Gå til innhald

guernsey shore

juni 2, 2013

comedy roadshow stod til forventningane, og vel så det. me lo oss fillete av simon day, bob mills comedyroadshow og hal cruttenden halcruttenden som kanskje var litt på kanten til tider, men det gjorde ingenting. før showet hadde me (som vanleg) litt dårleg tid til middag, så det passa ekstra dårleg at det var stappfullt i hotellrestauranten. me spurte resepsjonsdama om ho kunne foreslå nokon eteplasser i nærleiken, noko ho ikkje kunne. heldigvis stod consiergen guy der og sende oss ned til la frégate som låg nokre steinkast nede i vegen. dersom det var fullt der, fekk me beskjed om å spørje etter simon. men det var ikkje naudsynt for det var berre et par andre gjester i den nydelege restauranten. me syntest det var skikkeleg dumt at me hadde så dårleg tid, for dette må ha vore den finaste utsikta i heile byen. i det lyse, dusblåmala rommet var det høflege servitørar som oppvarta oss på beste vis og me fekk raskt middagen vår, som var sea bass og sjømattallerken. lafregate#1lafregate#2 me vil gjerne konkludere med at dette er byens finaste restaurant. etter å ha slukt maten og beklagt oss til dei ansette, spurta me tilbake til hotellet (forbi den einaste katten me har sett på nært hald på øya)guernsey#15 og møtte horden som skulle på komediekveld. det byrja 20.00 og varte i omtrent tre timar. at folk tok turen i hotellbaren etterpå var ikkje populært for hovmeisteren, som insisterte på å stengje.
det første eg tenkte på då eg vakna laurdag morgon -bortsett frå «ånei, laurdag allerede», var «idag skal me på busstur!» og som tenkt, så gjort. me gjekk ned til bussterminalen og kjøpte dagpass til bussane, som gav oss lov til å hoppe av og på kva som helst bussrute heile dagen. det kosta tilsaman 90,- NOK. guernsey#16 første stopp var fort grey, der me skulle sjå fyret som på folkemunne blir kalla «the cup and saucer». fortgrey#1 inne i fyret var det eit museum med tema skipsvrak. kanskje litt morbid, men guernsey er omgitt klipper, så det var ikkje få farkostar som hadde stranda der. til og med ein platform. i billettbua møtte me eit hyggjeleg, eldre par, som syntest det var uvanleg å få besøk av nordmenn. den eldre mannen kunne minnast at bergen var ein fin by frå den gong han hadde vore der, og dama kunne sei tusen takk. me lærte ho «hadet». i tillegg gav ho oss eit tips om kafeen cobo tea room, og la perla der det verka som ho kjende alle dei ansette. guernsey#17 me sette oss på ein ny buss og reiste til vaszon guernseyshore der me eigentleg skulle sjå shrine of the sacret heart, som er eit kappell laga av skjel. dette var berre ope frå 14-16 (kun) på laurdagar, så me var desverre for tidleg ute. difor spaserte me vidare til cobo bay, som befann seg i neste bukt. me brukte tipset frå den eldre dama, og åt lunsj på terommet. cobotearoom ein heimekoseleg liten kafe med god lokal mat og kanskje den beste kaffien eg har fått på øya. vel verdt eit besøk. det var ei stund til neste buss skulle gå, så me spaserte vidare til grande roques fort, granderoquesfortgranderoquesfort#2 der me fekk tid til litt forfriskingar og kortskriving, før me tok bussen heilt over til andre sida, og befann oss dermed på the bridge eller saint sampson. dette var ein fin, liten by, som nesten gjekk i eitt med vår st. peter port, så me spaserte like godt og heim. og vegen var full av fine motiv. guernsey#19guernsey#20guernsey#21guernsey#18 det var klart ver og så god sikt at me kunne sjå tre øyer etter kvarandre; herm, sark og aller lengst vekke jersey. guernsey_herm_sark_jersey tilbake i byen var enten alle reist heim, eller inne på puben. det var iallefall ganske dødt i gatene, og innan klokka 17.30 hadde dei fleste butikkane stengt. etter å ha forfina oss litt på hotellet, traska me litt rundt, prøvte å få eit bord på favoritten vår le petit bistro (utan å lukkast) før me bestemte oss for å følgja rådet til den eldre dama (igjen). på la perla italienske restaurant var det masse folk, men likevel ledig bord til oss. menyen inneholdt mykje og det skulle det vise seg at tallerkane også gjorde. gratinert aubergine, canneloni og vannbakkels (!) for 120,- NOK og fritert sjømattallerken, hummar og pannekake til 230,- må seiast å vera akseptabelt. laperla#1laperla#2laperla#3laperla#4laperla#5laperla#6 me vagga heimover, men måtte ha nokre stopp på vegen for å leggje nokre kort og la maten søkkje.
idag morges var me grytidleg oppe (08.00) og fekk erfare kven som kjem til å overleve ein hotellbrann, dersom det skal oppstå. det er oss. me var heldigvis nokså påkledd og friske/raske då brannalarmen plutseleg gjekk. så då eg nærast ropte at me måtte evakuera, gjekk me ut i gongen og traff på ei søvning dame som kikka ut frå rommet sitt og meinte at ho såg jo ingen brann. nede i resepsjonen blei me møtt av dei ansette som rista på hovuda medan dei beklagte seg og sa falsk alarm. me kunne liksågodt gå til frukosten når me var der nede og i bakgrunnen høyrde me telefonen kima og kima og resepsjonisten måtte gjenta seg sjølv med «false alarm, false alarm». viktig regel å huske når du er på hotell og brannalarmen går: evakuer. ikkje ring resepsjonen for å spørje kor brannen er. me åt frukost, sjekka ut, tok taxi til flyplassen (som berre låg ti minuttars biltur unna), tok flybe tilbake til gatwick, for så å ta easy jet tilbake til bergen.
me konkluderer med at den frodige og flotte øya guernsey berre er to små flyturar unna, og kan absolutt anbefalast! også sjølv om det ikkje er 30 pluss.

4 kommentarar leave one →
  1. juni 19, 2013 8:21 pm

    EasyJet åpner opp en helt ny verden! Har eg ikkje tenkt ordentlig på før no.

    Brannalarminstruksen er også notert. Eg er nok dessverre i utgangspunktet den søvnige typen som ville forblitt i sengen, eller ringt resepsjonen, hvis eg ikkje kunne sett røyk og flammer i umiddelbar nærhet.

    • juni 20, 2013 4:26 pm

      ja easyjet er verkeleg den nye (og billege!) linken til verda frå bergen. det ser også ut som dei driv og oppgraderar gatwick for tida.

      håpar du høyrer mi stemme i det fjerne dersom du skulle komme ut for noko slik ein gong. «evakuer!»

  2. Marianne permalink
    juni 21, 2013 7:10 pm

    Hehe jeg hadde vært utenfor før du hadde rukket si «evakurer»!!! Flinke dere 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: