going down under
me er godt i gong med å planleggje neste tur. eller, neste langtur er vel rettare sagt. det er ganske lengje til, ikkje før i september-oktober, så det kjennest som ein evighet til. men desto meir tid til å drøyme seg bort, lese seg opp og leggje mange planar. denne gongen vender me nasa mot australia. der har me vore to gonger før. første gong me var der (for ni år sidan) hadde eg ei veninne som studerte der, som me besøkte. eg har også familie der nede (som me også traff i frankrike for nokre år tilbake) som var sjølsagte å ta eit besøk til. rundturen starta då i surfers paradise, etter å ha landa i brisbane. mange norske studentar går på universitet her, så me var så heldige å få feire 17. mai med mange norske ungdommar utanlands. surfers paradise bydde på milelange strender, bra shopping, bra surfing (går eg utifrå) og eit levande uteliv. ellers er det vel ikkje ein by eg kjem til å reise tilbake til. me reiste vidare til sydney, og tok for oss alt som er verdt å sjå der. ein flott by med høg «business-faktor». me traff tremenningen min shanti der, som eg ikkje hadde sett på mange mange år, og ho viste oss rundt i byen sin. me låg på bondi beach, åt på darling harbour, og besøkte slip inn -baren der kronprins fredrik taff si mary under OL i sydney 2000. turen gjekk vidare med fly til tasmania, øya under øya. det var her min grandonkel andrew frå bømlo gjekk i land og stifta familie. så her budde me hjå dottera hans marit elisabeth i byen hobart. ein fin «liten» by som kan minne om ein britisk sørkystby. me besøkte tremenningen min cameron som også budde der då. etter nokre dagar tok me flyet opp att til melbourne. der budde me ei helg og fann fort ut at det var vår favorittby. spesielt i bydelen st. kilda som ligg ved havna, likte me oss godt. den har ei bohemsk atmosfære med fine kafear, butikkar og ei nydeleg strand. me vende heim att frå australia, for så å vende tilbake to og eit halvt år seinare. denne gong for å besøkje mi svigerinne og mannen hennar, som budde i wollongong utanfor sydney der dei studerte. saman reiste me rundt i australia, og frå sydney tok me fly til adelaide der me leigte oss ein bil. første stopp var kangaroo island, der me hadde eit svært interessant opphold på farm stay. i det utandørs kjøkenet laga me oss frukost medan høner traska rundt oss og mus pilte avgarde. eit friskt innslag! me tok strekninga adelaide-melbourne på omlag tre dagar, men eg trur den kan gjerast på eit døgn dersom du køyrer non stop. me hadde interessante overnattingar (som t.d. på eit nedlagt fengsel) og fantastiske naturopplevingar. the great ocean road er verkeleg noko å få med seg, men strekninga er ikkje så veldig lang. vel framme i melbourne hadde me bestemt oss for å bu i st. kilda denne gongen, og angra ikkje på det, sjølv om eg i ettertid skulle ynskje at me hadde putta litt meir penger i overnattingskassa. herifrå tok me flyet til tasmania for eit gjensyn med slekta. der tok me inn på eit typisk gjestgiveri, med pub og restaurant nede og overnatting oppe. me tok båtturar og fjellturar og feira fødselsdag. dette var i november, så været var nydeleg.
når me no returnerer til «down under» er destinasjonen også denne gongen melbourne, men me kjem ikkje til å tilbringe mest tid her. cameron har nemleg busett seg i adelaide med kona preeti og vesle prithu andrev, så dei skal me besøkje. shanti og marit kjem mest sannsynleg opp frå tasmania for å treffe oss. håpet er å få reist litt inn i landet til alice springs og få sett uluru eller ayers rock som den også er kjend som. me kjem nok til å bruke litt tid i byane sydney og melbourne, men me får sjå kva det blir tid til. me har bestilt flybillettar med brunei air, og på heimvegen kjem me til å stoppe i borneo. der skal me ha tre (forhåpentlegvis) aslappande netter i kota kinabalu som ligg i den malaysiske delen av øya. dette gler me oss veldig til!
så då er det berre ein ting å gjere -følg med på bloggen!
så herlig! kor mange veke på reis blir det denne gang?
ikkje sant!? det blir tre og ei halv veke på reis 🙂