbefala overnattingsstaden hans til alle andre, så då vurderar eg det herved som gjort! eg kan gå god for jim og vel så det.

før me la kursen mot vest på øya, køyrde me nett ut til eit utkikkspunkt på sørsida av lerwick sentrum. tåka heldt akkurat på å sleppe taket på morgonen, og fuglane svinsa rundt i lufta. shetland#33 herifrå hadde me god utsikt til øya bressay som ligg aust for lerwick. den kjem ein seg berre til med ferje, så den turen sparar me til neste gong. shetland#34 ein kan ikkje få med seg heile shetland på ei lita helg, men ingen skal påstå at me ikkje prøvde! på denne siste dagen såg me det vakre landskapet i vest (me er jo trass alt vestlendingar), og prøvde å forestilla oss kva som låg heilt på andre sida av det store havet. shetland#35 det var der, som det også kan vera på vårt eige vestland, vêrhardt, men sola strekte ut ei hand til oss og gjorde sitt for at vinden ikkje beit for mykje. shetland#36 frå sandness som det heitte her, såg me over til den vesle øya papa stour med omlag 20 innbyggjerar. shetland#37 dei kjem seg til og frå hovudøya med ein 45 minuttars lang ferjetur, som går mellom biggins og west birrafirth. den har to avgangar onsdag, fredag og laurdag, og éin om søndagen, og ein må bestilla plass for å komma med ferja. her kan du laste ned rutetabell. me nøydde oss altså berre med å sjå over til øya, som har hatt innbygjerar sidan 3000 f.kr, deriblant haakon V magnusson, som ein framleis kan sjå husruinane etter.

ein tur nedom den vesle staden walls gav oss fin utsikt. ein stille og roleg landsby som ein gong var eit livleg senter for både fiske og landbruk. dei har framleis ei årleg landbruksutstilling her, som går føre seg i august. shetland#38 vår siste stoppestad vart i scalloway, som på norrønt språk vart kalla “skálavágr”. det var to markante ting å få med seg i det som fram til 1708 hadde vore shetland sin hovudstad. først og fremst museumet, men også slottet frå 1600 talet. museumet gav ein liten innsikt i korleis det hadde vore å bu på shetland gjennom tidene, men hovudutstillinga dreidde seg om historia rundt shetlandsgjengen som opererte shetlandsbussen under 2. verdskrigen. me som har vokse opp i områda der desse båtane og menna reiste frå, har nok alltid visst kva dette var, og høyrt om shetlands-larsen. det var likevel svært interessant å få ei inngåande forteljing om tapre menn (fortrinnsvis), som sette livet på spel -og nokre av dei tapte det også, for å redda andre, og styrka noreg sitt forsvar mot tyskerane. i alt gjorde dei 200 turar, først og fremst i norske fiskebåtar men seinare ubåtjagerar. ti skøyter og 44 liv gjekk tapt. i scalloway hamn er det sett opp ein minnestein for dei som gav “alt for norge” med shetlandsbåtane. shetland#40 eit landemerke frå krigens dagar ligg framleis synleg i scalloway. slippen “prince olav slipway” som vart brukt til shetlandsbåtane vart besøkt av sitt namneopphav kronprins olav 14. oktober 1942. det vart sagt at besøket skapte ny giv og krefter til shetlandsgjengen.

