palme ved reisens slutt
me hadde ikkje så mange dagar att av reisa vår, så me hadde bestemt oss for å ta dei siste dagane ved kysten. litt avslapping og late dagar er ikkje dumme innslag i ein ferie heller. me køyrde nordover langs kysten, via ameglia -ein liten by som klamra seg fast høgt oppe i fjella. då me hadde køyrd vidare oppover og runda tuppen ved monte marcello, fekk me ei flott utsikt over strekninga me hadde lagt bak oss.
og lengst ute på tuppen i andre retninga var målet for dagen -portovenere.
det var ein fin liten by som duppa roleg i middelhavet. me stod lenge og funderte på om det var lovleg å køyre ned til byen med bil. ifølgje lonely planet måtte du settje frå deg bilen på parkeringsplassen og spasere dei resterande kilometrane. skiltinga var håplaus, så me tok tjangsen på å køyre ned. me hadde funne eit greitt hotell på booking.com som hadde gratis parkering. det viste seg at det var éin einvegskøyrd veg ned til portovenere, som ikkje gjekk inn i det vesle sentrumet, men tilbake att som ein «loop». me sjekka inn på le terrazze som hadde ein nydeleg plassering. litt tilbaketrukke frå byen, men med ein nydeleg utsikt. som namnet tilsa hadde alle romma store, flotte terrassar. badebasseng hadde dei også, i tillegg til bar og restaurant. me tok ein tur for å ete og kikke litt på resten av byen.
ein trengte ikkje heile dagen for å utforske den, men det byrja å bli mørkt og områda ovanfor havna var svært dårleg opplyst og då me i tillegg møtte på ein litt «ivrig», laus hund sa me oss ferdige med runden. middagen bestod av delikatessar frå havet og pasta. det byrja å regne att utover kvelden, men me sat heldigvis under ein stor parasoll, så det var berre koseleg. det letta nok til at me fekk tatt eit slag idiot før me gjekk heim.
neste dag skein sola og me fekk sjå kor morgonvakker portovenere var.
frukostbufféen var sett fram på terrassen attmed bassenget, og utsikta var uslåeleg. me skulle planleggje kor turen skulle gå vidare, men me kom ikkje på internett. ganske dårleg når dette var reklamert for i hotellbeskrivinga. ikkje noko å gjere med det, me var ved inngongen til cinque terre -så det var berre til å begi seg ut på ein opplevelsesrik dag. rett før me kom til la spezia att tok me av opp til venstre og det gjekk stort sett oppover resten av vegen verka det som. høgt oppe i fjellskråningane snirkla vegen seg framover. det var så uoversiktleg og smalt at me måtte fløyta før kvar sving me køyrde inn i. men for ein utsikt! langt der nede med havet låg fem små byar på rekkje og rad. det var ikkje vegforbindelse nede mellom dei, så dersom me skulle besøkje dei måtte me sette frå oss bilen, betale (ganske mykje for) parkering og gå dei siste kilometrane ned. du kunne nå byane med tog eller til fots. det var veldig populært å gå mellom byane i tilrettelagte løyper. i den varmen må eg innrømme at eg ikkje hadde orka å gå så langt, så stor honnør til alle som trossa sola. og det var mange av dei!
nokre tok også båten dertil, men det var ikkje alle byane som hadde havn heller. me var i byane corniglia
og vernazza.
i vernazza såg det ut til å ha gått eit jordskred eller at ein bekk hadde blitt til ein foss.
det positive var at oppbyggjinsarbeidet såg ut til å vere godt i gong. etter eit uendeleg tal med hårnålssvingar og i alt 28 tunnellar så långt i italia,
ankom me den vakre byen santa margherita ligure.
palmer, utsmykka bygningar og fine hoteller. og på eit av dei fine hotella skulle me bu. på dei fleste stadene me budde på på turen hadde me bestilt hotellrommet medan me var i byen (via booking.com), og gjerne troppa opp nokre få minuttar seinare. veldig praktisk ettersom du har eit inntrykk av korleis byen er og kor ein kan tenkje seg å bu. dersom ein i tillegg har eit kart lett tilgjengeleg og ikkje er redd for å bruke litt tid og pengar på 3G (eller wi-fi dersom du er heldig) er dette absolutt å anbefale. på hotel continental hadde dei (som eit par av dei andre hotella) ikkje lagt merke til bestillinga vår då me ankom. dei fnisa litt av kommentaren «we will arrive in five minutes» i bestillinga. «you are faster than the internet» var ein gjengangar. rommet var det ingen verdas ting å sei på. det kunne sjølvsagt vore fint med havutsikt istadenfor vegutsikt, men me var ikkje villege til å putte tusen kroner ekstra i potten for det. badekar, altan og separat soverom holdt i massevis!
me hadde tid til å nyte ettermiddagen og gjekk ned mot sjøen og hotellets «strandkafé» for å gire ned nokre hakk.
mannen var overbevist om at han hadde fått større musklar av å stivhalde på rattet og svinge meir enn han hadde gjort nokon gong i heile sitt liv.
utpå kvelden gjekk me ut i byen og åt på rêve. ein bortgøymd liten restaurant som ein berre fekk auge på dersom ein såg seg veldig godt om i alle smuga ein gjekk forbi.
dei serverte dei herlegaste rettar og endeleg fekk eg ein etterlengta tunfiskmiddag. den var rektig nok litt for rå (for min smak) og mektig, men like fullt -heilt på sin plass. til forrett hadde eg indiskinspirerte kreps. mannen fekk gnocci og fisk under eit lag av chips (!). spanande mat og flinkaste servitørane. me vagga heim og tok eit kortspel i hotellbaren. der blei me kjend med hans-petter og barbara, som var frå austerrike. hyggjelege folk.
dersom me hadde visst om den fantastiske hotellfrukosten me skulle innta fredags morgon, trur eg me hadde stått opp tidlegare, men dette var ein dag som stod i avslappinga sitt teikn. med ein nydeleg utsikt frå hotellterrassen tok me fatt på den bugnande frukostbufféen. dei hadde til og med egg & bacon, det hadde me ikkje sett nokon annan stad på turen (kanskje like greitt!). etter å ha prøvt å smaka på alt gjekk me for å høyre kva hotellets spa-avdeling hadde å tilby. det fullt utstyrte treningsrommet var vel det me burde ha benytta oss av, men istadenfor bestilte me oss kvar vår massasjetime. den var ikkje før litt utpå dagen, så me hadde tid å liggje på «stranda» først. «stranda» var ei støypt bryggje med strandstolar (som ikkje var gratis nei). den hadde dei to viktigaste ingrediensane ei strand bør ha: sol og sjø.
med oss hadde me dei to nest viktigaste ingrediensane: solkrem og hello. terapi for kropp og sjel. og det vart det meir av på massasjebenken. me kom ut att som nye -om muleg endo meir avslappa, menneske. for ikkje å gli rett over i tidleg pensjonstilvære tok me ein utflukt til næraste by: portofino. av den hjelpsame hotellresepsjonisten hadde me fått anbefalt å ta den omlag 5 km lange turen til fots. og det var ikkje noko problem, særleg ikkje når me hadde ein gelato-stopp på vegen. delar av fotturen var lagt i ein tursti litt opp i høgda. det tok dryge 45 minuttar å gå frå sentrum. då me ankom miniputtbyen portofino, var sola på veg ned, og me fekk med oss eit siste glimt av ho då me hadde trakka oss opp til kyrkja på haugen.
bakanfor låg det eit lite «slott» -castello brown, med utsikt over byen og havna (og langt innover til rapallo).
der var det også ei aldri så lita fotoutstilling, med glimt av små og store stjerner som hadde besøkt området. me kunne sjå grace kelly og ranier i båten sin ved havna, hugh grant, walt disney og mange fleire hadde kasta sin glans over den vesle havna. for portofino kan knapt kallast ein by. det er ikkje mykje meir enn ei havn med bygningar rundt. det er verdt ein visitt, men eg kan absolutt anbefala å bu i santa margherita istadenfor. straumen av turistar frå cruiseskipa som låg utanfor såg ut til å aldri ta slutt, så me sette oss på den opne plassen og la eit slag idiot. til akkopagnement drakk me dei dyraste dråpane me hadde hatt på turen. ikkje fordi dei var så utsøkte, men fordi alt var overprisa her. før me vende attende tok me ein matbit på la gritta.
her spurde me den hyggjelege servitøren om det gjekk buss inn til byen, korpå han kunne fortelje att den siste var gått for eit kvarter sidan. han anbefalte oss å ikkje ta taxi, sidan det ville bli hårreisande dyrt. men me som hadde spasert dertil, kunne saktens spasere attende. og me kunne ikkje ha gjort eit betre val, for det første som møtte oss i byen var eit fyrverkeri me sjeldan har sett maken til!
me såg blitzinga frå cruiseskipa og folk som stoppa opp og applauderte langs vegen. kan hende det var eit bryllup i nærleiken som feira med fyrverkeri, for det var ikkje spart på hjarter eller (lys)fontener. me kunne ikkje ha bedt om ei flottare avslutting på reisa. for no var det berre returen igjen. neste dag var me oppe før sola, eller 5.30 om du vil. me hadde rådført oss med hotellpersonalet som meinte det ville ta omlag 2,5 time til milano. me rekna litt ekstra tid for å vere på den sikre sida. det bar strake vegen inn på autostradaen i stummande mørke. me kunne ikkje køyre så fort som me ville gjort på dagen, for det var vanskeleg å ha skikkeleg oversikt. men så fort det byrja å lysne, vart det mykje betre.
turen gjekk forrykande fint, og plutseleg var me i milano.
etter eit par rundar fann me ut kor me skulle levere bilen, og snart var me på vengene tilbake til gamlelandet. og her sit me att med mange inntrykk og vakre minner frå italia. det er godt å varma seg på i ein regnfull haustkvardag.