siste dagar downunder
frå alice springs gjekk turen vidare til vårt siste mål i australia: melbourne. det vart vårt tredje besøk til denne byen som me reknar som ein av våre favorittbyar. her skulle me treffa slektningane frå tasmania, som me skulle dela ein leilighet med i bydelen carlton.
gjensynsgleda var stor då me traff marit og shanti, og fekk treffe mark for første gong. me lessa av oss sekkane og gjekk ut i storbyen. like ved leiligheten vår låg det mange restaurantar så det var berre å velgje og vrake. me fann ein koseleg italiensk og sette oss utanfor. me hadde mange historiar å dela og mykje å fortelja om sidan sist. det hadde tross alt gått 7 år sidan sist me såg kvarandre. me vart sittjande der ei god stund før me gjekk heim for å slappe av.
neste dag hadde shanti og mark eitt klart mål for dagen: shopping! me var nokså lette å be, og fann jammen eit par ting sjølv også.
etter ein lunsj i sola, tok eg og mannen trikken ut til st. kilda, bydelen me likar best i melbourne.
her bles det stikker, strå og ikkje minst sand. me kjende at den lange turen byrja å ta på kreftene, så me sette oss berre ned her ute og såg på havet og folka som gjekk forbi.
me fekk også med oss at kathy griffin skulle ha eit show på palais theatre om torsdagen, som me planla å gå på.
palais theatre ligg rett attmed den fantastiske luna park.
etter å ha tatt taxi tilbake til sentrum for å rekkje ein butikk som stengde klokka 18 (utan hell) tok me trikken heimatt. denne kvelden ville marit ta oss med til fitzroy for å ete. me gjekk gjennom carlton gardens, forbi royal exhibition building (som vart bygd til verdsutstillinga i melbourne i 1880)
og tok trikken det siste stykket. her oppdaga me ein ny favorittbydel. fitzroy hadde utruleg mange kjekke, små butikkar, barar og restaurantar som osa av liv. melbourne hadde gitt oss enno ein grunn til å koma tilbake. me fann ein grei thairestaurant, og eg drista meg til å bestille noko heilt utanom det vanlege. det vil sei noko anna enn grønn karri. mette og nøgde tok me trikken heim att.
på den siste heile dagen i melbourne hadde me bestemt oss for å gå på kunstgalleri, så medan shanti og mark fortsette shoppinga si, tok eg, mannen og marit trikken til sentrum. me gjekk gjennom royal arcade, innom butikkar og tok ein kaffi og kake.
eg fekk også tjangs til å prute. etterkvart befann me oss på den flotte, opne federation square og gjekk inn på national gallery of victoria.
me gjekk lengje rundt og såg mange flotte kunstverk. fellestrekket for dei var at alle kunstnerane hadde ei tilknytting til australia. etter gallerigåinga tok me ein lett lunsj i den fargerike, bortgøymde gata hosier lane.
der fann me den enno meir bortgøymde movida, som var ein fantastisk liten tapasplass.
me bestemte oss for å reise rett til st. kilda, for me skulle treffa dei andre der seinare for ein matbit. så då fekk me tid til å sjå litt i butikkar og trekkje inn den gode st. kilda atmosfæra. før eg og mannen gjekk på kathy griffin sitt show klokka 19, åt me saman med marit og shanti på den koselege vineyard.
til det majestetiske palais theatre like ved luna park, hadde alle dei homofile i heile australia også funne vegen denne kvelden. kathy griffin takka då også dei «7 heterofile menna» som kom for å sjå showet denne kvelden. vidare skaut ho som vanleg frå hofta og deromkring mot dei fleste a-kjendisane i hollywood. ikkje noko for skjøre sjeler, men veldig morosamt for litt meir tjukkhuda. me tok trikken heimatt etterpå, og mannen og mark gjekk ut for å sjå melbourne by night ein siste gong før me skulle reise neste dag.
me skulle vera på flyplassen tullamarine klokka 11 fredags førmiddag, så me fekk tid å ete frukost ilag før me sa på gjensyn. dei andre skulle bli ein dag til i melbourne. då me ankom tullamarine, fekk me opplyst at flyet vårt med royal brunei airlines vidare til brunei ville bli 5 timar forseinka. ikkje noko hyggjeleg melding å få når du har eit ventande fly vidare til kota kinabalu samme kveld, og eit allerede betalt hotellrom. det var ikkje så mykje å gjera anna enn å prøva å slå ihjel tid og bruke matkupongane me hadde fått. totalt sett vart flyet vårt over 6 timar forseinka pga ein sjuk kaptein. det var naturleg nok mange sure fjes i den ventehallen. flyturen over australia var flott sjølv om byrja å bli mørkt
me såg voldsomme skyer som lyste opp av lyn under oss, og det som (desverre) må ha vore skogbrannar. på flyplassen i brunei var dei ikkje det spor forberedt på at me kom og skulle ha både informasjon, overnatting og vidare transport. me var fem stykker som skulle bu på hotel orchid, og alle var omtrent like trøytte. etter ei stund og litt virrvarr fekk me bagasjen vår ut av flyet som skulle vidare til dubai og london og farta avgarde til hotellet som låg omlag 10 minuttar unna. i hotellet, som også husa sveriges konsulat, vart me tatt godt imot og fekk greie rom. det var seint og me sovna i dét me landa på puta. neste morgon hadde me matkupongar frå frukostbuffeen, men me skulle berre hatt større magar, for det var mykje godt å velgja i. me spurte etter ein taxi, og snart stod amy frå kuala lumpur klar til å frakte oss trygt til sentrum. ho tilbydde seg tilogmed å koma å hente oss på same stad halvannan time seinare. me kunne ikkje bli så lengje, så me vandra litt rundt, såg på den enorme moskeen omar ali saifuddin mosque.
snakka med eit par kattar og prøvde å unngå å bli praia av «water taxi’s».
ti minuttar etter avtalt tid (me la merke til at alle klokkene me hadde sett viste ulike tider) kom amy tilbake og beklaga forseinkinga. ho peika og viste ting me skulle sjå. då me kom fram rokk me akkurat å bruka matkupongen for lunsj og kaffi før me farta vidare til neste og siste destinasjon: kota kinabalu.
reisa til jorda sitt indre
klokka ni måndag morgon troppa me opp på avis bilutleige sitt lokale i darwin. me fekk tildelt vår blå kia, og plotta inn det første målet vårt -kjøpesenteret casuarina. me måtte hamstra vatn, mat og andre naudsynheiter til den lange reisa vår. like etter var me på arnhem highway, på veg mot kakadu nasjonalpark. me bunkra bensin i bark hut, før me feis vidare i 130 (minst). kia’en gjekk overraskande bra og me tok igjen dei fleste andre køyretøy. noko som eg vil understreke -ikkje er noko mål i seg sjølv! skumlast var dei enormt lange road train’a, som hadde opptil 4 tilhengjerar etter seg fordelt på over 50 meter, og som ein måtte rekna mest ein kilometer å koma forbi.
roadkill longs vegen var heller ikkje noko hyggjeleg syn. daude kenguruar og wallabyar var ikkje eit uvanleg innslag i vegkanten. me køyrde så langt austover som me kom på denne vegen, og då me ankom jabiru, kjøpte me oss lunsj. baguettar og jarlsberg frå supermarkedet vart eit firestjerners måltid for oss.
jabiru postboksar
me svinga inn til nourlangie for å strekkja på beina og sjå naturen. det første me såg der var ein billabong med eit svært rikt dyreliv.
me var omringa av fuglar av alle slag som laga dei merkeligaste lydar, og nytte godt av vatnet.
det var også hundretusenmillionar floger der, så me orka rett og slett ikkje å stå ute då dei vart altfor innpåslitande. så me køyrde vidare for å gå opp til eit utsiktspunkt som heitte nawurlandja lookout. gradestokken hadde no krope opp til 40+, så turen vart litt ekstra tung pga heten. men me vart belønna med flott utsikt då me kom opp, og følte det var verd det.
neste stopp tok me på warradjan aboriginal cultural center, kor me fekk læra om aboriginane i dette området sine skikkar og levemåtar. me lærte korleis dei jakta, og kva dei jakta på. i suvenirbutikken deira fann me flogenett til å ha på hovudet, noko som kanskje er det smartaste kjøpet me har gjort på turen. no var me verkeleg klare for outbacken! litt etter skjema gassa me på vidare gjennom kakadu. fleire stader såg me røyk frå brannar, men på warradjan hadde me lært at dei innfødde brente av områder under kontrollerte former. det same som me gjer i noreg med bråtebrann.
svære termitt-tårn var også noko som florerte longs vegen. dei kunne visst bli 3 meter høge.
3 meter høge såg det også ut som dei neste dyra me traff var, nemeleg vannbøflane. brått stod dei der i vegkanten. skrekkslagne stansa me bilen og spurde kvarandre om dei var ekte. det var dei! svære, svarte dyr som hadde mosa bilen vår om dei hadde bestemt seg for det. me knipsa eit par bilder før me forta oss vekk. 
i grevens tid, eller før det vart mørkt om du vil, svinga me inn til dagens mål: småbyen katherine. me hadde funne eit motell som høyrdest greitt ut i lonely planet, så me plotta adressa deira inn på gps’en. då me var komen fram, la me merke til at det var ein stor fugleflokk som svevde over hovuda på oss. men det var noko merkjeleg med denne fugleflokken. den tok aldri slutt. og ved nærare ettersyn såg me at det ikkje var fuglar, men flaggermus som fauk over hovuda på oss. tusenvis av flaggermus på veg inn til byen ved mørkets frambrot. dei laga ikkje ein einaste lyd, berre svak flaksing med vengene dersom du høyrte veldig godt etter. ein litt fin og litt skummel opplevelse. paraway motel var absolutt ein kurant stad å overnatte. for 145 aud fekk me eit plenty stort rom med aircondition, heilt greitt bad, utandørs basseng og noko som skulle vise seg å vera ein ganske kjekk restaurant. heile motellet bar preg av å vera noko datert, men det gjorde ikkje så mykje. me hadde ikkje høge forventingar og var nøgde med ryddig rom og god service. restauranten hadde ikkje alvorleg lengje ope og me burde visst bestilla mat før kvart på åtte. som sagt så gjort, og den hyggjelege servitøren vår troppa opp med den eine gode retten etter den andre, i tillegg til ei god, sprudlande pinot noir frå jacob’s creek. han skulle visa seg å vera frå bonifacio på korsika. me delte litt opplevingar frå (favorittøya vår) korsika med han og fekk vite at han var på reise, og jobba seg rundt i australia i løpet av eit år. rundt klokka ni var alle klare til å stengja og gå heim, men sidan me sat der med vinen vår og det sedvanlege slaget med idiot, lot dei oss få sittja så lengje me ville. me kunne ikkje ta for mange slag, for neste dag venta nok ein long køyretur.


tidleg neste morgon var me klare for å nå dagens første mål som var mataranka thermal pool. me svinga innom bitter springs før me kom så langt, mest fordi me såg på feil vegskilt, men det var absolutt verd omvegen. bitter springs var eit vatn så klart at du kunne sjå botn og vel så det, og naturen rundt var eit fint avbrekk frå den travle motorvegen me kom frå.
me kunne nok ha tatt ein dukkert her, men hasta vidare til mataranka, der det var naturleg oppvarma vannhól. frå tretoppane høyrde me kjeftinga frå tusen flygande revar, eller flaggermus som me kjenner dei best som. der hang dei på rekkje og rad etter føtene og me skjøna kor flokken me hadde sett kvelden før kom frå. 
etter litt bading og avslapping åt me ein enkel lunsj på maluka’s bar der me traff noko som må ha vore verdas minst engasjerte kafédame. temperaturen var krope over 40+, så på slike dagar kan det vera like greitt å settje seg i bilen, skrua på airconditionen og susa vidare. neste stopp var daly waters, eit «vannhól» som seiest å vera den eldste puben i northern territory.
med skjenkebevilgning frå 1938 kan ein jo nesten tru på det også. me tok ein is her for å kjøla oss litt ned.


no var det berre strake vegen til tennant creek kor me svinga inn på eit nytt motell. dei vart visst billegare og billegare nedover vegen. dette betalte me 110 aud for, men det var ikkje verdt stort meir heller. me la merke til alle bileta av gibraltar som hang bak dama i resepsjonen, og ho kunne stolt fortelje at der var ho og familien hennar frå. me kunne fortelje at me likte gibraltar svært godt! så gav ho oss eit lite kart med oversikt over dei næraste restaurantane. den som skulle liggje i nabohuset, og som var ein av grunnane til at me valgte plassen (utifrå opplysningar frå lonely planet), var stengt, så me var nøydd til å forflytta oss litt ut i gatene. første stopp var bottleshop’en, for fru gibraltar hadde gitt oss beskjed om at restauranten woks up var ein «byo». altså ein stad der du tar med dine eigne drikkevarer. mannen i flaskebutikken kunne også gå god for woks up, så då gjekk me rett over gata og sette oss på eit bord i denne overraskande fine og moderne asiatiske restauranten. den verka som eit friskt pust i ein ellers litt nedslitt og lurvete by. me fekk plenty med mat og tok jammen eit slag kort også før me gjekk tilbake. der prøvde me å få airconditionen på rommet til å virka, utan mykje hell. dvs den virka på eit vis, dersom ein var villeg til å høyre på eit bråk utan like. det vart ei sveitt natt.
likevel stod me tidleg opp neste dag og var «on the road again» klokka 8.10.
dagens første attraksjon var devils marbles, eit flott naturfenomen, som dei innfødde skal ha forklart som egga til regnbogeslangen, men som eigentleg var granittstein forma som kuler. 

neste attraksjon var på ein måte også eit naturfenomen, om enn noko vanskeleg å sjå. wycliffe var nemleg ein stad der det vart observert usedvanleg mange ufoar. og det melka dei for alt det var verd. me drakk kaffi frå alien-krus og kunne lese historiar derifrå på avisutklipp som var tapetsert utover veggjene. noko meir nedpå jorda var den neste staden: mangofarmen red centre farm.
her selde dei eigenprodusert mangovin, mangoiskrem og sikkert mange andre mangoprodukt. me kjøpte med oss ein is og ei flaske boblande mangovin (som framleis ligg i bagasjen vår). me snakka litt med eigaren paul som me lova å helse til her. hey paul! denne dagen låg me veldig godt ann etter skjemaet, og me kom fram til målet vårt; alice springs allereie klokka 14.00. me manøvrerte oss fram til watertank cafe, som me visste hadde internett. det viste seg også at dei hadde mykje godt på menyen og ein usedvanleg god atmosfære. velkomsten til alice springs kunne ikkje vore betre.
me pløydde gjennom tripadvisor for å finne ein overnattingsstad i byen, og kom fram til at aurora var eit hotell som var både sentralt og fint. etter å ha ete ein knakande god lunsj på vanntanken, gps’a me oss fram til hotell aurora. rommet vart veldig fint og lokaliteten upåklageleg. me hadde på dette tidspunktet bestemt oss for å drøya turen vidare litt, pga vermeldinga og litt fordi me trengte å roa ner tempoet. det hadde byrja å blåsa ganske mykje, og dette tok seg meir og meir opp utover kvelden. men det gjorde ikkje så mykje. me såg oss litt om i hovudgata før me enda opp på monte, som skulle visa seg å bli favorittplassen vår i alice springs. her bestilte me mat og sat ute under stjernene og lyspærene, medan folk i stort sett alle aldrar hadde funne vegen hertil.
haloumi(vegetar)burgeren eg fekk her er det beste vegetarmåltidet eg nokon gong har ete. og stemninga på denne festlege plassen gjorde ikkje kvelden mindre perfekt. etter ei stund gjekk me heim og tok eit glas på den lille hageterrassen utanfor rommet vårt.
det var blitt fredag allereie, og me bestemte oss for å utforska nærmiljøet. først med ein tur til museums og galleriområdet araluen cultural precinct.
me såg først ei utstilling med mange flotte kunstverk frå aboriginerar. dei var nokså dyre, men heilt klart populære då det hang raud lapp på mange av dei. etterpå gjekk me til naturhistorisk museum som hadde ei kompakt, men ganske god utstilling av lokale dyreartar, fossilar og steinar. 
etter dette var me klar for ein ny tur til watertank. me fekk ein solid lunsj, så me var klare for ein lang køyretur etterpå. turen gjekk mot nordvest og på ei fin rekkje låg attraksjonane linjert opp etterkvarandre. me såg fleire «gorg’ar» som det kallast dersom eit fjell har delt seg i to og laga ein mellomgang. den første me kom til var simpsons gap
ved standley chasm måtte me betala ein symbolsk sum for å komma inn
og den siste: ormiston gorge, hadde eit vatn, der den modige mannen tok ein forfriskande dukkert.
det tok omlag halvannan time å køyre tilbake. då me kom til alice springs igjen, stod det italiensk på menyen. casa nostra heitte den, og låg på andre sida av «elva». for det merkelege med desse elvene er at dei er teikna inn i kartet og på gps’en, men dei finst ikkje. det er berre sand der som vatnet skulle ha runne. i «våt-perioden» derimot, kan dei gå over sine breidder og stengja vegar. men me kom oss altså trygt over til casa nostra og var heldige å få bord på denne travle fredagskvelden. at dette var ein «byo» restaurant hadde me jo ikkje tenkt på, så mannen sprang tørrskodd over «elva» etter «vatn». litt bråkete var det her, men maten var god og stemninga likeså. me gjekk liksågodt ein tur på monte denne kvelden også.
laurdag er jo shoppingdag, det er noko alle veit. me åt først frukost på den travle page 27 cafe
og kjende at me vart meir begeistra og overraska over denne levande byen for kvar dag som gjekk. men for å shoppa sikta me oss inn på target, og blei verande der ei god stund. eg fann meg mellom anna billege joggesko. etterpå spaserte me over til olive pink botanic garden og drakk kaffi med fuglane.
den spreke mannen tok seg ein rask tur opp i fjellet bak hagen, og var så heldig å treffa på to kenguruar og ein wallaby. 
ein blir svolten av å ikkje gjera stort, så inne i byen delte me ein pizza på monte’s. den kom med eit lass av salami og interesserte floger. tilbake på hotellet byrja me så smått å pakka, og planla neste dags tur. me skulle nelmeg til australia sitt absolutte indre. om kvelden åt me på red ochre grill, som var hotellet sin restaurant og viste seg å vera både byens dyraste og dårlegaste restaurant. styr unna. etterpå sat me for fjerde gong på tre dagar på monte’s, før me tok ein tidleg kveld.
å stå opp samtidig som sola er ikkje lett, men me klarte det! me stod faktisk opp før det, og køyrde ut ifrå aurora då me såvidt skimta sola.
me skulle langt og lenger enn langt, og målet var kings canyon. etter å ha kjøpt noko mat som me så effektivt åt medan me køyrde (ikkje gjer dette heime), tok det oss omlag 4,5 timar og to bensinfyllingar før me kunne stige ut framfor den mektige kings canyon. det var ein behageleg temperatur denne dagen, så me kunne leggja ut på ein lengre tur enn me hadde gjort om det var 40+. me hadde med oss flogenetta våre, og kjende oss godt utrusta til fjellturen som var omlag 3 timar lang. den var absolutt verd det! stiginga var ganske bratt i byrjinga, men flata seg ut når me kom opp. det var som å gå rundt i eit månelandskap der oppe. 

fjellformasjonar og klipper som me ikkje har sett maken til -alt i raudt. me stoppa opp og åt niste og nytte roen som rådde der oppe. eg fekk meg jammen eit insektsstikk også, som var turens første. me konkluderte med at kings canyon var vel verd eit besøk, og me var spesielt glade for at me hadde tatt denne fjellturen. rundt klokka ett var me nede att, og klar for neste etappe. no sette me kursen mot uluru og kata tjuta. då me først skimta eit fjell som stakk opp av det flate landskapet trudde me at dette var uluru. men det skulle vise seg å vera mount conner og stakk 300m opp frå bakken -vel 850m over havet.
me hadde allereie bestilt rom for den natta, på outback pioneer hotel & lodge, som viste seg å vera ein veldig grei plass då me kom fram rett før klokka fem på ettermiddagen. me fekk ei hytte som hadde fire separate leilighetar, kvar med fire køysengjer, dusj og do. reint, ryddeg og (overraskande) gode sengjer. me skulle uansett ikkje tilbringa mykje tid her, allereie halv seks heiv me oss i bilen og køyrde mot uluru, eller ayers rock som det også er kjend som. og for eit syn. ikkje mykje kan slå det synest som møter deg når denne mektige, raudorange steinen dukkar opp rett framfor deg. me hadde ikkje innbilt oss at den var så enorm som den var. før sola gjekk ner, fekk me tid til å køyra rundt den for å ta den litt nærare i augesyn. men klokka halv sju stod me saman med mange andre på sunset view p-plassen og nytte synet av eit av jorda sine underverk. uluru i solnedgang.
det mest like flotte synet var av kata tjuta, 50 km lenger borte, som såg ut som ei røys vanvittig store steinar berre droppa tilfeldig på eit jorde.
etter denne meir eller mindre romantiske stunda, var me alle på veg tilbake til «resorten» att. overnattingsplassane ved uluru er eigd av same firma, som igjen leiger staden av aboriginerane. dei ligg samla som ein slags liten landsby, og inkluderer ein bensinstasjon og ein supermarknad. etter mørkrets frambrot tok me ein sti gjennom marka og befann oss snart på sails in the desert. me hadde ikkje planar om å ete her, men dei hadde ein avdeling i restauranten for oss litt «casual» kledde og var svært imøtekomande, så kvifor ikkje. det var ein nydeleg restaurant med nokså rimeleg mat.
me åt karrigryte og bøffelgrillspyd, og delte ein ostetallerken til dessert. det var stjerneklart ute og fint for ein måneskinstur heim. og til vår overrasking var det der det var liv. eit einmannsorkester stod på scena ved grillrestauranten vår, og både store og små var i full gang med å danse. me nøydde oss med å sjå på, for me skulle tross alt enno tidlegare opp dagen etter.
det er ikkje noko me har for vane å gjera når me er på ferie, men for andre dag på rad var me oppe før sola. 5.30 ringde klokka, og ikkje lengje etter var me ute i den kalde morgonen med kurs for uluru. kven som har funne på dette veit eg ikkje, men det ligg utan tvil bra marknadsføring bak, for ein må nemleg sjå uluru både ved solnedgang og soloppgang! og like mange hadde funne vegen opp til utkikkspunktet denne morgonen. me stod der alle og hutra medan denne store sovande steinen sakte vakna til live og bretta ut fargane sine litt etter litt.
at dette er ein stor heilagdom for aboriginerane er ikkje vanskeleg å forstå. etter litt frukost og kaffi køyrde me mot den noko mindre kjende kata tjuta eller the olga’s som me kvite har kalla den. me bestemte oss for å gå ein av turløypene som gjer at du kjem på innsida av fjella. namnet «the valley of the wind» kunne ikkje passa betre, for me holdt på å blåsa vekk då me gjekk igjennom, det vart heldigvis lunare då me kom innanfor. kata tjuta har ufortent kome i skuggen av «lillesystera(eller broren?)» uluru. for ei naturoppleving som denne turen gav oss, skal ein leita lengje etter! enorme, dramatiske, raude fjell med bratte veggjer. flokkar av fuglar som fyk forbi deg som ein vind medan dei kvitrar og syng, og det som vil stå for meg som australia sitt indre: midt inne i kata tjuta. som å koma til eit lite landskap som er heilt gøymt bort frå alt anna.
du høyrer berre vind og tusenvis av fuglar. trer og blomar dannar dei finaste fargar og står i kontrast til det raude fjellet som ragar rundt.


me var heldige og har generelt vore heldige på heile turen med at det har vore lite turistar. me kunne gå der inne for oss sjølv og nesten ikkje treffe nokon andre. etter denne nokså lange turen som tok to-tre timar, køyrde me tilbake til uluru. me besøkte uluru culture center, som var ganske interessant og vel verd eit besøk. her fekk me historiar og sagn som aboriginarane fortel om uluru, og grunnar til kvifor me skal respektera det som eit heilag område. det var også verd å ta ein kikk i permen der dei hadde samla brev frå angrande synderar. ein skal nemleg ikkje ta med seg steinar frå uluru, eller ta bilete av heilage stader der. mange hadde sendt tilbake steinane dei hadde tatt, saman med eit brev der dei bedyra sin anger. me køyrde og sov på skift på vegen «heim» til alice springs. og heldigvis var mannen årvaken nok til å sjå kenguruen som var på hoppande veg mot motorvegen. den såg heldigvis oss også, og snudde i tide. vel heime i alice igjen hadde me nok ein gong booka oss inn på aurora, denne gongen til ein mykje billegare pris. rommet var litt meir datert, men det gjorde ikkje noko. me hadde lenge tenkt at me måtte ta turen innom hanuman som dei sa skulle vera byens beste restaurant. ingen reservasjon naudsynt sa resepsjonsdama vår då ho ringde etter ein drosje. men så feil kan ein altså ta. i restauranten som ligg i hotellet doubletree, var det stinn brakke og deretter lydnivå. men når me først hadde kome oss til andre sida av byen, kunne me liksågodt venta på bord tenkte me, og sette oss i baren. det kunne verka som restauranten hadde tatt seg vatn over hovudet, for etter å ha bestilt, venta me over ein time på maten. heldigvis hadde me godt selskap og ei flaske vin. maten var god og me åt som vanleg alt for mykje som me pleier å gjera når det står indisk på menyen. det vart ein fin kveld og du kan jo gjette kor me avslutta kvelden. me hadde ikkje så store forventingar til alice springs, noko som kanskje gjorde sitt til at me vart positivt overraska over byen. det er nok ikkje ein by ein reiser til om ein ikkje har eit ærend i dei trakter, men eg anbefalar deg å finna eit ærend i alice!
snakkast!
fjellrävar på tur
dersom eg ikkje får oppdatert denne reisebloggen så mykje under ei reise, får me sjå på det som eit godt teikn. det betyr at me har det travelt og får sett og gjort mykje på reisa!
fredag kveld i adelaide, etter at me åt middag heime hjå cameron og preeti, tok me ein tur til central market, i likhet med mange andre. central market hadde nemleg ekstra lengje ope om fredagskveldane. noko som me i noreg tek for gitt, med kjøpesenter som er opne til ni om kvelden, er berre vanleg éin kveld i veka her –kveldsshopping. og på central market bugna det med ostar, kjøt, frukt, grønnsaker, ja alle matvarer du kan tenkje deg. det var på høgde med ein kva som helst stort fransk matmarknad. 

vertane våre kjøpte ost og kaffi, me nøydde oss med å sjå. etterpå gjekk me på san churro, ein restaurant/sjokoladeri der dei hadde alle søtsaker du kan tenkje deg. me åt noko som likna kransekakestenger, makroner, brownies og jordbær –med varm sjokolade til å dyppa alt i. 
laurdagen hadde eg og preeti ein avtale hjå hudpleiesalongen att, me skulle nemleg ha pedikyr. timen var klokka 8 om morgonen, så det vart ein tidleg, men perfekt start på dagen. me var ein internasjonal gjeng som sat i salongen denne morgonen, irland, ghana, noreg og malaysia var representert. me fann eit samtaleemne som alle var interessert i: australske mannlege filmstjerner. seinare sette me kursen mot victor harbour, omlag halvannan times køyretur sør for adelaide. været var nydeleg og det passa fint å ta ein lang spasertur over til øya granite island.
i tillegg til nydeleg natur og utsikt inn mot land, såg me ein blue tongue lizard som kraup inn i buskane.
me såg desverre ingen kvalar, som skulle vera vanleg å sjå frå denne staden.
me tok ein lett lunsj og kaffi etterpå, og gjekk litt rundt i byen.
så måtte me heim att, for me hadde ein indisk avtale om kvelden. me var nemleg invitert til familien til preeti, som bestod av foreldra hennar, broren og kona hans. dei flytta til australia frå malaysia, men stammar opprinneleg frå india. me vart tatt imot som deira eigen familie, og fekk servert nydelege indiake rettar. etterpå var me så heldige å få vera med på ein indisk festival. festivalen vart holdt i ein stor idrettshall. frå scenen laud det indiske songar, og på golvet dansa sarikledde kvinner og nokre menn rundt og rundt i ein tradisjonell dans, vanleg for det området kor mora til preeti er frå. nydelege fargar, klær og rytmar omgav oss.
dette var ein nydeleg avslutning på opphaldet vårt i adelaide, for neste morgon skulle me reisa vidare.
adelaide har ein moderne og stor flyplass, mykje på grunn av eit stort gruveområdet som var planlagt utanfor byen, men som aldri vart utbygd. jetstar tok oss safe and sound tvers over landet og opp til nordkysten. me hadde ikkje brydd oss med å betala dei ekstra hundre kronene for å få sittja ilag, noko som hadde gått veldig bra om ikkje dei to kameratane som eg vart sittjande imellom absolutt skulle dele øl og aviser. dei fekk tilbudet om å byte plass med meg, men avslo desverre. etter å ha teke flybussen til det supersentrale darwin central hotel, kasta me oss i ein taxi og ba han køyre til mindil beach. me måtte nemleg få med oss marknaden der, og ikkje minst solnedgangen. for er du i darwin ein søndag eller ein torsdag, er dette utan tvil plassen å vera. med massevis av folk og liv, sal av mat og alle mulege slags produkt vart dette ein flott måte å starte darwinopphaldet på. me delte ein pizza medan me såg på alle menneska. etterkvart var det på tide å gå på stranda for å sjå sola som gjekk i havet. eit nydeleg syn, og ikkje rart at heile byens befolkning såg ut til å vera av same oppfatning. 
me fekk med oss litt didjeridoospeling og dansing før me reiste tilbake til byen. der sette me oss inn på ein av byens mange uteplasser for å sjå siste del av det store fotballoppgjeret mellom sydney og manley. mange entusiastar og supporterar hadde tatt vegen der til, og etter kampen starta eit band å spela. ei av servitørane kom bort og spurte kor me var frå, ho hadde nemleg sett fjellräven-sekken vår. ho var sjølv frå finland, men syntest ikkje me såg svenske ut. flaks. det viste seg ganske snart at darwin har eit yrande og ungt uteliv. me var heldigvis ikkje dei siste som gjekk heim.
måndag morgon gjekk me til roma bar for å ete frukost og bruke litt gratis internett. når hotella her nere opplyser at dei har internett, er det som oftast mot betaling, så me får ikkje vera så mykje online som me hadde tenkt. men me får brukt tida på noko heilt anna. på roma var det god mat og kaffi, så me var rusta til å ta ein tur ut på darwin waterfront precinct i den steikande heten. solkrem og vatn er eit must å ha med kor enn ein går her. me gjekk fobi restane av christ church, som var bygd opp på nytt etter at den gamle vart rasert av syklonen tracy på julafta 1974.
ute ved havna var det verkeleg nydeleg. ei lita strand med lite folk og ei rekkje med restaurantar og uteplasser, i tillegg til flotte bustadskompleks som sikkert kosta både skjorta og buksa.
me vandra vidare forbi government house og langs esplanaden, med høge huser på eine sida og ein frodig park mot sjøen. då me var komen heilt ut til cullen bay var det på høg tid å settje seg ned å ete lunsj. frå den travle boardwalk cafe kunne me nyta ein flott utsikt mot villaar og jåtar, i tillegg til god mat. 

om kvelden vende me tilbake til waterfronten, for å gå på restauranten il lido som kanskje har den beste beliggenheten i byen. salat, kenguru, pasta og fisk smaka ekstra godt med den rolege havna og den svarte, blinkande sjøen som kulisser. etterpå tok me turen innom den irske puben shenannigans rett bortanfor, der me traff ein hyggjeleg servitør frå bordeaux.
dette var siste kvelden vår i darwin.
no har me kome oss til alice springs, vore her i eit par dagar, og skal fortsettje turen vår i morgon til uluru og kings canyon. følg med på denne sida for dei spanande oppdateringane!
reiseruta
nokre har etterspurd reiseruta vår, og her er det eg skreiv ned på norwegian sitt fly. grunna den dårlege internett-tilgongen på flyselskapet som skryt av å ha internett-tilgong på reisene sine, fekk eg ikkje posta. no sit me på heathrow og ventar på at gate’en vår skal opna.
den lange turen vår til andre sida av jorda har starta. me stod opp før sola, og no sit me på 9.15 flyet til london gatwick. etter eit par timars flytur skal me forflytte oss til heathrow flyplass. eg reknar med at me tar ein direktebuss og at det tar omlag ein time. etter dette har me mykje tid å slå ihjel. neste fly går ikkje før 17.50, så det kan bli mykje tax free shopping og dårleg flyplassmat. dersom me ikkje forlatar flyplassen for ein spasertur då. flyet me skal vidare med er royal brunei airlines. eg er usikker på reisetida, sidan me reiser over så mange tidssoner, men laurdag 17.30 (lokal tid) landar me i brunei. der blir det eit opphald på to og ein halv time før me skal opp att i lufta. søndag morgon 05.00 (l.t.) set me beina på australsk jord, nærare bestemt melbourne. og me skal vidare. 08.30 går neste fly, som 9.20 vil landa i adelaide. der blir me henta på flyplassen, og får endeleg slappa av og trekkja frisk luft.
oppdatering: det vart litt endringar i reiseruta, så istadenfor å ta direktebussen, fann me ut at me hadde så god tid at me like gjerne kunne ta ein tur inn til london. så me hoppa på eit tog som tok oss til victoria station. me spaserte litt i travle gater og fann ein fin pub der me inntok lunsj. me bestilte heldigvis mat før halve london rokk å koma inn å stilla seg i kø. me hadde mykje å bera på, så me vart ikkje lengje i storbyen før me tok tub’en til heathrow terminal 4 kor me er no. i innsjekkingskøen til brunei stod ei heil rekkje unge gutar med militærsekkar. ein kan berre lure på kva dei har i møte.
no skal me gå til gate’en og det viser seg at me skal via dubai. satsar på ein behageleg flytur med god mat. snakkast!
øyhopping
om ganske nøyaktig fem veker legg me ut på reise att. dei siste 13 åra har me vore på 22 små og store turar utanfor noreg sine landegrenser. og dersom eg tenkjer etter, har mange av dei vore til øyer. det er nok meir eller mindre tilfeldig at det har blitt sånn, men det er likevel noko spesielt med å besøkje øysamfunn. for det er ofte det dei er –samfunn for seg sjølv. øyfolk har ofte ein annan mentalitet, det er kanskje eit litt anna tempo, stemninga er annleis.
den første turen vår til ei øy var vinteren 2001 då me vittja island. eg hadde vore der 2 gonger før, fordi eg har nær familie som bur der. me vittja reykjavik, som nok må seiast å vera ein av favorittbyane våre. folk er rett og slett kule i reykjavik. eg vil ikkje liste opp stader og butikkar du må besøkje, men heller bruk tid på å berre vera der og omgje deg med kulturen. me tok bussen ut til blue lagoon for å bada, og sjølv om det var vinter og kaldt, er det alltid rykande varmt i bláa lonið som det heiter på islandsk. me tok fly opp til nordisland, nærare bestemt isafjörður og fekk familiegjenforeining i suðavik. me var heldige å få låne bil, så me køyrde innover og utover fjordar og fjell. gjennom trange, eittfeltsskøyrde, bekmørke tunnellar med vegkryss midt i, ut gjennom dalar og ut mot det kalde nordishavet. til små lokalsamfunn og ein kaffi på bensinstasjonen som seinare dukka opp i nói albinói, og synet av den enorme trekanten i flateyri som skulle leie eventuelle snøras bort frå den allereie rasutsette bygda. minnesmerket der over dei som døydde i raset i 1995 minna oss på kor mykje makt dei bratte, høge fjella har. island byr på ein natur du ikkje har sett maken til, og å køyre rundt på dei (nokre stader ganske) humpete vegane der er noko av ei anna verd. det er dramatisk, sublimt og verkeleg.
den neste øyturen tok oss over dammen og til øyriket storbritannia, og irland. her reiste me med tog på interrail sommaren 2001. rundturen starta i newcastle der me gjekk i land frå fjordline, som framleis hadde ruta si frå bergen då. togturen over the highlands i skottland er kanskje ei av dei finaste togturane eg har tatt, og etter dette har skotland stått for meg som eit fantastisk reisemål. det bidrog dei neste stoppestadene også til •den vakre, vesle byen inverness kor alle var venlege. me tok båt på loch ness for å jakte på sjødyret (utan å finne det), og fekk sjå ruinane av urquhart. •majestetiske men samtidig så koselege edinburgh, med eit rikt kunst & kulturliv, eldgamal historie –og deretter bygningar. •travle glasgow, som er moderne på same tid som den er tradisjonsrik og kunstnerisk. mackintosh budde i byen så hald augene opne for hans museum. for å komme til irland tok me ferje frå stanraer til belfast. der gjekk me på stand up show, og tok ein guida busstur nordover i landet. me fekk bakoversveis av giant’s causeway, som me aldri –verken før eller sidan, har sett maken til. eit nytt tog tok oss vidare til søraustlege kerry, der me slo oss ned i killarney. ein nydeleg liten pittoresk by som eg kan anbefale på det varmaste. naturen, dei små steinhusa, kyrkja der me brått befant oss midt i ein katolsk barnedåp, og slottsruinen som openbarte seg etter ein tur gjennom skogen. når eg tenkjer tilbake på dette no, må eg forsikre meg sjølv om det faktisk hende. det verkar no så langt borte og nesten gløymt. me gjekk iland att i holyhead, etter å ha vittja dublin, noko eg ikkje kan sei har sett dei heilt djupe spora. me togloffa vidare til næraste by liverpool, kor ein beatlesfan som tante reisande fann sitt mekka blant husa til paul og ringo, gravsteinen til eleanor rigby, strawberry fields, the cavern club og sjølvsagt beatlesmuseet. siste stoppestad var «sjølvsagt» london. no skal det seiast at turen hadde gjort så mange inntrykk at å vera i masete london på eit slitt hostell gjorde sitt til at heimlengsla kom snikande. me reiste til heathrow og tok første og beste fly heim.
ei øy som verkeleg er på sin plass i innlegget øyhopping er vel den greske øya rhodos som me reiste til sommaren 2003. mest fordi dei fleste forbind øyhopping med å reise frå den eine greske øya til den andre. rhodos er ei fin og mild øy, og me var så heldige at då me klaga på hotellet me hadde fått tildelt midt i byen etter å ha kjøpt uspesifiserte billettar, vart me oppgradert til eit flott resort utanfor byen (mot eit symbolsk beløp). ein stad me på den tida aldri hadde hatt råd til å bu på, med eigen leilighet, basseng og strand, tre restaurantar og bar med levande musikk. for ikkje å gløyme jingle’en blue blue blue village som la seg så fint på hjernen under opphaldet. me tok lett bussen inn til byen når sydenfamiliane vart for keisame. der vittja me gamlebyen som faktisk var litt intressant. syden er sytalaust.
om den lange turen året etter var til ei øy kan vel diskuterast, den gjekk nemleg til australia. og eg kan vel vedgå at det er eit kontinent meir enn ei øy, men me reiste iallefall til ei australsk øy på denne turen, nemleg tasmania. her bur nemleg ein handfull menneske med norske aner som er så heldige å ha slektskap til meg (!). generelt i australia er livet ganske laidback og easygoing, som dei sjølv ville ha sagt det. og skal du lære deg ei nyttig frase å bruke down under, så er det «no worries!». og slik var også tasmaniarane, sjølv om eg vil våge å seie at dei ikkje var heilt like naboane på det store kontinentet. byen hobart som er tasmania sin hovudstad minnar om ein europeisk og gjerne då britisk småby, heilt fritt for brautande britar vel og merke. småby kallar eg det i sin rette forstand for byen er stor nok, men ingen høghus, ei fin koseleg havn med marknad ein gong i veka, det som må vera nokre av verdas koselegaste pubar (td the hope and anchor) og altså veldig venlege folk. tasmania har ei nokså dyster historie, og me vittja fangemuseumet port arthur og lærte ein heil masse. dette er eit must dersom du er her. triste og grusomme historiar om korleis aboriginerane vart regelrett slakta og utsletta, og om nokre av dei nye innbyggjerane –fangane som vart sendt rundt halve jordkloden for lommetjuveri, og aldri kom attende. tasmania byr også på nydeleg natur, fine fjellturar og båtturar.
på veg heim frå australia landa me i singapore, som både er ein by, eit land og –ei øy! heilt på tuppen av malaysia ligg denne vesle, hypertravle smeltedigelen. me fekk kjenne litt på korleis det var å vera annleis i ei folkmengd då me med våre nordiske utsjånad gjekk blant millionar av asiatar. ting eg vil trekkje fram i singapore er turen til dyrehagen etter at det var blitt mørkt eller night safari, tur med elvebåt, bading på skyskrapartak (hotellet) og det obligatoriske besøket på raffles hotell der me drakk singapore sling og kasta neteskal på golvet til fuglane. det finaste med singapore er kanskje dei nostalgiske spora etter britisk kolonitid –som på raffles. elles syntest eg singapore blei litt stressande og masete, ikkje ein stad eg ville brukt mykje tid på, men intressant å ha sett.
i den grad gibraltar er ei øy, så kjem den også med på denne lista. den var nemleg ei øy, men er no laga om til ei halvøy som du kan køyre over til med bil. etter å ha vore på interrail i spania (og portugal) sommaren 2005 kom britiske gibraltar som eit friskt innslag på reisa. for all del -reisa gjennom spania hadde vore nydeleg den, men etter å ha slitt litt med språkproblemer og siesta når me minst venta det, var det me trengte akkurat då ein britisk pub. og det var det nok av. det er heilt merkeleg, men her i tjukkaste spania er alt -med unntak av klimaet og apekattane (og reinhalderane) britisk. ein kombinasjon av dei sjeldne er vel langstrekte strender, yacht-bugnande havner og brun-brune pubar med tattoverte britar. finfint spør du meg! ta ein tur opp i the rock, som er det enorme kvite fjellet du først blir møtt av når du kjem til gibraltar. det er hólete som ein jarlsberg, og du kan få omvisning inni dei smale gongane der militære ein gong fyrte av kanonkuler og kjempa for øya si. det klarte dei.
i 2006 var me attende i australia, og denne gongen vittja me kangaroo island. det kosta ei heil formue å reise dertil med bilferje, og me såg visst berre ein einaste kenguru på roadtrip’en vår saman med svigerinna og svogeren min, men me såg ein heil del anna! ei død øgle midt i veien, selar og valrossar på stranda, remarkable rocks, ein ørken midt i eit ellers frodig landskap, farmstay, utekjøken på farmstay, og mus på utekjøkenet på farmstay. eksotisk. ellers var me også denne gongen innom tasmania, der nokre peika på skulen der mary av danmark gjekk i sin ung/barndom. ho kjem jo frå hobart, tasmania.