på shetland museum fekk me nøklar til scalloway castle, og det er vel første og siste gong me har hatt nøkkelen til ein slott i nevane (eller kven veit?). shetland#39 me hadde allerede sett to av slotta til jarlane stewart på øya, og dette var det tredje. bygd i 1607 av patrick stewart, den andre jarlen av orknøyane, var det nok eit staseleg syn med sine fire etasjar og høge tårn. men det vart berre brukt ei kort stund før det på slutten av 1700 talet vart beskrive som “i svært dårleg stand”. shetland#41 det byrja å gå mot slutten for vår shetlandsferie, og før me mønstra på hrossay att, åt me sein lunsj i kaféen på mareel, som er kulturhuset i lerwick og ligg like ved northlink ferjekaien. dette må ha vore ein av dei finaste dagane i året på shetland tenkte me, medan sola steika gjennom den store glasveggen i kaféen. mange hadde klokeleg sett seg utanfor i solveggen med eit glas eller litt mat. og finvêret skulle kome heilt til sin rett då me la frå kai og vinka farvel til shetland. kapteinen kunne meddele over høgtalaren at sidan det var så fint og klårt vêr ville han ta det nordlege utløpet og vise oss eit fugleberg, til stor begeistring frå alle passasjerane som stod på dekk. eg har aldri sett eit fuglefjell før, iallfall ikkje på denne måten, og det er noko eg seint kjem til å gløyma. her lar eg berre bileta forklara. shetland#44 shetland#43 shetland#45 shetland#42 turen attende med northlink sin shetlandsbåt kan ikkje samanliknast med turen der til. det var ikkje antydingar til bølger, men berre stille hav og sola som sakte bevega seg ned i havet gjennom skodda. shetland#46 me kunne bruke dei siste timane før me la oss til å spela kort i kaféen medan me åt ost og kjeks. den natta som me som stein.

little norway on little shetland

juni 10, 2016

medan fredagen hadde vore litt overskya og kald på shetland, ankom laurdagen med sol frå (så godt som) skyfri himmel. sidan me hadde reist sørover dagen før, bestemte me oss for å reisa nordover denne dagen. men ikkje før me hadde ete frukosten som jim hadde sett fram til oss i knysna house. frukostrommet i første etasje var lyst og fint, akkompagnert av bbc radio 2 sitt nostalgiske “sounds of the 60’s” (lyden av 60-talet). sjølv om frukosten var meir i retning kontineltal enn skotsk, mangla me ingenting. her var toast, kaffi og te, ost og skinkepålegg, yogurt, melk, juice, frukt og bær, seks ulike frukostblandingar, croissantar, scones, pannekaker, boller og eg trur framleis ikkje eg har fått med meg alt. det skal seiast at me berre var 4 personar til frukost.

me la ut på køyretur, men landskapet tvinga oss stadig til å stoppa opp i veikanten for å ta bilder. shetland#12 eit underleg landskap utan trer eller buskar, men med fjordar, øyer, høgder og dalar. det kunne minne litt om island, men mangla dei karakteristiske høge, bratte fjella med flate platå. om ein trekk ei linje frå sørspissen av shetland og rett austover til noreg, treff ein omtrent stord. om ein trekk ei paralell linje frå nordenden, treff ein nordhordland. me bevega oss med andre (norske) ord frå sunnhordland til nordhordland på desse to dagane, for å hjelpa deg til å settja ting i eit perspektiv. og her -som i noreg, måtte me reisa med ferjer. først frå hovudøya og over til yell. me rokk akkurat ikkje den ferja, og måtte venta 50 minuttar til neste. i mellomtida køyrde me til brae og handla litt. ein veldig liten stad, kor me aldri riktig fann bysentrumet. på veg til ferjeleiet på toft skimta me sullom voe oljeterminal, som vart opna 9. mai 1981 av dronning elizabeth. under opningsseremonien gjekk ei bombe av, som ira truleg stod bak. ingen vart skadde, seremonien fortsette, og dronninga åt middag ombord på ferga rangatira, som hadde husa arbeiderane på terminalen (og som seinare vart skrapa i 2005). shetland#13 ferjeturen over til yell var roleg og fin, alle bilane i køen kom med, og overfarten varte i omlag 40 minuttar. shetland#14 yell hadde ikkje så utruleg mykje å by på, utanom fint landskap, dyr og norskinspirerte hus. for dét var ein ting på shetland som me sjeldan ser her i skottland: trehus som såg norske ut. no har også shetland eit uvanleg sterkt venskap til noreg. norske flag hang på rekkje og rad i fleire butikkglas i lerwick, og «velkommen» var ikkje eit uvaleg ord å sjå. stadnamna hadde som oftast norsk klang, i likhet med mange etternamn. grunnen er nok nærleiken til noreg, som har gitt både turisme, innvandring og utvandring gjennom tusenar av år, og dei kjende shetlandsbåtane som opererte under krigen. shetland#16shetland#17shetland#18shetland#21

