Skip to content

ein fole god dag

februar 15, 2013

laurdag morgon og me nærast spurta ned til første etasje der frukosten vart servert. fint dekka bord og sola som sneik seg inn vindauga. brosundet#1 rykande varm kaffi, egg i alle variantar, herlege brød og knekkebrød og mykje godt pålegg. me var ikkje blant dei første som forsynte oss av frukostbordet, så det bugna ikkje i sortimentet. men me vart mette. i tillegg traff me tilfeldigvis kjentsfolk som me slo av ein prat med. det var ein kald og klar dag, stilongsen og vettene vart ikkje overflødige. me spaserte utover mot moloen der fyret molja ligg. molja#1 dette er eit fyrtårn som hotell brosundet eig, og du kan leige det som eit hotellrom. kven som helst kan gå ut til det, så eg tippar privatlivet blir sett litt på prøve. men sikkert ei fin oppleving dersom du har råd. molja#2 på ei kai rett over sundet hadde ei folkemengde samla seg, og me såg at nokre hadde instrument som dei byrja å klunke litt på. dette skulle seinare vise seg å vere eit korps som tok til å spele då hurtigruteskipet lofoten kom inn til kai. mslofoten me tusla oss innover att, til glasblåsarverkstaden til ingrid. her var alle velkomne inn i varmen. i glashytta kunne ein handle glas, vasar, skåler, små kattar -alt muleg glasverk i fine fargar. me helste på pusen peder som var blitt tatt inn i varmen etter eit langt liv ute, og kjøpte nokre småting. peder etter ei stund kom våre venner og saman gjekk me på den koselege bruktbutikken/kafeen trankokeriet antikk. ein flott bruktbutikk der innehaverane tydeleg har auge for skattar. trankokeriet#1 eg kom ut att med eit grønt kortstokketui (med kort) og to gamle prospektkort frå bergen. kaffeen hadde ei nydeleg utsikt utover sundet, men me hadde meir me ville sjå, så det bar ut i kulda att. etter å ha fått audiens hjå stx og sett den fantastiske utsikta deira, ålesund#3 gjekk me oppover mot ålesund kirke -ei flott steinkyrkje frå 1909. ålesundkyrkje det var bryllup der denne laurdagen, så me kunne ikkje gå inn. ålesund er stort sett prega av stein og murbygningar. då dei skulle til å byggje opp byen att etter brannen i 1904, vart det bestemt at bykjerna sine hus ikkje skulle byggjast i tre, fordi det er meir utsett for brann. og heldigvis for ålesund vart byen bygd opp då jugendstilen hadde si storheitstid. organiske mønster og nasjonalromantiske idear prega arkitekturen. og besøkjer du ålesund, er eit besøk på jugendstilsenteret eit «må-sjå»! dette var det tidlegare svaneapoteket, og apotekaren jørgen anton øwre sin bustad. jugendsenteret#1 det var gratis inngong, noko som sikkert hadde samanheng med eit foredrag som skulle haldast litt seinare på dagen. me gjekk opp i første etasje, via den nydelege trappeoppgangen. me fekk sjå etestova til apotekaren -heilt inntakt. jugendsenteret#2 vasar, servise og skap i same stil var utstilt, og me kunne sjå og samanlikne internasjonale verk, m.a. av vår favoritt toulouse lautrec. jugendsenteret#3 våre vener måtte forlate oss, men me sette oss ned i kafeen der foredraget skulle stå. jeremy welsh kom frå kunstakademiet i bergen og viste videosnuttar. me måtte gå i pausen, for me ville sjå meir av jugendutstillinga. og det fekk me i form av ein «heis» som skulle forestille ei tidsmaskin der me reiste tilbake til 1904. me fekk historiar frå dagen då brannen starta, og dagane -og åra, etter. svært interessant. det tok omlag 15-20 minuttar, og sidan museet snart stengde, forta me oss ned i kjellaren der me kunne gå over til kube. der vart me møtt av utstillinga «den lengste reisen«, som viste kongefamilien si flukt og opphald under andre verdskrig. svært kjekt å sjå, ikkje minst sidan eg skreiv særoppgåve om dette på ungdomsskulen. utstillinga omfatta uniformane til både kong haakon og kronprins olav, vesle prins harald sin strikkegenser, kongharaldsgenser fiktive pass, videosnuttar og mykje anna. etter å ha sett denne hadde me litt tid til å sjå i resten av kunstmuseet kube, og kjøpe med ei bok om charles rennie mackintosh. klokka var fire, og mange butikkar var stengt. det som er fint med ålesund er at sentrum ikkje er større enn at det er ein fin spasertur frå brosundet til gågata. ålesund#4 me såg etter ein kafe med fin utsikt, og enda opp på anno. der dekka dei til kveldens middag, men den hyggelege servitøren gav oss eit bord og noko godt i glaset. etter ei stund kom me i snakk med denne hyggelege servitøren, som viste seg å vera inge solmo -grand prix mannen! me lurte på om det var nokon plass me kunne sjå finalen i grand prix denne kvelden, noko inge måtte beklage seg over at det ikkje var. men som eit plaster på såret kom han med to eksemplar av boko si, «absolutt grand prix» som han velvilleg signerte. me kunne prata med inge heile kvelden, han kunne i alle fall ha prata med oss, men me hadde middagsavtale med maki klokka 19, og måtte skunde oss tilbake til hotellet. reservasjonen måtte utsettjast ein halvtime (av underteikna), men det var like greit for det var ein halvtime mindre med verdas mest bråkete restaurantfølgje. maki ligg i hotell brosundet sin første etasje, og er det same rommet me hadde ete frukost i tidlegare. det var no kledd med kvite dukar og sølvlysestakar. ein høfleg servitør presenterte menyen som bestod av ikkje mindre enn sju rettar -som me sjølvsagt gjekk for. på dette tidspunktet var me så svoltne at det var tilløp til hoveverk. då hjelpte det ikkje med det store selskapet i andre enden som hadde med seg ungane sine. det er ikkje så vanleg å sjå ungar på gourmetrestaurantar, sjølv om det ikkje er noko gale med det. men når dei spring rundt i eit ganske lite lokale, ut og inn døra, hoiar og skrik, og foreldra ikkje har vet til å ta affære, må nokon våge å sei ifrå. det var det ingen som gjorde. dei få gjestane som var her denne kvelden såg forundra på kvarandre, ungane og servitørane. eg overdriv ikkje når eg seier at atmosfæra vart hundre kilo lettare etter at dei gjekk. maten var uansett så god at den overskygga alt anna. perfekte komponerte sjømatrettar, og smakar som overraska. eg er ikkje nokon kjøtetar, men kunne ete alt som vart servert. dei komponerte til og med ein eigen saus istadenfor oksehalen. om me ikkje hadde vore mette før, så vart me det i allefall no! me måtte opp på rommet etterpå for å opne ein knapp eller to, og fekk akkurat med oss margareth berger som hadde vunne kveldens finale i melodi grand prix -hurra! me avslutta kvelden som sist, eit glas på dirty nelly og eit i hotellbaren.
neste dag var det ikkje så allverda med tid, me nytte frukosten ekstra lenge og la oppo ei ekstra skive. utsjekkinga gjekk finfint og me kunne settje frå oss bagasjen der. resepsjonsdama hadde full oversikt over kva fly som gjekk og insisterte på å bestille hotel shuffle’en til oss. noko me ikkje var vidare hypp på. me takka nei og gjekk for å sjekka flybusstidene på rutebilstasjonen. ålesundrutebilstasjon det var akkurat tid til ein tur på storhaugen, og herifrå var det flott utsikt! ålesund#5 ålesund#6 me skulle sjølvsagt ha fått med oss ein tur opp til fjellstua, men dette vart det ikkje tid til -denne gongen. flybussen var presis og skulle berre ha omlag halvparten av det shuffle’en kosta. etter litt forseinkingar hjå norwegian sat me på flyet på veg heim. flottaste jugendbyen ålesund var vel verdt ein tur! eg har ein mistanke om dette ikkje blir det einaste besøket her til.

4 kommentarar leave one →
  1. Marianne permalink
    februar 17, 2013 12:09 am

    Haha så kult at dere møtte på han akkurat på den kvelden!

  2. Marianne permalink
    april 3, 2013 3:48 pm

    «ein flott bruktbutikk der innehaverane tydeleg har auge for skattar. » Og kattar ^^

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: