Gå til innhald

la rochelle!

juni 23, 2012

me kom fram til den kvite byen igår kveld (omlag ein halvtime forsinka). togstasjonen er ein karakteristisk bygning med klokketårn som ragar over dei små husa. byen er oversiktleg på overflata, så ein finn raskt fram til dei viktigaste landemerka, som dei tre tårna, havna og ikkje minst turistinfoen –som ligg omlag 500m frå togstasjonen. når ein byrjar å gå innover i byen openbarar det seg eit vell av smågater og krinkelkrokar  og midt inni der låg hotellet vårt françois 1er. koseleg, fint og reint, og med like mange krinkelkrokar som byen utanfor  etter å ha sjekka inn hjå den venlege resepsjonisten, hasta me ut i juninatta for å nyte den siste tida med sol. det vart litt kjøleg etterkvart, men ikkje så gale at me ikkje kunne hyggja oss ute på la petit auberge med god mat og drikke. etterpå såg me siste rest av fotballkampen og fann ut at me neste dag (altså idag) måtte engasjere oss litt meir i em. ikveld spelar altså vertslandet vårt mot spania. det kan bli spanande!

me vakna til sollys gjennom vindauga idag  heldigvis laga ikkje naboen meir bråk enn eit par host, for me høyrde han altfor godt. sikkert verre for han. men ikkje misforstå! ingen klaging frå oss. det viste seg nemleg at me hadde fått tildelt eit familierom –to rom og eit bad, utan å ha betalt noko meir for det.
etter å ha gått rundt på den imponerande og innbydande marknaden ei stund og frista sansane  sette me oss ner på ein fortauskafé og bestilte petit dejeuner. kaffi, juice og baguett med syltetøy. enkelt og greitt
no er klokka fem på ettermiddagen. me har vore i dei tre tårna som ligg ut mot havna og sett heilt til verdas ende, spasert rundt og sett på livet, og ete lunch på den einaste restauranten som serverte nettop det så seint  no drikk me kaffi og ser på folk og hundar som går forbi. det er sol og herleg vêr, me prøver oss på fransk, og har det ganske så fint!

No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: