le tour de ré
dersom la rochelle var ei perle, er île de ré ein diamant! og så heldige me var med hotellet vårt le corpse de garde alt i alt heilt fantastisk! her vart du tvungen til å ta livet med ro. me lånte syklar i to dagar, og sykla tilsaman rundt heile øya. tysdagen tok me for oss området vest for saint martin. me sykla longs saltbasseng (øya er kjend for sin saltproduksjon), havner og småbyar, såg all slags fuglar og ikkje minst -syklistar
me stoppa (som sagt) i den vesle byen ars, og tok lunch, salat og spekemat som smaka perfekt.
i ars var det også ein flott utandørs marknad
denne dagen var det passeleg temperatur. det var ikkje for varmt, men sol og fint.
då me hadde komt heilt til endes på øya, ved det store fyret phare de ré snudde me og sykla tilbake longs sørsida.
i la couarde sur mer måtte me stoppa for å kjøla oss ner med is. slitne og nøgde kom me heim att og var klare for middag. kveldsola var fin, og me sette oss ute på restauranten le serghi rett attmed hotellet vårt.
god mat gjorde (litt) opp for slett service og uoppmerksame servitørar. ta heller middagen ein annan stad, sjølv om den smakar betre i sola. etterpå tok me ein tur på le bistrot du marin, som me hadde ete middag på kvelden før. ein plass vel verd eit nytt besøk! her var det alltid stappfullt, og dei som jobba der var ikkje sjølvhøgtidige, men gjorde jobben sin! me tok nokre glas der og spela kort, medan resten av byens festglade menneske gjekk bananas til spanske rytmer. gamle og unge dansa og hadde det fint. c’est la vie!
neste dag måtte me ta for oss austsida av øya. og me som ikkje trudde scenarioet kunne bli flottare. me fulgte strandvegen og svinga inn ved ruinane av eit kloster.
etter ei stund stoppa me i nous, ein veldig liten, men fin landsby. pannekake (komplett gallette) og salat. vêret var upåklageleg, men utover dagen kjende me at det var nok litt i varmaste laget for sykling. me stoppa på ei strand og la oss ner for ei stund.
det var masse folk der, og mannen fekk duppa kroppen i atlanderhavet. det var tungt å trø dei siste kilometrane heim, men me klarte det.
etterpå belønna me oss sjølv med rekevårrullar, fisk og risotto, hummar, og kongereker. restauranten l’avant port hadde bemerka seg hjå michelin, men eg har smakt betre risotto på colonialen. hyggeligare betjening har dei óg, så me byrja å lure på om det var oss det var noko gale med. så var det klart for semifinale mellom spania og portugal i fotball-em. den varte i ein evighet, og i puben der me såg den var det ein million grader. så det var med ein viss lettelse me til slutt såg det skuffa andletet til ronaldo. me gjekk heim og pakka alle sakene for me skulle jo reise frå denne idyllen neste dag.
Høres så idyllisk ut! 🙂 god tur heimatt!!
takk! me kom oss heilskinna heim óg 😉