Gå til innhald

oslove

november 26, 2012

helga 15.-18. november var me ein tur på austlandet. fint med ei storbyhelg i ein elles så vanleg kvardag. flyet gjekk torsdag 17.40 frå flesland til gardermoen. innsjekkinginga til norwegian går som smurt når ein kan ordne alt sjølv. og ikkje lengje etter var me i sjølvaste hovudstaden og sjekka inn på grand hotel. av resepsjonisten fekk me generelle opplysningar om hotellet. frukosten vart servert frå 7-10 og spaet var ope frå 7-21, 8-20 på laurdagen. me var forbausa over at frukosten ikkje varte lengre, men me veit jo korleis nordmenn er. opp og hopp, ikkje liggje og dra seg! sjølv når ein er på hotellferie. etter å ha gått så langt vekk frå hotellet sin kjerne som me kom, fann me rommet vårt inst i ein gang. me hadde bestilt den billigaste hotelltypen dei tilbydde, så me forventa ikkje kandelaber og gulldetaljar. rommet var fint nok til vårt bruk, romsleg og luftig. men badet skreik etter vedlikehald. sprukne -og nokre stader manglande fliser var ikkje særleg innbydande og høyrde ikkje heime på eit femstjernes hotell, uansett rom-prisklasse. grandhotel#1 belysninga på badet var tydelegvis installert av ein mann som ikkje hadde behov for å sminka seg. eg vurderte fleire gonger å gå ut i gangen for å sjå meg i skikkelege opplyste speglar. me skulle uansett ikkje bruke mykje tid på rommet, me gjekk heller ut i den kalde kvelden. først var me innom brasserie france, men dei hadde fullt hus. vårt andre valg -og sikre kort på hand var restaurant fjord. her har me vore to gonger før og alltid likt både mat og service. dei førre gongene har me fått servering av ei hyggjeleg dame som på mirakuløst vis hugsa oss igjen på tross av at me kom med eitt års mellomrom. ho var ikkje å sjå, men bytta ut med eit par unge svenskar, som me på beste vis prøvde å tolke. me skjønar svensk altså, dei prata berre veldig fort og med ein schwong som ikkje lar seg oversettje. det gjorde ingenting for maten var heilt utruleg god. fjord er ein fiskerestaurant med ein fast femrettars meny, der du kan velgje bort dei rettane du ikkje ynskjer. dei har vinpakke, vekas raud og kvit, i tillegg til vinkart. me vart servert •sashimi av havabbor -og eg som ikkje visste at eg lika sushi! •pannesteikt kamskjel •marinert breiflabbkjake -ikkje heilt det store i følgje mannen •pannesteikt lyr •sjokoladevariasjon •utvalde ostar. me konkluderer med at fjord alltid er ein sikker vinnar. omgjevnadane er også behagelege og avslappa (om enn noko kaldt). etter måltidet var me så mette og nøgde at me tok strake vegen heim til hotellet. om det ikkje var himmelsengjer me låg i, så var dei i alle fall nokså himmelske og me fekk ei god natts søvn før frukosten i grand cafe kalla. sjølv om me ikkje har budd på grand før, har me testa ut frukostbufféten her. ein tidleg morgon me kom frå natt-toget fann me det for godt å varme seg i grand sine fasjonable lokaler. så me visste kva herremåltid me gjekk til. og vart på ingen måte skuffa. eg gidd ikkje å ramse opp kva mat dei hadde, for det var rett og slett alt du kan tenkje deg ein frukost bør innehalde. eller.. dei hadde ikkje vafler. men pannekaker hadde dei! etter å ha nytt dette vel og lengje (det vil sei ikkje lenger enn til 10.00) var me klare for å ta byen med storm. ute var det litt grått, men det var opplett og ikkje altfor kaldt. me hadde ikkje dei heilt store planane, berre å ta dagen som den kom. etter det som hende i fjor var me interessert i å sjå regjeringskvartalet. det var sterkt å sjå kor store øydeleggjingar bomba hadde gjort. glasruter var erstatta med treplater på dei næraste bygningane rundt høgblokka -som sjølv var pakka inn i plast. regjeringskvartalet#3 kyrkja som låg nærast hadde mista glasvindauge som nok er uerstattelege. trefoldighetskirken ein høg vegg gjekk rundt heile blokka, men hadde «kíkhól som me kunne sjå inn i. og der, bak veggen, framfor blokka, vaks det roser. regjeringskvartalet#2
på vår veg vidare svinga me forbi slottet. ingen oslotur er komplett dersom du ikkje har sett slottet! slottet garden hadde eit vaktskifte når me var der, så me såg litt på dei, kongensgarde og medan me stod der kom det køyrande to svarte bilar ut av slottet. me var ikkje nære nok til å sjå kven som sat oppi, men klynga med folk som såg det vinka, smila og tok bilder. eg velgjer å tru at det var kongen og dronninga. sidan det var fredag kan det óg ha vore statsministeren. nokon viktige folk i alle fall. slottsparken var fredeleg og haustfin, med travle menneske og besteforeldre på tur med barnebarn. me gjekk opp hegdehaugsveien for eg måtte ein tur innom perlehuset. denne skattkista med funklande perler, steinar, knappar og alt anna til smykking og pynting. fint at mannen hadde boka si med seg, han fekk ein stol, og eg fekk god tid til å fråtse. etter endt skattejakt spaserte me vidare oppover, var innom ein brukthandel og befant oss etterkvart i bogstadveien. her traff me til og med på gamle kjenningar frå heimtraktene, hyggjeleg! det var fint å vera ein del av bylivet ein ellers så travel og vanleg fredag, sola skein til og med. då me ankom majorstua tok me t-banen tilbake til nasjonalteateret. me spaserte ned mot aker brygge, og det var nydeleg utsikt mot havna i det sola var på veg ned. akerbrygge me gjekk heilt til endes -til det nye området «tjuvholmen» der astrup fearnley museet er bygd. ei arkitektonisk perle som vart ekstra flott i solnedgangens lys. tjuvholmen oslofjorden me gjekk ikkje inn på sjølve museet, for me var ganske svoltne, så me tok lunsjen der. det hadde mange andre også gjort denne fine fredags ettermiddagen. etter endt måltid spaserte me inn mellom bygningane, shoppa litt og stakk innom latter for å høyra om det var nokre show verd å få med seg. me traff på ei hyggjeleg bergensar i billett»luka», men det var desverre ingenting som freista oss. dersom me hadde vore litt tidlegare ute, hadde me gjerne fått med oss oslo rådhus også. men dei var stengt for turistar som oss når me kom der i femtida. noko som var dumt, for det hadde vore flott å sett utsmykkingane her inne. me nøydde oss med eksteriøret og gjekk heller heim og gjorde oss klare for avslapping. for når du bur på grand hotell må du sjølvsagt benytte deg av det flotte bassengområdet. eller artesia spa som det heiter. me blei møtt av ei hyggjeleg dame i spa-resepsjonen som viste oss til garderobane våre. det var litt lite privat i (dame)garderoben, ettersom det mangla dør inn til omkledningsrommet der også garderobeskapa var. du kunne låse deg inn i det inste rommet, men der var det også skap som var i bruk, så det ville bli litt dumt for dei andre dersom du okkuperte eigedelane deira. det heile var uproblematisk sidan det var svært få folk i spa-området denne fredag ettermiddagen. dessutan kunne ein gøyme seg bak ein dusj -eller inni om ein ville det. bassengvatnet var behageleg temperert og området rundt inviterte til stille avkobling. ved bassenget var det også steambadstu og vanleg badstu. ein kunne leggje seg på sengjer og slappe av, og forsyne seg med kaldt vatn. i gangen utanfor bassenget låg massasjeromma, og me skulle gjerne brukt litt tid her også, men kvelden var ikkje lenger like ung, så me måtte skifte til noko meir anstendige antrekk. me satsa alle korta våre på grünerløkka og tok trikken opp dit. det vil sei: me mista ein trikk, og oppdaga at domkyrkja hadde ope for alle som ville komme inn. me sette oss der og høyrte på nydeleg song frå det me trur var oslo domkor. så tok me løkkatrikken. me svinsa litt rundt og sjekka restaurant-appen min før me fann delicatessen tapasbar i søndre gate. her var det smekk fullt og høgt (støy)nivå. mannen kjempa seg tappert fram mot baren og fekk skrive oss på ei venteliste. i mellomtida hang me ved døra med kvart vårt glas. me gjore store auger kvar gong nokon vart servert. det såg bra ut. og bra skulle det bli! me hadde sagt ja til å sittje i baren og ete, for me skjøna at me ikkje kunne vera så kravstore dersom me skulle få i oss noko mat denne kvelden. men jammen kom ikkje den hyggjelege servitøren og sa at han skulle fikse oss eit bord. me bestilte 6 tapasrettar etter å ha konferert med servitrisa. det var nok éin for mange skulle me merke, men oj så godt! artisjokkar, ostar, fisk, kyllingvengjer, aioli.. dette er den beste tapasmiddagen eg har ete. (og eg har ete tapas i spania altså). stemninga rundt oss var også fyrverkerisk. høgt tempo, feststemte folk og god drikke. og dei hadde ope heilt til 02.00. men me måtte ut før det. ut i den bitande kulda bar det, og sjølv om me hadde t-bane-returbillettar, spaserte me like godt i retning sentrum. me stakk innom mono for eit glas, -ein kjekk plass som minna litt om vår eigen garage. overraska såg me at køen utanfor var «milelang» når me gjekk derifrå. vel heime tok me hotellbrosjyren i nærare augesyn. der såg me at frukosten i helgene varte ein time lenger. til 11.00 og ikkje 10.00 som me hadde fått beskjed om ved innsjekking. herlig! me kunne sove litt frampå og likevel ha god tid til å pakke og sjekke ut klokka 12.00. som sagt så gjort. då me inntok frukosten såg me at laurdagen hadde komt med regn. ein sur og grå dag. men me skulle ikkje bruke så mykje tid ute. dei tok vare på bagasjen etter utsjekking på grand, for me skulle ikkje vidare før seinare på dagen. det frista ikkje veldig, men me måtte ut i det sure vêret for å gjere eit par viktige ærend. me skulle nemleg i dåp neste dag. når dei var unnagjort takka me for oss på grand hotell. eg tvilar ikkje på at me kjem igjen, sjølv om eg håpar det blir på eit litt finare rom. me hasta vidare til bussterminalen. du veit, den attmed oslo plaza.

No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: