paris – ei kjærleikshistorie
turen til paris hadde me planlagt lengje, den var ingen tilfeldighet. me visste også når den skulle vera, det kunne ikkje bli andre datoar enn rundt den 16.-17.juni. men at det var så utruleg fulle hotell allerede eitt år fram i tid då me byrja å leite, syntest me var rart. lite visste me då at me skulle måtta feire 10-årsjubiléet for forlovelsen vår ilag med tusenar av elleville fotballfans, som kunne ynskja oss velkomen til fotball-em 2016 i frankrike!
i sommar var det altså ti år sidan han hadde planlagt alt. bestilt tur til kjærleiksbyen på datoen «vår», kjøpt ringar, håpa berre på å få det rette svaret. det fekk han, i eiffeltårnet sin (nest høgaste) topp. så å reisa attende til der det heile skjedde har nok alltid vore ein del av planen. men for all del, me har vore attende fleire gonger før dette, eg har faktisk kome litt utav teljinga, men eg vil anslå at dette var fjerde gongen me sette beina i ein av våre favorittbyar. sjølv om byen er så stor at det er mest uoverkommeleg å sjå heile sjølv i løpet av eit heilt liv, så byrjar me no å bli litt kjende, og kan ta oss frihetar som å berre spasera gatelangs gjennom dei ulike bydelane, istaden for å haste rundt frå attraksjon til attrasjon. denne gongen budde me like nedanfor rue mouffetard, ei av dei livlegaste og kjekkaste gatene i byen. med unntak av to korte turar, holdt me oss på sørsida av seinen heile tida.
frå aberdeen går det direktefly til paris med flyselskapet hop!, noko som passa oss utmerka. me ankom tysdag ettermiddag/kveld, og spaserte frå luxembourg-stoppet til hotellet vårt på rue de gobelins: hôtel henriette. dette er eit lite hotell med skandi-inspirert design, éin (!) frukost inkludert, verdas minste (og mest klaustrofobiske) heis og vegger som må vera laga av av papp. me vart høfleg tekne imot og fortalt at éin frukost var inkludert, korpå eg spurde om denne frukosten kunne nytast kva som helst morgon, eller om det var ein spesifikk morgon me måtte nytta tilbudet. nei, nei, det var heilt opp til oss kva tid me ville eta den kunne han fortelja. fint tenkte eg, den kan me sikkert få bruk for siste dagen. det var akkurat tid til ein sein matbit, så me gjekk via anue des gobelins til me traff sidegata rue monge. der hadde eg lese om ein tapasrestaurant med baskiskinspirert meny, og eg ville så gjerne ta ei kulinarisk reise attende til baskarland med pintxos og txakoli og alt som høyrer til. dans les landes var travel, og kveldens fotballkamp mellom portugal og island var godt i gong. me fekk plass i baren og bestilte fire rettar til å dela. eg vart vel ikkje sjukt imponert over smaken av baskarland, men det var enkel og god tapas, god stemning og veldig hyggeleg mannskap bak disken. tilbake på hotel henriette vart me holdt vakne av ivrige hotellgjester, dette må vera eit av dei minst lydisolerte hotella me har budd på i vår reisekarriere.
onsdag morgon var noko lysegrå og frisk, men hey – me er i paris, kva gjer vel det?! for å unngå forviklingar ville eg bekrefte frukostavtalen med dei to jentene som sat i resepsjonen. korpå dei såg forbausa på kvarandre og oss og kunne fortelja at den gratis frukosten kun var tilgjengeleg den første morgonen, og kven hadde fortalt oss noko anna? meininga var jo at me skulle synast den var så god at me ville kjøpa den dei neste dagane også. vel, me rokk ein liten halvtime med god kaffi, frukostblanding og yogurt, frukt og bakarvarer med pålegg. me var relativt godt utrusta litt å spasera ut i paris sine gater. eg synest noko av det fine med paris er dei store og flotte parkane. her kjem folk for å ta lunsjpause, leika med ungane sine, jogga, eller berre gå tur sånn som oss. då me ankom parken jardin des plantes reiv sola vekk skyene og skinte for oss.
dette er ein botanisk hage, som er inndelt i mindre bed og avdelingar med planter og krypdyr – t.d. frosk.
den vart grunnlagt så tidleg som i 1597 av legen til maria de medici, som sin familie du kanskje dreg kjensel på frå reisa vår til firenze. i hagen finn ein også ein dyrepark, den nest eldste av sitt slag i verda. her budde den kjende elefanten jumbo på 1800talet før han via london endte opp på barnum sitt museum i new york saman med andre dyr og raritetar. me betalte oss desverre inn i dyreparken. eg angra med ein gong etterpå. dette er ikkje noko eg vil anbefala andre å gjera, ein bør ikkje betala for å sjå dyr i fangenskap dersom det ikkje er for deira eige beste, og det er det sjeldan i ein dyrepark midt i ein by. eg skal fatta meg i korthet om dette, og sjølv om det var mange søte dyr her, så vil eg ikkje oppmoda andre til å sjå dei.
