morellfestivalen i lofthus
sommar er festivaltid over vårt langstrakte land. eg skal ikkje skryte på meg å vera den mest bereiste festivalgjengaren, men éin festival ligg hjarta mitt nær, nemleg morellfestivalen i lofthus. den er godt i gong allereie, så dersom du har tenkt deg der må du settje opp farten. heile festivalen er arrangert rundt tevlinga morellsteinspytting, som går føre seg laurdagen. der gjeld det å spytte morellsteinen lengst mogleg -enkelt og greitt. deltakerane blir delt inn i tre grupper: kvinner, menn og juniorar.
første gongen me vittja festivalen var i 2008. det var siste helga i juli (som festivalen alltid blir halden på), og steikande varmt. eg sat på terrassen og høyrde på nrk hordaland då det kom eit innslag frå lofthus. det høyrtes så forlokkande ut at eg sende ei melding til mannen som var på veg heim frå jobb. innan ein time hadde me pakka i bilen (den gong me framleis hadde den), fått oss overnatting og var på full fart mot hardanger. overnattinga me fekk var på hardanger folkehøgskule. ein grei overnattingstad på internat med køysengjer, men då sola skein inn på rommet om morgonen vart det uleveleg varmt der inne. toalett og dusj måtte me dele med andre reisande. me budde i eit slags anneks, altså ikkje sjølve skulebygningen. reint og fint, nydeleg utsikt, ikkje lang veg til festivalområdet og dessutan veldig billeg.
me har tilsaman besøkt festivalen 3 gonger. andre gongen var det ikkje så fint vêr. me overnatta då på ullensvang gjesteheim. ein tradisjonell, traust hardangergjesteheim, med eit meir eksotisk innhald. dei serverer thailansk mat og har thailandske ansette. eit friskt innslag. her måtte me også dela bad med andre gjester, og eg registrerte at det var litt meir ventetid. dessutan kunne dei utstyrt dørene med «ikkje forstyrr»skilt, sidan vaskefolka kom brasande inn på rommet når ein minst venta det.
det er eit år sidan sist me var i lofthus no. då budde me på hotell ullensvang, så på ein måte har me stege i gradene for kvar gong når det gjeld overnatting. sjølv om det kosta adskilleg meir å bu på dette flotte hotellet, er det sanneleg verdt det. då seier eg ikkje at dei andre overnattingsstadene er dårlegare, men ein annan standard. eige bad(ekar) på det flotte hotellrommet, ein frukostbuffét som aldri tek slutt (med levande harpespel som bakgrunnsmusikk), ein fantastisk god restaurant, og ikkje minst veldig hyggjelege ansette er noko ein berre må settje pris på. me traff på hotelldirektøren fleire gongjer, og han hadde alltid ein hyggjeleg kommentar som fekk oss til å føla oss velkommen. det gjorde mykje at han var så synleg.
festivalen plar starte på torsdagen, men i år starta den onsdag for dei yngste med john olav nilssen & gjengen på scena. det har vore mange flotte artistar å sjå på lofthus opp igjennom åra, som olav stedje, revolver med m.a. bård ose og julian berntzen. det er alltid gode stand up show, dans på kvelden og i fjor fekk me med oss ein god revy frå lokalteateret. det er hardangerauksjon kor du kan få med deg gamle skattar frå hardanger, og i bodene på området kan du få med nyare skattar i form av brukskunst og snop. kokke-lise og frode aga er faste «arbeiderar» som diskar opp med herleg grillmat og godsaker. om ikkje dette skulle vere nok, vert det spela opp til dans om kveldane, og folk frå fjern og nær strøymer til.
det er trist å ikkje vere ein del av vakre, livlege lofthus denne helga, men når eg ser ut på regnet som ausar ned, må eg nok leggje til at denne festivalen er finast i solskin.
Koselig innlegg 🙂
takk! koseleg plass veit du 😉
Og nyyydelige bilder, især det siste!
tusen takk! 🙂 det er motiva som skal ha all æra