fort et bakgårdsfête!
laurdag avslutta me med middag på dei les 4 sergents. det var akkurat nok grader til at me kunne sittje ute. maten var fortreffeleg! laksemousse og gazpacho av finaste sort, og jammen dukka det ikkje opp plukkfisk til hovedrett. og det har me jo fått før i frankrike! til dessert fekk me kafé gourmand, som er ei samansettjing av ulike små rettar: ein kruttsterk espresso, noko som likna juleflesk, pikekyss, makroner, og ein vaniljesaus frå himmelen. mannen satt på nåler heile måltidet for det var jo ein veldig viktig kamp som hadde byrja. så då me hadde gjort opp for oss, bar det rett til irskepuben, kor me pakka oss saman med franskmenna som allereie hang med hovudet. kampen enda 2-0 til spania, men kvelden vår enda ikkje der. me spaserte litt rundt, og heilt tilfeldig enda me opp i ein bakgårdsfest. det kunne verke som det var ei sommaravslutning av eit slag, der alle var velkomne. eit tomannsorkester stod i hjørnet og spela, alle song med, dansa og åt epleterte. alt under open himmel i ein bakgård
sundagen kom med sol -heilt uventa. me som hadde førebudd oss på innevêr og akvariumsvandring måtte endre planane. me spaserte ein tur nordvest for byen, longs stranda. der kom me til ein stor utandørs bruktmarknad. folk hadde tatt med seg eigedelar og samleobjekt som dei selde ute i eit parkområde. dei hadde piknik, og nokre selde heimelaga kaker ein fin måte å tilbringe sundagen på. ingen butikkar var opne inne i sentrum -eit (godt) teikn på at det ikkje er ein rein turistby. på tilbakevegen kjøpte me billettar til ein båttur som skulle ta oss til fort boyard og île d’aix. då me tidlegare snakka med dama i turistinfoen om denne turen, kunne ho fortelje at fortet er kjend frå eit populært tv-program her i frankrike. då kunne me fortelje at me hadde det same i norge, altså «fangene på fortet». båtturen var flott, om enn noko vindfull
me fekk ikkje gå «ombord» i fortet, for det var i privat eige, så me sirkla rundt det medan franskmenna var ville etter å ta bilder
båten la til på den vesle øya île d’aix, men me vart med heimatt. vel tilbake i byen tok me ein kaffi og eit slag kort og naut det siste av sol. middagen tok me på l’entracte. sardiner, sverdfisk, vårrullar, foie gras og verdas beste hollandes saus var noko av det me fekk. i tillegg til eit lite hefte med oversikt over gode restaurantar i området. etterpå gjekk me og såg ekstraomgangar og straffekonk.
idag har me tatt bussen til île de ré, men hadde gløymt namnet på hotellet vårt i byen saint martin de ré si det var så lengje sidan me bestilte. virra litt rundt før me gjekk på internett og fann ut at det var nokre meter frå der me hadde gått av bussen. no har eg tatt eit avslappande bad på det karakteristiske hotellet le corpse de garde. det ser ut som me har flytta inn i riviera maison. terapi for kropp og sjel ute er det overskya og ikkje dei store temperaturane, men det er fint å vere her for dét. byen ser koseleg og veldig tilbakelent ut. me skal nok få det fint.
idag har blitt til igår, og ein ny dag har runne. no sit me i byen ars. me har sykla her på lånte syklar -ein heilt nydeleg tur! lunchen er fortært og me er klare til å sjå meir av øya (i solskin). meir om dette seinare.
Mye rart folk skal finne på å spise, jeg skal hoppe over å kople plukkfisk med fengselsmat (oops!) men gazpachosuppe smaker det som renner ut på siden av tacoen. Bakgårdsfest hørtes derimot fryktelig sjarmerende ut, ja og bruktmarked også. Tipper irer ler godt når de kommer til den byen (Ars).
dei gongene me har bestilt plukkfisk på restaurant, har det hendt i frankrike, og me har vore like overraska kvar gong. nå skal det vel seiast at det ikkje akkurat blir det same som den norske plukkfisken. når det kjem til gazpachoen var den tidlegare omtala som ein draum. medan den eg åt nokre dagar etterpå på serghi fint kan samanliknast med det som renn utav tacoen!
Hehe 😉