matpause
første helga i august var me på ein meir eller mindre impulsiv tur til edinburgh. me tok toget laurdag morgon, og var framme på waverly station i edinburgh halv tolv. her hadde me bestilt overnatting i ein leilighet, og fekk heldigvis «sjekka inn» med ein gong me kom til byen. me hadde fått kode til låsen via mail, og hadde ikkje kontakt med utleigerane ein einaste gong i løpet av heile opphaldet. leiligheten lord lyons chambers var fin, moderne, og låg veldig sentralt til like ved the royal mile.
the royal mile kan vel seiast å vera den mest «turistifiserte» gata i byen. den er eigentleg ei samansettjing av, eller kallenamn på fleire gater, som danner ei lang rekkje i gamlebyen av edinburgh. den er som namnet tilseier, omlag éi skotsk mil (som forøvrig er noko lengre enn den meir brukte engelske mila). du skal ikkje leita lengje før du finn suvenirar, kiltar og whiskey her, men også pubar og eteplasser.
ein av grunnane til at me reiste til nettop edinburgh, var at eg hadde sett bilete frå ein matfestival på instagram: edinburgh food festival. me fann vegen til george square gardens, ein del av byen me ikkje hadde sett før, men som me vart positivt overraska over. som seg hør og bør på ein matfestival, smakte me på maten. dei hadde iskrem, kaker og søtsaker, herlege pizza’ar som vart laga medan du venta, asiatisk mat, skotsk mat og litt til. det var ikkje ein særleg stor festival, meir ein koseleg nabolagsfestival, med ulike matboder, grasmatte på bakken, benkjer rundtomkring, og eit stort spiegeltent.
hadde me ikkje vore på tasmania tidlegare i år hadde me ikkje hatt peiling på kva eit spiegeltent er, men det er noko så fascinerande som eit omreisande telt, laga av harde materialer og dekorert med speglar innvendig. i spiegeltentet arrangerte dei foredrag og intervju, men ikkje noko som verka altfor interessant for vår del.
etterpå gjekk me opp til, og gjennom heile royal mile. det vrimla av turistar der, og eg kan ikkje hugse at det var så enormt mange av dei sist me var der, for 13 år sidan. det var nok fellesferien som var grunnen. the royal mile, eller den kongelege mila om me skal tolka det i den retninga, går frå eit slott til eit anna. frå edinburgh castle i vest (som du sikkert kjenner igjen frå military tatoo)
til holyrood house i aust. sistnemnde hadde heldigvis ope ei stund utover ettermiddagen, så me kjøpte inngongsbillettar og audioguide. dette slottet, eller palasset om du vil, er bustaden til dronning elizabeth når ho er i byen. det har vore bustaden til mange skotske kongar og dronningar heilt sidan 1500talet.
inne fekk me sjå eldgamle rom og gjenstandar, og lærte både eitt og hitt om både mary queen of scots, og bonny prince charlie. eit veldig fint og lærerikt besøk. etter endt rundtur, gjekk me ut i ruinane av eit kloster.
holyrood kloster stod der frå 1128 og heilt til revolusjonen i 1688 og ein storm i 1768 tok knekken på det.
edinburgh har dei seinare åra blitt ein framifrå matby, med ikkje mindre enn fem restaurantar med michelinstjerne, så me såg oss mest nøydd til å besøkja ein av desse. sidan dette var ein nokså impulsiv tur, kunne me ikkje velgje og vrake blant ledige bord, men hjå paul kitching sin 21212 var det plass til oss på nokonlunde kort varsel. me gjekk for smakemenyen, som inneheldt (minst) seks små, smakfulle rettar. av alle smakane me vart servert (og det var mange), var det ei melk som gjorde sterkast inntrykk på meg. den kom frå ei mugge utforma som ei ku, og skulle drikkast i små beger. den sende meg rett tilbake til barndommens jul, og det er vel inga kjensle i heile verda som kan måla seg med det. etter endt måltid fekk me faktisk oppskrifta på denne spesielle melka. spørst om det ikkje blir eit juletilbehør hjå oss. alt i alt ein restaurant eg varmt kan anbefala. det at ein kan sjå rett inn på det opne kjøkenet har både sine fordelar og ulemper. det er spanande og fascinerande å sjå korleis kokkane jobbar saman i eit team. men at du ser dei, betyr også at dei ser deg. det var fleire gonger dei kikka ut på gjestane og kommenterte seg i mellom, gjerne med eit lite fnis. neste gong kunne me koma å overnatta hjå dei, kunne servitørane opplysa om då me takka for oss. den einaste michelinrestauranten med overnatting der altså.
sidan leiligheten låg så sentralt til som den gjorde, måtte me tåla litt skrik og skrål frå gata den laurdagsnatta. men me kunne heldigvis sova litt frampå før me pakka sakene søndags morgon og «sjekka ut». brunsjen åt me på den fine kaféen element i rose street, som eg absolutt vil koma attende til ein annan gong. dei hadde rikhaldig meny og veldig avslappa stemning. etter maten spaserte me vidare til scottish national gallery of modern art one, og two.
einaren var utan tvil best, med klassikarar som picasso, vår eigen munch, andy warhol og ei stor utstilling av roy lichtenstein.
før me tok toget heimatt den kvelden, fekk me med oss ein lokal marknad i ein fin bydel (som eg desverre ikkje hugsar kva heitte). der hadde dei allslags mat, det meste heimelaga og småskalaprodusert såg det ut til. eit afrikansk brød med dadler fekk vera med oss heim. me fekk også tid til å settja oss ned med nokre tapas-tallerkar på all bar one. ei fin avslutting på ei aldri så lita kulinarisk reise til edinburgh.
Airbnb-leilighet eller?
Ble nysgjerrig på melken! Oppskrift på melk? Ku + spener + bøtte?
ja den låg faktisk på airbnb også, men me bestilte den gjennom booking.com
det høyrer med til historia at det sjølvsagt ikkje berre var ei vanleg melk 😉 så den trengte faktisk ei oppskrift. den smakte mandel, men eg trur den inneheld både kokosmelk, feitt og sukker. kanskje ikkje heilt på topp på sunnhetsskalaen der altså…