så var det tid for bryllupsreise! for i juni 2007 reiste me nygifte og kveitebrødsklare til italia. det er jo ikkje ei øy tenkjer du, men capri er ei øy! så dit reiste me til via roma og napoli. du ser kanskje for deg capri som ein frodig oase i middelhavet, visst ikkje –gjer det! makan til nydeleg scenario skal du leite etter. øya er såpass lita at du fint kan reise rundt heile på ein dag, men bruk heller litt meir tid og nyt dei ulike plassene. me budde på eit (etter det eg kan hugse) nokså rimeleg men veldig fint hotell i anacapri. derifrå tok me buss, spaserte eller tok taxi rundtomkring der me ville til. ein tur ut til villa san michele er eit must. her har du ein fantastisk utsikt over havna marina grande, som er livleg og folksam heilt til dei siste båtane har slutta å gå i åtte-ni tida om kvelden. for det er det einaste her, det er ikkje noko utprega uteliv. ikkje nokon partyplass. ein av dagane tok me bussen til grotta azzurra for å sjå den asurblå grotta. eg trur den var stengt for tilkomst då me kom fram, me kom iallefall aldri til grotta, men me fann ein liten strand/bergkafe istaden, og kom i snakk med den svenske dama som eigde den. ho hadde flytta til capri med borna etter at mannen hennar døydde, for det var opprinneleg han som hadde starta kafeen. eg har ofte lurt på om ho held til der framleis, så sjå gjerne etter om ho er der!
etter dette var me to gonger til på island. i 2008 og 2010 var det konfirmasjonar me var invitert i. og då fekk me oppleve endo meir av det flotte landet. geysir, thingvellir og gullfoss er det som utgjer «the golden circle» og som absolutt er verdt å få med seg. alle fantastiske naturunderverk på sine vis. me køyrde også landet på langs, noko som gav oss flotte naturopplevingar.
hausten 2010 hadde me framleis litt ferie til gode, og vart lokka til korsika. på to veker køyrde me så godt som heile korsika rundt, og det er ein tur eg aldri kjem til å gløyme. det er vanskeleg å beskrive ein så flott tur med ord, og eg er ikkje heilt sikker på kva som gjorde den så flott heller. men landskapet; bratte fjell der små landsbyar hadde klort seg fast og me måtte køyra i sikksakk og hårnåler og det som verre var for å nå opp til dei. til dei flotte havnebyane med solnedgangane og båtane. maten, –den fantastiske sådan. enkle og reine råvarer som gjer at me framleis drøymer om ost, charcuterie og kastanje- eller myrtel likør frå korsika. og sjølv om korsikanerane faktisk ikkje er noko høflege, men ganske rett fram og antiengelsktalande, gjorde det ikkje så mykje. me vart faktisk ganske habile i fransk!
franske øyer gav meirsmak, så i 2012 befant me oss liksågodt i atlanterhavet, på ile de re. også denne ei perle. med vakker natur og bebygging, små koselege landsbyar og kafear, som gjorde det heilt perfekt å iaktta frå eit sykkelsete. her også fann me nydeleg mat og vin kor enn me stoppa. det var også fine strender, og ikkje mykje turisme. st. martin de re er ein fin by dersom du skal hente deg inn litt. sikkert det same som johnny depp tenkte då han var her.
den siste øyreisa vår er ikkje så langt bak i minnet. det var nemleg turen til kanaløya guernsey i slutten av mai i år. ganske britisk denne øya, som du sikkert skjønar at me likar, men også eit hint av fransk, så kanskje midt i blinken dette for oss. eg trur aldri guernsey vil nå dei heilt høge temperaturane, så du reiser ikkje her for å sole deg, sjølv om strendene innbyr veldig til det! ei roleg øy med mange cruiseturistar og kan hende litt for mange bilar, men ta bussen rundt på øya, så vil du ikkje leggje merkje til nokon av delene (nesten).
dette er øyhistoriane våre til no, i oktober kan me settje ei ny øy på denne lista. då kjem me etter planen til verdas tredje største øy borneo. me gler oss!
reis med meg på instagram!
no kan du følgja tante reisande åse på mobilen din! last ned appen instagram, eller om du allereie har den –søk opp tantereisandeaase (i eitt ord). det er ikkje alltid at alle bileta eg tar på ei reise finn vegen til bloggen, så dersom du vil sjå litt meir av reisene er dette ein fin måte å følgja med på. dessutan kjem dei nok ut mykje raskare og hyppigare enn blogginnlegga. men fortvil ikkje –det vil sjølvsagt ikkje gå på bekostning av bloggen! den vil bestå som før.
håpar me sjåast på instagram då!
planleggjing er halve turen
det går mykje i reiseplanleggjing for tida. i dag er det nøyaktig to månadar til me set beina på australsk jord. me har ikkje alt klart for oss enno, men eit par brikker har falt på plass. me har bestilt leilighet i melbourne til dei siste dagane av opphaldet. der skal me bu saman med tremenningen min, sambuaren hennar, og mora hennar. til opphaldet på kota kinabalu, borneo, har me også fått oss hotell. der skal me bu på le meridien, som ser ut til å liggje ganske sentralt, med utsikt over havna.
elles ser eg på togreiser i australia og vurderer om me skal reise nord, sør eller aust, frå eller til adelaide. ei god side for å planleggje togturar down under er greatsouthernrail.com.au, og på www.railmaps.com.au får du ein fin overikt over rutene på kartet. det ser ikkje ut til at togreising i australia er det beste framkomstmiddel, verken når det gjeld tid eller penger. dei fleste rutene har svært begrensa avgongar. dersom du er heldig, er det heile to avgongar i veka. du må settje av mange timar til reisa, ei togreise (frå adelaide til alice springs) som tek 24 timar, kan du køyre med bil på 16 timar. og same tur kostar omlag det same om du vil reise med fly. men så er det samstundes ingenting som kan samanliknast med å sjå landskap frå eit togsete. sakte ser ein skiftingar frå lågland til høgland, eller frå innland til kyst, og ein kan få auge på ting som ein ikkje har tjangs til å sjå dersom ein konsentrerar seg om å halde ein bil på vegen. at det er miljømessig det beste framkomstmiddelet skal me også ta med i rekninga.
kva me planlegg vidare skal eg oppdatere dykk om. for planleggjinga er trass alt halve turen.
guernsey shore
comedy roadshow stod til forventningane, og vel så det. me lo oss fillete av simon day, bob mills
og hal cruttenden
som kanskje var litt på kanten til tider, men det gjorde ingenting. før showet hadde me (som vanleg) litt dårleg tid til middag, så det passa ekstra dårleg at det var stappfullt i hotellrestauranten. me spurte resepsjonsdama om ho kunne foreslå nokon eteplasser i nærleiken, noko ho ikkje kunne. heldigvis stod consiergen guy der og sende oss ned til la frégate som låg nokre steinkast nede i vegen. dersom det var fullt der, fekk me beskjed om å spørje etter simon. men det var ikkje naudsynt for det var berre et par andre gjester i den nydelege restauranten. me syntest det var skikkeleg dumt at me hadde så dårleg tid, for dette må ha vore den finaste utsikta i heile byen. i det lyse, dusblåmala rommet var det høflege servitørar som oppvarta oss på beste vis og me fekk raskt middagen vår, som var sea bass og sjømattallerken. 
me vil gjerne konkludere med at dette er byens finaste restaurant. etter å ha slukt maten og beklagt oss til dei ansette, spurta me tilbake til hotellet (forbi den einaste katten me har sett på nært hald på øya)
og møtte horden som skulle på komediekveld. det byrja 20.00 og varte i omtrent tre timar. at folk tok turen i hotellbaren etterpå var ikkje populært for hovmeisteren, som insisterte på å stengje.
