froskelår og overvekt
me kom oss kjapt ut etter ankomst, og lånte med oss ein paraply som stod i utgangen på hotellet. for det var blitt både mørkt og vått. resepsjonisten hadde sånn halvegs peika ut ei retning me skulle gå til sentrum så me gjekk ned ei mørk og smal gate, og tok til høgre i ei ennå mørkare og smalare gate. det er heldigvis ikkje kriminalitet på guernsey (trur me). etter litt labyrintgåing gjekk me rett på ein typisk britisk pub (the swan) men dei serverte ikkje mat så seint, og me var ganske svoltne etter ein lang dag. den snille dama bak baren foreslo le petit bistro som skulle liggje i nærleiken. me fann le petit café og rekna det som godt nok, spesielt sidan det var superkoseleg der og dei framleis serverte mat seint på kveld. det viste seg at dette var cafe-avdelinga til bistroen. me vart bydd på tapas med ti små, franske rettar, noko me sjølvsagt takka ja til. det høyrdest veldig spanande ut, og viste seg å vera det også!
det var så här: •smelta camembert •røykelaks med tartarsaus •minihamburger •krabbekake •tomatbruschetta •ansjos på tomat/vårløk/sitron-salsa •biff tartar med vaktelegg •(noko eg trur var) foie gras med rødbetpuré •froskelår (!) •sniglar (!). me smaka på alt utanom sniglane, som låg så godt inne i husa sine at me ville ikkje dra dei ut så seint på kveld. eit fargerikt og uvanleg måltid akkopagnert av ein god chablis og fransk kveiteøl. mette og trøytte havna me igjen i labyrinten og måtte fram med kartet for å få korrigert retningssansen. det gjekk bra og me kunne snart stupe opp i den enorme senga på duke’en.
frukosten varte frå 07.00 til 10.00 så me sov ikkje akkurat frampå. nede i den store og lyse frukostsalen stod det meste som tilhøyrer ein kontinental frukost så me kunne forsyne oss sjølv. etter at me hadde vore borte og registrert at det verken var egg eller andre feittete ting på bufféen, sette me oss ned med heller «sunne» alternativer på tallerkenen. då kom frukosthovmeisteren bort til bordet vårt med ein meny der me kunne bestille egg (i alle variantar) og tilbehør. me spurte etter toast og kvar vår kanne med kaffi. frukostblanding med frisk frukt og yougurt smakte også veldig godt. medan me konsumerte mat og kaffi, registrerte me at vêret ikkje viste seg frå si beste side utandørs. det bles og småregna. men ut måtte me. noko av det første me ankom då me tok vegen som gjekk bak hotellet, var guernsey museum and art gallery. der gjekk me inn, og vart positivt overraska av utstillinga dei hadde gåande om 60talet.
som ein stor beatlesfan blei eg glad for å sjå og lese om beatles sitt første og einaste besøk på guernsey.
dei opptrådde i bygningen der museumet var, candy. det var også ei utstilling av måleri med motiv frå øya og nokre av øyene rundt. fint å sjå. etter dette besøket vandra me vidare nedover i byen og registrerte at det store cruisskipet me hadde sett utanfor havna hadde bidratt til mengder med folk i gatene. gater som hadde mange kjekke butikkar, små kafear og pubar.
når klokka nærma seg lunchtid gjekk me inn på moores the library bar og fekk panini og baguett. ein svært autentisk britisk pub med store bokhyller. på dette tidspunktet hadde me allerede konkludert med at dei fleste i serviceyrket her snakka med austeuropeisk akksent. også her på guernsey altså. men venlege har alle vore, så me er nøgde. etter endt måltid fraus eg litt og sette som mål å finne ein cardigan. det fann eg, i tillegg til ein kjole og noko anna nips. mannen fann seg t-skjorter og ein genser. og me som ikkje har plass til eit gram meir i kofferten.. overvekt her altså. ein tur innom turistkontoret gav oss også mange brosjyrar som er til god hjelp sidan me ikkje har noko lektyre om reisemålet denne gongen. det har ikkje vore ei einaste bok å oppdrive om kanaløyane. no slappar me av med eit glas på the ship and crown medan me høyrer gamle slagerar og ser ut over havna, der måkane sirklar, og vidare ut mot naboøya herm. eit idyllisk bilde, som berre blir forstyrra av litt for mange bilar og trafikk. men no: eit slag idiot!
Pretty lady! Som jeg hadde forutsett hørtes den franske maten fryktinngytende ut!! Good call å ikke vekke sneglene btw…….
tusen takk (kresne) frøken 😉