hummar & kanari
firenze er proppfull av ting å sjå og vegen vidare gjekk til duomoen, eller Basilica di Santa Maria del Fiore frå 1436. den har ein spesiell utsjånad i pastellfarga marmor. noko som skulle vise seg å vere ein vanleg utsjånad på florentiske kyrkjer. innvendig var domen majestetisk og i ubegripelige dimensjonar.
153 meter lang og 90 meter brei, med den største kuppelen eg kan hugse å ha sett -90 meter på det høgaste.
me trengte ein pause etter dette, og sette oss på piazza di santa croce, der solskinet framleis kikka ner over dei høge bygningane.
etter ei stund kom nokre musikantar og spela opp, og jammen byrja ikkje nokon å danse også. basilica di santa croce som låg her, hadde stengt når me ankom, men eg vil anbefale ein tur innom, ettersom mellom andre michelangelo og galileo galilei ligg gravlagd her.
den er fransiskanarordenens største kyrkje (i verda). me åt middagen på obiká -ein mozarellarestaurant (!) med litt andre ting på menyen også. til forrett måtte me sjølvsagt prøve ut mozarellaen, den eine var røykt og det var nokså spesielt. til hovudrett hadde me noko anna (som ikkje gjore så sterkt inntrykk). me tok ein tidleg kveld for me skulle bruke dagen på ufizzi neste dag. etter frukost heime troppa me opp utanfor ufizzi og oppdaga gladeleg at køane ikkje hadde byrja å kome. det var generelt ganske roleg i byen denne måndagsførmiddagen. måndag altså -den dagen dei fleste museum har stengt. også eit stort museum som ufizzi. me måtte finne på noko anna, så me gjekk i palazzo vecchio, der bestilte me omvisning på engelsk til seinare på dagen. i mellomtida slo me ihjel tid i enno fleire kyrkjer, smug, piazza’ar og museum. me åt lunsj i sola og såg på turistane.
den guida turen var vel verdt ventetida. ei fransk dame tok oss med rundt i palasset som medici’ane (sjølvsagt) hadde budd i. me fekk historiar om cosimo og eleonora, og sonen francesco (far til dronning marie av frankrike), såg romma dei hadde budd i og salane dei hadde bygd ut.
me fekk til og med gå oppunder taket og forklart konstruksjonen.
me hadde blitt forespegla at omvisninga skulle ta ein time, men den tok to. det var blitt ettermiddag når me kom ut, og me hadde tid til eit slag idiot på guccibaren før middag. og middagen tok me på dei frescobaldi ristorante. ein utruleg fin, liten restaurant. heimekoseleg og med merksame, høflege og hyggelege ansette. me åt hummar og kanari(eller i allefall fugl) for ein slikk og ingenting.
neste dag gjekk turen vidare, og me fann med litt tålmod turen ut av byen og sette kursen mot kysten. turen gjennom toscana var heilt ubeskriveleg vakker, og at me tok (ein planlagt) omveg om greve in chianti, var eit sjakktrekk.
dette området kom dessutan amerigo vespucci frå -mannen som oppfant amerika. me stoppa på ein koseleg trattoria ein eller annan stad i toscana og åt pasta.
og det skal seiast; italia er kanskje ikkje staden for dei heilt store gastronomiske opplevingane som t.d. frankrike kan vere, men når råvarene er ferske og gode, kan sjølv den enklaste rett vere ein fest for smakslaukane.
då me endeleg kom til kysten, såg me ikkje berre havet. men langt uti der låg vakre korsika. det var vemodig å reise i andre retningen og berre sjå den bli mindre og mindre til den forsvann i det blå.
i livorno måtte me ut å strekkje på beina og spaserte rundt på den vesle øya som er midt i byen. med små bruer og «kanalar» blir deler av byen kalla «vesle venezia». litt meir modernisert enn dei byane me hadde besøkt til no, og ganske mykje meir industrialisert. at det var ei av landets største havner her, gjorde også sitt til at det ikkje vart så pittoresk. så me feis vidare oppover kysten.
det byrja å bli seint på dag, så me måtte finne ein stad å overnatte for kvelden. tirrenia hadde plenti med hotell og resort’ar både med og utan strand, men me la oss inn på eit vertshus. for omlag 550 fekk me eit heilt greitt rom på cavaliere nero (med støy frå vegen rett attmed og restauranten i 1. etasjen) og ein god frukost neste morgon. dessutan var restauranten deira veldig populær, med mange besøkande om kvelden og god mat. det var allerede blitt onsdag, og den kom med regn. me køyrde opp til pisa for å sjå tårnet. mannen hadde sett dette før, og kunne fortelje at han ved forrige besøk reiv ned (nesten) ei heil salsbod med suvenirar.
ingen uheldige situasjonar denne gongen.
me vurderte om me skulle betale for billett og gå opp i tårnet og inn i kyrkja og battisteriet, men me lot vera og køyrde heller vidare til den vesle byen lucca. den hadde eit fint sentrum innanfor bymurane. det mest spesielle var nok piazza dell’anfiteatro, som var ein rund, open plass med hus rundt.
her skal det visstnok ha vore eit amfiteater, som me ikkje kunne sjå nokre tegn etter. det byrja å regne att, så det passa fint å settje seg inn på koselege osteria baralla. i italia fungerer eteplassene sin «rangsstige» slik: restaurant er finast, så kjem trattoria som er litt mindre formelt og kanskje familiedrivne og deretter osteria som er veldig uformelt, men kan ofte ha den beste atmosfæren. eg åt ei tradisjonell grønsakssuppe med eit tjukkt brødstykke flytande oppo. toppa med smelta ost. så enkelt, men så utruleg godt! mannen fekk pasta og lam -også dette veldig smakfullt.
regnet roa seg litt etterkvart, så me våga oss ut, men kjøpte ein paraply for å vere på den sikre sida. me gjekk opp på bymuren, som hadde ein fin sti og god utsikt både over husa i byen og parkområdet rundt.
men det var heilt greitt å settje seg i bilen etterpå og skrue på varmen. i forte dei marmi skein sola att, me var komen til kysten.
Kjekt. Kunne du kanskje slengt inn eit kart, slik at me kan liksom sjå kor de var, så eg kan kikka på kartet mens eg les og sjå ruta de reiste/gjekk. Eit kart frå internett er greit. Berre til orientering for oss som er lite besreiste, viss me får kjempelyst å besöka dei plassene du skriver om så veit me kor dei er på kartet! Viss det ikkje er til bry då.!
god idé! det skal eg absolutt gjera 🙂