me rokk ikkje ferja frå gutcher til den nordlegaste øya unst heller, så me køyrde attende eit par kilometer til eit galleri me hadde sett langs vegen. me hadde også lagt merke til at dei gravte opp torv rundtomkring, som låg til tørk i sola. sidan dette berre er noko me har høyrt om at dei gjorde i “gamledagar” måtte me stoppa for å ta det nærare i augesyn. det er sjølvsagt heilt naturleg at dei bruker torv til brensel, når antal trer på øya kan teljast på ei hand. shetland#32
shetland gallery er storbritannia sitt nordlegaste kunstgalleri og viste verk av lokale kunstnerar. det såg ikkje ut som dei hadde veldig mange besøkjande, men mannen me traff der fortalde litt om kunstnerane, kona si som hadde studio i same hus, og baud oss på kaffi. han bad oss besøkja huset ved sida av, som var eit veveri kor dei laga allslags stoff, og som folk kunne koma og ha arbeidsverstad. shetland#15 her vart me vist rundt og fekk sjå og kjenne på tweedstoff og vart forklart litt om korleis dei vart til. ferja til unst tok berre 20 minuttar og gav oss enno meir fin utsikt. shetland#20

unst hadde merkeleg nok litt meir å by på verka det som, sjølv om den låg lengst vekke frå alt og alle. shetland#22 det byrja så smått å romle i magane våre, så me sette oss eit mål då me las at det skulle vera eit viktoriansk “tea room” i haroldswick, nord på øya. før me stoppa der tok me ein svipptur så langt nord me kom. shetland#23 i norwick (sjølvsagt) tok me av på ein veg som vart dårlegare og dårlegare, og som til slutt enda opp heilt ytst på ein tupp ved eit nedlagt militærfort. shetland#25 sjølv om vêret var så skyfritt og klart som det kunne bli, såg me verken norskekysten eller nordpolen. shetland#24 derimot såg me (og høyrte) ein trillion fuglar, og ein del nysgjerrige sauer som heilt sikkert ikkje var så vane med å sjå folk.
terommet i haroldswick hadde ein heilt grei lunsjmeny, men det såg ut til at dei satsa mest på karbohydrater. me fann likevel noko med litt meir substans (salat med røykelaks, og ein slags koldtbordtallerken), og etter ein evighet kom maten. dette var ikkje staden å vera om ein hadde dårleg tid, eller skulle rekkje ei ferje til dømes. men kven skal vel det på ein laurdags ettermiddag?! etter maten køyrde me litt vidare i haroldswick og fann ut at øya sitt einaste bryggeri låg her (valhalla brewery), og ein sjokoladefabrikk. sistnemnde (foords chocolates) gjekk me innom for å kjøpe med oss nokre små gåver. den eine mannen som jobba der stod og snakka med eit anna par, og det fortsette han med heilt til me såg oss nøydde til å gå dersom me skulle få oppleve noko anna den kvelden.
me reiste heller for å sjå nærare på gokstadskipet. det låg nemleg i haroldswick. eller iallfall ein kopi av skipet til harald hårfagre -som har gjeve namn til vika. shetland#28 ved sida av låg eit rekonstruert langhus frå vikingtida. shetland#27
rett før me kom til ferjeleiet i belmont, fekk me tid til å svippe rett nedom uyeasound, berre for å sjå at det var ein fin, men mikroskopisk stad. me køyrde heldigvis 3km vidare forbi uyeasound, og fann muness castle, eit slott frå 1598. shetland#29 det vart bygd av laurence bruce, onkelen til patrick stewart -han som eigde herskapshuset på jarlshof i sumburgh. slottet vart desverre berre 29 år før det brann, og vart mest sannsynleg ikkje bygd opp att igjen. det er no ei ruin utan tak. shetland#30 i uyeasound skulle det vera ei glashytte med ei lokal glasblåsar. den som hadde hatt meir tid! men ta det med ro shetland, me kjem tilbake.
det var då me kom over på yell att, at det vart skummelt. no hadde me berre tid og veg før neste ferge skulle leggje frå kai. me køyrde i maksfart heile den 27 kilometer lange vegen og kunne berre gløyme å sei hei til eit einaste lam, dei fekk berre halde seg unna vegen no! me rokk det akkurat. dei kunne med fordel ha gitt passasjerane litt slingrinnsmonn slik at ein unngjekk råkøyrerar og potensielle svært alvorlege situasjonar. for det var ikkje så aktuelt å vente på neste ferje på ei “aude øy” når det byrja å gå mot kveld. shetland#31 då me ankom lerwick att var det på tide å få seg noko mat, og valget fall denne kvelden på indisk/nepalske gurkha. sjølve eterommet hadde nok sett betre dagar, men maten var god og servicen likedan. då me avslutningsvis sa at me kom frå noreg vart dei (også her) i fyr og flamme, og kjende visst godt til bergen. i lerwick sentrum var det full fest på dei fleste pubane. me spaserte ein tur langs hamna, helste på ein katt og ein sel, og såg sola farge himmel og hav lyseraud. så avslutta me kvelden på byens rolegaste pub “the noost” med nokre slag idiot.