det første eg tenkte på då eg vakna laurdag morgon -bortsett frå «ånei, laurdag allerede», var «idag skal me på busstur!» og som tenkt, så gjort. me gjekk ned til bussterminalen og kjøpte dagpass til bussane, som gav oss lov til å hoppe av og på kva som helst bussrute heile dagen. det kosta tilsaman 90,- NOK.
første stopp var fort grey, der me skulle sjå fyret som på folkemunne blir kalla «the cup and saucer».
inne i fyret var det eit museum med tema skipsvrak. kanskje litt morbid, men guernsey er omgitt klipper, så det var ikkje få farkostar som hadde stranda der. til og med ein platform. i billettbua møtte me eit hyggjeleg, eldre par, som syntest det var uvanleg å få besøk av nordmenn. den eldre mannen kunne minnast at bergen var ein fin by frå den gong han hadde vore der, og dama kunne sei tusen takk. me lærte ho «hadet». i tillegg gav ho oss eit tips om kafeen cobo tea room, og la perla der det verka som ho kjende alle dei ansette.
me sette oss på ein ny buss og reiste til vaszon
der me eigentleg skulle sjå shrine of the sacret heart, som er eit kappell laga av skjel. dette var berre ope frå 14-16 (kun) på laurdagar, så me var desverre for tidleg ute. difor spaserte me vidare til cobo bay, som befann seg i neste bukt. me brukte tipset frå den eldre dama, og åt lunsj på terommet.
ein heimekoseleg liten kafe med god lokal mat og kanskje den beste kaffien eg har fått på øya. vel verdt eit besøk. det var ei stund til neste buss skulle gå, så me spaserte vidare til grande roques fort, 
der me fekk tid til litt forfriskingar og kortskriving, før me tok bussen heilt over til andre sida, og befann oss dermed på the bridge eller saint sampson. dette var ein fin, liten by, som nesten gjekk i eitt med vår st. peter port, så me spaserte like godt og heim. og vegen var full av fine motiv. 


det var klart ver og så god sikt at me kunne sjå tre øyer etter kvarandre; herm, sark og aller lengst vekke jersey.
tilbake i byen var enten alle reist heim, eller inne på puben. det var iallefall ganske dødt i gatene, og innan klokka 17.30 hadde dei fleste butikkane stengt. etter å ha forfina oss litt på hotellet, traska me litt rundt, prøvte å få eit bord på favoritten vår le petit bistro (utan å lukkast) før me bestemte oss for å følgja rådet til den eldre dama (igjen). på la perla italienske restaurant var det masse folk, men likevel ledig bord til oss. menyen inneholdt mykje og det skulle det vise seg at tallerkane også gjorde. gratinert aubergine, canneloni og vannbakkels (!) for 120,- NOK og fritert sjømattallerken, hummar og pannekake til 230,- må seiast å vera akseptabelt. 




me vagga heimover, men måtte ha nokre stopp på vegen for å leggje nokre kort og la maten søkkje.
idag morges var me grytidleg oppe (08.00) og fekk erfare kven som kjem til å overleve ein hotellbrann, dersom det skal oppstå. det er oss. me var heldigvis nokså påkledd og friske/raske då brannalarmen plutseleg gjekk. så då eg nærast ropte at me måtte evakuera, gjekk me ut i gongen og traff på ei søvning dame som kikka ut frå rommet sitt og meinte at ho såg jo ingen brann. nede i resepsjonen blei me møtt av dei ansette som rista på hovuda medan dei beklagte seg og sa falsk alarm. me kunne liksågodt gå til frukosten når me var der nede og i bakgrunnen høyrde me telefonen kima og kima og resepsjonisten måtte gjenta seg sjølv med «false alarm, false alarm». viktig regel å huske når du er på hotell og brannalarmen går: evakuer. ikkje ring resepsjonen for å spørje kor brannen er. me åt frukost, sjekka ut, tok taxi til flyplassen (som berre låg ti minuttars biltur unna), tok flybe tilbake til gatwick, for så å ta easy jet tilbake til bergen.
me konkluderer med at den frodige og flotte øya guernsey berre er to små flyturar unna, og kan absolutt anbefalast! også sjølv om det ikkje er 30 pluss.
medan me ventar på comedy roadshow…
bortsett frå ein svipptur innom the prince of wales i går, gjekk me strake vegen heim etter nokre slag idiot. me gjorde oss klar og spaserte ut i det som hadde blitt ein nydeleg kveld, med klar himmel og kveldssol. me hadde sjekka tripadvisor for restaurantar, og funne ut at pier 17 var eit bra val, så me gjekk ut der.
mange hadde tenkt det same som oss denne torsdagskvelden, men me fekk likevel raskt eit bord for to. menyen hadde mange rettar som freista, men valet falt på hovudrettane: asparges med posjert egg og hollandaissaus til meg, og ein slags krabbe og krepse salat til mannen. som vart etterfulgt av kyllingbryst med innbakt ost og potetstappe og mannen sin brill (som er ein flat fisk). veldig uvante val, for eg pleier alltid å bestille fisk og mannen kjøt, men me vart begge svært nøgde og mette. likevel var det ein ved bordet vårt som hadde rom for sticky pudding. eg kan bekrefta at den var knallgod. nok ein lang dag var snart over, men me hadde likevel både tid og lyst til eit slag l’idiot på le petit cafe. så var det kvelden.
idag vakna me til skinande sol! så etter endt fruksot -som idag inneheldt egg, gjekk me ut med fatt mot og kjende på at det ville bli ein fin dag. på veg mot byen gjekk me opp for å sjå victoria tower som låg på ein haug like bak hotellet vårt.
tårnet vart bygd i 1848 for å heidre dronning victoria sitt besøk til øya to år før.
me hadde diskutert om me skulle ta båten over til øya herm, men det passa ikkje med båtavgangane. me gjekk heller ut til borga castle cornet.
der var det eit museum, og klokka tolv avfyrte dei ein salutt med kanona. alle måtte halda seg for øyrene.
is og kaffi fekk me oss også. ellers var det ikkje så superinteressant der ute, men greitt å sjå byen frå eit anna perspektiv. 



me bestemte oss for å gå vidare sørover der byen slutta. det vart ein fin og solrik tur. me kunne ha gått inn i eit krigsmuseum og eit akvarium på vegen, men ville utnytte den fine dagen utandørs. me gjekk vidare opp ein sti inni skogen og enda opp i eit bustadsområde.

plutseleg hadde me gått ganske så langt, men befann oss i byen att. der gjekk me forbi huset victor hugo budde i, hauteville house.
sidan han budde her i st. peter port, betyr det at me har vore både på heimstaden og gravstaden hans. «gravkammeret» hans såg me nemleg i paris. huset hans er berre ope til visse tider og tilbyr då guida turar. me traff ikkje på desse tidspunkta verken idag eller igår. men god lunsj på ein solfylt terrasse fekk me oss. mannen fekk afternoon tea, med små sandwichar, søtsaker, og skikkeleg engelsk te.
no har me trekt oss tilbake til hotellet, har funne det utandørs bassenget. det kan anbefalast! seinare ventar «comedy roadshow», som skal føregå her på the duke of richmond. det er eit britisk standup show som reiser rundt, og me håpar det blir bra greier!
so long!