jardin des plantes ligg like ved elva seinen, så me fulgte den vidare oppover mot øya midt i elva: île de la cité. like før me ankom paris, hadde byen vore råka av ein stor flaum og me kunne tydeleg sjå teikn etter den. vannstanden stod framleis høgare enn normalt, men me såg heldigvis ingen alvorlege øydeleggingar.
på île de la cité står ein av byen sine mest kjende bygningar, nemleg den vakre notre dame.
den gotiske katedralen er gammal, men kyrkja me vart vigsla i i bergen hadde faktisk allerede stått i 165 år og fått éi restaurering då notre dame stod ferdig – for å settja ting i eit tidsperspektiv. køen av folk som ville inn for å sjå var lang som ein norsk sommardag, så me nøydde oss med å sjå den frå utsida denne gongen. me gjekk attende til «den rette sida» av seinen att, og byrja sjå oss om etter ei lita fransk kneipe. tilfeldighetane ville ha oss til å gå inn på la calèche på rue de lille, ein liten, intim og uhøgtideleg restaurant. det var ikkje mange gjester i det lite opplyste lokalet, men eigaren (?) var høflegheten sjølv og viste oss heilt inst i lokalet til ein romantisk krok. han var merksam og venleg heile tida, og serverte attpåtil god lunsj. salade norvégienne bydde på frisk salat med røykelaks, løyrom og rømme, medan mannen åt kalv. då me ankom den vesle calèshe insisterte verten på å leggja paraplyane våre på eit bord ved inngangen, og der gløymde me dei sjølvsagt sidan det var solskin då me gjekk ut att. nok spasering, no måtte me få litt kulturelle innslag i ferien. det er mange flotte museum og kunstgalleri i paris, problemet kan vere å vita kva ein skal velja. musée d’orsay hadde me ikkje vore på før, det låg rett rundt hjørnet frå calèsha, så det måtte bli det. muséet ligg i ein fabelaktig bygning – ein gammal jernbanestasjon bygd til verdsutstillinga i 1900.
sjølve muséet er relativt nytt, ombygginga vart gjort på 1980-talet, og husar mange kjende og flotte verk. bruk gjerne ein heil dag her dersom du er kunstinteressert, og sjå verk frå van gogh, monet, cézanne, gaugin, toulouse-lautrec og mange mange fleire.
vår eigen munch finn du også der! fin utsikt hadde dei også.
18.30 kjende me på både kropp og sjel at det hadde vore nok inntrykk for dagen, og gjekk heim for å gjera oss klar til middag. for fem år sidan feira eg 30-årsdagen min (you do the math..) på restauranten kong. det var ei utruleg flott oppleving med god mat, hyggeleg og merksam servitør, spanande meny – ja alt stemte rett og slett. det hjelpte sjølvsagt at me kjende oss igjen frå carrie bradshaw sitt besøk til kong i ein av dei siste episodane av tv-serien satc. det var nettop difor me bestemte oss for å ta eit gjensyn med gode gamle kong. men så feil kan ein altså ta, fordi minner gjer seg iblant best som, ja nettop minner. men ein lærer så lenge ein lever. kort oppsummert virka det litt som om tida hadde stått stille på kong, på ein ikkje så positiv måte.
det dei hadde bytta ut hadde dei erstatta med noko dårlegare. maten skal eg ikkje rakka så mykje ned på, den var i og for seg grei nok, men det verka for oss som om samtlige servitørar hadde vore på ein fylla dagen før. og dagen før der, og dagen før der. heldigvis opplever me sjeldan ein så dårleg servitør som «vår» servitør denne kvelden. foruten å dunka borti stolen til mannen fleire gongen (til slutt vart dette svært ubehageleg) utan å beklaga seg, hadde han store problemer med å halde greie på kva me skulle ha. problemet kan neppe ha vore at det var vanskeleg å memorisera menyen, den var nemleg den same som for fem år sidan. sjølv me hugsa den! never change a winning team? vel, då me (endeleg) var komen til desserten ville mannen ha ein liten whiskyskvett – om han kunne få sjå menyen? etter to purringar orka me ikkje å masa meir, men betalte heller rekninga og gjekk. einaste eg kan sei er: ikkje gidd, det finst tusenvis av gode restaurantar i paris.
sidan me allerede hadde «brukt opp» frukosten vår, måtte me denne morgonen ut for å sanka vår eigen mat. det gjekk heilt fint, me spaserte berre til rue mouffetard og såg etter kaféar. det er kaféar der overalt, men om du ikkje vil ha noko søtt, klissete, feittete eller anna usunt, så må du sjå litt ekstra godt etter. me fann den fine kafé/kolonialen «anthony bosson» og greidde på eit vis å koma fram til kva me skulle ha. god kaffi, god mat og gode muligheter for å sittja ute og sjå på at byen vakna til live. noko av det fine med paris, ja heile frankrike, er matbutikkane der ferske matvarer bugnar. det er då ein ynskjer at ein ikkje bur på eit hotell, men heller har eit velutstyrt kjøken kor ein kan koke saman allslags godsaker frå dei lekre diskane. rue mouffetard og rue descartes endar like bak panthéon, og den ligg i latinarkvarteret. namnet kjem av alle studentane og lærerane som studerte og snakka latin på sorbonne og andre skular i dette området. panthéon er ein ruvande bygning, med utsikt over paris, og her får me auge på eiffeltårnet for første gong denne turen. eg synest alltid det er noko spesielt når eg ser eiffeltårnet for første gong når me er i paris. mausoleumet panthéon, som opprinneleg var bygd som ei kyrkje, stod ferdig i 1790 og er vel verd eit besøk.
her har mange kjende franskmenn fått si siste kvile, som voltaire, marie curie og victor hugo. me nøydde oss med å sjå denne nyklassisistiske bygningen utanfrå denne gongen, sidan me har vore inne i den før, og gjekk heller mot ein ny park: jardin du luxembourg. dette er ein av dei finaste parkane eg veit om, og eg endra ikkje meining etter dette besøket heller. me treff jammen medici’ane her også, no maria sjølv, som oppretta parken i 1612 rundt det nye pallaset sitt: palais du luxembourg.
no er det senatet som får plass i palasset, men det går an å vitja det for oss dødelege også, reservasjonar må gjerast her. paris er spekka med kyrkjer og katedralar, og rett nord for parken ligg den nest største kyrkja i byen (etter notre dame): église saint-sulpice. kyrkja har eit fantastisk solur som vart bestilt på 1740-talet, og som nok sparte kyrkja for å bli jamna med jorda under revolusjonen. dette soluret er så presist at det kan samanliknast med høgteknologiske utrekningar idag. det som er minst like fantastisk som både soluret og kyrkja, er marknaden som ligg rett framfor kyrkja. me sørgjer alltid for å få lagt inn eit besøk der om me er i nærleiken, utan å kjøpe noko vel og merka, til dét har me for lite bagasjeplass. her kan du absolutt gjera eit kupp på antikke møblar, klær, plater, og alt mulig anna krimskrams. varene her har nok litt høge prisar, men dei held nok også god kvalitet, – og så kan ein jo alltids pruta litt (om ein tør).
etter marknadsbesøket svippa me innom la calèshe att for å spørja etter paraplyane me hadde lagt att dagen før. me kan vel innrømma at me ikkje hadde så stort håp om å sjå dei att, men dette var skikkelege paraplyar, så me spurde for sikkerhets skuld. gjett om typen på calèsha var glad for å sjå oss! han hadde prøvd å springe etter oss, men han visste jo ikkje kva veg me tok, og no var han så letta over at paraplyane fant sine rette eigarar att. eg synest han her fortener ros for å i det heile tatt bry seg om to usle paraplyar.
sakte men sikkert hadde me bevega oss mot eiffeltårnet, og me såg fleire og fleire fotballsupporterar dess nærare me kom. då ei styrtregnbyge kom, sette me oss inn på ein fin liten eteplass og bestilte lunsj. det hadde letta litt då me kom ut att, men det var godt me hadde paraplyane for hand. kan hende hadde det litt dårlege vêret sitt å seie for at køen opp til eiffeltårnet var mest ikkje-eksisterande, eller kanskje alle stod nedanfor og såg på fotball på storskjerm. ikkje veit eg, men me var oppe i tårnet og nede att i løpet av ein time. oppe i tårnet stod me der att, og såg den same utsikta me hadde sett for ti år sidan.
«kom her og sjå i kikkerten, du kan sjå hotellet vårt på montmartre!» hugsar eg at han sa, og eg gjekk sjølvsagt fem på. då eg snudde meg att gjekk han ned på kne med ringen i handa og la fram spørsmålet. at han hadde arrangert ei tilfeldig dame til å ta bilete av oss, hadde eg heller ikkje fått med meg.
den gongen gjekk me på restauranten romain og hadde ein ugløymeleg kveld med god middag og hjartelege gratulasjonar frå både dei som jobba i restauranten og vener og kjende via mobilen. denne gongen gjekk me på vegetarrestauranten arpège -og vart ikkje skuffa! eg bestilte den reint vegetariske smakemenyen, og mannen den «vanlege». ingrediensar og smakar var veldig godt balanserte i dei tallause rettane som kom dansande inn på bordet. om eg skal setja fingeren på noko, må eg sei at det kunne ha vore enno sterkare smakar og krydder i rettane, men så går jo ikkje eg av vegen for ei kruttønne heller. atmosfæren i den vesle restauranten var mest magisk. lokala var fine og mest heimekoselege, servitørane var livlege, morosame men også djupt høflege, og eit par (gjester) hadde til og med med seg ein hund! ein hund på ein 3-stjerners michelinrestaurant må vera noko av det morosamste eg har sett, berre på grunn av andletet til sommelieren då ho høyrde den bjeffa.
ein magisk dag var forbi i dét me takka kokken alain passard for maten. han kunne fortelja at kjøkenhagen hans, den låg i normandie, og dit skulle me neste dag!
Så kjekt å lesa…Teekbordet på første bilde,er likt det eg har på museet,frå Bømlo….
takktakk!
syntest eg drog kjensel på det ja! 😀
Litt av ein tur