københavn del 1 -kunst, kastell og koefoed
først er det på sin plass å beklaga til dei som følgjer bloggen, at det har vore så stille frå denne kanten ei lang stund no. eg har rett og slett via mykje tid til kurs og kreativitet. men bloggen er her alltid å koma attende til, og det er jo litt godt å vita. til dømes når det blir litt rolegare stunder, som no.
eg har mykje å fortelja, for det har ikkje blitt mindre reising sjølv om det har blitt meir plass til kreativitet. eller har det det? me har gjerne reist på kortare tidsmessig -og ikkje så lange (i rekkevidde) turar. sidan eg har hatt føremiddagskurs på laurdagar har det måtta bli sånn, men samtidig er eg så heldig å ha ein mann som har planlagt og organisert helgeturar som har meitta utfartstrangen. meir om dei sidan.
éin laurdag måtte eg likevel skofta laurdagskurset, for 10.-13. november var sett av til storbyferie i københavn!
ps: kameraet mitt hadde tatt kvelden før me reiste til danmark, difor vart det berre mobilbilete på denne reisa.
københavn del 1
me skulle feriera saman med eit venepar, men sidan me reiste frå aberdeen torsdag morgon, og dei ikkje kom før fredags ettermiddag, hadde me halvannan dag heilt på eigahand. det kan jo vera greitt, for av og til vil ein jo sjå og oppleva ulike ting på tur, og me to let ikkje sjansen gå frå oss til å vittja eit bra museum. københavn ønska oss velkommen med aldri så lite julestemning både i butikkar, og i nokre få gater. til stor glede for den juleglade/galne reisande tanten. etter å ha sjekka inn på hotel admiral i toldbodgade (som skulle visa seg å ligge ganske perfekt til rett bortanfor nyhavn), gjekk me dei omlag 800 metrane bort til designmuseum danmark. vegen tok oss også gjennom den runde, opne plassen midt i amalienborg.
dette slottet frå 1750 er hovudresidensen til dronning margrethe, og består av fire palé. desverre var det inga dronning å sjå, men fint var det lell, og ille kaldt! greitt nok at me var i vintermånaden november, men dette skulle visa seg å bli ei iskald helg. heldigvis hadde me (som flinke nordmenn på «vinterferie») med oss både stilongs, strømpebukser, vetter og huer. me fraus likevel. om ein ikkje visste kor designmuseumet låg, kunne ein like gjerne ha gått forbi, for det var i ein nokså anonym og beskjeden bygning. frå baksida i alle fall. no hadde det kanskje hjelpt litt om me hadde entra bygningen frå framsida, men me fann fram for det. er du student (eller deltidsstudent med gyldig studentkort som meg), så er designmuseet heilt gratis! utstillinga byrja med ei rekkje ganske kjende og for oss skandinavar -nokså kvardagslege objekt. mykje me har i heimen tenkjer me ikkje over at står ein designar og mykje prestisje bak, som t.d. artiklar frå bodum og royal copenhagen. vidare kunne me sjå dansk form, deisgn og kunsthandverk.
ei anna interessant utstilling der var «the danish chair», som dei som har hatt litt kunsthistorie vil setja stor pris på. her fekk me sjå historiske ikon laga av m.a. arne jacobsen, finn juhl og charles eames (ikkje berre «danish» der altså). me fann også ei mote og tekstil-utstilling på museet, og ei utstilling med fokus på innverknad frå japansk kunst. utstillingsrundturen enda i museet sin kafé, som passa ganske bra sidan me no var blitt ganske svoltne. ein liten tur i musé-butikken vart det også, for å kjøpe eit par juleting, før me avslutta dagens kulturelle innslag. det var byrja så smått å bli mørkt, men i skumringa kunne me likevel skimte den lille havfrue då me gjekk ut på den ytterste nøgne ø (eller noko i den duren) for å sjå denne enorme turistatraksjonen. det var ikkje først og fremst skumringa som gjorde at det var vanskeleg å få auge på den langt frå enorme skapninga, men hordane av (sjukt irriterande) turistar som skulle stå rett framfor henne for å bli tatt bilde av. det var berre til å gå vidare og me fortsette til det pentagonale festningsanlegget «kastellet» og entra via den nordlege inngangen som vert kalla norgesporten.
festninga vart påbyrja i 1624, ombygd i 1660-åra av henrik ruse, og står idag som eit freda område. det vert brukt som militært område, kulturhistorisk minnesmerke, museum og park. me syntest også det såg ut som folk budde i leilighetar der inne.
har du sett den danske serien bedrag? me fulgte med på den på nrk nett-tv, og syntest den var veldig god. også ei kjekk «oppkøyring» til danmarksbesøk. då me gjekk ut frå kastellet, i retning «kafferiet» såg eg brått ein bygning eg drog kjensel på frå serien. utruleg morosamt å heilt tilfeldig dumpa borti huset til claudia moreno midt i københavn utan å vita noko om det.
københavn har vore ein pioner innan gourmet-mat i skandinavia, og eg vart forbløffa over nivået på maten på det vesle utvalet av eteplasser me var på. først ut var restaurant koefoed, som eg må seie passa heilt perfekt denne kvelden sidan det berre var oss to. og ja, eg hadde gjort grundig førearbeid, så det var langt frå tilfeldig at me sat i kjellaren på adresse landgreven 3 denne torsdagskvelden. namnet koefoed stammar frå bornholm, der det er (eller i alle fall var?) eit vanleg etternamn. difor kan ein sjå bilete frå øya rundt i restauranten, og den hyggelege hovmeisteren snakka varmt om øya som tydelegvis hadde ein stor plass i hjarta hans. på (smake)menyen stod seks rettar, eg valde sjømatvarianten og mannen den «vanlege». eg lyg ikkje: alt var bra med koefoed! det er vanskeleg å formulere korleis stemninga var der, men det var liksom ei ro som låg over rommet. roleg gråfarge på veggane, dempa belysing og florlett tekstilføreheng som rama inn bordet vårt og skjerma oss frå dei andre, og dei frå oss. servitørane var hyggelege, høflege og merksame, og la oss ikkje gløyme det viktigaste: maten. som til dømes små rettar servert på einer (berre tenk deg den herlege lukta!), perfekt steikte kamskjel saman med ei handfull mikroskopiske sopp, og den merkelegaste (på ein posivit måte) desserten eg har ete (det er ein fordel om du likar majones…).
litt betenkte var me likevel då me gjekk derifrå -for kunne dei resterande restaurantane denne helga toppa dette?!
time will show.