fort et bakgårdsfête!
laurdag avslutta me med middag på dei les 4 sergents. det var akkurat nok grader til at me kunne sittje ute. maten var fortreffeleg! laksemousse og gazpacho av finaste sort, og jammen dukka det ikkje opp plukkfisk til hovedrett. og det har me jo fått før i frankrike! til dessert fekk me kafé gourmand, som er ei samansettjing av ulike små rettar: ein kruttsterk espresso, noko som likna juleflesk, pikekyss, makroner, og ein vaniljesaus frå himmelen. mannen satt på nåler heile måltidet for det var jo ein veldig viktig kamp som hadde byrja. så då me hadde gjort opp for oss, bar det rett til irskepuben, kor me pakka oss saman med franskmenna som allereie hang med hovudet. kampen enda 2-0 til spania, men kvelden vår enda ikkje der. me spaserte litt rundt, og heilt tilfeldig enda me opp i ein bakgårdsfest. det kunne verke som det var ei sommaravslutning av eit slag, der alle var velkomne. eit tomannsorkester stod i hjørnet og spela, alle song med, dansa og åt epleterte. alt under open himmel i ein bakgård 

sundagen kom med sol -heilt uventa. me som hadde førebudd oss på innevêr og akvariumsvandring måtte endre planane. me spaserte ein tur nordvest for byen, longs stranda. der kom me til ein stor utandørs bruktmarknad. folk hadde tatt med seg eigedelar og samleobjekt som dei selde ute i eit parkområde. dei hadde piknik, og nokre selde heimelaga kaker 
ein fin måte å tilbringe sundagen på. ingen butikkar var opne inne i sentrum -eit (godt) teikn på at det ikkje er ein rein turistby. på tilbakevegen kjøpte me billettar til ein båttur som skulle ta oss til fort boyard og île d’aix. då me tidlegare snakka med dama i turistinfoen om denne turen, kunne ho fortelje at fortet er kjend frå eit populært tv-program her i frankrike. då kunne me fortelje at me hadde det same i norge, altså «fangene på fortet». båtturen var flott, om enn noko vindfull
me fekk ikkje gå «ombord» i fortet, for det var i privat eige, så me sirkla rundt det medan franskmenna var ville etter å ta bilder 
båten la til på den vesle øya île d’aix, men me vart med heimatt. vel tilbake i byen tok me ein kaffi og eit slag kort og naut det siste av sol. middagen tok me på l’entracte. sardiner, sverdfisk, vårrullar, foie gras og verdas beste hollandes saus var noko av det me fekk. i tillegg til eit lite hefte med oversikt over gode restaurantar i området. etterpå gjekk me og såg ekstraomgangar og straffekonk.
idag har me tatt bussen til île de ré, men hadde gløymt namnet på hotellet vårt i byen saint martin de ré si det var så lengje sidan me bestilte. virra litt rundt før me gjekk på internett og fann ut at det var nokre meter frå der me hadde gått av bussen. no har eg tatt eit avslappande bad på det karakteristiske hotellet le corpse de garde. det ser ut som me har flytta inn i riviera maison. terapi for kropp og sjel 
ute er det overskya og ikkje dei store temperaturane, men det er fint å vere her for dét. byen ser koseleg og veldig tilbakelent ut. me skal nok få det fint.
idag har blitt til igår, og ein ny dag har runne. no sit me i byen ars. me har sykla her på lånte syklar -ein heilt nydeleg tur! lunchen er fortært og me er klare til å sjå meir av øya (i solskin). meir om dette seinare.
la rochelle!
me kom fram til den kvite byen igår kveld (omlag ein halvtime forsinka). togstasjonen er ein karakteristisk bygning med klokketårn som ragar over dei små husa. byen er oversiktleg på overflata, så ein finn raskt fram til dei viktigaste landemerka, som dei tre tårna, havna og ikkje minst turistinfoen –som ligg omlag 500m frå togstasjonen. når ein byrjar å gå innover i byen openbarar det seg eit vell av smågater og krinkelkrokar
og midt inni der låg hotellet vårt françois 1er. koseleg, fint og reint, og med like mange krinkelkrokar som byen utanfor
etter å ha sjekka inn hjå den venlege resepsjonisten, hasta me ut i juninatta for å nyte den siste tida med sol. det vart litt kjøleg etterkvart, men ikkje så gale at me ikkje kunne hyggja oss ute på la petit auberge med god mat og drikke. etterpå såg me siste rest av fotballkampen og fann ut at me neste dag (altså idag) måtte engasjere oss litt meir i em. ikveld spelar altså vertslandet vårt mot spania. det kan bli spanande!
me vakna til sollys gjennom vindauga idag
heldigvis laga ikkje naboen meir bråk enn eit par host, for me høyrde han altfor godt. sikkert verre for han. men ikkje misforstå! ingen klaging frå oss. det viste seg nemleg at me hadde fått tildelt eit familierom –to rom og eit bad, utan å ha betalt noko meir for det.
etter å ha gått rundt på den imponerande og innbydande marknaden ei stund og frista sansane 

sette me oss ner på ein fortauskafé og bestilte petit dejeuner. kaffi, juice og baguett med syltetøy. enkelt og greitt 
no er klokka fem på ettermiddagen. me har vore i dei tre tårna som ligg ut mot havna og sett heilt til verdas ende, spasert rundt og sett på livet, og ete lunch på den einaste restauranten som serverte nettop det så seint 






no drikk me kaffi og ser på folk og hundar som går forbi. det er sol og herleg vêr, me prøver oss på fransk, og har det ganske så fint!
«kofferten pakka..
..og neglan e lakka, nu sitt æ på toget» -fritt etter lynni treekrem.
flatt landskap mil etter mil. ein liten småby her og der, eit falleferdig hus, eit slott, ein lavendelåker. me sit på toget frå paris til la rochelle. turen byrja frå bergen med fly klokka 10.40. ikkje noko asian vegetarian hindu mat å få der, men ein ganske tam pastasalt med laks. pluss for oppfinnsamheita, men hugs å leggje ved litt salt. etter all reklameringa for wifi ombord i flya sine bør ein jo kunne forvente nettop dette -trådlaust nett. men den gong ei. og eg som hadde tenkt å reiseblogge. på orly flyplassen oppdaga me at kameraet låg att inne på flyet. etter å ha fått bagasjen vår klarte me å lokalisere kameraet med god hjelp av dama i bagasjeinformasjonen. det var då på veg attende til bergen. det vil med andre ord bli lite bilder frå denne turen. men berre på minnekortet. litt på etterskudd kom me oss inn til byen og stasjonen montparnasse. me rokk akkurat direktetoget til la rochelle. utanom at togmotoren stoppa opp i omlag 20 minutt og me vart ståande stille har det vore ei svært komfortabel reise så langt. gode seter og god plass. men ikkje nett her heller. i la rochelle har me bestilt hotell til måndag, deretter reiser me til øya île de ré og blir der til torsdag. dei fire siste dagane står opne. me gler oss, og har allereie senka skuldrane betrakteleg!
mykje vil ha meir
mange som nett har vore på ei reise føler at dei har fått behovet sitt dekka. dei er nøgde for ei god stund. men med meg er det ikkje slik. eg vil berre reise meir! etter å ha reist ei av kanskje verdas vakraste togturar, freistar det å reise på interrail att. strekninga ustaoset–bergen er magisk. og at snøtoppane vert bada i solskin gjer ikkje saken verre. tog er ein behageleg reisemåte. det er miljøvenleg, og dersom du kan planleggje turen ei stund på førehand, kan du få den nokså billeg.







me er så heldige at me har ei røys av hytter langs heile noreg til vår disposisjon. når me denne gongen valgte storestugu, var framkommeligheit og storleik viktige kriterier. me var til saman fem hyttegjester, og det var meir enn nok plass. det kunne gjerne vore større sittjegruppe rundt salongbordet, men me fekk plass. nasjonaldagen feira me med koldtbord og champagne, kake og kaffi.
17.mai-underhaldninga stod nrk for. neste dag skein sola, så då bestemte me oss for å grilla. utanfor var det ein liten terrasse med benkjer og bord. me handla pølser, laks og mykje anna godt som kom på grillen. nydeleg! etterpå slappa me av med bøker og blar. nokre av oss fekk til og med litt farge. dagen etter hadde sola gøymt seg, så me haldt oss inne og spela kort, tp og partyalias. taco og adresse baku var sjølvsagt på plass om kvelden. dagane fauk avgarde, så søndagen kom plutseleg, og me skulle reise heim att. eg og mannen måtte ta avskjed litt før, og var heldige som kom med toget klokka 15.00
skal du slappe av og hente deg inn frå ein travel kvardag, vil eg absolutt anbefale ein tur til ustaoset. fine og rolege omgjevnader og fint turterreng. dersom du er heldig og ikkje har innsyn frå hyttenaboen inn på soverommet ditt er dette ein fordel.
gratulerar med dagen!
å vakne til det absolutte stille.
me feirar nasjonaldagen på ustaoset og her er alle lydar pakka inn i vatt. snøen lavar ned
i går kveld kom me opp med toget og fann hytta vår «storestugu», som blir lånt ut til dei som er så heldige å jobba i statoil. me vart møtt av to kjekke hundar som ynskja oss eit varmt og vimsete velkommen. ellers var det lite folk å sjå utanom hyttetunet si oppsynsdame som fresa rundt på snøscooter. hotellet her var stengt, jokerbutikken var stengt og mixkisosken/bensinstasjonen var stengt. heldigvis har me god mat og drikke med oss og ventar innrykk av fine 17.mai-gjestar, så me skal sleppe å sittje her åleine i denne store hytta. sjølv om snøen dekkjer for sol og varme, er det herleg å vere her, berre kople heilt av og ikkje høyre ein einaste lyd.
ha ein fin nasjonaldag!
det ventar alltid ei reise rundt neste sving
det kjem bilete frå turen vår til new york litt etter litt, berre bla deg nedover og følg med for oppdateringar!
det er ikkje mange månader til sommaren, og på høg tid å planleggje ein ny tur. i vår har både eg og mannen byrja på franskkurs. det har vore spanande og interessant, sjølv om det ikkje er superstor progresjon. ei fin fritidssysle, og kjekt å gjere noko saman. men for å oppretthalde (eller forbetre?) dei nye språkkunnskapane våre må dei sjølvsagt haldast ved like, og kva er då betre enn å reise på ei god gammaldags språkreise!? difor set me i juni/juli kursen mot frankrike nok ein gong. i fjor vittja me hovudstaden og sørkysten, så i år tenkte me å ta føre oss vestkysten. eg har lese meg nedover kysten i lonely planet, og kome fram til at området rundt la rochelle ser fint ut. der ligg øya île de re som verkar å vere ei perle. den har koselege landsbyar, fine strender og lange vegar for turar med sykkel eller føter. byane bordeaux og rochefort ligg heller ikkje så langt unna, så dette kan sjå ut som ei kulinarisk reise om me vil det. byen la rochelle har også fått fin omtale, med sine kvite bygningar og små, koselege gater som fører til havna omkransa av to tårn. kan hende me tek turen via paris også.
planleggjing er ein stor del av begeistringa for reising, og kor me endar hen vil tida vise. følg med!
empire state of mine
det var på tide å forlate byen som aldri søv, men ikkje før seint på kvelden, så me åt frukost og pakka ferdig. utsjekkinga frå washington square hotel gjekk knirkefritt og me fekk legge bagasjen vår der medan me var ute. me hadde på veg til frukostrommet oppdaga at det hadde snøa ein heil del i løpet av natta. 
dette var ikkje heilt etter planen, og me såg ikkje fram til å traske rundt i snø den siste dagen vår. upraktisk med tanke på våte sko og klede. kva gjer ein så på den siste dagen av ferien sin? reiser opp i høgda sjølvsagt. nærare bestemt the empire state building. 
utanfor inngangen prøvde selgjerar å innbille oss at me trengte billettar for å kome forbi køen og ta den raskaste heisen. i dette tilfellet hadde det vore det dummaste me kunne sagt ja til, for køen eksisterte ikkje. (og det var kan hende ein attraksjon i seg sjølv.) grunnen til det var nok ein kombinasjon av lågsesong og ein utsiktsmessig litt dårleg dag. og når det er kaldt nede i det store eplet, er det iskaldt oppe i empiren. men me brukte lang tid før me kom opp i toppen likevel. me høyrte på audioguiden vår tony som fortalte om historia til bygningen og såg på bilder og illustrasjonar frå byggjinga. 
og etterkvart bevega me oss også opp i høgda. det var eit fantastisk syn som møtte oss i 86. etasje. i starten var det litt overskya, men det klarna opp etter kvart. det er vanskeleg å sjå føre seg kor stor manhattan er, når ein berre går, og tek metro. no såg me heilt frå nedre manhattan til harlem. me såg stader me hadde vore, som hotellet i bryant park 
den vesle roosevelt island
over til brooklyn 
og frihetsgudinna i det fjerne 
det var litt greitt å ha audioguiden på øyra, (sjølv om tony kunne bli litt irriterande i lengda) for han tok for seg kvar bydel og historiane deira. sjølv om det var kaldare enn kaldast der oppe, var me der lenge og fekk heile tida auge på nye ting. me kunne gå inn og varme oss når me mista følelsen i ansiktet. etter å ha shoppa litt i suvenirbutikken tok me heisen ned att og oppdaga at new york hadde same problem som bergen; slaps. og det var mykje av det. det var på sin plass å reise til little india. så me bevega oss nedover i retning flatiron og tok til venstre i 27. gate. dei gjore rett i å kalle det little india for det var ikkje så mykje der. stort sett indiske/asiatiske restaurantar og kolonialar. på den eine restauranten som var anbefalt i lonely planet, var det ikkje ei sjel, så me gjekk heller vidare. me hadde tydeleg fallt mellom lunch og middagstider, så gjestene stod ikkje akkurat i kø nokre stader, men me gjekk inn på ein koseleg indisk vegetarrestaurant. eg var gjennomvåt på beina, så det var fint å få settje seg ned i varmen. og maten som kom –perfekt! 


me fekk heldigvis god hjelp av servitøren til å velgje, for menyen tok aldri slutt, det var side opp og side ned med vegetarrettar av alle slag. sausar, brød, ris, gryter og til og med crépes fekk me! me sat der lenge og nytte det siste måltidet. det skulle også vare lenge, for det kunne bli lenge til neste. servitørane var morosame og den eine kunne m.a. fortelje om frimerkesamlinga si med stor entusiasme då han høyrte at me kom frå norge –eller noreg som han påpeikte å ha sett. ein annan var svært fascinert av lonely planet guideboka vår, som han byrja å bla i for å sjå om restauranten deira var inni. det var den desverre ikkje, men hadde heilt klart fortent det! me måtte desverre returnere til slaps og kulde, og etter ei stund –til hotellet vårt for å hente bagasje. 
metrokortet vårt var gått ut, dei gule drosjane tok ofte meir pengar for å køyre til flyplassen (i slikt vêr) så me fekk hotellet til å bestille ein bil til oss. me takka for oss og såg manhattan forsvinne bak oss og inn i laurdagskvelden. me konkluderte med at me var heldige som ikkje fekk meir snø enn berre den siste dagen. skinnstøvlettane mine såg ut som om dei hadde fått psoriasis. på jfk var me usikre på kva terminal me skulle på, men det løyste seg lett etter at me hadde sjekka inn. det var stort sett berre oss og nokre jødar som skulle ut å fly denne seine laurdagen, eller kanskje me hadde komt til hebrew terminal. ikkje veit eg, men me fekk uansett berre beskjed om å gå til gate 11. der var det ein kar som i det sekundet han fekk auge på oss, spurte om me skulle til amsterdam. ikkje vanskeleg å sjå kanskje, men me blei geleida ut av terminalen og i ein buss (åleine) og køyrt til den rette terminalen. snakk om service! og ingen sure miner. me skreiv kort medan me venta på innsjekking og fekk dama i kiosken til å poste dei på heimvegen sin (og ho nekta å ta imot tips!) etter ei stund sat me på flyet heim att. med asiatisk hindu vegetarmat og gode minner. takk for no new york, me kjem gjerne tilbake!
kunstreisa
vår nest siste dag i det store eplet var komen, og me hadde huka av dei fleste «å gjere»-punkta på lista vår. no låg ein solfull og fin dag framfor oss, så me greip den og spaserte nedover mot soho, som låg rett sør og litt aust for hotellet vårt. 
der var det livleg, med mange små butikkar og ikkje minst kunstgalleri. me gjekk inn på ei handfull av desse, men skjøna etter ei stund at me ikkje kunne komme ifrå det med å «just looking». her var det kundar som kom innom for å kjøpe dyr kunst. så me endra strategi for å få innpass og snart var me velvillege potensielle kjøperar. og dei «shippa» til noreg -ingen problem! dei ville til og med invitere oss på utstillingsopningar. men me måtte sjølvsagt avslutningsvis gå vidare og tenkje litt over kjøpet. soho hadde ein eigen sjarm og ein venleg atmosfære og er absolutt verdt eit besøk.
då me var innom dkny og fekk tidenes beste kundebehandling, fekk me også gode tips til kor me kunne ete eit av dei siste måltida på turen vår. m.a. vart bouley på nedre manhattan foreslått. 
då me etter ei stund hadde gått så langt nedover på manhattan at me både var svoltne, og var i nærleiken av bouley, var dette eit samantreff ein ikkje berre kunne gå forbi. me svinsa inn i eit rom dekka frå golv til tak med epler. det var ei lukt av sol, sommar og hardanger.
det var ledig bord til oss, men resepsjonsdama spurte om det var greitt at mannen tok på seg ei penjakke som ho kom med. som sagt så gjort. med ei to nummer for stor dressjakke entra me restauranten som var nydeleg med store bilder på veggene med motiv frå provence og matchande lavendelfarga velourtapet. servitørane var merksame, hyggelege og avslutta kvar setning med «you’re welcome». me valde «tasting menu» frå den rikhaldige lunchmenyen. på rekkje og rad kom små rettar på fat som kunstverk framfor oss.
det var sopp 
suppe 
laks 
sjokoladefondant 
og ostar 
me fekk velgje og vrake frå trillevogna med brød, der brødmannen hadde; pistasjbrød, olivenbrød, grovbrød, finbrød og sikkert ei heil røys med andre typar brød. me blei akkurat passe mette, men hadde reist gjennom eit heilt register av smakar og opplevingar. det var mest som eit sjokk å kome ut att til den kalde og bråkete fredags ettermiddagen. sola stod lågt på himmelen i dét me bevega oss oppover manhattan att, ved sida av hudson elva og med utsikt til new jersey. 
me stakk innom ein irsk pub for å få litt varme i oss frå peisen deira
før me såvidt snitta innom meatpacking district og var heime i vårt eige område att. om kvelden spaserte me litt for å sjå etter ein plass å ete, det var blitt helg, og mange plasser var fullstappa. men på grano trattoria fekk me bord og herleg italiensk mat! det var ein levande liten restaurant, der eigaren såg ut til å kjenne alle, og rommet fyltest av stemmer, matlukt, latter, telysskuggar og eit norsk par ved det vesle bordet ved inngangen. lasagne og pizza var ikkje feil på denne kalde, siste kvelden i new york. på hotellrommet venta både nye og brukte klær som skulle pakkast ned saman med masse opplevingar, og vende heim til noreg neste dag.
frå ellis island til memphis på ein dag
i new york var det allereie blitt torsdag, og ein ny, fin dag skulle utforskast. me hadde heile tida hatt planar om å reise til ellis island, så me sette kursen mot lower manhattan. gjekk gjennom parken vår, og mot den næraste metroen.
me dukka opp att på wall street, og passerte dresskledde, travle folk. det var ein kald og solfylt dag -perfekt for ein båttur! på lower manhattan ligg nasjonalmuséet for innfødde amerikanerar (indianerar). me besøkte dette forrige gong me var her, så me tok ikkje turen inn no. det er ei fin utstilling, der ein mellom anna kan sjå plagg dei brukte, utstyr og redskap, og lese om historia deira. i battery park gjekk me forbi skulpturen «the sphere» av fritz koenig.
denne stod på plassen mellom dei to tvillingtårna, som eit symbol på fred frå 1971 til 2001. då flya styrta inn i tvillingtårna vart skulpturen skadd –men ikkje øydelagt. den blei midlertidig plassert her, men skal tilbake til «ground zero» når dei nye tårna er reist. etter å ha gått gjennom sikkerhetskøen til ferja me skulle ta, kunne me gå ombord. det var ein fin båttur, om enn litt kaldt. flott å sjå manhattan frå avstand.
me nærma oss frihetsgudinna og vurderte om me skulle gå i land der. me hadde fått opplyst at dei dreiv med vedlikehald av gudinna, så det var ingen adgang til statua. då kunne me like gjerne berre sjå ho frå båten.
me vurderte å evt ta det på tilbakevegen –men obs! dei køyrer ikkje innom på returen. i land på ellis island, som så mange andre før oss; dette var staden der immigrantar frå heile verda kom til etter månader i båtar på sjøen.
dei vart sjekka for allskens sjukdommar og alt muleg anna dei kunne sjekkast for. dersom dei var sjuke vart dei sett i karantene og måtte opphalde seg på denne vesle øya medan dei berre kunne sjå over til og drøyme om kva manhattan hadde å by på. og det må ha vore eit fantastisk men også skremande syn for mange som kom frå rurale og fattige kår. me fekk ein lydguide, som var veldig grei å høyre på medan me bevega oss rundt i det enorme lokalet. me fekk høyre immigrantar fortelje om deira opplevingar og møtet med ellis island, og såg bilder og utstillingar. etter nesten tre timar fekk me akkurat tid til å kjøpe ein kaffi før me hoppa på ferga att. me kunne ikkje dille så mykje, for me hadde billettar til ein musical på broadway denne kvelden. den byrja klokka 19.00 så me tok oss ein matbit på den lokale diner’en vår washington square diner først.
etter å ha forfina oss litt heime på hotellet, tok me ein gul drosje opp til broadway og til shubert theatre. broadway er jo som kjent full av teater, men dette vesle (i sin målestokk) teateret frå 1913 var sjarmerande og nydeleg! me hadde seter nokså høgt oppe, og det var ganske skummelt og gå i dei bratte trappene. stykket «memphis» var eit utruleg bra val. historia var henta frå memphis (!) på 50 talet, der den dj’en dewey phillips var den første kvite som spela musikk av og med afroamerikanerar. hovudpersonen har fått namnet huey calhoun, får jobb i ein radiostasjon, gjer afroamerikansk musikk populær blant kvite, innleiiar eit forhold til ei afroamerikansk kvinne og møter mykje motstand. stykket vann prisen for beste musical, i tillegg til tre andre prisar under tony-utdelinga i 2010. me lika det svært godt, det baud på flott sang og dans, framifrå skodespelerar og til tider nokså emosjonell handling. anbefalast! etter ståande applaus trippa me ut i minusgradane att, og fann ut at me kunne gjenta suksessen frå sist gong og ete på bryant park grill. den gongen hadde me også ein broadway kveld –med mamma mia, men det var sommar og me sat i uterestauranten. no fekk me koma inn i varmen, og det gjore ikkje noko. om det var fordi me kom litt seint på kvelden, eller om fjortisane på bordet midt i rommet stal all merksemd veit eg ikkje, men me var ikkje overbegeistra for servicen her. kelneren var uoppmersam og lite engasjert. på ein slik restaurant skal ein sleppe å sittje med tomme glas. maten var også berre ok, men det er jo ofte heilheta som gjer eit måltid. me fekk oss ein gul bil og ba han køyre oss heim. nokre gater bortanfor hotellet var det konsert, så me fann ein sofa i det fullpakka lokalet og følte oss som eindel av gjengen, for det verka som mange kjende kvarandre der. då musikantane tok ein pause, gjekk me til ein annan stad som skulle ha syng-med, i følge lonely planet. det var synging, men mest frå dei på scena. artig, men veldig trangt og klamt. og slik var den torsdagen.
onkel reisande
i dag har verdas beste reisefølgje og mannen i tante reisande åse sitt liv fødselsdag!
gratulerar så mykje med dagen!
til dagen sin får han (m.a.) ei reisebok frå vår ven lonely planet kjøpt hjå chillout i bergen. han har lenge hatt ein draum om å reise med den transsibirske jernbana, og no deler me den draumen. reisa er ikkje planlagt, og eksisterer berre i tankane våre, men med denne boka kan du reise heilt til beijing!
