Gå til innhald

fete le vin -et fromage

juli 1, 2012

torsdag morgon, me stod opp tidleg, pakka alt ferdig og gjekk ned til frukosten. mannen sjekka mailen då me sat der og fann plutseleg ut at me hadde reservert hotellet éin dag til! me skulle mao ikkje reise, så me senka skuldrane att og fortsette på frukosten. hotellet vårt le corps de garde i saint martin er det mest unike hotellet me har budd på. innreiinga var gjort med sjel. der var gamle møbler, årer som gardinstenger, draperingar og kandelaber, gamle bilder og interiørmagasin. i salongen/opphaldsrommet vart det servert frukost, aldri før klokka 8.30, men kva tid som helst etter det. og for ein frukost! her var det dekka med friske fruktfat som bugna. me fekk ferskpressa appelsinjuice og nytrekt kaffi, varm toast, baguettar og croissantar og yoghurt. alt servert av den alltid like blide og hyggelege, litt vimsete og småspringande dama. sjølv om det nok ikkje var ho som eigde hotellet, stod ho for å halde hjula i gong. servering, vasking og stelling av rom, oppgjer ved avreise og telefonvakt var stillingstittelen hennar. ho kunne ikkje eit ord engelsk, men snakka og gjentok seg sjølv heilt til me nikka og smilte.
så kva skulle me no bruke denne ekstra dagen til? me hadde jo sett heille øya, og solskin var det ikkje å oppdrive. me spaserte rundt i gatene og lot oss friste av delikatessane på marknaden. 
me svinga inn på byens einaste museum, der var det ei utstilling om historen til île de ré. ganske interresant å sjå og lese om. øya hadde opprinneleg bestått at tre enkeltståande øyer, som etterkvart hadde vakse saman ved hjelp av menneska som budde der. det hadde vore eit sjøslag om øya, som varte i tre veker, fordi befolkinga der forblei katolske, medan resten av landet hadde forandra meining. vidare var det ei kunstutstilling med samlinga til ernest cognacq, som hadde samla ei heil rekkje bilder med motiv frå øya. etter dette tok me ein kaffi og pannekaker på les colonnes, og skreiv og spela kort. sola dukka fram etterkvart, og me oppdaga ein kunstmarknad utanfor kyrkja. det kunne sjå ut som lokale kunstnerar som hadde tatt med måleria sine for å selgje. det var mange flotte måleri, nokre av høg kvalitet.  om kvelden tok me kvar vår pizza ute på le phare -knallgod pizza og servicen likeså. etterpå såg me den litt meir spanande andre semifinalen saman med ei handfull tysktalande folk. dei fekk ikkje tatt med seg sigeren heim.
så hadde me ikkje fleire dagar att, så me hoppa på første og beste buss til la rochelle og togstasjonen der. me hadde diskutert laust om me skulle leige bil og reise nedover kysten, så me kontakta samtlege bilutleigekontor i byen (som heldigvis låg samla) utan å få napp. alle bilar var utleigd, så det neste var å sjekke togtabellen. i ettertid ser me at det var eit lykketreff, for me hoppa på toget til bordeaux. der sat eg attmed ei jente som kunne fortelje at det var vinfestival i byen! så etter to timar ankom me bordeaux sin fete le vin. av mangel på kunnskap om byen (det står ikkje mykje om kvar plass i lonely planet) vart me nesten blenda av det mektige synet som møtte oss. ein fasade vel verdt unesco-rangering. gamle, mektige bygningar sett opp longs den store elva garonne, med innslag av flotte kyrkjer og katedralar. eit vel av små gater som ofte samla seg om opne plasser med sjarmerande kafear. at det var festival i byen gjore den nok ekstra livleg. etter å ha sjekka inn på hotellet la presse (heilt ok hotell som låg veldig sentralt) gjekk me på turistinfoen og kjøpte festivalpass til fête le vin. med det fulgte kvar sitt glas i ei kjekk skulderveske -til vinsmaking sjølvsagt! så då var det berre til å starte. dei ulike vintypane hadde kvar sin «stand» som representerte ulike vingardar. her var alt som ganen kunne begjære: raud, kvit, rosé, med og utan bobler, søt, sur osb. representantane fortalde om