på sporet av perez

juni 6, 2016

først av alt vil eg berre koma med ei anbefaling: reis til shetland! om du tenkjer at dette sikkert er ein flott plass du kunne tenkje deg å sett -gjer det!

me ankom shetland med båten hrossay frå aberdeen, fredag morgon 27. mai klokka 08.30. sjølv om me hadde sett på tv (i serien “shetland”) at mystiske forsvinningar kunne skje ombord på northlink ferries, kjende me oss relativt trygge der. trøytte i trynet etter ei natt med litt for mykje bølger og litt for lite søvn, sette me kursen mot knysna house som skulle bli vår base dei neste to nettene. der vart me møtt av hyggjelege jim som tok imot oss med opne armar sjølv om klokka berre var 8 og det enno var mange timar til innsjekk. me fekk leggja frå oss bagasjen der, og jim viste og fortalde oss entusiastisk på kartet over lerwick og shetland -kva som var verd å få med seg. det var mykje. det første stoppet vart difor fjarå espresso bar for å få i oss frukost og ikkje minst kaffi. det dei ikkje hadde på menyen var dei så greie å fiksa til oss, så i tillegg til å få ei nydeleg utsikt mot sjøen, vart me også gode, mette og klare for ein ny dag. bressay#1 leigebilen vår var ikkje klar før klokka ti, så me gjekk litt i handlegata først. for det var berre éi. men det var plenti, eg fann nokre stilige sko på ein bruktbutikk som fekk vera med meg heim. snart var me på vegen i ein liten kia, i retning sør. me såg raskt at det ikkje var enkelt å ta beine vegen til sumburgh, fordi det for det første var ganske svingete, og for det andre ganske mange ting å ta bilder av, både landskap og dyr. sauene hadde nett fått lam, og nokre av dei var så små at dei var mest heilt gjennomsiktige der dei hoppa rundt mødrene sine. shetland#1shetland#2shetland#3

dersom du har sett tv-serien shetland, vil du nok dra kjensel på nokre av lokasjonane på øya derifrå. det gjorde me då me reiste opp til fyrtårnet på sumburgh head. shetland#4 det låg ikkje berre ute på eit nes, men også oppe på ei høgd, så utsikta her ifrå var flott! shetland#6 mot sør kunne me skimta den vesle øya fair isle kjend frå serien som heimstaden til detective jimmy perez, og det karakteristiske fair isle mønsteret ein finn på mange strikkegenserar her ute. for nokre pund fekk me med oss litt historie om både fyret og livet som fyrvoktar og fyrbuar. shetland#5 det vrimla av fuglar rundt oss, mest dei frå måkefamilien, men då me skulle til å gå ned att, stod den der -ein einsam lundefugl og kikka på oss. puffin dette skulle visa seg å vera den einaste lundefuglen me såg på heile turen. den som hadde hatt ei superlang kameralinse akkurat då…

på sumburgh head skjer det ikkje stort. der ligg eit par hus, øya si hovudlufthamn, det nemnde fyret, og den 4500 år gamle busetjinga jarlshof. shetland#7 her hadde det budd folk til mest alle tider, iallefall heilt fram til 1600 talet. me fekk kvar vår audioguide og gjekk rundt i ruinane medan me høyrde forklaringa om korleis det hadde sett ut og vore å bu her. jarlshof#3 dei eldste funna er frå neolittisk tid, eller yngre steinalder, sjølv om dei første runde steinhusa som var bygd der “berre” stammar frå bronsealderen omlag 2500 år f.k. dei neste husa som vart bygde der -i jernalderen, vart kalla broch, og me såg noko liknande på øya skye. her hadde dei bygd tjukke steinmurar i to lag, og sjølve innhaldet var delt inn i fleire rom som omkransa eit opphaldsrom. jarlhof#2jarlhof#1 pikterane var dei neste som slo seg ned her, og frå dei har ein funne dekorerte steinar og ein heilag stein. så kjem også namnet deira frå ordet pictures, altså teikningar eller dekoreringar. vikingane sin inntreden på jarlshof markerte eit skilje i byggemåten til steinhusa som ligg der, dei tok nemleg med seg måten å byggja hus på frå skandinavia. jarlshof#4 slik har vikingbusetnaden på jarlshof blitt den største på britisk land og består av sju firkanta langhus. då mange hundre år hadde gått, og ruinane etter dei første innbyggjerane var dekka av jord og gras, sette dei i middelalderen opp eit gardshus i stein. dette vart på 1500 talet ombygd til eit herskapshus, om enn noko mindre enn det ein ser føre seg når slike vert omtala. det var den første jarlen av orknøyane, robert stewart, som reiste dette, før sonen hans, patrick stewart, overtok og moderniserte det. sidan slutten av 1600 talet har jarlshof stått ubebudd og urørt, og det var ikkje før etter ein storm i 1890 at ruinane kom til syne att. i 1925 byrja dei arkeologiske utgravingane. shetland#8
vil du lesa meir om jarlshof kan du gå her.

det var bitande kaldt ute på sumburgh head, så etter å ha gått igjennom alle årtusena på jarlshof, køyrde me attende via scalloway. men sjølvsagt ikkje utan nokre bildestopp! me såg fleire dyr på vegen, mellom anna ein gjeng selar som låg og sov på ei strand. shetland#9 omtrent halvvegs mellom sumburgh og scalloway, på vestsida av shetland, ligg øya st ninian’s isle. den er berre knytt til resten av shetland med ei strandtunge. dette er også ein stad me kjende att frå tv-serien, då dei fann narkotika som hadde drive i land her. strandtunga gjer i sommarhalvåret st ninian til ei halvøy, men sidan den stort sett blir viska ut av hardt vêr i vinterhalvåret, kjem namnet “isle” til sin rett då. shetland#10
i scalloway var det ei slottsruin, men no var det blitt så seint på dag, me var kalde og svoltne, så me sette heller kursen mot lerwick att. shetland#11 der viste jim oss til rommet vårt, eller rettare sagt leiligheten vår på loftet. med stort soverom, opphaldsrom med tv, kjøleskap og lenestolar med massasjefunksjon fann me raskt ut at dette ville bli ein fin plass å bu. om eg skal vera litt pirkete så hadde det vel gjort seg med eit badekar i staden for dusj, men me klaga ikkje. jim hadde til og med utstyrt badet med kvar vår forundringspakke med toalettsaker frå oriflame. etter å ha fått varmen i oss, gjekk me til lerwick hotell som låg eit steinkast unna. der skulle dei ha ein ok restaurant -the bay brasserie, og det viste seg å vera sant og vel så det. me var heldige å få bord av dei fire servitørane som stilte opp då me kom inn, og fleire skulle det bli. ikkje noko å sei på beredskapen der altså. menyen var svært rikhaldig og valget var langt frå enkelt, men falt til slutt ned på røykelaks, asparges og posjert egg til forrett, etterfulgt av pestomarinert steinbit med soltørka tomat-infisert potetstappe og ovsbakte cherrytomatar, og guiness sjokoladekake med kremostsorbet til dessert. mannen hadde friterte kamskjel, ein fiskerett kalla finnan haddie, og crème brulée til slutt. det var ikkje aktuelt å ikkje ete opp alt sjølv om me vart så mette at me var sprekkeferdige. eit av dei betre måltida i storbritannia i ei veldig fin og roleg atmosfære. me avslutta kvelden med eit slag kort eller fem på thule bar, akkompagnert med kygo frå jukeboksen. ein fin dag på shetland var omme.

skip o’hoy!

mai 27, 2016

sidan eg ikkje kom på nett på ferja i går kveld, postar eg dette innlegget først no.
frukosten er allerede inntatt på kafé fjarå i lerwick, og snart skal me reise rundt å sjå oss om.

i skrivande stund forfattar eg eit reisebrev frå ein skipslugar ombord på mf hrossey. dette er ei av northlink ferries som går mellom aberdeen og lerwick på shetland. me mønstra på klokka 16.30 og la frå kaia i aberdeen presis klokka 17.00 ute på dekk fekk me tatt nokre bilder og sett hoppande delfinar før eg vart så dårlig (sjøsjuk) at eg berre måtte leggja meg på lugaren. for heldigvis hadde me den! mange reserverar stolar til å sova i under overfarten, eller rett og slett legg seg på ein sofa i baren. å gå og få meg mat i “byssa” kunne eg berre gløyme. magen vrengte seg berre eg reiste meg frå senga. så mannen måtte gå opp åleina stakkar, og eg som synest så synd på folk som må ete åleine på tur. vel vel, eg kunne trøysta meg med at maten visstnok ikkje hadde vore noko å skriva heim om. så då slepp eg det! no er farvatnet mykje rolegare, og eg har fortært to epler. me legg snart til kai på orknøyane for å sleppe av og på folk. så bér det strake vegen til shetland. håpar eg. i morgon skal me vera framme 7.30. håpar det vert litt søvn fram mot den tid. snakkast!
IMG_8431
orknøyane sett frå lugaren

inverness

mai 19, 2016

fortsettjing frå innslaget “isle of skye”.
me kom til inverness via ein køyretur frå isle of skye, via eilean donan castle, gjennom clooney og langs elva ness. ingen sjøuhyrer i sikte, berre fin natur, og slottet urquehart som me hadde besøkt 12 år tidlegare. me nøydde oss med å sjå det frå avstand denne gongen. inverness viste seg å vera like sjarmerande som den byen me hadde besøkt som ungdommar på interrailtur, på byrjinga av 2000-talet. invernesswaterfront me hadde ikkje overnatting då me ankom, for bookingsidene sa at alt var fullt. men det var langt frå sanninga. me køyrde nemleg rett til bed & breakfast-distriktet i og rundt kenneth street, parkerte, og tok ein dør-til-dør aksjon. heldigvis enda me opp hjå mor og dotter på heimekoselege kilcumin guest house. der var det berre mor som var “heime”, men det gjorde ingenting for ho kunne si utleigeverksemd. dottera hennar hadde nett teke over drifta, pussa opp alle rom, og klokeleg hyra inn mor si som assistent. mora hadde erfaring med å drive b&b’en før dottera overtok. det skulle visa seg å vera både husrom og hjarterom hjå kilcumin. klokka var berre fire, og me var allerede på veg inn til byen for å sjå om den tok seg like godt ut som sist. det gjorde den. invernesswaterfront#2 me gjekk og såg i gatene, nokon handla litt, og nokon sette seg ned for å eta. eg og mannen åt middag på riva ristorante som diska opp med god italiensk mat. seinare samlast reisefølgjet att og kvelden vart avslutta med pubquiz.
neste morgon stod me opp til dekka bord og ein frukost utan sidestykke. toast, rykande ferske pannekaker, ost og skinke, frukostblanding og yogurt -og dette var berre dei kalde rettane! kilcumin for den maskuline halvdelen av reisefølgjet vårt valgte full skotsk frukost: nok mat til å metta ein heil liten landsby. utforskinga av byen fortsette etter dette, og me skilde lag att. eg og mannen gjekk på turistinfoen og fekk peikt ut kor museumet var. eit fint museum, med kunstutstilling i øvste etasje, og skotsk utstilling i første. der såg me mellom anna eit par norske treski, som nokon entusiastiske skiløperar hadde anskaffa seg.
invernessmuseum#1invernessmuseum#2
vidare var det eit rikt utval av utstoppa dyr, til dømes den skotske villkatten. dette er vel det dyret som fascinerar oss mest her borte. det finst nemleg ein vill katterase i høglandet, på lik linje som me har gaupa i noreg, berre at dette ser ut som ein vanleg katt, berre litt større, med breiare andlet og tjukkare hale (og sikkert pels). berre synd at den var utstoppa. etter litt kulturelle innslag gjekk me for å finne hostellet kor me budde for 12 år sidan. jammen låg det ikkje på same plassen, men såg det ikkje litt lite ut? var det berre dette? jaja, alt verkar jo større når ein er liten. me mimra oss attende til ein sommar på togtur gjennom storbritannia og irland, med lite pengar, men med eit hav av lukke og ynskjet om å oppdaga noko nytt. bazpackers i gata som leda til hostellet låg ein kjekk liten restaurant, som me la oss på minnet, og attmed restauranten låg eit lite galleri med allslag biletkunst, men kanskje mest hovudvekt på trykk. inverness#1 me spaserte vidare på oppdagingsferd i byen, inverness#3 gjekk gjennom handlegater, inverness#2 over bruer, inn i butikkar og i kyrkjer. standrewscathedralinverness inverness er ein akkurat passe stor by til at det er nok å sjå og finna på, men ikkje så stor at du ikkje kjem over alt på eit par dagar. det er ein del turistar her sidan byen satsar stort på turisme, og dreg god nytte av sjøormen som etter sigande har tilhald like ved. det er også ein naturleg stoppestad på veg frå både sør til nord, og vest til aust (eller omvendt). om kvelden gjekk me tilbake til den vesle restauranten me hadde sett tidlegare på dagen og spurde om dei hadde eit ledig bord til oss. café 1 heitte den, og hadde både husrom og hjarterom. frå me kom inn døra kjende me oss meir enn velkomne, og alt som me smaka på var av ypperste sort. ein av dei betre smaksopplevingane eg har hatt i skottland, og ein restaurant du ikkje bør gå glipp av i inverness. før natta breidde seg over oss, fekk me med oss eit musikalsk innslag på puben hootenanny. her kan ein oppleva tradisjonell skotsk musikk -kalla ceilidh, mest kvar kveld i veka. god stemning og god musikk.
neste morgon hadde nokre av oss lært av sine “feil” og bestilt litt mindre frukost, me var likevel svært mette og nøgde då me gjekk frå frukostbordet og omsider takka for oss og gjestfriheten dei to damene hadde vist oss. syster mi sende til og med julegåve til dei nokre månader seinare. me tok (sjølvsagt) ikkje strakaste vegen heim, men la den heller gjennom det skotske whiskey-landskapet, sidan me hadde ein whiskey-interessert type med oss. i den vesle, koselege staden tomintoul (som eigentleg berre er ei lang gate med hus på begge sider), stoppa me for å ete lunsj på ein kjekk kafé. tomintoul dei hadde også ein landhandel, eit par overnattingsstader, ein whiskeybutikk og eit museum. me besøkte sistnemnde som viste oss litt om korleis dei levde her i gamledagar. jammen hadde dei ikkje utstoppa dyr og treski her også! tomintoulmuseum#2 etter ei nydeleg tur gjennom det vakre skotske landskapet, scotland#1scotland#2 var me heime att i aberdeen. alle var einige om at det hadde vore ein fin tur!

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.