Gå til innhald

medan me ventar på comedy roadshow…

mai 31, 2013

bortsett frå ein svipptur innom the prince of wales i går, gjekk me strake vegen heim etter nokre slag idiot. me gjorde oss klar og spaserte ut i det som hadde blitt ein nydeleg kveld, med klar himmel og kveldssol. me hadde sjekka tripadvisor for restaurantar, og funne ut at pier 17 var eit bra val, så me gjekk ut der. guernsey#4 mange hadde tenkt det same som oss denne torsdagskvelden, men me fekk likevel raskt eit bord for to. menyen hadde mange rettar som freista, men valet falt på hovudrettane: asparges med posjert egg og hollandaissaus til meg, og ein slags krabbe og krepse salat til mannen. som vart etterfulgt av kyllingbryst med innbakt ost og potetstappe og mannen sin brill (som er ein flat fisk). veldig uvante val, for eg pleier alltid å bestille fisk og mannen kjøt, men me vart begge svært nøgde og mette. likevel var det ein ved bordet vårt som hadde rom for sticky pudding. eg kan bekrefta at den var knallgod. nok ein lang dag var snart over, men me hadde likevel både tid og lyst til eit slag l’idiot på le petit cafe. så var det kvelden.
idag vakna me til skinande sol! så etter endt fruksot -som idag inneheldt egg, gjekk me ut med fatt mot og kjende på at det ville bli ein fin dag. på veg mot byen gjekk me opp for å sjå victoria tower som låg på ein haug like bak hotellet vårt. victoriatower tårnet vart bygd i 1848 for å heidre dronning victoria sitt besøk til øya to år før.
me hadde diskutert om me skulle ta båten over til øya herm, men det passa ikkje med båtavgangane. me gjekk heller ut til borga castle cornet. castlecornet#2 der var det eit museum, og klokka tolv avfyrte dei ein salutt med kanona. alle måtte halda seg for øyrene. castlecornet#1 is og kaffi fekk me oss også. ellers var det ikkje så superinteressant der ute, men greitt å sjå byen frå eit anna perspektiv. guernsey#6guernsey#7guernsey#8guernsey#9

guernsey#10 me bestemte oss for å gå vidare sørover der byen slutta. det vart ein fin og solrik tur. me kunne ha gått inn i eit krigsmuseum og eit akvarium på vegen, men ville utnytte den fine dagen utandørs. me gjekk vidare opp ein sti inni skogen og enda opp i eit bustadsområde.guernsey#11guernsey#12guernsey#13 plutseleg hadde me gått ganske så langt, men befann oss i byen att. der gjekk me forbi huset victor hugo budde i, hauteville house. hautevillehouse sidan han budde her i st. peter port, betyr det at me har vore både på heimstaden og gravstaden hans. «gravkammeret» hans såg me nemleg i paris. huset hans er berre ope til visse tider og tilbyr då guida turar. me traff ikkje på desse tidspunkta verken idag eller igår. men god lunsj på ein solfylt terrasse fekk me oss. mannen fekk afternoon tea, med små sandwichar, søtsaker, og skikkeleg engelsk te. afternoontea no har me trekt oss tilbake til hotellet, har funne det utandørs bassenget. det kan anbefalast! seinare ventar «comedy roadshow», som skal føregå her på the duke of richmond. det er eit britisk standup show som reiser rundt, og me håpar det blir bra greier!
so long!

No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: