mykje vil ha meir
mange som nett har vore på ei reise føler at dei har fått behovet sitt dekka. dei er nøgde for ei god stund. men med meg er det ikkje slik. eg vil berre reise meir! etter å ha reist ei av kanskje verdas vakraste togturar, freistar det å reise på interrail att. strekninga ustaoset–bergen er magisk. og at snøtoppane vert bada i solskin gjer ikkje saken verre. tog er ein behageleg reisemåte. det er miljøvenleg, og dersom du kan planleggje turen ei stund på førehand, kan du få den nokså billeg.
me er så heldige at me har ei røys av hytter langs heile noreg til vår disposisjon. når me denne gongen valgte storestugu, var framkommeligheit og storleik viktige kriterier. me var til saman fem hyttegjester, og det var meir enn nok plass. det kunne gjerne vore større sittjegruppe rundt salongbordet, men me fekk plass. nasjonaldagen feira me med koldtbord og champagne, kake og kaffi. 17.mai-underhaldninga stod nrk for. neste dag skein sola, så då bestemte me oss for å grilla. utanfor var det ein liten terrasse med benkjer og bord. me handla pølser, laks og mykje anna godt som kom på grillen. nydeleg! etterpå slappa me av med bøker og blar. nokre av oss fekk til og med litt farge. dagen etter hadde sola gøymt seg, så me haldt oss inne og spela kort, tp og partyalias. taco og adresse baku var sjølvsagt på plass om kvelden. dagane fauk avgarde, så søndagen kom plutseleg, og me skulle reise heim att. eg og mannen måtte ta avskjed litt før, og var heldige som kom med toget klokka 15.00
skal du slappe av og hente deg inn frå ein travel kvardag, vil eg absolutt anbefale ein tur til ustaoset. fine og rolege omgjevnader og fint turterreng. dersom du er heldig og ikkje har innsyn frå hyttenaboen inn på soverommet ditt er dette ein fordel.