vinen, druene, jordsmonn, regionen og alt anna ein måtte lure på. ein av favorittane vart kvit grave. på førehand hadde me lurt litt på om me skulle reise på vinsmakingstur i området rundt bordeaux, men dette var jo endo betre. vinslotta kom til deg. om kvelden tok me middagen på comptoir cuisene –veldig god mat, men (gjentek eg meg sjølv?) ei servitrise som ikkje visste kva ho gjorde på. og apropos: i frankrike treng me visst ikkje å tipse. iallefall ifølge lonely planet. det skal vere medrekna i prisen, og dersom ikkje -skal det stå på rekninga. så då har me berre gitt litt ekstra dersom me har vore veldig nøgde. (ikkje mykje tips frå oss på denne turen mao). kvelden vart avslutta med fyrverkeri nede ved elva. det var eit stort og flott fyrverkeri som ingen ende ville ta. og dette fyrte dei opp kvar kveld gjennom festivalen.
laurdagen var nok ein dag der yr.no hadde blingsa kraftig med vêrvarslinga. det er litt trist å sei, men heile turen kunne ha blitt kansellert fordi me stola så blindt på yr. det har jevt over vore mykje finare vêr enn dei har spådd. uansett, me gjekk mot eit kunstgalleri me hadde sett plakatar for etter å ha ete litt frukost. utstillinga var bilder av tobeen frå bordeaux som måla kubistiske bilde. me lika stilen, som var prega av klare fargar og kvardagslege motiv. etterpå spaserte me innover mot den store handlegata saint catherine og fekk faktisk med oss nokre posar før me befant oss på vinsmakinga igjen. i festivalpasset var det fleire ulike bongar som me gav til «standane» me ville smake vin frå. me såg fort at det vanskeleg lot seg gjere å ta knekken på alle. me kjøpte ein assiete med ost og levde det franske livet med bordeaux i glaset. etter å ha gått ei stund for å finne ein middagsplass som frista kom me over noko så sjeldan som ein fonduerestaurant. dette var så merkeleg at me måtte prøve det ut. du kunne velgje mellom kjøt eller ost. valget var lett, og me fekk krutongar som skulle dyppast i varm ostesaus. i tillegg fekk me salat og steikte poteter. det var kanskje ikkje den store gastronomiske opplevinga, men kven likar ikkje smelta ost?! dessutan må det vere ein av svært få fonduerestaurantar i verda, så utan tvil verdt eit besøk. folk stod i kø utanfor for å få bord, og servitøren som sprang rundt som ein helt mellom dei to romma (på kvar si side av gata) klarte på eit merkverdig vis å gjere alle til lags. etter dette snodige måltidet gjekk me vidare innover i gata og kom til place saint-pierre som eg absolutt vil anbefale til eit seint måltid. me åt ingenting der, men livet og atmosfæren der var innbydande. framfor ei kyrkje hadde dei sett opp mange langbord som høyrde til restaurantane som låg rundt, og folk sat der med familie og vener. i eit glimt minna det litt om madrid, utan spanjolane. me tok ein litt tidleg kveld etter å ha oppdaga at lyset var gått i heile havneområdet, og høyrde heller fyrverkeriet (og alt bråket) frå hotellrommet. for me skulle opp tidleg idag og ta toget til paris. og her sit me på toget. verdt å merkje seg når ein skal kjøpe togbillett same dag her (og ikkje betale ei formue, for det er dyrt nok frå før) er at ein vanlegvis ikkje får reservert sete. det vil sei at du berre må håpe på at det er noko ledig, og spørje om du kan sittje der. dersom nokon kjem på på neste stasjon, kan du risikere at dei skal sittje på plassen din. det har heldigvis gått greitt, ein må tåle å sittje ilag med ukjende eller kanskje stå eit stykke av vegen. det var desverre ikkje sittjeplasser i matvogna her heller, så me kunne ikkje settje oss der. i paris har me bestilt eit hotell i nærleiken av montparnasse. der blir me til imorgon når flyet vårt går attende til noreg.

2 kommentarar leave one →
  1. Syster Marianne permalink
    juli 2, 2012 10:13 pm

    nå har eg lest meg ijøno heile turen, fantastisk 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: