Gå til innhald

froskelår og overvekt

mai 30, 2013

me kom oss kjapt ut etter ankomst, og lånte med oss ein paraply som stod i utgangen på hotellet. for det var blitt både mørkt og vått. resepsjonisten hadde sånn halvegs peika ut ei retning me skulle gå til sentrum så me gjekk ned ei mørk og smal gate, og tok til høgre i ei ennå mørkare og smalare gate. det er heldigvis ikkje kriminalitet på guernsey (trur me). etter litt labyrintgåing gjekk me rett på ein typisk britisk pub (the swan) men dei serverte ikkje mat så seint, og me var ganske svoltne etter ein lang dag. den snille dama bak baren foreslo le petit bistro som skulle liggje i nærleiken. me fann le petit café og rekna det som godt nok, spesielt sidan det var superkoseleg der og dei framleis serverte mat seint på kveld. lepetitcafe#1 det viste seg at dette var cafe-avdelinga til bistroen. me vart bydd på tapas med ti små, franske rettar, noko me sjølvsagt takka ja til. det høyrdest veldig spanande ut, og viste seg å vera det også! lepetitcafe#2 det var så här: •smelta camembert •røykelaks med tartarsaus •minihamburger •krabbekake •tomatbruschetta •ansjos på tomat/vårløk/sitron-salsa •biff tartar med vaktelegg •(noko eg trur var) foie gras med rødbetpuré •froskelår (!)  •sniglar (!). me smaka på alt utanom sniglane, som låg så godt inne i husa sine at me ville ikkje dra dei ut så seint på kveld. eit fargerikt og uvanleg måltid akkopagnert av ein god chablis og fransk kveiteøl. mette og trøytte havna me igjen i labyrinten og måtte fram med kartet for å få korrigert retningssansen. det gjekk bra og me kunne snart stupe opp i den enorme senga på duke’en. thedukeofrichmond#1
frukosten varte frå 07.00 til 10.00 så me sov ikkje akkurat frampå. nede i den store og lyse frukostsalen stod det meste som tilhøyrer ein kontinental frukost så me kunne forsyne oss sjølv. etter at me hadde vore borte og registrert at det verken var egg eller andre feittete ting på bufféen, sette me oss ned med heller «sunne» alternativer på tallerkenen. då kom frukosthovmeisteren bort til bordet vårt med ein meny der me kunne bestille egg (i alle variantar) og tilbehør. me spurte etter toast og kvar vår kanne med kaffi. frukostblanding med frisk frukt og yougurt smakte også veldig godt. medan me konsumerte mat og kaffi, registrerte me at vêret ikkje viste seg frå si beste side utandørs. det bles og småregna. men ut måtte me. noko av det første me ankom då me tok vegen som gjekk bak hotellet, guernsey#1 var guernsey museum and art gallery. der gjekk me inn, og vart positivt overraska av utstillinga dei hadde gåande om 60talet. guernsey#2 som ein stor beatlesfan blei eg glad for å sjå og lese om beatles sitt første og einaste besøk på guernsey. beatlessignatures dei opptrådde i bygningen der museumet var, candy. det var også ei utstilling av måleri med motiv frå øya og nokre av øyene rundt. fint å sjå. etter dette besøket vandra me vidare nedover i byen og registrerte at det store cruisskipet me hadde sett utanfor havna hadde bidratt til mengder med folk i gatene. gater som hadde mange kjekke butikkar, små kafear og pubar.
når klokka nærma seg lunchtid gjekk me inn på moores the library bar  og fekk panini og baguett. ein svært autentisk britisk pub med store bokhyller. på dette tidspunktet hadde me allerede konkludert med at dei fleste i serviceyrket her snakka med austeuropeisk akksent. også her på guernsey altså. men venlege har alle vore, så me er nøgde. etter endt måltid fraus eg litt og sette som mål å finne ein cardigan. det fann eg, i tillegg til ein kjole og noko anna nips. mannen fann seg t-skjorter og ein genser. og me som ikkje har plass til eit gram meir i kofferten.. overvekt her altså. ein tur innom turistkontoret gav oss også mange brosjyrar som er til god hjelp sidan me ikkje har noko lektyre om reisemålet denne gongen. det har ikkje vore ei einaste bok å oppdrive om kanaløyane. no slappar me av med eit glas på the ship and crown medan me høyrer gamle slagerar og ser ut over havna, der måkane sirklar, og vidare ut mot naboøya herm. eit idyllisk bilde, som berre blir forstyrra av litt for mange bilar og trafikk. men no: eit slag idiot!

på sporet av bergerac

mai 29, 2013

no sit me på eit lite, humpete fly over den engelske kanal. hugsar du detektiven bergerac? vel då veit du sånn nokonlunde kor me skal. bergerac haldt til på jersey, medan me skal til naboøya guernsey. desse øyene dannar saman med herm, sark og alderney; kanaløyene eller channel islands om du vil. veldig tilfeldig at ferda går nettop hertil denne langhelga, men me fann rimelige billettar, var heldige å ha fridagar og såg at det skulle vera grisefint vêr på guernsey. det viste seg vel og merke å vera på guernsey, i amerika dei skulle få 30 plussgrader. men det fann me ut først igår. så då vart det litt sure miner og ompakking. men no er det altså ingen veg tilbake, og me gler oss! turen starta på flesland der me reiste med easy jet til london gatwick saman med ei handfull andre passasjerar. me har vore så smarte (?) at me reiser kun med handbagasje. me hadde nemleg ikkje mykje tid å gå på mellom flya på gatwick, men det gjekk veldig fint. ei heilt ny erfaring er å pakke lett og putte all flytande væske i små behalderar.
no er me komen fram til det som ser ut til å vera nydelege guernsey. me har sjekka inn på the duke of richmond der me fekk ein fin velkomst. no skal me ut å trekkje frisk kanal-luft!

gratulerar med bomullsbryllupsdagen!

april 29, 2013

idag har prins william og hertuginne catherine bomullsbryllupsdag! det er med andre ord to år sidan me var i london og feira dagen ilag med dei og hundretusenvis av andre.
her kan du lese om den store dagen.

going down under

april 8, 2013

me er godt i gong med å planleggje neste tur. eller, neste langtur er vel rettare sagt. det er ganske lengje til, ikkje før i september-oktober, så det kjennest som ein evighet til. men desto meir tid til å drøyme seg bort, lese seg opp og leggje mange planar. denne gongen vender me nasa mot australia. der har me vore to gonger før. første gong me var der (for ni år sidan) hadde eg ei veninne som studerte der, som me besøkte. eg har også familie der nede (som me også traff i frankrike for nokre år tilbake) som var sjølsagte å ta eit besøk til. rundturen starta då i surfers paradise, etter å ha landa i brisbane. mange norske studentar går på universitet her, så me var så heldige å få feire 17. mai med mange norske ungdommar utanlands. surfers paradise bydde på milelange strender, bra shopping, bra surfing (går eg utifrå) og eit levande uteliv. ellers er det vel ikkje ein by eg kjem til å reise tilbake til. me reiste vidare til sydney, og tok for oss alt som er verdt å sjå der. ein flott by med høg «business-faktor». me traff tremenningen min shanti der, som eg ikkje hadde sett på mange mange år, og ho viste oss rundt i byen sin. me låg på bondi beach, åt på darling harbour, og besøkte slip inn -baren der kronprins fredrik taff si mary under OL i sydney 2000. turen gjekk vidare med fly til tasmania, øya under øya. det var her min grandonkel andrew frå bømlo gjekk i land og stifta familie. så her budde me hjå dottera hans marit elisabeth i byen hobart. ein fin «liten» by som kan minne om ein britisk sørkystby. me besøkte tremenningen min cameron som også budde der då. etter nokre dagar tok me flyet opp att til melbourne. der budde me ei helg og fann fort ut at det var vår favorittby. spesielt i bydelen st. kilda som ligg ved havna, likte me oss godt. den har ei bohemsk atmosfære med fine kafear, butikkar og ei nydeleg strand. me vende heim att frå australia, for så å vende tilbake to og eit halvt år seinare. denne gong for å besøkje mi svigerinne og mannen hennar, som budde i wollongong utanfor sydney der dei studerte. saman reiste me rundt i australia, og frå sydney tok me fly til adelaide der me leigte oss ein bil. første stopp var kangaroo island, der me hadde eit svært interessant opphold på farm stay. i det utandørs kjøkenet laga me oss frukost medan høner traska rundt oss og mus pilte avgarde. eit friskt innslag! me tok strekninga adelaide-melbourne på omlag tre dagar, men eg trur den kan gjerast på eit døgn dersom du køyrer non stop. me hadde interessante overnattingar (som t.d. på eit nedlagt fengsel) og fantastiske naturopplevingar. the great ocean road er verkeleg noko å få med seg, men strekninga er ikkje så veldig lang. vel framme i melbourne hadde me bestemt oss for å bu i st. kilda denne gongen, og angra ikkje på det, sjølv om eg i ettertid skulle ynskje at me hadde putta litt meir penger i overnattingskassa. herifrå tok me flyet til tasmania for eit gjensyn med slekta. der tok me inn på eit typisk gjestgiveri, med pub og restaurant nede og overnatting oppe. me tok båtturar og fjellturar og feira fødselsdag. dette var i november, så været var nydeleg.
når me no returnerer til «down under» er destinasjonen også denne gongen melbourne, men me kjem ikkje til å tilbringe mest tid her. cameron har nemleg busett seg i adelaide med kona preeti og vesle prithu andrev, så dei skal me besøkje. shanti og marit kjem mest sannsynleg opp frå tasmania for å treffe oss. håpet er å få reist litt inn i landet til alice springs og få sett uluru eller ayers rock som den også er kjend som. me kjem nok til å bruke litt tid i byane sydney og melbourne, men me får sjå kva det blir tid til. me har bestilt flybillettar med brunei air, og på heimvegen kjem me til å stoppe i borneo. der skal me ha tre (forhåpentlegvis) aslappande netter i kota kinabalu som ligg i den malaysiske delen av øya. dette gler me oss veldig til!
så då er det berre ein ting å gjere -følg med på bloggen!

ein fole god dag

februar 15, 2013

laurdag morgon og me nærast spurta ned til første etasje der frukosten vart servert. fint dekka bord og sola som sneik seg inn vindauga. brosundet#1 rykande varm kaffi, egg i alle variantar, herlege brød og knekkebrød og mykje godt pålegg. me var ikkje blant dei første som forsynte oss av frukostbordet, så det bugna ikkje i sortimentet. men me vart mette. i tillegg traff me tilfeldigvis kjentsfolk som me slo av ein prat med. det var ein kald og klar dag, stilongsen og vettene vart ikkje overflødige. me spaserte utover mot moloen der fyret molja ligg. molja#1 dette er eit fyrtårn som hotell brosundet eig, og du kan leige det som eit hotellrom. kven som helst kan gå ut til det, så eg tippar privatlivet blir sett litt på prøve. men sikkert ei fin oppleving dersom du har råd. molja#2 på ei kai rett over sundet hadde ei folkemengde samla seg, og me såg at nokre hadde instrument som dei byrja å klunke litt på. dette skulle seinare vise seg å vere eit korps som tok til å spele då hurtigruteskipet lofoten kom inn til kai. mslofoten me tusla oss innover att, til glasblåsarverkstaden til ingrid. her var alle velkomne inn i varmen. i glashytta kunne ein handle glas, vasar, skåler, små kattar -alt muleg glasverk i fine fargar. me helste på pusen peder som var blitt tatt inn i varmen etter eit langt liv ute, og kjøpte nokre småting. peder etter ei stund kom våre venner og saman gjekk me på den koselege bruktbutikken/kafeen trankokeriet antikk. ein flott bruktbutikk der innehaverane tydeleg har auge for skattar. trankokeriet#1 eg kom ut att med eit grønt kortstokketui (med kort) og to gamle prospektkort frå bergen. kaffeen hadde ei nydeleg utsikt utover sundet, men me hadde meir me ville sjå, så det bar ut i kulda att. etter å ha fått audiens hjå stx og sett den fantastiske utsikta deira, ålesund#3 gjekk me oppover mot ålesund kirke -ei flott steinkyrkje frå 1909. ålesundkyrkje det var bryllup der denne laurdagen, så me kunne ikkje gå inn. ålesund er stort sett prega av stein og murbygningar. då dei skulle til å byggje opp byen att etter brannen i 1904, vart det bestemt at bykjerna sine hus ikkje skulle byggjast i tre, fordi det er meir utsett for brann. og heldigvis for ålesund vart byen bygd opp då jugendstilen hadde si storheitstid. organiske mønster og nasjonalromantiske idear prega arkitekturen. og besøkjer du ålesund, er eit besøk på jugendstilsenteret eit «må-sjå»! dette var det tidlegare svaneapoteket, og apotekaren jørgen anton øwre sin bustad. jugendsenteret#1 det var gratis inngong, noko som sikkert hadde samanheng med eit foredrag som skulle haldast litt seinare på dagen. me gjekk opp i første etasje, via den nydelege trappeoppgangen. me fekk sjå etestova til apotekaren -heilt inntakt. jugendsenteret#2 vasar, servise og skap i same stil var utstilt, og me kunne sjå og samanlikne internasjonale verk, m.a. av vår favoritt toulouse lautrec. jugendsenteret#3 våre vener måtte forlate oss, men me sette oss ned i kafeen der foredraget skulle stå. jeremy welsh kom frå kunstakademiet i bergen og viste videosnuttar. me måtte gå i pausen, for me ville sjå meir av jugendutstillinga. og det fekk me i form av ein «heis» som skulle forestille ei tidsmaskin der me reiste tilbake til 1904. me fekk historiar frå dagen då brannen starta, og dagane -og åra, etter. svært interessant. det tok omlag 15-20 minuttar, og sidan museet snart stengde, forta me oss ned i kjellaren der me kunne gå over til kube. der vart me møtt av utstillinga «den lengste reisen«, som viste kongefamilien si flukt og opphald under andre verdskrig. svært kjekt å sjå, ikkje minst sidan eg skreiv særoppgåve om dette på ungdomsskulen. utstillinga omfatta uniformane til både kong haakon og kronprins olav, vesle prins harald sin strikkegenser, kongharaldsgenser fiktive pass, videosnuttar og mykje anna. etter å ha sett denne hadde me litt tid til å sjå i resten av kunstmuseet kube, og kjøpe med ei bok om charles rennie mackintosh. klokka var fire, og mange butikkar var stengt. det som er fint med ålesund er at sentrum ikkje er større enn at det er ein fin spasertur frå brosundet til gågata. ålesund#4 me såg etter ein kafe med fin utsikt, og enda opp på anno. der dekka dei til kveldens middag, men den hyggelege servitøren gav oss eit bord og noko godt i glaset. etter ei stund kom me i snakk med denne hyggelege servitøren, som viste seg å vera inge solmo -grand prix mannen! me lurte på om det var nokon plass me kunne sjå finalen i grand prix denne kvelden, noko inge måtte beklage seg over at det ikkje var. men som eit plaster på såret kom han med to eksemplar av boko si, «absolutt grand prix» som han velvilleg signerte. me kunne prata med inge heile kvelden, han kunne i alle fall ha prata med oss, men me hadde middagsavtale med maki klokka 19, og måtte skunde oss tilbake til hotellet. reservasjonen måtte utsettjast ein halvtime (av underteikna), men det var like greit for det var ein halvtime mindre med verdas mest bråkete restaurantfølgje. maki ligg i hotell brosundet sin første etasje, og er det same rommet me hadde ete frukost i tidlegare. det var no kledd med kvite dukar og sølvlysestakar. ein høfleg servitør presenterte menyen som bestod av ikkje mindre enn sju rettar -som me sjølvsagt gjekk for. på dette tidspunktet var me så svoltne at det var tilløp til hoveverk. då hjelpte det ikkje med det store selskapet i andre enden som hadde med seg ungane sine. det er ikkje så vanleg å sjå ungar på gourmetrestaurantar, sjølv om det ikkje er noko gale med det. men når dei spring rundt i eit ganske lite lokale, ut og inn døra, hoiar og skrik, og foreldra ikkje har vet til å ta affære, må nokon våge å sei ifrå. det var det ingen som gjorde. dei få gjestane som var her denne kvelden såg forundra på kvarandre, ungane og servitørane. eg overdriv ikkje når eg seier at atmosfæra vart hundre kilo lettare etter at dei gjekk. maten var uansett så god at den overskygga alt anna. perfekte komponerte sjømatrettar, og smakar som overraska. eg er ikkje nokon kjøtetar, men kunne ete alt som vart servert. dei komponerte til og med ein eigen saus istadenfor oksehalen. om me ikkje hadde vore mette før, så vart me det i allefall no! me måtte opp på rommet etterpå for å opne ein knapp eller to, og fekk akkurat med oss margareth berger som hadde vunne kveldens finale i melodi grand prix -hurra! me avslutta kvelden som sist, eit glas på dirty nelly og eit i hotellbaren.
neste dag var det ikkje så allverda med tid, me nytte frukosten ekstra lenge og la oppo ei ekstra skive. utsjekkinga gjekk finfint og me kunne settje frå oss bagasjen der. resepsjonsdama hadde full oversikt over kva fly som gjekk og insisterte på å bestille hotel shuffle’en til oss. noko me ikkje var vidare hypp på. me takka nei og gjekk for å sjekka flybusstidene på rutebilstasjonen. ålesundrutebilstasjon det var akkurat tid til ein tur på storhaugen, og herifrå var det flott utsikt! ålesund#5 ålesund#6 me skulle sjølvsagt ha fått med oss ein tur opp til fjellstua, men dette vart det ikkje tid til -denne gongen. flybussen var presis og skulle berre ha omlag halvparten av det shuffle’en kosta. etter litt forseinkingar hjå norwegian sat me på flyet på veg heim. flottaste jugendbyen ålesund var vel verdt ein tur! eg har ein mistanke om dette ikkje blir det einaste besøket her til.

ylvisjugend

februar 10, 2013

me hadde ein vellukka første dag i jugendbyen igår (fredag). frå før hadde me fått beskjed om at innflyginga her var den finaste i landet, noko me sa oss heilt enige i. eit mektig skue møtte oss i det me steig ut av flyet. stille hav og høgreiste, kvitkledde tindar. fjell eg ikkje har sett maken til. vestlandet#2
me fekk bagasjen vår og gjekk mot passasjertransporten. der stod ein flybuss og eit par «hotel shuffle»bilar med diverse hotell-logoar på. me spurte om dei køyrde til brosundet, noko dei bekrefta. etter eit langt kvarter i den iskalde maxi-taxien med døra vidopen, kom sjåføren og me kunne endeleg betale og kome oss avgarde. 260,- for to for denne turen synest eg var i overkant mykje. hotellet vårt var heldigvis det første på ruta. me sjekka inn hjå den hyggjelege resepsjonsdama som gav oss generelle opplysningar. frukosten vart servert til klokka 11 -som me var ganske nøgde med. ho spurde vidare om me var interessert i å ete i restauranten deira maki, noko me hadde tenkt å gjere neste dag. ho anbefalte oss å reservere bord, så det gjorde me. rommet vart inspisert og godkjend. det var veldig kaldt på rommet, så me gav beskjed om det når me gjekk ut. me gjekk ikkje så langt, berre bort til invit og tok ein kaffi. etter det spaserte me litt ålesund#1
og befant oss snart på eit av byens små kjøpesenter. litt handling vart det, og etterkvart traff vi vår veninne som bur like utanfor byen. ho viste oss litt rundt før me tok ein sein lunch på ein koseleg kafé. etter dette gjekk me tilbake til hotellet og gjorde oss klar for ylvis 4. showet skulle foregå i parken kulturhus, som var ein omlag ti minuttars (iskald) spasertur frå hotellet vårt. ålesund#2
fullsett sal og me på andre rad var klare som egg for ylvis, og ingen vart skuffa! me lo som me grein og litt til. det var ubekvemt, hysterisk, idiotisk og fantastisk. etter halvannan time var me ute i vinternatta att, og leita opp c&c restaurant. me fekk det siste ledige bordet for kvelden og kjende oss heldige. ikkje mindre heldige kjende me oss etter å ha bestilt trerettaren med
bøklingmousse til forrett c&c#1
yoghurtmarinert kveite til hovudrett c&c#2
og sorbet til dessert c&c#3
i tillegg spurte me etter heimelaga likør, sidan me hadde høyrt at dei var gode på nettopp dette. og det var dei! me avslutta kvelden med eit glas på dirty nelly og -så til slutt i vår eigen hotellbar. ein vellukka dag i ålesund!

ålesund!

februar 8, 2013

i skrivande stund sit me på eit norwegianfly og nyt utsikta av noregs fantastiske snøkledde fjell og fjordar. for eit skue! vestlandet#1
mest som det er verd heile flyreisa. som forøvrig blir ganske kort denne gongen, me skal til ålesund! program for turen: landing på vigra rundt 14.00, innsjekking på hotell brosundet, by-orientering, ylvis show klokka 19. laurdag håpar me å treffe vener for å få ei skikkeleg omvising. me gler oss til å ta jugendbyen i nærare augesyn, for dette er ein by me har hatt lyst til å besøkje lengje. no har me alt starta nedstinginga, hallo ålesund!

happy martin luther king jr. day!

januar 21, 2013

idag er det martin luther king jr. dagen. den markerar king sin fødselsdag 15. januar og blir holdt den 3. måndagen i januar kvart år. sidan 1986 har denne dagen vore ein nasjonal heilagdag i amerika.
i fjor var me så heldige å få feira dagen i byen der king holdt sin mest kjende tale. «i have a dream» vart framført frå lincolntrappene og høyrt av 200 000 menneskje då, og uendeleg mange etter den tid.
her kan du lese meir om den dagen.

godt nytt reiseår!

januar 1, 2013

takk for året som er gått, og takk til alle som har vore innom bloggen min i løpet av 2012. det er jo på grunn av de leserar at eg skriv denne bloggen. nokre er trufaste og får med seg kvart innlegg, medan andre kanskje heilt tilfeldig dumpar ned på sida. uansett set eg stor pris på at nettopp du les dette no!
året me har lagt bak oss har me klart å fylle med flotte reiser. kanskje fleire enn noko år før. me starta allereie i januar, med ein tur til usa. der vittja me for andre gong new york, og tok i same slengen toget til washington dc. ein flott tur som varte i litt over ei veke. neste tur gjekk til frankrike i juni, nærare bestemt la rochelle, som ligg på vestkysten. me reiste vidare til øya île de ré som ligg rett utanfor, og hadde nokre fantastiske dagar der. utan særleg plan vidare hamna me etter det i bordeaux -noko me ikkje angra eit sekund på! turen vart avslutta i paris. me hadde ikkje fått nok av å reise, så på hausten sette me kursen mot italia. der leigde me bil og farta rundt frå milano, via toscana, firenze, pisa, porto venere, portofino og nydelege santa margherita ligure. ein nydeleg tur fyllt med varme, god mat og vin, og vakre fargar. som ei avslutting på reiseåret tok me ein tur til oslo i november. me hadde eit ærend i kongsvinger i form av barnedåp, så me tok liksågodt å gjorde ei langhelg ut av det. me budde fint på grand hotell og hyggja oss på gode restaurantar. i kongsvinger vart me skuffa over vinger hotell, men hadde det fint i dåp saman med gode vener.
alle er dei reiser og opplevingar me ikkje ville vore foruten. reiser som har berika oss på eitt eller anna vis. så kan me berre håpa at 2013 vil gje oss det same. ingen reiser er planlagt enno, men me drøymer sjølvsagt. og det er kanskje det viktigaste?
godt nytt år frå tante reisande åse!

(ikkje akkurat som) å sveve på vinger

desember 3, 2012

fortsettjing frå førre innlegg

alle veit kor oslo s befinn seg. kan hende forbind du det med noko heilt anna enn å reise med tog, men det er her oslo si hovudgate karl johan byrjar. eg trur eg har rett når eg seier at færre veit kor bussterminalen i oslo ligg. men har du klart å finne oslo s, vil det vera nokonlunde grei skilting vidare til bussterminalen. eller du kan spørje nokre selgjerar som me gjorde. timekspressen kom omlag eit kvarter etter skjema, men gav oss behagelege seter undervegs og brukte omlag halvannan time til kongsvinger. det var grått og regnfullt, så utsikta var ikkje optimal, men me hadde med oss godt med proviant, så det gjekk fint. vel framme var me så heldige å få skyss frå stasjonen til destinasjonen: vinger hotell. me hadde bestilt rommet nokre veker på førehand, via mail. hotellet har eiga nettside, men det er ingen opplysingar om pris her. du må altså kontakte hotellet direkte for å få pristilbod. grunnen til valget av hotell var ganske enkel, –me skulle i barnedåp om søndagen, og selskapet skulle føregå i hotellets restaurant. det var allereie byrja å skumre då me sjekka inn i 16 tida hjå den unge svensken i resepsjonen. han gav generelle opplysningar om hotellet. frukosten vart servert 7.30 til 9.30 (!) i matsalen, medan restauranten og baren låg her(rett ved resepsjonen). me spurte om bassenget sine opningstider, og fekk opplyst at det for øyeblikket var booka for ei velværehelg, men at dei mest sannsynleg ville vere ferdige om rundt ein time. så me gjekk opp på rommet og pakka så smått ut. eit rom med utsikt, som det heiter. vingerhotell på trass av at det sikkert var pussa opp, bar det preg av å ikkje vera heilt i toppsjiktet når det gjeld stjerneutdeling. sjølve rommet var lyst, enkelt og greitt, men det var veldig liten plass til å hengja frå seg ytterjakker og pentøy. det var vidare berre eit par hyller til klær, saker og ting. brosjyre med info om hotellet som plar å liggje på hotellrom var ikkje å sjå. badet hadde eit 80tals preg, og ei skyvedør som lett kunne bøyast utover. ikkje heilt det store dersom du er blyg ovanfor romkameraten din. at det også mangla hårføne på badet var eit stort minus, sidan eg hadde planar om å sjå nokonlunde ok ut på håret i dåpen. me slappa av og såg på tv før det var gått halvannantime. då loffa me ned i vinger spa, men kom oss ikkje ein gong inn i garderobane for det var fullt av damer der som pynta og ordna seg. dei var høflege og sa me berre kunne koma inn, men me valde å gje dei litt rom, for så å venda tilbake etter ei stund. det var gjerne like greitt, for garderobane var ganske små, med eit par knaggar og ein liten benk til klær, og berre to dusjar. det var i tillegg ei badstu knytta til kvar garderobe. vatnet var ganske kaldt, så det var berre til å leggja på svøm. ein lett berusa svenske/finne kom inn og sette seg ved eitt av borda på bassengkanten, men gjekk etter ei stund då me ikkje var så mykje selskap/han gjekk tom for øl. bassengområdet på vinger spa matcha bra med bada på hotellrommene. det såg ikkje ut til å vera særleg oppussa sidan 80 talet. dessutan var det ingen der nede ein kunne henvende seg til, eller info om behandlingar. me rekna med at dei hadde gått for dagen. etter ei lita stund i badstua gjekk me opp på rommet att og kledde oss for middag. rundt 19.30 gjekk me etter lukta av herleg mat i restauranten. dei var allereie godt i gang der, damene frå velværekalaset, og ein gjenge fuktige herrar som mest sannsynleg hadde julebord. nokre par hadde også romantisk middag, men det var også nokre ledige bord. me stod lengje i døropninga og prøvde å vekkja servitørane si merksemd. servitørane var svensken frå resepsjonen og ei anna dame. dei såg oss fleire gonger, men hadde hendene fulle. etter fleire «unnskyld!?», kom dama noko motvilleg bort til oss. me spurde om ho hadde eit bord til oss, noko ho kunne fortelje at ho ikkje hadde. restauranten var full. litt forbausa spurte me om det var nokon annan stad me kunne gå. like motvilleg peika ho i ei retning og sa det var eit par plasser der. sidan me verkeleg ikkje var kjend i denne byen, og regnvêret ikkje lokka, lurte eg på om dei kanskje hadde roomservice. noko dei heller ikkje hadde. til slutt fekk me eit namn på ei pizzasjappe. eg må innrømme at me gjekk nokså sjokkerte og skuffa attende til rommet vårt. det var kanskje dumt av oss å rekne med at restauranten skulle ha ledig bord til oss, men kvifor hadde ikkje resepsjonisten nevnt dette allereie då me sjekka inn? det var fleire ting som tyda på at middagsgjestene hadde meldt sin ankomst før oss. på den måten kunne me ha planlagt kvelden vår betre. etter ein time sat me i senga, såg på tv og åt pizza frå manis. den var til gjengjeld veldig god! me la oss tidleg og blei berre vekka av litt råning og ein mann som datt på asfalten utanfor, og måtte ha ambulanse. neste dag var me morgonfriske og gjekk ned i frukostsalen. eg skal la være å samanlikna med frukosten på grand, for den kan sjølvsagt veldig få hotell nå opp til. men la oss kalle den god, norsk. det var ein usedvanleg stille søndagsmorgon, og berre fem andre trøytte sjeler hadde funne vegen ned til frukost. tre av dei skulle også til kyrkja i dåp. då me sjekka ut var håret mitt heldigvis tørt, og me fekk settja frå oss bagasjen på bakrommet. svensken ringde til taxi for oss, og den tok oss til vinger kirke. vingerkirke#1 gudstenesta var flott, takka vere ein veldig flink og engasjert prest, og sjølvsagt søte og snille dåpsborn. det heile varte omlag halvannan time, og etterpå befann me oss på vinger hotell igjen. der var det dekka til koldtbord, og det smakte! koldtbord ein høfleg, vaksen kelner sjenka brus og rydda bordet. det var ei fin stund med våre gode vener og familiane deira. etter ei stund måtte me takke for oss og ta timekspressen til gardermoen. på rød måtte me byta buss. sjølv om det var ein heftig kø gjennom sikkerhetskontrollen, gjekk det fint, me rakk flyet og kom oss trygt og kjappt attende til bergen.
kan hende kjem me til kongsvinger igjen, for det lille me såg av byen såg fint ut. men då kjem me neppe til å velgja vinger hotell igjen.