Gå til innhald

oslove

november 26, 2012

helga 15.-18. november var me ein tur på austlandet. fint med ei storbyhelg i ein elles så vanleg kvardag. flyet gjekk torsdag 17.40 frå flesland til gardermoen. innsjekkinginga til norwegian går som smurt når ein kan ordne alt sjølv. og ikkje lengje etter var me i sjølvaste hovudstaden og sjekka inn på grand hotel. av resepsjonisten fekk me generelle opplysningar om hotellet. frukosten vart servert frå 7-10 og spaet var ope frå 7-21, 8-20 på laurdagen. me var forbausa over at frukosten ikkje varte lengre, men me veit jo korleis nordmenn er. opp og hopp, ikkje liggje og dra seg! sjølv når ein er på hotellferie. etter å ha gått så langt vekk frå hotellet sin kjerne som me kom, fann me rommet vårt inst i ein gang. me hadde bestilt den billigaste hotelltypen dei tilbydde, så me forventa ikkje kandelaber og gulldetaljar. rommet var fint nok til vårt bruk, romsleg og luftig. men badet skreik etter vedlikehald. sprukne -og nokre stader manglande fliser var ikkje særleg innbydande og høyrde ikkje heime på eit femstjernes hotell, uansett rom-prisklasse. grandhotel#1 belysninga på badet var tydelegvis installert av ein mann som ikkje hadde behov for å sminka seg. eg vurderte fleire gonger å gå ut i gangen for å sjå meg i skikkelege opplyste speglar. me skulle uansett ikkje bruke mykje tid på rommet, me gjekk heller ut i den kalde kvelden. først var me innom brasserie france, men dei hadde fullt hus. vårt andre valg -og sikre kort på hand var restaurant fjord. her har me vore to gonger før og alltid likt både mat og service. dei førre gongene har me fått servering av ei hyggjeleg dame som på mirakuløst vis hugsa oss igjen på tross av at me kom med eitt års mellomrom. ho var ikkje å sjå, men bytta ut med eit par unge svenskar, som me på beste vis prøvde å tolke. me skjønar svensk altså, dei prata berre veldig fort og med ein schwong som ikkje lar seg oversettje. det gjorde ingenting for maten var heilt utruleg god. fjord er ein fiskerestaurant med ein fast femrettars meny, der du kan velgje bort dei rettane du ikkje ynskjer. dei har vinpakke, vekas raud og kvit, i tillegg til vinkart. me vart servert •sashimi av havabbor -og eg som ikkje visste at eg lika sushi! •pannesteikt kamskjel •marinert breiflabbkjake -ikkje heilt det store i følgje mannen •pannesteikt lyr •sjokoladevariasjon •utvalde ostar. me konkluderer med at fjord alltid er ein sikker vinnar. omgjevnadane er også behagelege og avslappa (om enn noko kaldt). etter måltidet var me så mette og nøgde at me tok strake vegen heim til hotellet. om det ikkje var himmelsengjer me låg i, så var dei i alle fall nokså himmelske og me fekk ei god natts søvn før frukosten i grand cafe kalla. sjølv om me ikkje har budd på grand før, har me testa ut frukostbufféten her. ein tidleg morgon me kom frå natt-toget fann me det for godt å varme seg i grand sine fasjonable lokaler. så me visste kva herremåltid me gjekk til. og vart på ingen måte skuffa. eg gidd ikkje å ramse opp kva mat dei hadde, for det var rett og slett alt du kan tenkje deg ein frukost bør innehalde. eller.. dei hadde ikkje vafler. men pannekaker hadde dei! etter å ha nytt dette vel og lengje (det vil sei ikkje lenger enn til 10.00) var me klare for å ta byen med storm. ute var det litt grått, men det var opplett og ikkje altfor kaldt. me hadde ikkje dei heilt store planane, berre å ta dagen som den kom. etter det som hende i fjor var me interessert i å sjå regjeringskvartalet. det var sterkt å sjå kor store øydeleggjingar bomba hadde gjort. glasruter var erstatta med treplater på dei næraste bygningane rundt høgblokka -som sjølv var pakka inn i plast. regjeringskvartalet#3 kyrkja som låg nærast hadde mista glasvindauge som nok er uerstattelege. trefoldighetskirken ein høg vegg gjekk rundt heile blokka, men hadde «kíkhól som me kunne sjå inn i. og der, bak veggen, framfor blokka, vaks det roser. regjeringskvartalet#2
på vår veg vidare svinga me forbi slottet. ingen oslotur er komplett dersom du ikkje har sett slottet! slottet garden hadde eit vaktskifte når me var der, så me såg litt på dei, kongensgarde og medan me stod der kom det køyrande to svarte bilar ut av slottet. me var ikkje nære nok til å sjå kven som sat oppi, men klynga med folk som såg det vinka, smila og tok bilder. eg velgjer å tru at det var kongen og dronninga. sidan det var fredag kan det óg ha vore statsministeren. nokon viktige folk i alle fall. slottsparken var fredeleg og haustfin, med travle menneske og besteforeldre på tur med barnebarn. me gjekk opp hegdehaugsveien for eg måtte ein tur innom perlehuset. denne skattkista med funklande perler, steinar, knappar og alt anna til smykking og pynting. fint at mannen hadde boka si med seg, han fekk ein stol, og eg fekk god tid til å fråtse. etter endt skattejakt spaserte me vidare oppover, var innom ein brukthandel og befant oss etterkvart i bogstadveien. her traff me til og med på gamle kjenningar frå heimtraktene, hyggjeleg! det var fint å vera ein del av bylivet ein ellers så travel og vanleg fredag, sola skein til og med. då me ankom majorstua tok me t-banen tilbake til nasjonalteateret. me spaserte ned mot aker brygge, og det var nydeleg utsikt mot havna i det sola var på veg ned. akerbrygge me gjekk heilt til endes -til det nye området «tjuvholmen» der astrup fearnley museet er bygd. ei arkitektonisk perle som vart ekstra flott i solnedgangens lys. tjuvholmen oslofjorden me gjekk ikkje inn på sjølve museet, for me var ganske svoltne, så me tok lunsjen der. det hadde mange andre også gjort denne fine fredags ettermiddagen. etter endt måltid spaserte me inn mellom bygningane, shoppa litt og stakk innom latter for å høyra om det var nokre show verd å få med seg. me traff på ei hyggjeleg bergensar i billett»luka», men det var desverre ingenting som freista oss. dersom me hadde vore litt tidlegare ute, hadde me gjerne fått med oss oslo rådhus også. men dei var stengt for turistar som oss når me kom der i femtida. noko som var dumt, for det hadde vore flott å sett utsmykkingane her inne. me nøydde oss med eksteriøret og gjekk heller heim og gjorde oss klare for avslapping. for når du bur på grand hotell må du sjølvsagt benytte deg av det flotte bassengområdet. eller artesia spa som det heiter. me blei møtt av ei hyggjeleg dame i spa-resepsjonen som viste oss til garderobane våre. det var litt lite privat i (dame)garderoben, ettersom det mangla dør inn til omkledningsrommet der også garderobeskapa var. du kunne låse deg inn i det inste rommet, men der var det også skap som var i bruk, så det ville bli litt dumt for dei andre dersom du okkuperte eigedelane deira. det heile var uproblematisk sidan det var svært få folk i spa-området denne fredag ettermiddagen. dessutan kunne ein gøyme seg bak ein dusj -eller inni om ein ville det. bassengvatnet var behageleg temperert og området rundt inviterte til stille avkobling. ved bassenget var det også steambadstu og vanleg badstu. ein kunne leggje seg på sengjer og slappe av, og forsyne seg med kaldt vatn. i gangen utanfor bassenget låg massasjeromma, og me skulle gjerne brukt litt tid her også, men kvelden var ikkje lenger like ung, så me måtte skifte til noko meir anstendige antrekk. me satsa alle korta våre på grünerløkka og tok trikken opp dit. det vil sei: me mista ein trikk, og oppdaga at domkyrkja hadde ope for alle som ville komme inn. me sette oss der og høyrte på nydeleg song frå det me trur var oslo domkor. så tok me løkkatrikken. me svinsa litt rundt og sjekka restaurant-appen min før me fann delicatessen tapasbar i søndre gate. her var det smekk fullt og høgt (støy)nivå. mannen kjempa seg tappert fram mot baren og fekk skrive oss på ei venteliste. i mellomtida hang me ved døra med kvart vårt glas. me gjore store auger kvar gong nokon vart servert. det såg bra ut. og bra skulle det bli! me hadde sagt ja til å sittje i baren og ete, for me skjøna at me ikkje kunne vera så kravstore dersom me skulle få i oss noko mat denne kvelden. men jammen kom ikkje den hyggjelege servitøren og sa at han skulle fikse oss eit bord. me bestilte 6 tapasrettar etter å ha konferert med servitrisa. det var nok éin for mange skulle me merke, men oj så godt! artisjokkar, ostar, fisk, kyllingvengjer, aioli.. dette er den beste tapasmiddagen eg har ete. (og eg har ete tapas i spania altså). stemninga rundt oss var også fyrverkerisk. høgt tempo, feststemte folk og god drikke. og dei hadde ope heilt til 02.00. men me måtte ut før det. ut i den bitande kulda bar det, og sjølv om me hadde t-bane-returbillettar, spaserte me like godt i retning sentrum. me stakk innom mono for eit glas, -ein kjekk plass som minna litt om vår eigen garage. overraska såg me at køen utanfor var «milelang» når me gjekk derifrå. vel heime tok me hotellbrosjyren i nærare augesyn. der såg me at frukosten i helgene varte ein time lenger. til 11.00 og ikkje 10.00 som me hadde fått beskjed om ved innsjekking. herlig! me kunne sove litt frampå og likevel ha god tid til å pakke og sjekke ut klokka 12.00. som sagt så gjort. då me inntok frukosten såg me at laurdagen hadde komt med regn. ein sur og grå dag. men me skulle ikkje bruke så mykje tid ute. dei tok vare på bagasjen etter utsjekking på grand, for me skulle ikkje vidare før seinare på dagen. det frista ikkje veldig, men me måtte ut i det sure vêret for å gjere eit par viktige ærend. me skulle nemleg i dåp neste dag. når dei var unnagjort takka me for oss på grand hotell. eg tvilar ikkje på at me kjem igjen, sjølv om eg håpar det blir på eit litt finare rom. me hasta vidare til bussterminalen. du veit, den attmed oslo plaza.

palme ved reisens slutt

oktober 8, 2012

me hadde ikkje så mange dagar att av reisa vår, så me hadde bestemt oss for å ta dei siste dagane ved kysten. litt avslapping og late dagar er ikkje dumme innslag i ein ferie heller. me køyrde nordover langs kysten, via ameglia -ein liten by som klamra seg fast høgt oppe i fjella. då me hadde køyrd vidare oppover og runda tuppen ved monte marcello, fekk me ei flott utsikt over strekninga me hadde lagt bak oss. og lengst ute på tuppen i andre retninga var målet for dagen -portovenere. 
det var ein fin liten by som duppa roleg i middelhavet. me stod lenge og funderte på om det var lovleg å køyre ned til byen med bil. ifølgje lonely planet måtte du settje frå deg bilen på parkeringsplassen og spasere dei resterande kilometrane. skiltinga var håplaus, så me tok tjangsen på å køyre ned. me hadde funne eit greitt hotell på booking.com som hadde gratis parkering. det viste seg at det var éin einvegskøyrd veg ned til portovenere, som ikkje gjekk inn i det vesle sentrumet, men tilbake att som ein «loop». me sjekka inn på le terrazze som hadde ein nydeleg plassering. litt tilbaketrukke frå byen, men med ein nydeleg utsikt. som namnet tilsa hadde alle romma store, flotte terrassar. badebasseng hadde dei også, i tillegg til bar og restaurant. me tok ein tur for å ete og kikke litt på resten av byen. ein trengte ikkje heile dagen for å utforske den, men det byrja å bli mørkt og områda ovanfor havna var svært dårleg opplyst og då me i tillegg møtte på ein litt «ivrig», laus hund sa me oss ferdige med runden. middagen bestod av delikatessar frå havet og pasta. det byrja å regne att utover kvelden, men me sat heldigvis under ein stor parasoll, så det var berre koseleg. det letta nok til at me fekk tatt eit slag idiot før me gjekk heim. neste dag skein sola og me fekk sjå kor morgonvakker portovenere var. frukostbufféen var sett fram på terrassen attmed bassenget, og utsikta var uslåeleg. me skulle planleggje kor turen skulle gå vidare, men me kom ikkje på internett. ganske dårleg når dette var reklamert for i hotellbeskrivinga. ikkje noko å gjere med det, me var ved inngongen til cinque terre -så det var berre til å begi seg ut på ein opplevelsesrik dag. rett før me kom til la spezia att tok me av opp til venstre og det gjekk stort sett oppover resten av vegen verka det som. høgt oppe i fjellskråningane snirkla vegen seg framover. det var så uoversiktleg og smalt at me måtte fløyta før kvar sving me køyrde inn i. men for ein utsikt! langt der nede med havet låg fem små byar på rekkje og rad. det var ikkje vegforbindelse nede mellom dei, så dersom me skulle besøkje dei måtte me sette frå oss bilen, betale (ganske mykje for) parkering og gå dei siste kilometrane ned. du kunne nå byane med tog eller til fots. det var veldig populært å gå mellom byane i tilrettelagte løyper. i den varmen må eg innrømme at eg ikkje hadde orka å gå så langt, så stor honnør til alle som trossa sola. og det var mange av dei! nokre tok også båten dertil, men det var ikkje alle byane som hadde havn heller. me var i byane corniglia og vernazza.  i vernazza såg det ut til å ha gått eit jordskred eller at ein bekk hadde blitt til ein foss. det positive var at oppbyggjinsarbeidet såg ut til å vere godt i gong. etter eit uendeleg tal med hårnålssvingar og i alt 28 tunnellar så långt i italia,  ankom me den vakre byen santa margherita ligure.
palmer, utsmykka bygningar og fine hoteller.  og på eit av dei fine hotella skulle me bu. på dei fleste stadene me budde på på turen hadde me bestilt hotellrommet medan me var i byen (via booking.com), og gjerne troppa opp nokre få minuttar seinare. veldig praktisk ettersom du har eit inntrykk av korleis byen er og kor ein kan tenkje seg å bu. dersom ein i tillegg har eit kart lett tilgjengeleg og ikkje er redd for å bruke litt tid og pengar på 3G (eller wi-fi dersom du er heldig) er dette absolutt å anbefale. på hotel continental hadde dei (som eit par av dei andre hotella) ikkje lagt merke til bestillinga vår då me ankom. dei fnisa litt av kommentaren «we will arrive in five minutes» i bestillinga. «you are faster than the internet» var ein gjengangar. rommet var det ingen verdas ting å sei på. det kunne sjølvsagt vore fint med havutsikt istadenfor vegutsikt, men me var ikkje villege til å putte tusen kroner ekstra i potten for det. badekar, altan og separat soverom holdt i massevis!  me hadde tid til å nyte ettermiddagen og gjekk ned mot sjøen og hotellets «strandkafé» for å gire ned nokre hakk.  mannen var overbevist om at han hadde fått større musklar av å stivhalde på rattet og svinge meir enn han hadde gjort nokon gong i heile sitt liv.
utpå kvelden gjekk me ut i  byen og åt på rêve. ein bortgøymd liten restaurant som ein berre fekk auge på dersom ein såg seg veldig godt om i alle smuga ein gjekk forbi.  dei serverte dei herlegaste rettar og endeleg fekk eg ein etterlengta tunfiskmiddag. den var rektig nok litt for rå (for min smak) og mektig, men like fullt -heilt på sin plass. til forrett hadde eg indiskinspirerte kreps. mannen fekk gnocci og fisk under eit lag av chips (!). spanande mat og flinkaste servitørane. me vagga heim og tok eit kortspel i hotellbaren. der blei me kjend med hans-petter og barbara, som var frå austerrike. hyggjelege folk.
dersom me hadde visst om den fantastiske hotellfrukosten me skulle innta fredags morgon, trur eg me hadde stått opp tidlegare, men dette var ein dag som stod i avslappinga sitt teikn. med ein nydeleg utsikt frå hotellterrassen tok me fatt på den bugnande frukostbufféen.  dei hadde til og med egg & bacon, det hadde me ikkje sett nokon annan stad på turen (kanskje like greitt!). etter å ha prøvt å smaka på alt gjekk me for å høyre kva hotellets spa-avdeling hadde å tilby. det fullt utstyrte treningsrommet var vel det me burde ha benytta oss av, men istadenfor bestilte me oss kvar vår massasjetime. den var ikkje før litt utpå dagen, så me hadde tid å liggje på «stranda» først. «stranda» var ei støypt bryggje med strandstolar (som ikkje var gratis nei). den hadde dei to viktigaste ingrediensane ei strand bør ha: sol og sjø.  med oss hadde me dei to nest viktigaste ingrediensane: solkrem og hello. terapi for kropp og sjel. og det vart det meir av på massasjebenken. me kom ut att som nye -om muleg endo meir avslappa, menneske. for ikkje å gli rett over i tidleg pensjonstilvære tok me ein utflukt til næraste by: portofino. av den hjelpsame hotellresepsjonisten hadde me fått anbefalt å ta den omlag 5 km lange turen til fots. og det var ikkje noko problem, særleg ikkje når me hadde ein gelato-stopp på vegen. delar av fotturen var lagt i ein tursti litt opp i høgda. det tok dryge 45 minuttar å gå frå sentrum. då me ankom miniputtbyen portofino, var sola på veg ned, og me fekk med oss eit siste glimt av ho då me hadde trakka oss opp til kyrkja på haugen. bakanfor låg det eit lite «slott» -castello brown, med utsikt over byen og havna (og langt innover til rapallo). der var det også ei aldri så lita fotoutstilling, med glimt av små og store stjerner som hadde besøkt området. me kunne sjå grace kelly og ranier i båten sin ved havna, hugh grant, walt disney og mange fleire hadde kasta sin glans over den vesle havna. for portofino kan knapt kallast ein by. det er ikkje mykje meir enn ei havn med bygningar rundt. det er verdt ein visitt, men eg kan absolutt anbefala å bu i santa margherita istadenfor. straumen av turistar frå cruiseskipa som låg utanfor såg ut til å aldri ta slutt, så me sette oss på den opne plassen og la eit slag idiot. til akkopagnement drakk me dei dyraste dråpane me hadde hatt på turen. ikkje fordi dei var så utsøkte, men fordi alt var overprisa her. før me vende attende tok me ein matbit på la gritta. her spurde me den hyggjelege servitøren om det gjekk buss inn til byen, korpå han kunne fortelje att den siste var gått for eit kvarter sidan. han anbefalte oss å ikkje ta taxi, sidan det ville bli hårreisande dyrt. men me som hadde spasert dertil, kunne saktens spasere attende. og me kunne ikkje ha gjort eit betre val, for det første som møtte oss i byen var eit fyrverkeri me sjeldan har sett maken til! santamargheritaligure me såg blitzinga frå cruiseskipa og folk som stoppa opp og applauderte langs vegen. kan hende det var eit bryllup i nærleiken som feira med fyrverkeri, for det var ikkje spart på hjarter eller (lys)fontener. me kunne ikkje ha bedt om ei flottare avslutting på reisa. for no var det berre returen igjen. neste dag var me oppe før sola, eller 5.30 om du vil. me hadde rådført oss med hotellpersonalet som meinte det ville ta omlag 2,5 time til milano. me rekna litt ekstra tid for å vere på den sikre sida. det bar strake vegen inn på autostradaen i stummande mørke. me kunne ikkje køyre så fort som me ville gjort på dagen, for det var vanskeleg å ha skikkeleg oversikt. men så fort det byrja å lysne, vart det mykje betre. soloppgang turen gjekk forrykande fint, og plutseleg var me i milano.
etter eit par rundar fann me ut kor me skulle levere bilen, og snart var me på vengene tilbake til gamlelandet. og her sit me att med mange inntrykk og vakre minner frå italia. det er godt å varma seg på i ein regnfull haustkvardag.

hummar & kanari

september 23, 2012

firenze er proppfull av ting å sjå og vegen vidare gjekk til duomoen, eller Basilica di Santa Maria del Fiore frå 1436. den har ein spesiell utsjånad i pastellfarga marmor. santamariadelfiore#1 noko som skulle vise seg å vere ein vanleg utsjånad på florentiske kyrkjer. innvendig var domen majestetisk og i ubegripelige dimensjonar. santamariadelfiore#2 153 meter lang og 90 meter brei, med den største kuppelen eg kan hugse å ha sett -90 meter på det høgaste. santamariadelfiore#3 me trengte ein pause etter dette, og sette oss på piazza di santa croce, der solskinet framleis kikka ner over dei høge bygningane. santacroce#2 etter ei stund kom nokre musikantar og spela opp, og jammen byrja ikkje nokon å danse også.  basilica di santa croce som låg her, hadde stengt når me ankom, men eg vil anbefale ein tur innom, ettersom mellom andre michelangelo og galileo galilei ligg gravlagd her. santacroce#1 den er fransiskanarordenens største kyrkje (i verda). me åt middagen på obiká -ein mozarellarestaurant (!) med litt andre ting på menyen også. til forrett måtte me sjølvsagt prøve ut mozarellaen, den eine var røykt og det var nokså spesielt. til hovudrett hadde me noko anna (som ikkje gjore så sterkt inntrykk). me tok ein tidleg kveld for me skulle bruke dagen på ufizzi neste dag. etter frukost heime troppa me opp utanfor ufizzi og oppdaga gladeleg at køane ikkje hadde byrja å kome. det var generelt ganske roleg i byen denne måndagsførmiddagen. måndag altså -den dagen dei fleste museum har stengt. også eit stort museum som ufizzi. me måtte finne på noko anna, så me gjekk i palazzo vecchio, der bestilte me omvisning på engelsk til seinare på dagen. i mellomtida slo me ihjel tid i enno fleire kyrkjer, smug, piazza’ar og museum. me åt lunsj i sola og såg på turistane. pizza#gresksalat den guida turen var vel verdt ventetida. ei fransk dame tok oss med rundt i palasset som medici’ane (sjølvsagt) hadde budd i. me fekk historiar om cosimo og eleonora, og sonen francesco (far til dronning marie av frankrike), såg romma dei hadde budd i og salane dei hadde bygd ut. palazzovecchio#1  palazzovecchio#2palazzovecchio#4palazzovecchio#5  palazzovecchio#6 me fekk til og med gå oppunder taket og forklart konstruksjonen. palazzovecchio#3 me hadde blitt forespegla at omvisninga skulle ta ein time, men den tok to. det var blitt ettermiddag når me kom ut, og me hadde tid til eit slag idiot på guccibaren før middag. og middagen tok me på dei frescobaldi ristorante. ein utruleg fin, liten restaurant. heimekoseleg og med merksame, høflege og hyggelege ansette. me åt hummar og kanari(eller i allefall fugl) for ein slikk og ingenting.
neste dag gjekk turen vidare, og me fann med litt tålmod turen ut av byen og sette kursen mot kysten. turen gjennom toscana var heilt ubeskriveleg vakker, og at me tok (ein planlagt) omveg om greve in chianti, var eit sjakktrekk. toscana#1 greveinchianti dette området kom dessutan amerigo vespucci frå -mannen som oppfant amerika. me stoppa på ein koseleg trattoria ein eller annan stad i toscana og åt pasta. toscana#2 og det skal seiast; italia er kanskje ikkje staden for dei heilt store gastronomiske opplevingane som t.d. frankrike kan vere, men når råvarene er ferske og gode, kan sjølv den enklaste rett vere ein fest for smakslaukane.
då me endeleg kom til kysten, såg me ikkje berre havet. men langt uti der låg vakre korsika. det var vemodig å reise i andre retningen og berre sjå den bli mindre og mindre til den forsvann i det blå.
i livorno måtte me ut å strekkje på beina og spaserte rundt på den vesle øya som er midt i byen. med små bruer og «kanalar» blir deler av byen kalla «vesle venezia». livorno litt meir modernisert enn dei byane me hadde besøkt til no, og ganske mykje meir industrialisert. at det var ei av landets største havner her, gjorde også sitt til at det ikkje vart så pittoresk. så me feis vidare oppover kysten.
det byrja å bli seint på dag, så me måtte finne ein stad å overnatte for kvelden. tirrenia hadde plenti med hotell og resort’ar både med og utan strand, men me la oss inn på eit vertshus. for omlag 550 fekk me eit heilt greitt rom på cavaliere nero (med støy frå vegen rett attmed og restauranten i 1. etasjen) og ein god frukost neste morgon. cavalierenero dessutan var restauranten deira veldig populær, med mange besøkande om kvelden og god mat. det var allerede blitt onsdag, og den kom med regn. me køyrde opp til pisa for å sjå tårnet. mannen hadde sett dette før, og kunne fortelje at han ved forrige besøk reiv ned (nesten) ei heil salsbod med suvenirar. suvenirsjappa ingen uheldige situasjonar denne gongen. skeivetårnipisa me vurderte om me skulle betale for billett og gå opp i tårnet og inn i kyrkja og battisteriet, men me lot vera og køyrde heller vidare til den vesle byen lucca. den hadde eit fint sentrum innanfor bymurane. det mest spesielle var nok piazza dell’anfiteatro, som var ein rund, open plass med hus rundt. piazzadellanfiteatro her skal det visstnok ha vore eit amfiteater, som me ikkje kunne sjå nokre tegn etter. det byrja å regne att, så det passa fint å settje seg inn på koselege osteria baralla. i italia fungerer eteplassene sin «rangsstige» slik: restaurant er finast, så kjem trattoria som er litt mindre formelt og kanskje familiedrivne og deretter osteria som er veldig uformelt, men kan ofte ha den beste atmosfæren. eg åt ei tradisjonell grønsakssuppe med eit tjukkt brødstykke flytande oppo. toppa med smelta ost. så enkelt, men så utruleg godt! mannen fekk pasta og lam -også dette veldig smakfullt. osteriabarallaosteriabaralla#2 regnet roa seg litt etterkvart, så me våga oss ut, men kjøpte ein paraply for å vere på den sikre sida. me gjekk opp på bymuren, som hadde ein fin sti og god utsikt både over husa i byen og parkområdet rundt. lucca men det var heilt greitt å settje seg i bilen etterpå og skrue på varmen. i forte dei marmi skein sola att, me var komen til kysten. fortedeimarmi

frå bologna til firenze i ein fiat 500

september 20, 2012

her er eg igjen. vanlegvis plar eg å skrive når me har litt tid på tog og buss, mellom destinasjonar. no køyrer me altså rundt i ein fiat, og eg er kart- og skiltlesar. eg gjer stort sett ein god jobb.

bologna var som sagt ein veldig fin by, absolutt verdt ein tur! etter å ha ete frukost på hotellet, sjekka me ut og såg at fiaten vår framleis stod trygt parkert. ingen bulkar. me såg dei to tårna som byen er kjend for, spaserte rundt i gatene (nokså stor by med 372 000 innb.) og var i verdas femte største kyrkje –san petronio, som var storslagen til tross for sine to terroristangrep.
det mest fantastiske med kyrkja var den 67,7 meter lange solkalenderen i golvet. ved hjelp av eit lite hól i taket som slapp sola inn, peika solstråla på rett dato og månad -vist i steinmosaikk. men dette leidde til at dei fann ut at den julianske var feil! skuddåret vart hermed innført. kamera var ikkje lov ellers skulle eg ha vist det.
før me forlot bologna fekk me oss ein matbit i ein av dei koselege trattoria’ane, og køyrde opp ein fjellskrent der me tidlegare hadde sett ein flott bygning. dette var basilica santuario della madonna di san luca -ei rustraud kyrkje på ein aude haug.
den var synleg langt av garde, for me såg den etter å ha køyrdt mange mil over mange haugar.
den innehaldt mellom anna ei altertavle med måleri av maria og jesus laga av st. luke (-lucas?)
vegen vidare var prega av hårnålssvingar i alle retningar. me hadde plotta inn vegen frå bologna til firenze og kryssa av både «unngå bompengevegar» og «unngå motorvegar», så då vart det slik.
me brukte altså ganske lang tid, men synet som møtte oss i det me runda bakketoppen vår var verd heile den svingete turen. firenze som bretta seg ut som eit teppe mellom toscanske dalar, med enorme kuplar og tårn og millionar av små hus i lyset av kveldssola, berre delt opp av elva arno. me hadde funne eit «herberge» med god hjelp av booking.com, og etter eit tappert forsøk på å køyre heilt fram til døra gjennom gater smale som fyrstikker sette me bilen frå oss og gjekk det siste stykket til badia fiorentina. dette viste seg å vere ein heil liten leilighet med kjøken og opphaldsrom i tillegg til soverom og bad. rektig så heimekoseleg.  det at det budde ein bråkete familie i etasjen ovanfor, gjorde sitt til at me følte oss som heime. den veldig hyggelege mannen som styrte bed & breakfasten (som me ikkje var ein del av), tilbydde seg å følgje med oss til bilen for å vise oss næraste parkeringshus. dette gjekk som smurt. me var bokstaveleg talt utkøyrt etter dagens ettappe, så me tok kveldsen på ein trattoria i nærleiken og la oss. laurdag kveld og fest hjå dei ovanfor.
neste dag låg firenze for våre føter, og det første me tok i nærare augesyn var elva arno, og ponte vecchio eller «den gamle brua». den var no fyllt av små suvenirbutikkar, men tidlegare hadde gullsmedane monopol på dei små utsalsbodene. slakterane var dei som opprinneleg hadde tilstad her, men sidan dei kasta avskjær og slintrar i arno, vart dei kasta ut av medici’ane. medici’ane var dei som styrte byen. dei hadde status som dagens kongelege. på vegen slukte me eit par frukostbitar og kaffi, før me fortsette i palazzo pitti. eit flott slott med ein minst like flott hage (boboli) på baksida. her hadde medici’ane hatt bustad, men no var det fyllt med kunst. me kunne sjå nokre rom som stod som dei var innreda i 1880, då savoy’ane hadde sin bustad der. lengje etter medici’ane altså. ei separatutstilling her inne var også via til amerikanske indianerar. her fekk me sjå foto og måleri tekne då europearane gjorde sitt inntog i amerika. me såg også ein kopi av det fyrste verdskartet som hadde amerika innteikna.  denne sida av byen var eigentleg den mest sjarmerande og ikkje så klaustrofobisk som det lett kan bli med trange gater og mykje turistar. me sette oss ned på ein travel men fin trattoria på piazza san spirito. rett ved sida av var det ein utandørsmarknad med heimelaga ting og brukskunst. me gjekk attende over ei anna bru, og fekk auge på det norske konsulatet.
den spanande fortsettjinga følgjer seinare.

forza fiat!

september 17, 2012

bongiorno! me sit i tjukkaste italia og det har me gjort dei siste 3 dagane. programmet har vore relativt tett, så eg har ikkje hatt tid å skrive. før no, når me sit her på piazza della signoria i firenze og nyt mat, sol og litt avslapping mellom slaga.
torsdag ankom me linate flyplass utanfor milano omlag 40 minutt etter planen (grunna forseinka nordmenn). me hadde fotoapparatet med oss og gjekk for å få leigebilen vår -ein fiat 500 sjølvsagt! så feis me ut av flyplassen og mot motellet vårt miami. me navigerte med hjelp av mobiltelefonen -ikkje heilt utan problematikk, det måtte eit par u-svingar til, men me fann til slutt fram til «drive-in» motellet. om eg skal beskrive miami med eit ord, må det vere «fascinerande». rommet bestod av ei svær seng, speglar på alle veggar, inkludert i taket -der det også var plassert ein lysinnstallasjon som eg ikkje veit kva funksjon hadde. i gåvekorga på badet som normalt sett tilbyr såpe, shampo og skopuss låg det også kondomar. classy. det viktigaste var at me fekk ei natts søvn og ein nokså bra frukost neste dag. så då var me klar til å «hit the road». via motorvegen A1 som går frå milano til napoli, kom me oss veldig fort frå den eine byen til den andre. me såg raskt at det gjaldt å vere vaken og ha begge henda festa godt på rattet, for italienerane køyrer som villsvin. fyrste stopp var i parma, ein fin, «liten» by kor me åt ein god lunsj og spaserte litt rundt. verdt å sjå her: battistero og museo diocesano. vegen gjekk vidare til modena, pavarotti (og sikkert mange andre) sin heimby. her var det ein pågåande filosofi festival, så det var plenti folk  overalt. me tok berre ein kaffi der for me ville ikkje kome for seint til dagens siste destinasjon: bologna. me ankom rundt klokka 18, og sjekka inn på hotellet vårt cavour.
veldig fint hotell til ein relativt billig penge og me skulle snart erfare at det stod fint i stil til byen. lonely planet kalla bologna for verdas mathovudstad, og her var det vanskeleg å gå feil om du skulle ha noko å ete. små, koselege matplasser overalt. hotellet låg ganske sentralt -ikkje langt frå piazza del nettuno som saman med piazza maggiore var byens sentrum. me åt på fine battibello og sat på sida av eit par danskar. etter ei stund spurte mannen dama si kva språk ho trudde me på nabobordet snakka. etter ei stund foreslo dei at det kunne vere nederlandsk. 
eg må skrive meir seinare, for no har me bestilt ein guida tur på palazzo vecchio. ciao!

