ylvisjugend
me hadde ein vellukka første dag i jugendbyen igår (fredag). frå før hadde me fått beskjed om at innflyginga her var den finaste i landet, noko me sa oss heilt enige i. eit mektig skue møtte oss i det me steig ut av flyet. stille hav og høgreiste, kvitkledde tindar. fjell eg ikkje har sett maken til.
me fekk bagasjen vår og gjekk mot passasjertransporten. der stod ein flybuss og eit par «hotel shuffle»bilar med diverse hotell-logoar på. me spurte om dei køyrde til brosundet, noko dei bekrefta. etter eit langt kvarter i den iskalde maxi-taxien med døra vidopen, kom sjåføren og me kunne endeleg betale og kome oss avgarde. 260,- for to for denne turen synest eg var i overkant mykje. hotellet vårt var heldigvis det første på ruta. me sjekka inn hjå den hyggjelege resepsjonsdama som gav oss generelle opplysningar. frukosten vart servert til klokka 11 -som me var ganske nøgde med. ho spurde vidare om me var interessert i å ete i restauranten deira maki, noko me hadde tenkt å gjere neste dag. ho anbefalte oss å reservere bord, så det gjorde me. rommet vart inspisert og godkjend. det var veldig kaldt på rommet, så me gav beskjed om det når me gjekk ut. me gjekk ikkje så langt, berre bort til invit og tok ein kaffi. etter det spaserte me litt
og befant oss snart på eit av byens små kjøpesenter. litt handling vart det, og etterkvart traff vi vår veninne som bur like utanfor byen. ho viste oss litt rundt før me tok ein sein lunch på ein koseleg kafé. etter dette gjekk me tilbake til hotellet og gjorde oss klar for ylvis 4. showet skulle foregå i parken kulturhus, som var ein omlag ti minuttars (iskald) spasertur frå hotellet vårt.
fullsett sal og me på andre rad var klare som egg for ylvis, og ingen vart skuffa! me lo som me grein og litt til. det var ubekvemt, hysterisk, idiotisk og fantastisk. etter halvannan time var me ute i vinternatta att, og leita opp c&c restaurant. me fekk det siste ledige bordet for kvelden og kjende oss heldige. ikkje mindre heldige kjende me oss etter å ha bestilt trerettaren med
bøklingmousse til forrett
yoghurtmarinert kveite til hovudrett
og sorbet til dessert
i tillegg spurte me etter heimelaga likør, sidan me hadde høyrt at dei var gode på nettopp dette. og det var dei! me avslutta kvelden med eit glas på dirty nelly og -så til slutt i vår eigen hotellbar. ein vellukka dag i ålesund!
hørres ut som ei kjekk helg ja! 🙂 eg kunne tenkt meg å gått tur i dei mektige fjella ein vakker dag.
ja det trur eg hadde vore majestetisk! 🙂
C & C Food Factory?
nesten 😉 catering & consulting