marknadsdag
så sit me her igjen, midt i kvardagen og tenkjer tilbake på ferien. minnene skal vara lengje. me kom heim for to veker si, og etter det reiste me rett på hytta og naut den norske somaren.
det siste eg skreiv var frå toget på veg til paris. då me kom fram på togstasjonen montparnasse bienvenüe (som dei fleste tog til vestkysten reiser til og frå) var me ikkje så langt frå hotellet vårt, men langt nok til at det var slitsomt å gå med bagasje i varmen. mannen hadde gjort ein god jobb med å finne hotel du midi på avenue rené coty. det låg like ved eit metrostopp i ein frodig og mindre masete del av paris som me ikkje har sett før. etter å ha lessa frå oss tinga på rommet, gjekk me ut att i sjølvaste paris. me la kursen mot området latinarkvarteret/saint germain, som me vart kjend med i fjor. det var jo sundag, og overraskande mange stengde butikkar. hadde me ikkje rekna med i storbyen. me hadde nok ikkje så mykje overskudd til å handle, men det var fint å rusle rundt i finvêret. ikkje så langt frå hotellet, i nærleiken av cimetiére de montparnasse, gjekk me gjennom ein gatemarknad. der var det sal av både antikviterar og nye ting. hadde me berre hatt ein ekstra koffert med oss…
då me kom til katedralen eglise saint sulpice kom me over enno ein marknad. denne gongen brukskunst, husa i små telt på plassen framfor katedralen. me konkluderte med at sundag er marknadsdag. då me kom fram til saint germain, slo me oss ner og fekk oss både kaffi og andre godsaker. det var herleg å sjå på folkelivet i paris sine gater igjen. ein by me stadig vender tilbake til.
etter å ha kvilt litt på laurbæra sette me kursen heim til hotellet att og gjore oss klar for ein siste kveld i frankrike. eg hadde brukt togturen ikkje berre til å skrive innlegg, men også til å lese om restuarantar eg ville besøkje i paris. og eg kunne ikkje gjort eit betre val! l’alivi i marais var ein korsikansk restaurant, og me trengte ikkje studere menyen lengje før me visste at dette måtte bli bra.
for to år sidan var me på rundreise på korsika og øya har fått ein spesiell plass i hjarta våre. aperitifen vår var kir de châtaigne og den sende oss raskt tilbake til svale haustkveldar med smak av kastanje. smaksopplevingane kom på rekkje og rad etter dette; aubergine, (brun) fiskesuppe, canelloni og risotto med kongereker.
dei som dreiv l’alivi, var alle frå korsika kunne dei fortelje. flott, liten restaurant som er vel verdt eit besøk! maten fekk sige litt når me spaserte rundt i marais.
her og der kunne me høyre rop og skrik av fotballkampen som var inne i sine siste minuttar. og etterpå kom tutande bilar køyrande med vaiande spanske flag og tilhøyrande spanjonlar i gledesrus. etter eit ublidt møte med ei metrodør som small igjen i meg, fann me oss sjølv utanfor hotel du midi igjen. rett over vegen hadde me lagt merke til ein australsk bar. sjeldan vare er verdt eit besøk, så me gjekk inn på det som såg ut til å vera ein studentplass. der spela eit australsk to-mannsband til ein lystig gjeng som sikkert nett hadde fått sommarferie.
ei fin avslutting på den fine reisa vår. neste dag sjekka me ut og tok orly-bussen som gjekk rett utanfor hotellet vårt. ein ny stjerne i boka til mannen. og så var det berre å ta flyet heim.
ps: på flesland låg kameraet vårt å venta på oss.
Mmm, nå fikk du meg til å glede meg til Paris 🙂
og det gjer du rett i!