ny tur, nye muligheter

august 17, 2012

no kan du sjå bilete frå turen vår til vest-frankrike i innlegga nedanfor. me gløymde desverre kameraet vårt, så bileta er tekne med mobil, for så å få eit filter i instagram. me er i alt gang med å planleggje neste tur. det har blitt litt frankofilt dei siste åra, så no tek me oss ein tur til italia. eg har lengje hatt lyst til å vittje firenze, så slik blir det! flybillettar er bestilt tur/retur milano, og derifrå reiser me nedover mot toscana, får gjerne med oss pisa og portofino også.
så følg med for oppdateringar!

morellfestivalen i lofthus

juli 27, 2012

sommar er festivaltid over vårt langstrakte land. eg skal ikkje skryte på meg å vera den mest bereiste festivalgjengaren, men éin festival ligg hjarta mitt nær, nemleg morellfestivalen i lofthus. den er godt i gong allereie, så dersom du har tenkt deg der må du settje opp farten. heile festivalen er arrangert rundt tevlinga morellsteinspytting, som går føre seg laurdagen. der gjeld det å spytte morellsteinen lengst mogleg -enkelt og greitt. deltakerane blir delt inn i tre grupper: kvinner, menn og juniorar.
første gongen me vittja festivalen var i 2008. det var siste helga i juli (som festivalen alltid blir halden på), og steikande varmt. eg sat på terrassen og høyrde på nrk hordaland då det kom eit innslag frå lofthus. det høyrtes så forlokkande ut at eg sende ei melding til mannen som var på veg heim frå jobb. innan ein time hadde me pakka i bilen (den gong me framleis hadde den), fått oss overnatting og var på full fart mot hardanger. overnattinga me fekk var på hardanger folkehøgskule. ein grei overnattingstad på internat med køysengjer, men då sola skein inn på rommet om morgonen vart det uleveleg varmt der inne. toalett og dusj måtte me dele med andre reisande. me budde i eit slags anneks, altså ikkje sjølve skulebygningen. reint og fint, nydeleg utsikt, ikkje lang veg til festivalområdet og dessutan veldig billeg.
me har tilsaman besøkt festivalen 3 gonger. andre gongen var det ikkje så fint vêr. me overnatta då på ullensvang gjesteheim. ein tradisjonell, traust hardangergjesteheim, med eit meir eksotisk innhald. dei serverer thailansk mat og har thailandske ansette. eit friskt innslag. her måtte me også dela bad med andre gjester, og eg registrerte at det var litt meir ventetid. dessutan kunne dei utstyrt dørene med «ikkje forstyrr»skilt, sidan vaskefolka kom brasande inn på rommet når ein minst venta det.
det er eit år sidan sist me var i lofthus no. då budde me på hotell ullensvang, så på ein måte har me stege i gradene for kvar gong når det gjeld overnatting. sjølv om det kosta adskilleg meir å bu på dette flotte hotellet, er det sanneleg verdt det. då seier eg ikkje at dei andre overnattingsstadene er dårlegare, men ein annan standard. eige bad(ekar) på det flotte hotellrommet, ein frukostbuffét som aldri tek slutt (med levande harpespel som bakgrunnsmusikk), ein fantastisk god restaurant, og ikkje minst veldig hyggjelege ansette er noko ein berre må settje pris på. me traff på hotelldirektøren fleire gongjer, og han hadde alltid ein hyggjeleg kommentar som fekk oss til å føla oss velkommen. det gjorde mykje at han var så synleg.
festivalen plar starte på torsdagen, men i år starta den onsdag for dei yngste med john olav nilssen & gjengen på scena. det har vore mange flotte artistar å sjå på lofthus opp igjennom åra, som olav stedje, revolver med m.a. bård ose og julian berntzen. det er alltid gode stand up show, dans på kvelden og i fjor fekk me med oss ein god revy frå lokalteateret. det er hardangerauksjon kor du kan få med deg gamle skattar frå hardanger, og i bodene på området kan du få med nyare skattar i form av brukskunst og snop. kokke-lise og frode aga er faste «arbeiderar» som diskar opp med herleg grillmat og godsaker. om ikkje dette skulle vere nok, vert det spela opp til dans om kveldane, og folk frå fjern og nær strøymer til.
det er trist å ikkje vere ein del av vakre, livlege lofthus denne helga, men når eg ser ut på regnet som ausar ned, må eg nok leggje til at denne festivalen er finast i solskin.

marknadsdag

juli 16, 2012

så sit me her igjen, midt i kvardagen og tenkjer tilbake på ferien. minnene skal vara lengje. me kom heim for to veker si, og etter det reiste me rett på hytta og naut den norske somaren.
det siste eg skreiv var frå toget på veg til paris. då me kom fram på togstasjonen montparnasse bienvenüe (som dei fleste tog til vestkysten reiser til og frå) var me ikkje så langt frå hotellet vårt, men langt nok til at det var slitsomt å gå med bagasje i varmen. mannen hadde gjort ein god jobb med å finne hotel du midi på avenue rené coty. det låg like ved eit metrostopp i ein frodig og mindre masete del av paris som me ikkje har sett før. etter å ha lessa frå oss tinga på rommet, gjekk me ut att i sjølvaste paris. me la kursen mot området latinarkvarteret/saint germain, som me vart kjend med i fjor. det var jo sundag, og overraskande mange stengde butikkar. hadde me ikkje rekna med i storbyen. me hadde nok ikkje så mykje overskudd til å handle, men det var fint å rusle rundt i finvêret. ikkje så langt frå hotellet, i nærleiken av cimetiére de montparnasse, gjekk me gjennom ein gatemarknad. der var det sal av både antikviterar og nye ting. hadde me berre hatt ein ekstra koffert med oss… då me kom til katedralen eglise saint sulpice kom me over enno ein marknad. denne gongen brukskunst, husa i små telt på plassen framfor katedralen. me konkluderte med at sundag er marknadsdag. då me kom fram til saint germain, slo me oss ner og fekk oss både kaffi og andre godsaker. det var herleg å sjå på folkelivet i paris sine gater igjen. ein by me stadig vender tilbake til. etter å ha kvilt litt på laurbæra sette me kursen heim til hotellet att og gjore oss klar for ein siste kveld i frankrike. eg hadde brukt togturen ikkje berre til å skrive innlegg, men også til å lese om restuarantar eg ville besøkje i paris. og eg kunne ikkje gjort eit betre val! l’alivi i marais var ein korsikansk restaurant, og me trengte ikkje studere menyen lengje før me visste at dette måtte bli bra. for to år sidan var me på rundreise på korsika og øya har fått ein spesiell plass i hjarta våre. aperitifen vår var kir de châtaigne og den sende oss raskt tilbake til svale haustkveldar med smak av kastanje. smaksopplevingane kom på rekkje og rad etter dette; aubergine, (brun) fiskesuppe, canelloni og risotto med kongereker. dei som dreiv l’alivi, var alle frå korsika kunne dei fortelje. flott, liten restaurant som er vel verdt eit besøk! maten fekk sige litt når me spaserte rundt i marais. her og der kunne me høyre rop og skrik av fotballkampen som var inne i sine siste minuttar. og etterpå kom tutande bilar køyrande med vaiande spanske flag og tilhøyrande spanjonlar i gledesrus. etter eit ublidt møte med ei metrodør som small igjen i meg, fann me oss sjølv utanfor hotel du midi igjen. rett over vegen hadde me lagt merke til ein australsk bar. sjeldan vare er verdt eit besøk, så me gjekk inn på det som såg ut til å vera ein studentplass. der spela eit australsk to-mannsband til ein lystig gjeng som sikkert nett hadde fått sommarferie. ei fin avslutting på den fine reisa vår. neste dag sjekka me ut og tok orly-bussen som gjekk rett utanfor hotellet vårt. ein ny stjerne i boka til mannen. og så var det berre å ta flyet heim.
ps: på flesland låg kameraet vårt å venta på oss.

fete le vin -et fromage

juli 1, 2012

torsdag morgon, me stod opp tidleg, pakka alt ferdig og gjekk ned til frukosten. mannen sjekka mailen då me sat der og fann plutseleg ut at me hadde reservert hotellet éin dag til! me skulle mao ikkje reise, så me senka skuldrane att og fortsette på frukosten. hotellet vårt le corps de garde i saint martin er det mest unike hotellet me har budd på. innreiinga var gjort med sjel. der var gamle møbler, årer som gardinstenger, draperingar og kandelaber, gamle bilder og interiørmagasin. i salongen/opphaldsrommet vart det servert frukost, aldri før klokka 8.30, men kva tid som helst etter det. og for ein frukost! her var det dekka med friske fruktfat som bugna. me fekk ferskpressa appelsinjuice og nytrekt kaffi, varm toast, baguettar og croissantar og yoghurt. alt servert av den alltid like blide og hyggelege, litt vimsete og småspringande dama. sjølv om det nok ikkje var ho som eigde hotellet, stod ho for å halde hjula i gong. servering, vasking og stelling av rom, oppgjer ved avreise og telefonvakt var stillingstittelen hennar. ho kunne ikkje eit ord engelsk, men snakka og gjentok seg sjølv heilt til me nikka og smilte.
så kva skulle me no bruke denne ekstra dagen til? me hadde jo sett heille øya, og solskin var det ikkje å oppdrive. me spaserte rundt i gatene og lot oss friste av delikatessane på marknaden. 
me svinga inn på byens einaste museum, der var det ei utstilling om historen til île de ré. ganske interresant å sjå og lese om. øya hadde opprinneleg bestått at tre enkeltståande øyer, som etterkvart hadde vakse saman ved hjelp av menneska som budde der. det hadde vore eit sjøslag om øya, som varte i tre veker, fordi befolkinga der forblei katolske, medan resten av landet hadde forandra meining. vidare var det ei kunstutstilling med samlinga til ernest cognacq, som hadde samla ei heil rekkje bilder med motiv frå øya. etter dette tok me ein kaffi og pannekaker på les colonnes, og skreiv og spela kort. sola dukka fram etterkvart, og me oppdaga ein kunstmarknad utanfor kyrkja. det kunne sjå ut som lokale kunstnerar som hadde tatt med måleria sine for å selgje. det var mange flotte måleri, nokre av høg kvalitet.  om kvelden tok me kvar vår pizza ute på le phare -knallgod pizza og servicen likeså. etterpå såg me den litt meir spanande andre semifinalen saman med ei handfull tysktalande folk. dei fekk ikkje tatt med seg sigeren heim.
så hadde me ikkje fleire dagar att, så me hoppa på første og beste buss til la rochelle og togstasjonen der. me hadde diskutert laust om me skulle leige bil og reise nedover kysten, så me kontakta samtlege bilutleigekontor i byen (som heldigvis låg samla) utan å få napp. alle bilar var utleigd, så det neste var å sjekke togtabellen. i ettertid ser me at det var eit lykketreff, for me hoppa på toget til bordeaux. der sat eg attmed ei jente som kunne fortelje at det var vinfestival i byen! så etter to timar ankom me bordeaux sin fete le vin. av mangel på kunnskap om byen (det står ikkje mykje om kvar plass i lonely planet) vart me nesten blenda av det mektige synet som møtte oss. ein fasade vel verdt unesco-rangering. gamle, mektige bygningar sett opp longs den store elva garonne, med innslag av flotte kyrkjer og katedralar. eit vel av små gater som ofte samla seg om opne plasser med sjarmerande kafear. at det var festival i byen gjore den nok ekstra livleg. etter å ha sjekka inn på hotellet la presse (heilt ok hotell som låg veldig sentralt) gjekk me på turistinfoen og kjøpte festivalpass til fête le vin. med det fulgte kvar sitt glas i ei kjekk skulderveske -til vinsmaking sjølvsagt! så då var det berre til å starte. dei ulike vintypane hadde kvar sin «stand» som representerte ulike vingardar. her var alt som ganen kunne begjære: raud, kvit, rosé, med og utan bobler, søt, sur osb. representantane fortalde om vinen, druene, jordsmonn, regionen og alt anna ein måtte lure på. ein av favorittane vart kvit grave. på førehand hadde me lurt litt på om me skulle reise på vinsmakingstur i området rundt bordeaux, men dette var jo endo betre. vinslotta kom til deg. om kvelden tok me middagen på comptoir cuisene –veldig god mat, men (gjentek eg meg sjølv?) ei servitrise som ikkje visste kva ho gjorde på. og apropos: i frankrike treng me visst ikkje å tipse. iallefall ifølge lonely planet. det skal vere medrekna i prisen, og dersom ikkje -skal det stå på rekninga. så då har me berre gitt litt ekstra dersom me har vore veldig nøgde. (ikkje mykje tips frå oss på denne turen mao). kvelden vart avslutta med fyrverkeri nede ved elva. det var eit stort og flott fyrverkeri som ingen ende ville ta. og dette fyrte dei opp kvar kveld gjennom festivalen.
laurdagen var nok ein dag der yr.no hadde blingsa kraftig med vêrvarslinga. det er litt trist å sei, men heile turen kunne ha blitt kansellert fordi me stola så blindt på yr. det har jevt over vore mykje finare vêr enn dei har spådd. uansett, me gjekk mot eit kunstgalleri me hadde sett plakatar for etter å ha ete litt frukost. utstillinga var bilder av tobeen frå bordeaux som måla kubistiske bilde. me lika stilen, som var prega av klare fargar og kvardagslege motiv. etterpå spaserte me innover mot den store handlegata saint catherine og fekk faktisk med oss nokre posar før me befant oss på vinsmakinga igjen. i festivalpasset var det fleire ulike bongar som me gav til «standane» me ville smake vin frå. me såg fort at det vanskeleg lot seg gjere å ta knekken på alle. me kjøpte ein assiete med ost og levde det franske livet med bordeaux i glaset. etter å ha gått ei stund for å finne ein middagsplass som frista kom me over noko så sjeldan som ein fonduerestaurant. dette var så merkeleg at me måtte prøve det ut. du kunne velgje mellom kjøt eller ost. valget var lett, og me fekk krutongar som skulle dyppast i varm ostesaus. i tillegg fekk me salat og steikte poteter. det var kanskje ikkje den store gastronomiske opplevinga, men kven likar ikkje smelta ost?! dessutan må det vere ein av svært få fonduerestaurantar i verda, så utan tvil verdt eit besøk. folk stod i kø utanfor for å få bord, og servitøren som sprang rundt som ein helt mellom dei to romma (på kvar si side av gata) klarte på eit merkverdig vis å gjere alle til lags. etter dette snodige måltidet gjekk me vidare innover i gata og kom til place saint-pierre som eg absolutt vil anbefale til eit seint måltid. me åt ingenting der, men livet og atmosfæren der var innbydande. framfor ei kyrkje hadde dei sett opp mange langbord som høyrde til restaurantane som låg rundt, og folk sat der med familie og vener. i eit glimt minna det litt om madrid, utan spanjolane. me tok ein litt tidleg kveld etter å ha oppdaga at lyset var gått i heile havneområdet, og høyrde heller fyrverkeriet (og alt bråket) frå hotellrommet. for me skulle opp tidleg idag og ta toget til paris. og her sit me på toget. verdt å merkje seg når ein skal kjøpe togbillett same dag her (og ikkje betale ei formue, for det er dyrt nok frå før) er at ein vanlegvis ikkje får reservert sete. det vil sei at du berre må håpe på at det er noko ledig, og spørje om du kan sittje der. dersom nokon kjem på på neste stasjon, kan du risikere at dei skal sittje på plassen din. det har heldigvis gått greitt, ein må tåle å sittje ilag med ukjende eller kanskje stå eit stykke av vegen. det var desverre ikkje sittjeplasser i matvogna her heller, så me kunne ikkje settje oss der. i paris har me bestilt eit hotell i nærleiken av montparnasse. der blir me til imorgon når flyet vårt går attende til noreg.

