københavn del 2
det var fredag, me var framleis åleine i københavn, men skulle bli gjenforent med våre vener frå oslo seinare på dagen.
den danske hovudstaden var solfylt, fin, kald og starta med frukost på the union kitchen. ein kan bli forvirra av mindre enn danskane sine ord for mat på morgonkvisten. frukost betyr nemleg ikkje frukost, men lunsj, og morgenmad er frukost. kall det kva du vil, me fekk iallefall københavn sin beste kaffi som ein kickstart på dagen, rugbrød med avokado og posjert egg, og croissant med egg og bacon. eg kunne heilt klart gått der og ete frukost, lunsj, OG morgenmad, men ein må jo sjølvsagt variera litt. men altså: eit heitt tips frå meg er å svinga innom denne unionen av gode smakar, og hippt men avslappa interiør.
københavn er så kompakt og oversikteleg at det ikkje gjekk lang tid før me hadde kontroll på kontinentet (eller kartet om du vil). planen for denne dagen var å vitja statens museum for kunst (smk), og dit kom me via ein tur gjennom kongens have. der fekk me fin utsikt til rosenborg slott, kor danmark sine kronjuvelar bur. ein kan også sjå mange av den norske kunstnaren magnus berg sine kunstverk i slottet, sidan han arbeidde for kongefamilien i københavn på byrjinga av 1700-talet. i smk pågjekk det ei utstilling med auguste rodin sine verk.
rodin er mest kjend for sine skulpturar, dei fleste kjenner sikkert til «tenkjaren» og «kysset».
denne utstillinga hadde fokus på hans skisser og teikningar av danserar. i tillegg til rodin, husa muséet ei heil rekkje andre kjende meisterverk,
så sjølv om me brukte 3,5 timar der (inkludert lunsj i den fine kaféen) kunne me lett ha sett av ein heil dag der. men me kunne ikkje liggja på latsida, for me måtte heim til hotel admiral, treffa venene våre, ta båten ut til refshaleøen, og ta plass attmed bordet på restarant amass klokka 18.00
restaurant amass er ein eteplass eg ikkje har sett maken til. eg ser føre meg at slike omgjevnader kan ein finna i dei hippaste strøka i williamsburg eller ein annan hipp bydel i new york som eg ikkje kjem på, men altså tydelegvis også i danmark. dersom du ikkje likar gamle industribygg med kalde betongveggar, grafitti, og open kjøkenløysing kor kokkane ropar yes chef i kor, er dette verkeleg ikkje staden å befinna seg. og det er neimen ikkje så lett å koma seg attende til sivilisasjonen att heller, dersom siste båt er gått for dagen. men me digga det (om det er lov å sei).
frå det som skulle visa seg å vera eit særs kapabelt kjøken kom det sju(? trur eg? kom litt ut av teljinga) små rettar bore fram av servitørar, som av ein eller annan grunn hadde bestemt seg for å henvenda seg til oss nordmenn på engelsk. kanskje fordi det var enklast slik, men me som forstår dansk så godt og til og med kan lira av oss nokre danske gloser på ein god dag, syntest dette var litt pussig. heilt til det endeleg kom ein svenske som insisterte på at me skandinavar skjønar kvarandre. ingrediensane var ferske og holdt høg kvalitet, nokre av smakane var nye, nokre var kjende, men alt bar preg av å vera nyskapande skandinavisk matlaging.
her følgjer nokre smakebitar for å gje deg vatn i munnen alle som jobba der verka å vera proffe til fingerspissane, men likevel greidde dei å skapa ein uformell og avslappande atmosfære. her kunne ein ta med kollegaane etter forretningsmøtet, eller kjærasten på ein romantisk middag –amass passa for einkvar anledning. sidan me alle hadde valgt vin(pakke) til maten, passa det fint med ein luftetur i den glefsande kalde novemberkvelden etter endt måltid. me forstod sånn omtrent kva veg svensken peikte og forklarte at me skulle gå for å koma oss i retning land. me var tross alt på ei øy.
på veg til land stoppa me på papirøen, som ikkje er ei øy i seg sjølv, men eit stort lokale kor fleire kreative verksemder held til. blant desse er copenhagen street food som omfattar 39 ulike utsal av mat og drikke, som har den hensikt å fremja små utsal som vil selgja gatekjøkenmat og drikke (i ordet si beste tyding) til ein ikkje så altfor dyr penge. som alt anna i købehavn (verkar det som) har dette blitt ein «kul greie», og absolutt ein plass å sjå -og bli sett.
som dei gamlingane me har blitt, gjekk me heim før midnatt under den fine københavnhimmelen