Skip to content

forza fiat!

september 17, 2012

bongiorno! me sit i tjukkaste italia og det har me gjort dei siste 3 dagane. programmet har vore relativt tett, så eg har ikkje hatt tid å skrive. før no, når me sit her på piazza della signoria i firenze og nyt mat, sol og litt avslapping mellom slaga.
torsdag ankom me linate flyplass utanfor milano omlag 40 minutt etter planen (grunna forseinka nordmenn). me hadde fotoapparatet med oss og gjekk for å få leigebilen vår -ein fiat 500 sjølvsagt! så feis me ut av flyplassen og mot motellet vårt miami. me navigerte med hjelp av mobiltelefonen -ikkje heilt utan problematikk, det måtte eit par u-svingar til, men me fann til slutt fram til «drive-in» motellet. om eg skal beskrive miami med eit ord, må det vere «fascinerande». rommet bestod av ei svær seng, speglar på alle veggar, inkludert i taket -der det også var plassert ein lysinnstallasjon som eg ikkje veit kva funksjon hadde. i gåvekorga på badet som normalt sett tilbyr såpe, shampo og skopuss låg det også kondomar. classy. det viktigaste var at me fekk ei natts søvn og ein nokså bra frukost neste dag. så då var me klar til å «hit the road». via motorvegen A1 som går frå milano til napoli, kom me oss veldig fort frå den eine byen til den andre. me såg raskt at det gjaldt å vere vaken og ha begge henda festa godt på rattet, for italienerane køyrer som villsvin. fyrste stopp var i parma, ein fin, «liten» by kor me åt ein god lunsj og spaserte litt rundt. verdt å sjå her: battistero og museo diocesano. vegen gjekk vidare til modena, pavarotti (og sikkert mange andre) sin heimby. her var det ein pågåande filosofi festival, så det var plenti folk  overalt. me tok berre ein kaffi der for me ville ikkje kome for seint til dagens siste destinasjon: bologna. me ankom rundt klokka 18, og sjekka inn på hotellet vårt cavour.
veldig fint hotell til ein relativt billig penge og me skulle snart erfare at det stod fint i stil til byen. lonely planet kalla bologna for verdas mathovudstad, og her var det vanskeleg å gå feil om du skulle ha noko å ete. små, koselege matplasser overalt. hotellet låg ganske sentralt -ikkje langt frå piazza del nettuno som saman med piazza maggiore var byens sentrum. me åt på fine battibello og sat på sida av eit par danskar. etter ei stund spurte mannen dama si kva språk ho trudde me på nabobordet snakka. etter ei stund foreslo dei at det kunne vere nederlandsk. 
eg må skrive meir seinare, for no har me bestilt ein guida tur på palazzo vecchio. ciao!

2 kommentarar leave one →
  1. september 18, 2012 8:05 pm

    Jeg ser for meg motellrommet fra Blue Valentine jeg nå..håper dere har en MYE kjekkere tur! :*

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: