Gå til innhald

frå bologna til firenze i ein fiat 500

september 20, 2012

her er eg igjen. vanlegvis plar eg å skrive når me har litt tid på tog og buss, mellom destinasjonar. no køyrer me altså rundt i ein fiat, og eg er kart- og skiltlesar. eg gjer stort sett ein god jobb.

bologna var som sagt ein veldig fin by, absolutt verdt ein tur! etter å ha ete frukost på hotellet, sjekka me ut og såg at fiaten vår framleis stod trygt parkert. ingen bulkar. me såg dei to tårna som byen er kjend for, spaserte rundt i gatene (nokså stor by med 372 000 innb.) og var i verdas femte største kyrkje –san petronio, som var storslagen til tross for sine to terroristangrep.
det mest fantastiske med kyrkja var den 67,7 meter lange solkalenderen i golvet. ved hjelp av eit lite hól i taket som slapp sola inn, peika solstråla på rett dato og månad -vist i steinmosaikk. men dette leidde til at dei fann ut at den julianske var feil! skuddåret vart hermed innført. kamera var ikkje lov ellers skulle eg ha vist det.
før me forlot bologna fekk me oss ein matbit i ein av dei koselege trattoria’ane, og køyrde opp ein fjellskrent der me tidlegare hadde sett ein flott bygning. dette var basilica santuario della madonna di san luca -ei rustraud kyrkje på ein aude haug.
den var synleg langt av garde, for me såg den etter å ha køyrdt mange mil over mange haugar.
den innehaldt mellom anna ei altertavle med måleri av maria og jesus laga av st. luke (-lucas?)
vegen vidare var prega av hårnålssvingar i alle retningar. me hadde plotta inn vegen frå bologna til firenze og kryssa av både «unngå bompengevegar» og «unngå motorvegar», så då vart det slik.
me brukte altså ganske lang tid, men synet som møtte oss i det me runda bakketoppen vår var verd heile den svingete turen. firenze som bretta seg ut som eit teppe mellom toscanske dalar, med enorme kuplar og tårn og millionar av små hus i lyset av kveldssola, berre delt opp av elva arno. me hadde funne eit «herberge» med god hjelp av booking.com, og etter eit tappert forsøk på å køyre heilt fram til døra gjennom gater smale som fyrstikker sette me bilen frå oss og gjekk det siste stykket til badia fiorentina. dette viste seg å vere ein heil liten leilighet med kjøken og opphaldsrom i tillegg til soverom og bad. rektig så heimekoseleg.  det at det budde ein bråkete familie i etasjen ovanfor, gjorde sitt til at me følte oss som heime. den veldig hyggelege mannen som styrte bed & breakfasten (som me ikkje var ein del av), tilbydde seg å følgje med oss til bilen for å vise oss næraste parkeringshus. dette gjekk som smurt. me var bokstaveleg talt utkøyrt etter dagens ettappe, så me tok kveldsen på ein trattoria i nærleiken og la oss. laurdag kveld og fest hjå dei ovanfor.
neste dag låg firenze for våre føter, og det første me tok i nærare augesyn var elva arno, og ponte vecchio eller «den gamle brua». den var no fyllt av små suvenirbutikkar, men tidlegare hadde gullsmedane monopol på dei små utsalsbodene. slakterane var dei som opprinneleg hadde tilstad her, men sidan dei kasta avskjær og slintrar i arno, vart dei kasta ut av medici’ane. medici’ane var dei som styrte byen. dei hadde status som dagens kongelege. på vegen slukte me eit par frukostbitar og kaffi, før me fortsette i palazzo pitti. eit flott slott med ein minst like flott hage (boboli) på baksida. her hadde medici’ane hatt bustad, men no var det fyllt med kunst. me kunne sjå nokre rom som stod som dei var innreda i 1880, då savoy’ane hadde sin bustad der. lengje etter medici’ane altså. ei separatutstilling her inne var også via til amerikanske indianerar. her fekk me sjå foto og måleri tekne då europearane gjorde sitt inntog i amerika. me såg også ein kopi av det fyrste verdskartet som hadde amerika innteikna.  denne sida av byen var eigentleg den mest sjarmerande og ikkje så klaustrofobisk som det lett kan bli med trange gater og mykje turistar. me sette oss ned på ein travel men fin trattoria på piazza san spirito. rett ved sida av var det ein utandørsmarknad med heimelaga ting og brukskunst. me gjekk attende over ei anna bru, og fekk auge på det norske konsulatet.
den spanande fortsettjinga følgjer seinare.

7 kommentarar leave one →
  1. Anne Berit permalink
    september 20, 2012 9:14 pm

    Ja, her kan det komma mange flotte bilete. Gler meg til å sjå slottet.

  2. september 30, 2012 12:35 pm

    Å, en Fiat 500! Det er jo de fineste bilene! Hvor er bildene?

  3. Anne Berit permalink
    januar 14, 2013 6:03 pm

    Nå må eg finna meg tid til å lesa alt igjen, for her var det mange flotte bilder som seier meir en 1000 ord…men ikkje slutt å skriva

Trackbacks

  1. paris – ei kjærleikshistorie | tante reisande åse

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: