godt nytt reiseår!
takk for året som er gått, og takk til alle som har vore innom bloggen min i løpet av 2012. det er jo på grunn av de leserar at eg skriv denne bloggen. nokre er trufaste og får med seg kvart innlegg, medan andre kanskje heilt tilfeldig dumpar ned på sida. uansett set eg stor pris på at nettopp du les dette no!
året me har lagt bak oss har me klart å fylle med flotte reiser. kanskje fleire enn noko år før. me starta allereie i januar, med ein tur til usa. der vittja me for andre gong new york, og tok i same slengen toget til washington dc. ein flott tur som varte i litt over ei veke. neste tur gjekk til frankrike i juni, nærare bestemt la rochelle, som ligg på vestkysten. me reiste vidare til øya île de ré som ligg rett utanfor, og hadde nokre fantastiske dagar der. utan særleg plan vidare hamna me etter det i bordeaux -noko me ikkje angra eit sekund på! turen vart avslutta i paris. me hadde ikkje fått nok av å reise, så på hausten sette me kursen mot italia. der leigde me bil og farta rundt frå milano, via toscana, firenze, pisa, porto venere, portofino og nydelege santa margherita ligure. ein nydeleg tur fyllt med varme, god mat og vin, og vakre fargar. som ei avslutting på reiseåret tok me ein tur til oslo i november. me hadde eit ærend i kongsvinger i form av barnedåp, så me tok liksågodt å gjorde ei langhelg ut av det. me budde fint på grand hotell og hyggja oss på gode restaurantar. i kongsvinger vart me skuffa over vinger hotell, men hadde det fint i dåp saman med gode vener.
alle er dei reiser og opplevingar me ikkje ville vore foruten. reiser som har berika oss på eitt eller anna vis. så kan me berre håpa at 2013 vil gje oss det same. ingen reiser er planlagt enno, men me drøymer sjølvsagt. og det er kanskje det viktigaste?
godt nytt år frå tante reisande åse!
godt reise nyttår til deg også, åse! blir spennande å følge deg ut på nye eventyr:)
takk ingunn! så kjekt at du følgjer med på eventyra mine! 😀 no er eg allerede på eit nytt 😉