(ikkje akkurat som) å sveve på vinger
fortsettjing frå førre innlegg
alle veit kor oslo s befinn seg. kan hende forbind du det med noko heilt anna enn å reise med tog, men det er her oslo si hovudgate karl johan byrjar. eg trur eg har rett når eg seier at færre veit kor bussterminalen i oslo ligg. men har du klart å finne oslo s, vil det vera nokonlunde grei skilting vidare til bussterminalen. eller du kan spørje nokre selgjerar som me gjorde. timekspressen kom omlag eit kvarter etter skjema, men gav oss behagelege seter undervegs og brukte omlag halvannan time til kongsvinger. det var grått og regnfullt, så utsikta var ikkje optimal, men me hadde med oss godt med proviant, så det gjekk fint. vel framme var me så heldige å få skyss frå stasjonen til destinasjonen: vinger hotell. me hadde bestilt rommet nokre veker på førehand, via mail. hotellet har eiga nettside, men det er ingen opplysingar om pris her. du må altså kontakte hotellet direkte for å få pristilbod. grunnen til valget av hotell var ganske enkel, –me skulle i barnedåp om søndagen, og selskapet skulle føregå i hotellets restaurant. det var allereie byrja å skumre då me sjekka inn i 16 tida hjå den unge svensken i resepsjonen. han gav generelle opplysningar om hotellet. frukosten vart servert 7.30 til 9.30 (!) i matsalen, medan restauranten og baren låg her(rett ved resepsjonen). me spurte om bassenget sine opningstider, og fekk opplyst at det for øyeblikket var booka for ei velværehelg, men at dei mest sannsynleg ville vere ferdige om rundt ein time. så me gjekk opp på rommet og pakka så smått ut. eit rom med utsikt, som det heiter. på trass av at det sikkert var pussa opp, bar det preg av å ikkje vera heilt i toppsjiktet når det gjeld stjerneutdeling. sjølve rommet var lyst, enkelt og greitt, men det var veldig liten plass til å hengja frå seg ytterjakker og pentøy. det var vidare berre eit par hyller til klær, saker og ting. brosjyre med info om hotellet som plar å liggje på hotellrom var ikkje å sjå. badet hadde eit 80tals preg, og ei skyvedør som lett kunne bøyast utover. ikkje heilt det store dersom du er blyg ovanfor romkameraten din. at det også mangla hårføne på badet var eit stort minus, sidan eg hadde planar om å sjå nokonlunde ok ut på håret i dåpen. me slappa av og såg på tv før det var gått halvannantime. då loffa me ned i vinger spa, men kom oss ikkje ein gong inn i garderobane for det var fullt av damer der som pynta og ordna seg. dei var høflege og sa me berre kunne koma inn, men me valde å gje dei litt rom, for så å venda tilbake etter ei stund. det var gjerne like greitt, for garderobane var ganske små, med eit par knaggar og ein liten benk til klær, og berre to dusjar. det var i tillegg ei badstu knytta til kvar garderobe. vatnet var ganske kaldt, så det var berre til å leggja på svøm. ein lett berusa svenske/finne kom inn og sette seg ved eitt av borda på bassengkanten, men gjekk etter ei stund då me ikkje var så mykje selskap/han gjekk tom for øl. bassengområdet på vinger spa matcha bra med bada på hotellrommene. det såg ikkje ut til å vera særleg oppussa sidan 80 talet. dessutan var det ingen der nede ein kunne henvende seg til, eller info om behandlingar. me rekna med at dei hadde gått for dagen. etter ei lita stund i badstua gjekk me opp på rommet att og kledde oss for middag. rundt 19.30 gjekk me etter lukta av herleg mat i restauranten. dei var allereie godt i gang der, damene frå velværekalaset, og ein gjenge fuktige herrar som mest sannsynleg hadde julebord. nokre par hadde også romantisk middag, men det var også nokre ledige bord. me stod lengje i døropninga og prøvde å vekkja servitørane si merksemd. servitørane var svensken frå resepsjonen og ei anna dame. dei såg oss fleire gonger, men hadde hendene fulle. etter fleire «unnskyld!?», kom dama noko motvilleg bort til oss. me spurde om ho hadde eit bord til oss, noko ho kunne fortelje at ho ikkje hadde. restauranten var full. litt forbausa spurte me om det var nokon annan stad me kunne gå. like motvilleg peika ho i ei retning og sa det var eit par plasser der. sidan me verkeleg ikkje var kjend i denne byen, og regnvêret ikkje lokka, lurte eg på om dei kanskje hadde roomservice. noko dei heller ikkje hadde. til slutt fekk me eit namn på ei pizzasjappe. eg må innrømme at me gjekk nokså sjokkerte og skuffa attende til rommet vårt. det var kanskje dumt av oss å rekne med at restauranten skulle ha ledig bord til oss, men kvifor hadde ikkje resepsjonisten nevnt dette allereie då me sjekka inn? det var fleire ting som tyda på at middagsgjestene hadde meldt sin ankomst før oss. på den måten kunne me ha planlagt kvelden vår betre. etter ein time sat me i senga, såg på tv og åt pizza frå manis. den var til gjengjeld veldig god! me la oss tidleg og blei berre vekka av litt råning og ein mann som datt på asfalten utanfor, og måtte ha ambulanse. neste dag var me morgonfriske og gjekk ned i frukostsalen. eg skal la være å samanlikna med frukosten på grand, for den kan sjølvsagt veldig få hotell nå opp til. men la oss kalle den god, norsk. det var ein usedvanleg stille søndagsmorgon, og berre fem andre trøytte sjeler hadde funne vegen ned til frukost. tre av dei skulle også til kyrkja i dåp. då me sjekka ut var håret mitt heldigvis tørt, og me fekk settja frå oss bagasjen på bakrommet. svensken ringde til taxi for oss, og den tok oss til vinger kirke.
gudstenesta var flott, takka vere ein veldig flink og engasjert prest, og sjølvsagt søte og snille dåpsborn. det heile varte omlag halvannan time, og etterpå befann me oss på vinger hotell igjen. der var det dekka til koldtbord, og det smakte!
ein høfleg, vaksen kelner sjenka brus og rydda bordet. det var ei fin stund med våre gode vener og familiane deira. etter ei stund måtte me takke for oss og ta timekspressen til gardermoen. på rød måtte me byta buss. sjølv om det var ein heftig kø gjennom sikkerhetskontrollen, gjekk det fint, me rakk flyet og kom oss trygt og kjappt attende til bergen.
kan hende kjem me til kongsvinger igjen, for det lille me såg av byen såg fint ut. men då kjem me neppe til å velgja vinger hotell igjen.