le tour de ré

juni 30, 2012

dersom la rochelle var ei perle, er île de ré ein diamant! og så heldige me var med hotellet vårt le corpse de garde  alt i alt heilt fantastisk! her vart du tvungen til å ta livet med ro. me lånte syklar i to dagar, og sykla tilsaman rundt heile øya. tysdagen tok me for oss området vest for saint martin. me sykla longs saltbasseng (øya er kjend for sin saltproduksjon), havner og småbyar, såg all slags fuglar og ikkje minst -syklistar  me stoppa (som sagt) i den vesle byen ars, og tok lunch, salat og spekemat som smaka perfekt.   i ars var det også ein flott utandørs marknad   denne dagen var det passeleg temperatur. det var ikkje for varmt, men sol og fint.  då me hadde komt heilt til endes på øya, ved det store fyret phare de ré snudde me og sykla tilbake longs sørsida.  i la couarde sur mer måtte me stoppa for å kjøla oss ner med is. slitne og nøgde kom me heim att og var klare for middag. kveldsola var fin, og me sette oss ute på restauranten le serghi rett attmed hotellet vårt.  god mat gjorde (litt) opp for slett service og uoppmerksame servitørar. ta heller middagen ein annan stad, sjølv om den smakar betre i sola. etterpå tok me ein tur på le bistrot du marin, som me hadde ete middag på kvelden før. ein plass vel verd eit nytt besøk! her var det alltid stappfullt, og dei som jobba der var ikkje sjølvhøgtidige, men gjorde jobben sin! me tok nokre glas der og spela kort, medan resten av byens festglade menneske gjekk bananas til spanske rytmer. gamle og unge dansa og hadde det fint. c’est la vie!
neste dag måtte me ta for oss austsida av øya. og me som ikkje trudde scenarioet kunne bli flottare.  me fulgte strandvegen  og svinga inn ved ruinane av eit kloster.  etter ei stund stoppa me i nous, ein veldig liten, men fin landsby. pannekake (komplett gallette) og salat. vêret var upåklageleg, men utover dagen kjende me at det var nok litt i varmaste laget for sykling. me stoppa på ei strand og la oss ner for ei stund.  det var masse folk der, og mannen fekk duppa kroppen i atlanderhavet. det var tungt å trø dei siste kilometrane heim, men me klarte det.  etterpå belønna me oss sjølv med rekevårrullar, fisk og risotto, hummar, og kongereker. restauranten l’avant port hadde bemerka seg hjå michelin, men eg har smakt betre risotto på colonialen. hyggeligare betjening har dei óg, så me byrja å lure på om det var oss det var noko gale med. så var det klart for semifinale mellom spania og portugal i fotball-em. den varte i ein evighet, og i puben der me såg den var det ein million grader. så det var med ein viss lettelse me til slutt såg det skuffa andletet til ronaldo. me gjekk heim og pakka alle sakene for me skulle jo reise frå denne idyllen neste dag.